Opp med handa alle som tykkjer edderkoppar er skumle i små format! 

Australsk creature feature (2024)
Med Noni Hazlehurst, Jermaine Fowler & Alyla Browne
Regi: Kiah Roache-Turner
Lengde: 1 time 31 minutt

Eg har seriøs arachnofobi. Edderkoppar er kanskje blant dei mest fascinerande skapnadane me har på jorda, men fytti helsike så livandes redd dei eg er!!
Sting har ingenting å kome med i forhold til Arachnophobia (1990), som fekk meg til å sitje med beina krølla opp under meg ei god stund etter at rulleteksten hadde glidd over skjermen, men edderkoppar er skumle. Ingen tvil om det.

Sting er ein australsk-produsert film, men handlinga føregår i New York. Midt i ein heftig snøstorm møter me 12 år gamle Charlotte (Alyla Browne) som virkar som om ho er komen midt i den verste opprørske tweens-epoken. Ho bur saman med moren, stefaren og lillebroren, og det virkar som om ho er sint på alt og alle. Ho er ein liten nerd, som lagar teikneseriar saman med stefaren sin, Ethan (Ryan Corr).
Så finn ho ein edderkopp som har kome frå det ytre rom og kræsjlanda i dokkehuset til grandtanta si. Den får namnet Sting, etter alvesverdet som Frodo arva etter Bilbo i Ringenes Herre.

Høyres dette for cheesy ut? Jaudå. Men eg trur på karakterane så langt. Dei spelar truverdig nok, og sjølv om unge Charlotte kan vere direkte ufyseleg til tider, så heiar eg på ho. Eg er kanskje litt inhabil sidan eg sjølv har vore ein veldig sint liten nerd i mine yngre dagar, men ho er eigentleg veldig tøff og eg likar tøffe jenter.
Edderkoppen Sting veks i ein uhyrleg fart, for ho et seg god og mett på det ho finn av kakerlakkar, kattar og papegøyar i bygarden ho har havna i. Så byrjar ho å forsyne seg av folk, og kravlar kring i ventilsystemet på bygarden.

Med slike kryp i hus tykkjer eg det må vere innafor å be om å få senka husleiga ein smule …!

Eigentleg er det heilt greit at den åtte-beinte gjesten ikkje veks seg til Shelob-storleik (Lord of the Rings-referanse sidan me likevel var innom temaet!) for ho er skummel nok som ho er. Og effektane er det heller ikkje noko å sei på.
Det trekk nok opp ganske mykje at eg i utgongspunktet får frysningar berre av å tenkjer på små edderkoppar, men Sting er overhovud ikkje ein dårleg film.  Den revolusjonerar nok ikkje creature-feature sjangeren, men som monsterfilm er den slett ikkje verst. La det vere ei åtvaring; dersom ein meteoritt kræsjar gjennom vindauga i rommet der du oppbevarar samlinga di med antikke dokker, så ikkje ta den med heim berre fordi den kan plystre!!

Amerikansk zombie-flick (2002)
Med Milla Jovoich, Michelle Rodriguez & Ryan McCluskey
Regi: Paul W.S. Anderson
Lengde: 1 time 40 minutt

På byrjinga av 2000-talet kunne DREPT for dei støvlettane som Milla har i filmen! Og for ein date med Michelle.

Zombie-filmar er min favoritt blant skrekkfilmar. Og den fyrste filmen i Resident Evil-franchiesen ligg høgt på lista over dei eg tykkjer er best.
For zombiane oppfører seg faktisk som zombiar; hjernedaude og … ja, daude. Dei GÅR. Eller subbar, er kanskje meir korrekt. For eg veit ikkje kor mange gongar eg må sei det før Hollywood høyrer etter: ZOMBIAR KAN IKKJE SPRINGE!!

Resident Evil er basert på dataspela som kom på 90-talet, og dei var awsomme.
Som eg tidlegare har sagt så har eg minimalt med speletimar, men eg har sett på andre spele. Det er kjekkare når ein uansett ikkje kan handtere ein handkontroll for fem flate øre. Og det er snart 30 år sidan sist eg spelte noko residentisk-evilsk. Men eg hugsar ceberius’ane og når lickers kom i 2’aren. Og dei er absolutt like creepy i filmen som i spelet.
Nokre av zombiane og til dels nokre av monstera kunne med fordel vore practial make-up framfor digitale, men så er eg blodfan av arbeidet til Tom Savini, så det er mogleg eg er inhabil.

Me møter ei ung kvinne (Milla Jovovich) som vaknar etter å ha falt bevisslaus om i dusjen, og ho kan ikkje hugse korleis ho havna der eller kven ho er.
Brått brasar det maskerte menn inn i heimen hennar og drar ho med seg inn i eit tog som har stått parkert i kjellaren hennar. Sånt som gjerne skjer ein kva som helst torsdags ettermiddag.
Dei skal nesten ei mil under jorda, der det lugubre laboratoriet til The Umbrella Corporation ligg fordi AI-systemet som styrer fasilitetane har gått fullstendig agurk og drepe alle som arbeidde der nede. Men fordi det lurer ein skummel infeksjon i lufta, så forblei dei ikkje så veldig daude likevel.

Michelle Rodriguez som Rain – eit av mine aller fyrste girl crush!

Og dei har følgd oppskrifta: Veltande masser av svoltne lik som vraltar seg nedover korridorane.
Tog-scena på slutten er framleis like spennande sjølv om eg har sett denne filmen ganske mange gongar etterkvart. Eg held pusten frå dei byrjar å rulle til dei omsider når toppen.
Laser-fella er upåklageleg effektiv ganske tidleg i filmen, og slutten er akkurat så dystopisk som ein zombie-film skal vere. Ikkje minst er damene beintøffe. Ingen hylande bimboar her, og sjølv i miniskjørt sparkar Milla rompe.
Sjølv om det gjekk heftig fort i nedoverbakke med filmane som kom seinare, så må ein rett og slett berre innsjå at den fyrste Resident Evil-filmen fortenar ein plass høgt på lista. Og det er ikkje berre fordi eg hadde ein tenåringsforelskelse i Michelle!

Amerikansk skrekk/science fiction (1986)
Med Sigourney Weaver, Michael Biehn & Carrie Henn
Regi: James Cameron
Lengde: 2 timer 17 minutt

-Hey Vasquez! Have you ever been mistaken for a man? 
-No. Have you?

Om ein fyrst skal lage ein oppfølgjar som er verdig sin forgjengar, så må ein kanskje setje sjølvaste James Cameron i registolen. Og han er heilt tydeleg mannen for jobben, for det er sjeldan at det funkar å lage ein god film nummer 2 etter ein knallsuksess som Alien (1979).  Vel å merke tok det nesten ti år, men det var verd ventetida.

Ripley (Sigourney Weaver) går med på å bli med tilbake til planeta Acheron på eit redningsoppdrag då ingen lengjer oppnår kontakt med kolonistane som blei sende dit.
Ho er ikkje veldig entusiastisk, for ho veit kva slags skapnader som ventar der. Og no er det ikkje berre ein. Her kryr det av dei.
Dei finn ei einaste overlevande lita jente som kallar seg Newt (Carrie Henn), og Ripley påtek seg ei morsrolle for denne stakkars foreldrelause jenta. Til tider med livet som innsats.

“Get away from her, you bitch!”

At Ripley er ein badass er det nok få som er villege til å krangle om. Og sjølv om me no veit korleis xenomorph’ane ser ut, er dei framleis ganske fryktinngytande, særleg når dei kjem etter heltane i hopetal.
Historia er ikkje komplisert; eit redningsteam som skal berge nokon frå romvesna sine klør og som strandar på ei ganske så aude planet langt pokker-i-vold uti verdsrommet. Men du helt pusten nokre gongar likevel, for i ei saleg blanding av androidar, syre-blod, tronge gongar og aliens i hælane så blir det intenst.
Cameron kan dette. Og sjølv om dei fleste røykte ombord i romskipa på 70, 80 og 90-talet, så kjøper me det. Teknologien me faktisk har i dag ser mykje meir fancy ut IRL enn kva det gjorde ombord i romskipa i gamledagar, men pyttsann. Eg personleg elskar å sjå korleis folk for snart 50 år sidan såg for seg framtida. Ein kan ikkje forvente at kunstarar skal vere synske heller?

Aliens lenar kanskje litt meir mot science fiction og action enn mot skrekk og gru, men dette er og blir ein monster-flick. Xenomorph’ane er rettleg uhyrlege, farlege og føyer seg inn i creature feature rekkja saman med King Kong, Godzilla, Jaws og Predator. Og dinosaurane i Jurassic Park (1993) for den saks skuld.
H.R. Giger visste kva han gjorde då han designa desse romvesena på 70-talet, og til denne dag held dei stand mot veldig mykje av det som har dukka opp på sølvskjermen i seinare tid.
Hatten av.

“Game over, man! Game over!”

 

Amerikansk skrekk/science fiction (1997)
Med Laurence Fishburne, Sam Neill & Kathleen Quinlan
Regi: Paul W. S. Anderson
Lengde: 1 time 36 minutt

Etter å ha sett denne filmen igjen i vaksen alder, så innser eg at den har klart noko ganske unikt: Den blir meir skremmande til tørrare du blir bak øyro!

Eg var altfor ung fyrste gongen eg såg Event Horizon. Kanskje 12 år eller så.
Den gong hadde eg berre lest kort om filmen, og tenkte det høyrdes ut som verdas skumlaste grøssar, men blei veldig skuffa etter å ha sett den. For all del; dei scenene som var skumle var ille nok, men sjølve konseptet gjekk tydelegvis over hovudet på meg.

I følgje tekstplakatane som innleiar filmen, skulle me ha hatt ein base på månen i 2015, og vore i gong med gruvedrift på mars i 2032. Me byrjar med andre ord å få det litt travelt.
Hopp endå litt lengjer fram i tid, og me er der historia byrjar for gjengen vår.
Eit lite redningsteam, med Captain Miller (Laurence Fishburne) i spissen blir send ut på eit oppdrag ved Neptun, heilt ytterst i vårt eige solsystem. Dei har med seg Dr. Weir (Sam Neill) som i si tid var med og bygde eit unikt fartøy, kalla Event Horizon, som er i stand til å bruke svarte hòl til å forflytte seg kvar som helst i verdsrommet.
Denne vidundermaskina forsvann på jomfruferda, men no har dei plukka opp eit signal som tilseier at det har dukka opp igjen. Problemet er berre at ingen veit kvar det har vore dei siste sju åra, og Dr. Weir er nærmast besatt av å finne og redde romskipet sitt, om han så må gå over lik.

Vel, litt lik blir det. For mannskapet som ein gong gjekk ombord i Event Horizon for å teste det, dukkar opp litt her og der i ulike former. Men det er ikkje desse daudingane som til sjuande og sist er det skumle her. Det er kva som hende med dei etter at dei forlet jorda.

Alt tilseier at det har hend litt av kvart ombord på dette romskipet …

Medan vonde minner og skremmande syn plagar utsendingane, byrjar dei å pusle saman kva som eigentleg har skjedd ombord. Og det er ikkje koseleg.
Verdsrommet er så ufatteleg stort, og me veit ikkje kva som gøymer seg der ute. Men i Event Horizon er det ingen aliens. Ingen chestbursters rundt frukostbordet og anal-probes. Det er noko heilt anna som lurer i den iskalde uendelegheita, og det er ikkje noko du har lyst å stifte nærare kjennskap til.

På mange måtar har ikkje Event Horizon tålt den mykje omtalte tanna til tida. Dei brukar framleis CD’ar, dei røyker ombord i romskipet sitt, trykkjer bilete på papir og dei digitale effektane er litt så som så.
Men det kan me tilgje. Dei visste ikkje betre og hadde ikkje den same teknologien som me faktisk har i dag den gongen på 90-talet.
Science fiction er gjetting. Eg hadde aldri i verda trudd vedkomande dersom nokon hadde fortalt meg at eg kom til å ha halve livet mitt lagra på ein liten duppedings eg kunne stappe i lomma om eg fekk høyre det i 1997.
Konseptet i seg sjølv funkar. Det kunne med fordel vore forsterka litt kva desse stakkarane som har stranda ombord på eit tomt romskip verkeleg har i vente, sjølv om me veldig tydeleg forstår at det ikkje er snakk om skillingsbollar og kakao med krem.
Samanlikna med mykje av det filmskaparar i dag vel å vise oss, er dette nesten litt pusete. Men det er kanskje verre å ikkje ha fått det servert visuelt med t-skei, for då må du skape eigne bilete. Og når ein tenkjer etter er det nok lite som kan samanliknast med dei eigne bileta me dannar oss på eigahand? Eller kanskje det berre er i mitt hovud det blir så ille at eg tykkjer denne faktisk lar seg vippe opp på ein liten 5’ar?

 

 

Amerikansk zombie/action-flick (2012)
Med Milla Jovovich, Sienna Guillory & Michelle Rodriguez
Regi: Paul W. S. Anderson
Lengde: 1 time 35 minutt

Oh boy. Here we go again. For femte gong.

Det er veldig lengje sidan eg prøvde meg på Resident Evil-spelet. Det blei med den eine gongen. Ikkje fordi spela er dårlege, men fordi EG er det.
Og så vidt eg hugsar var den fyrste filmen ganske så tru mot orginal-konseptet. Og eg elska den.
Milla Jovovich er rå, og Michelle Rodriguez like så. Zombiar er min favoritt-sjanger blant skrekkfilmar, og eg er ein sucker for bad ass damer som sparkar romper og tek namn. Eller noko i den dur.

Så eg gjekk i gong med ei ganske positiv innstilling då eg såg at me skulle få eit gjennsyn med Rain (Michelle Rodriguez) i denne filmen, og at Luther West (Boris Kodjoe) kom tilbake. Dei har vore favorittane mine i historia, i tillegg til Alice (Milla Jovovich)! Det trass i at det har gått litt nedover med franchisen etter den eksplosive fyrstefilmen.
Men det tek ikkje så lang tid før eg innser at reunion eller ikkje reunion; dette sug litt.

Du køddar ikkje med desse damene!! Sjølv om Rain ikkje virkar like stø på avtrekkjaren som ho ein gong var …? 

Alice vaknar opp etter noko eg vil anta er eit rimeleg iskaldt bad. Ei stund er ho småbornsmor i forstad-USA, og i neste er ho den rå krigaren me etterkvart byrjar å bli ganske godt kjend med.
Umbrella Corp. har atter ein gong fått kloa i ho, og no må ho sleppe unna og kome seg vekk.
Innimellom får me nokre glimt av zombiane, men dei havnar litt i bakgrunnen av action-sekvensar og mutantar.
Denne gongen skal me verkeleg få oppleve alt me allereie har opplevd ein gong før, nemleg! Det virkar som om hjernene bak denne filmen har teke ein brainstorming-runde og notert ned ALT dei har fått høyre frå fansen at var kult i tidlegare rundar. Det velkjende laser-nettet som verkeleg fekk pulsen til å stige i fyrste filmen, mutantmonsteret med hjernen på utsida, den intenst kule opningsscena frå Resident Evil: Afterlife (2010) der ei dame blir forvandla til ein zombie ein regntung dag i Tokyo … Check, check, check.
Generelt føles filmen som ein oppsummering av alt som har vore awsomt så langt i serien, putta inn i ei random rekkjefølgje. Me er på ein togstasjon (hint, hint: Fyrste filmen?), The Axman (eller menn; her er det to! Twice the fun!) gjer ein liten opptreden, og det same gjer The Licker, som nemnd.
Men kvar er zombiane? Dei spøkjer berre litt i skuggane, noko som forvandlar dette meir til ein action-sci-fi-sak enn ein skrekkfilm.
Og så kom nazi-zombiane. Eller var det nazi-zombiar? Ikkje ein gong Internett klarar å bli einige om det. Men dei ser ut som nazi-zombiar, og kvakkar det som ei and så er det gjerne ei and. Eller ein nazi-zombie.
Nyskapande? Nope. Dette har Tommy Wirkola allereie fordjupa seg i då han laga Død Snø i 2009.

Til trass for dette tafatte forsøket kom det endå ein film i franchisen. Og ein reboot. Og ein TV-serie som fekk ein sesong på Netflix sjølv om eg tykte den eigentleg var ganske bra!
Og i år skal det kome ENDÅ ein reboot.
Eg gir opp. Det får vere grenser kor mykje dei skal mjølke denne kua her. Ho er snart knusk tørr. Tørr. Innskrumpa rosin-style.
Terningkast (veldig svak) tre, fordi eg diggar Milla og Michelle. Og zombiar. Sjølv om den eigentleg burde fått ein 2’ar.

Amerikansk skrekk (2024)
Med Harriet Slater, Adain Bradley & Jacob Batalon
Regi: Spenser Cohen & Anna Halberg
Lengde: 1 time 32 minutt

Tarot skal uttalast ‘taro‘ blir det presisert tidleg i filmen. Så då får me vel forhalde oss til det?

Eg les tarot … orsak, ‘taro‘-kort sjølv, og med ein gong ein film indikerar at den skal omhandle nokre av “mine” greier, så blir eg skeptisk.
Men når det er sagt, så likar eg sjølve korta i filmen. Eg elskar små-creepy tarot-kort. Og dei som Haley (Harriet Slater) tek i bruk klassifiserar vel til den kategorien.

Ein venegjeng har leigd ein gamal herregard for å feire 21-årsdagen til Elise (Larsen Thompson), og midt i festen går dei tom for alkohol.
Dei leitar gjennom huset og finn ei dør som ikkje skal opnast. Den lar dei vere og leitar vidare.
Neidå, sjølvsagt ikkje. Dei bryt den opp og tuslar ned i kjellaren, som er stappfull av alle slags okkulte og skumle greier. Blant anna ein boks med nokre suspekte tarot-kort.
Haley kan lese tarot og har ei greie for astrologi, så ho køyrer i gong ein runde med spådomskunst for venane sine.
Så pakkar dei saman og reiser heim, og det går ikkje så lang tid før dei byrjar å døy på måtar som kan koblast til det Haley las i korta. Klatre på karriere-stigen blir til å døy under loft-stigen. Vatn under brua blir i til å døy på brua. Du skjønar opplegget.

Det kvilar ei forbanning over denne kortstokken, i tillegg til at du aldri skal bruke andre sine tarot-kort.
At nokon kjem og tek livet av det sånn IRL er vel lite sannsynleg, men dei som trur på at korta har noko magisk ved seg trur gjerne òg at tarot-kort kan bli “merka” og vanskelege å lese dersom for mange fingrar tafsar på dei. Men det er kanskje berre slike overtruiske trollkjerringar som meg som tviheld på denslags idèar?

Fyrste monster på bana: Yppersteprestinna. Med krune og det heile.

Nokre gode jump-scares har dei klart å få inn, og stemningen er heilt innanfor. Eg diggar monster-designet på skapningane som kjem til livet frå kvart og eit kort, men samstundes blir dei på eit vis litt for like mange av monstera frå Stories to Tell in the Dark (2019)? Det kan vere berre noko eg innbillar meg, så eg skal ikkje stå veldig hardnakka på akkurat det.
Noko føles vel og merke litt halvhjarta med det heile. Eg hadde faktisk trudd den skulle vere mykje dårlegare enn den viste seg å vere, men samstundes blir det heile litt tamt. Det er mykje her dei kunne gripe tak i og brukt til å gjere filmen mykje meir intens og spennande, for det er mykje skummelt i ein tarot-kortstokk! Eg kan forstå at “Tårnet” eller “Månen” blir litt vanskeleg å bruke som spennande karakterar (og “Tårnet” er det kortet eg likar minst sjølv!) så kunne dei gjort meir ut av det dei hadde til rådigheit i forhold til mystikken og symbolikken.
Eg må innrømme eg kjeda meg litt, men dei får ein 3’ar. Berre fordi eg tykte monstera var ganske kule!

Amerikansk skrekk (2005)
Med Michael Keaton, Deborah Kara Unger & Ian McNeice
Regi: Geoffrey Sax
Lengde: 1 time 41 minutt

Ein arkitekt får vite at kona hans er gravid. Og så døyr ho.

Det er ganske klassisk. Jonathan Rivers (Michael Keaton) saknar kona si, og blir kontakta av Raymond Price (Ian McNeice) som seier at han har motteke beskjedar frå ho på den andre sida. Gjennom EVP.
Så må mr. Rivers overbevisast om at EVP er ei verkeleg greie, og han blir besatt av å kommunisere med dei vage skikkingane som dukkar opp på VHS-kassettar og lydopptak. Nokre er snille, andre er … ikkje.

White Noise er ein typisk “spøkjelses-film”. Det revolusjonerar ingenting, men det er ikkje direkte vondt å sjå på heller.
Medan filmen rullar over skjermen sit eg og tenkjer på at eg har sett denne før. Seriøst. Eg HAR sett denne før. Fleire gongar. Og den er heilt okay, men likevel er det ikkje ein film eg eigentleg føler eg kan sjå om og om igjen. Kvifor er eg litt usikker på; det er visuelt bra, stemninga byggjer heilt greit, skodespelarane er flinke, og sjølv om det aldri blir så intenst at eg grip etter sofaputene, så funkar det.
Det er tydeleg at dei som står bak White Noise kan lage film. Dei er overhovud ikkje n00bs i bransjen. Men kanskje er det akkurat det som øydelegg litt?
Alt er for reint. For ljost. Det er som om dei har fått utlevert ei oppskrift på korleis dei skal gjere det og følgjer den slavisk.

Bø!

Du får utlevert nokre jump-scares, men ikkje fleire enn det som bør vere i ein skrekkfilm. Bileta gjer jobben sin, og så er det vidare til neste kapittel.
Michael Keaton gjer ein god jobb i å portrettere ein sørgjande ektemann, men det er rett og slett ikkje nok.

Så kjem slutten, og det byrjar å demre for meg kvifor denne filmen eigentleg er ganske så platt når det kjem til stykkje.
Du sit ikkje att med den kjensla av krypande gru som skal kome snikande fordi historia ikkje sluttar her. Me er ferdige med Jonathan, og hans del i historia er over. Ingen overraskingar. Og plot twisten er relativ tafatt.
Det vippar veldig mellom ein 3’ar og ein 4’ar, men eg landar på fire veldig svake prikkar. Veldig svake. Og det er berre fordi eg likar Michael Keaton, og tykkjer det er greit nok. Sånn passe. Og forhåpentlegvis er det siste gongen eg gir meg i kast med denne rullen.

Amerikansk skrekk (1976)
Med Sissy Spacek, Piper Laurie & Amy Irving
Regi: Brian De Palma
Lengde: 1 time 38 minutt

Carrie var den fyrste romanen som Stephen King publiserte, og den fyrste i ei rekkje av filmatiseringar av verka hans. Held den tidas tann? Nuvel.

Fyrste gong eg såg Carrie var eg litt for ung. Det var veldig skummelt, og slutten hadde i si tid eit rykte på seg å vere den skumlaste som filmverda har greidd å produsere. I tillegg har eg lest boka. Mange gongar. Og no som det har gått ganske lang tid sidan sist eg las den, blir filmen litt daff.
Eg hugsar ikkje alt eg hadde friskt i minnet den gong, som ga karakterane mykje meir tyngde for min eigen del. Det øydelegg litt.

Filmen ber så absolutt preg av å vere laga på 70-talet, utan at det skal haldast imot dei som sto for prosjektet. Det var slik dei laga film den gong. Sett med mine meir moderne auge, blir mange av scenene hinsides langdryge, og dei halar ut delar av filmen til det keisamelege. Pyttsann. Me kallar det berre for “å byggje stemning” og lever vidare med det.

Frå nydeleg prom queen til skremmande hemnar! Carrie er ikkje til å spøkje med!

Me møter Carrie White, som er ei stille og nervøs ung jente som får mensen for fyrste gong i gymgarderoben. Dei andre jentene ler av ho og kastar bind og tampongar på den livredde jenta som aldri har blitt fortalt at det er normalt for kvinner å blø litt sånn ein gong i blant.
Det er umogleg å ikkje få sympati for ho, for Carrie er så uskuldig som ein kan bli. Og ho har ei mor som er så fanatisk kristen at du får lyst å gje ho både ein og to knytnevar i naserota.

Berre to (og etterkvart tre) personar har noko form for medkjensle med ho: Gymlæraren Miss Collis (Rita Desjardin), klassekameraten Sue (Amy Irving) og seinare Sue sin kjæraste Tommy (William Katt).
Sue overtalar Tommy til å invitere Carrie med på ballet, men plageandene til Carrie (og ein av dei er faktisk John Travolta, før han slo gjennom stort med Grease og Saturday Night Fever!) har ingen planar om å la ho få så mykje som ein einaste fin kveld i livet, og bestemmer seg for å spolere opplevjinga for den stakkars jenta. Det dei derimot ikkje veit er at Carrie er telekinetisk, det vil sei i stand til å flytte ting med tankane.
Let the madness begin …

Det er ikkje ei einaste handling Carrie gjer gjennom heile filmen som er vanskeleg å forsvare. Ho er ikkje eit monster, men ei jente som omsider er komen dit at dråpen traff begeret og rann over. Og det renn så til dei grader over. Likevel heiar i alle fall underteikna på ho heile vegen. Eg vil så gjerne at den eigentleg så skjønne jenta skal få ein happy ending! Og stadig sit eg og tenkjer at ho kunne teke det endå litt lengjer. For det ville jaffal EG gjort!
Men det blir ikkje skrekk. Knapt nok “revenge horror”. I alle fall ikkje for ei herda sjel på denne sida av 2000-talet. Hadde eg sett på denne som ein thriller, så hadde den kanskje fått eit terningkast høgare. Og det sit djupt inne å lande der eg til sist enda opp, for eg elska verkeleg denne filmen då eg var yngre.
Det har kome to re-makes og ein The Rage: Carrie 2 (som eg òg elskar! Sue me! … pun intended!) og sjølv om den orginale Carrie alltid vil ha ein spesiell plass i hjarta mitt, så må eg innrømme at eg føretrekk den siste re-maken frå 2013. Av heilt personlege orsaker.

Amerikansk found footage-horror (2014)
Med Perdita Weeks, Ben Feldman & Edwin Hogde
Regi: John Erick Dowdle
Lengde: 1 timar 33 minutt

Found footage er såååå 2000-and-late, men av og til dukkar det opp ei lita perle. Og eg vil påstå at denne kvalifiserar seg til den kategorien. 

Av ein eller annan grunn har eg blanda denne med Catacombs frå 2007. Og den var litt ‘meh’.
Men As Above, So Below er faktisk ikkje så ille!

Scarlet (Perdita Weeks) er ein våghals, ein tomb raider og tøffare enn toget. Ho jaktar på Nicolas Flamel sin myteomspunne “De Vises Stein”, og ferda tek ho til katakombene under Paris der religion, mytologi og gamle sagn blandar seg til eit herleg samansurium. Ein plass eg så utruleg gjerne skulle fått moglegheita til å vitje sjølv!

Det er klaustrofobisk, og for ein historie/folkelore-geek som meg er det djupt facinerande med alle referansane som etterkvart dukkar opp. Her er det litt egyptisk mytologi, ein dæsj kristendom, eit snev av satanisme og trollkjerringer og fandens oldemor. Men for min del funkar det. Eg elskar denslags mystikk.
Sjølv om mykje av det som skjer der djupt under bakken ikkje gir meining til ei kvar tid, så heng jaffal eg med i svingane. Og det blir ein del av dei.
Den vesle gruppa blir drive stadig djupare og djupare nedover i grottene, og ein kan undre seg på om dei til sist endar opp i ein av ringane til Helvete. Det føles litt som om alt står på hovudet, og ingenting er verkeleg.


Er det den beste found footage-filmen som er laga? Nei.
Kjem eg til å sjå den mange fleire gongar? Sannsynlegvis ikkje.
Men har du eit snev av klaus og likar sjangeren, så vil eg ikkje påstå at det er ein film du bør unngå. Du kjedar deg i alle fall ikkje på turen!

Amerikansk sci-fi grøsser (2022)
Med Amie Donald, Allison Williams & Violet McGraw
Regi: Gerard Johnstone
Lengde: 1 timar 42 minutt

Eg hadde elska ei slik dokke, som kunne pryle mobbarar og sjå awsomme ut medan ho gjer det. Sånn fram til den kunstige intelligensen tek heilt over. Då er det brått ikkje like morro lengjer.

I ei tid der AI er eit hot topic, så passar det jo fint med ein film som tek for seg litt av problematikken som kan oppstå dersom datamaskiner blir litt for smarte, og korleis dei som veks opp i dag har eit litt for nært forhold til skjermar framfor å springe i skogen slik me så absolutt gjorde heile tida då me var unge. (Ya. Rite.)

Eg likar Megan. Og eg ville gjerne hatt ei slik dokke sjølv, til tross for at dei seier i filmen at ho kostar meir enn ein Tesla. (med andre ord går prisen fort nedover i desse dagar?)
Og Amie Donald som faktisk spelar dette særs avanserte leiketøyet imponerar stort! Ho var berre 9 år då ho blei casta til filmen, og det er som om ho er skapt for rolla.
Men så var det alt dette andre då.

M3GAN handlar i korte trekk om ei lita jente (Violet McGraw) som blir foreldrelaus, og kjem til tanta si for å bu der inntil vidare. Tante Gemma (Allison Williams) har like mykje barnetekke som ein gjennomsnitts kokt brokkoli, ho er arbeidsnarkoman og har ei greie for robotbaserte leiketøy. Og andre leiketøy.
Jobben hennar går i å programere og byggje avanserte bamsar, dokker og anna som born gjerne har i leikekassa si, og ein av desse oppfinningane hennar er då M3GAN; ei ganske så livleg dokkelita i barnestorleik, som kan både føre samtalar, gje gode råd, aktivisere borna OG ta over litt av foreldreansvaret på ein betre og meir kontrollert måte enn ein iPad. Og så lærer ho undervegs, og har som hovudmål å beskytte barnet som ho er linka til med “livet” som innsats om det blir naudsynt.
Så langt så vel. Megan er ikkje så veldig flink med dyr, men ho er rå på å gje bøller akkurat det dei fortenar. Sånn bortsett frå det med hennar løysning på aggressive bikkjer, så kunne eg og ho blitt ganske gode vener.
Men så kjem me sjølvsagt til punktet der denne roboten byrjar å tenkje sjølv. Og det er jo litt dumt.

Ideen er ikkje heilt ny akkurat, sjølv om farlege leiketøy alltid er gøy. Annabelle, Chuckie, Robert the Doll … Okay, sistnemnde er skumlare i røynda enn på skjermen, men du skjønar greia.
Men sjølv om dette er skikkeleg koseleg fredagsunderhaldning, så manglar det eit eller anna. Det blir aldri skummel-skummelt, fine bilete og gode effektar til tross.
Kvifor? Fordi eg trur ikkje på karakterane. Gemma er kanskje ikkje flink med born, men det får vere grenser. Ho har tross alt mista syster si i ei tragisk ulukke, og ein skulle tru at det ville lokke fram litt meir kjensler og sympati for niesa som akkurat er blitt foreldrelaus.
Og så får dei ein terapeut på vitjing, og scenene som involverar ho blir heilt borti natta. Kva i alle dagar er greia med at dei skal sitje i stova og bli observert medan dei trillar ein ball til kvarandre?! Ingen profesjonelle psykologar har vel lært i studietida at det er naturleg like etter at ein familie har opplevd eit traume som knuser grunnvollane deira?
Der kom for så vidt den einaste scenen (bortsett frå den med hunden. Me later som om det aldri skjedde.) som fekk meg til å vri meg i sofaen: Då Gemma føler seg tvunge til å pakke ut ein av sine høgt prisa collectibles frå orginalpakken for å bevise … eit eller anna til denne terapeuten. Ao.

Eg hadde verkeleg lyst å digge denne filmen, men det blir ikkje realistisk nok. Sjølv om det baserar seg på ein samfunnskritikk av korleis me stadig grev oss djupare ned i ei verd av pixler, AI, skjermar og dataprogram, så blir dette meir sci-fi og thriller enn det blir skrekk og gru.