The Queen is Dead! Long Live the Queen!

Nei nei nei! For all del; denne Dronninga lever i beste velgåande. Og så vidt eg veit er det framleis rompa til Elizabeth som held truna varm borte i Storbritannia. Men leggje på røyret, ta på seg tredressen, skubbe opp blomar eller gå under torva. La oss snakke litt om døden. 

Sountrack: Lordi  – Beast of Both Worlds

“Folk vil alltid fø, og folk vil alltid dø”. Det var argumentet til far min om kvifor det var lurt å velgje ei yrkesrettning innan helse.
Det er berre litt problematisk når dottera hans tydelegvis har ein medfødd intens fobi for både avføring og dei fleste andre kroppsvæsker. Nope! Her skulle det ikkje tørkast romper eller analyserast urinprøvar. Hell no.

Så eg blei kunstnar, og takk og pris for det!
Men det gjer meg ikkje mindre merksam på at det er eit faktum: Me skal alle døy. Det gjenspeiglar seg nok i “kunsten” min. Eg har sikkert eit heilt bibliotek med det ein i dag vil referere til som “emo-poesi” og Makaber kunne like gjerne vore mellomnamnet mitt. No fanst det vel og merke ikkje emoar i mi tid, men ein haug med svartkledde kids som gjekk rundt og sutra over at dei heller vore vampyrar eller at dei høyrde til i victoriatida. Kvinnediskriminering, baby-farmar og kolera kan dei ha for min del! Det får ikkje hjelpe kor fine kjolane deira var.
Tema kring døden har alltid facinert meg til det morbide. Og tru meg, eg har fått høyre det.
Likevel sluttar det aldri å forundre meg kor skvetne folk blir når eg drar ein vits om temaet! Det er ikkje slik at eg har tenkt å hoppe utfor den fyrste brua eg kjem over fordi om eg fleipar om døden!

Jaudå, døden er direkte dødsfarleg. Den saken er klar.
Men eg har kravla meg gjennom årevis med suicidale tankar, og då blir ein godt mogleg litt herda. Det å døy er ikkje så skummelt, sjølv om eg aller helst vil vere her på jorda og leve livet.
Og det er tydelegvis fullstendig fy-fy å drive med noko slags planleggjing av si eiga gravferd! Men eg syns det er litt viktig,

eg. Særleg om ein er sånn som meg, som verkeleg vil gå ut med eit BÆNG!
For eg likar ikkje at folk grin. Ikkje på mine vegne i alle fall. Eg har jo hatt eit fantastisk og heidundrandres liv, i alle fall når eg endeleg bestemde meg for å slutte og synast synd på meg sjølv. Det hjelp ingen.
Nokre år tilbake var det ein irsk kar som fekk spelt av eit lydopptak av seg sjølv då dei senka kista i jorda. Eg held på å le meg skakk då eg såg klippet! Makan til genial idè?!

Så eg bestemde meg veldig klart for at SLIK skal mi gravferd vere. Planleggje bryllaup, planleggje gravferd; poteito, potato. Det er like fullt eg som er hovudpersonen, sjølv om bryllaupsdagen er delt med han stakkaren som har sagt ja til å gifte seg med meg.
I mi gravferd skal folk le. Drit no i å bruke masse pengar på dyre kister, blomar og Fandens oldemor. La gamla få kvile, og bruk heller pengane på ein fest. Stand-up komikarar! Ballongar! Eller ballongdyr! Hoppeslott og tequila! Sleng inn ein mann utkledd som mannen med ljåen, og dagen er komplett.
Meg kan de berre hive i ein flyttekasse frå IKEA og grave ned bortom nåvi. Eg er daud, eg merkar fint lite til det uansett. Og skal dei på død og liv reise ein gravstein, så krev eg eit morosamt sitat, dikt eller i det minste ein drage som dekor.
Bortsett frå det kan dei gjere som dei vil med meg.

Men så opnar eg kjeften og fortel om planane mine, og folk kring meg blir temmeleg bleike om nebbet.
Det er ikkje akkurat som om eg drog ein frekkis om den avdøde og høgt elska tanta di! Eg snakkar heilt og haldent på eigne vegne!
Sjølvsagt blir eg, som alle normale individ, trist når nokon eg bryr meg om bestemmer seg for å ta på seg tredressen og skifte realm. Men eg HATAR den grusame tunge kjensla ein får når det skjer. Og eg syns ikkje noko sånt skal skje den dagen et let att gluggane for godt.
Ei gravferd bør vere ei feiring av alt denne personen var, og eg elskar å få folk til å le. Eg er kanskje ikkje direkte komikar-materiale, men eg tek det eg får. Så min plan er å kome tilbake og heimsøkje skiten ut av folk dersom dei arrangerar ei gravferd der alle sit på rekkje og rad og tutar i ei kyrkje.
For så vidt har eg allreie teke fyrste steg for å unngå det; eg melde meg glatt ut av Statskyrkja for årevis sidan.

Ein god latter forlengjar livet, sa kjerringa og lo seg ihjel. Det kan de godt skrive på gravsteinen min!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg