Thinspiration? I think not.

Eg må innrømme eg følte meg litt som ein hyklar av verste sort då eg låg på operasjonsbordet for snart to år sidan og skulle “operere meg tynn”. Eg skulle så gjerne ynskje eg kunne få vist verda at ein kunne vore smellvakker utan å vere slank og radmager! Men på det tidspunktet klarte eg ikkje ein gong å elske meg sjølv; eg HATA magen min. Eg HATA dobbelhaka mi. Låra mine. Valkane og dei fullstendig feile puppane mine som var ALTFOR små i forhold til den blobby skrotten min. Feite jenter skulle ha store puppar. Punktum. 
Men samstundes HATA eg krava som samfunnet sette til utsjånaden endå meir! Og derfor låg eg der. Hyklaren. Ho som meinte at ein kunne bli elska u-an-sett korleis ein såg ut. Men som samstundes ikkje kunne fatte korleis nokon kunne elske ho. Som var så stygg.

Det var ikkje for å bli vakker og slank og fin at eg fekk innvilga operasjonen min. Det var fordi eg hadde diabetes 2, og ikkje klarte å gå ned i vekt. Eg er ikkje noko sylfide i dag heller, men kroppen min er i det minste vener med meg. Diabetesen min er visstnok vekke etter det eg blir fortald, og kroppen er lettare og kjennest friskare enn tidlegare. Sjølv om magen framleis heng litt, så kan eg sjå meg i speigelen utan å bli sucidal. Merkeleg at eg i det heile har tenkt slikt; eg bryr meg ikkje eit milligram om korleis nokon andre ser ut?!

I kjølvatnet av dette har eg ofte tenkt at eg kanskje ikkje har lov å ha ei meining om jenter som nærmast svelt seg til døde for å bli slankast mogleg. Fordi dei vil ha mellomrom mellom låra og utstikkande ribbein. Eg har vore der sjølv; eg blei aldri så tynn som eg freista å bli, men eg droppa å ete i lengre periodar, kasta opp mat og sleit veldig med mitt eige sjølvbilete.
Eg brukar det ofte som ei orsaking for at eg ikkje vil ha born; korleis er det å vekse opp med eit sånt skjønnheitstyrani?! Eg har høyrd om dei som legg seg under kniven fordi dei ikkje er nøygde med lengden på tærne sine!! Det grensar rett og slett til absurd.

Så kvifor vil eigentleg jenter vere så tynne at dei kan forsvinne bak lyktestolpar? Kvifor ville EG det? Eg, som alltid har gått imot straumen, og vore stolt som ein hane av alle punkt der eg kan skilje meg ut i mengda. Som blir irritert når nokon “stjel” mine greier, og som elskar folka mine for kven dei er, utan å bry meg ein døyt om utsjånad? Eg freistar å skilje meg ut, anten det er med klede eller hår, eller liksminke eller haldningar og oppførsel. Men tynn ville eg vere. Fordi det var det eg fekk beskjed om at ein skulle vere. Feite jenter fekk ikkje kjæraste. Dei var ikkje vellukka. Dei kom ingen veg i livet, fordi verda ville ikkje sjå dei. Ein kan klare å kome langt som freak, som bifil, eller som bygdeorginal, men ikkje som feit. 
Det tok meg mange år å innsjå at menn faktisk drit i det, så lengje dei slepp å frakte deg kring med gaffeltruck. Ikkje alle har sertifikat for slikt. Har ein mot til å draume, bør ein òg ha mot til å satse. Eg er ikkje så flink der sjølv endå, men eg jobbar med det.
Framleis er det dagar er psyka mi er på bånn, men nesten aldri grunna utsjånaden min lengjer. Enkelte feil har eg, men eg likar å sjå på dei positive tinga ved meg sjølv. Som at eg har veldig mjuk hud, flotte leggar, puppar som passar til kroppen, og ikkje minst alt det positive på innsida!

 

Ein treng faktisk ikkje vere skjelett for å vere lukkeleg. Ein treng ikkje ein gong vere tynn! Sjå nøye på bileta i innlegget her; kva er vakkert med dette!? Jenter kan gjerne ha former. Personleg syns eg det er veldig fint med litt på kroppen. Men anten ein er litt større eller litt mindre enn gjennomsnittet, så har det ingenting å sei. Det viktigaste er å vere lukkeleg, for det er DET som gjer ein vakker. Og ein blir ikkje lukkeleg av å svelte seg sjølv. Sånt gjer ein trist og lei og deppa og hysterisk og panisk og…ja. Det er ikkje verdt det, når alt kjem til alt. 

 
Så eg endar historia med å leggje til eit bilete av den
kanskje vakraste kvinna i historien; Marilyn Monroe.
Ho hadde kanskje ikkje nådd langt idag, men det er
ein SÅNN kropp eg gjerne skulle hatt!! 

Edit: Det er snart eit år sidan eg byrja på dette innlegget, men det blei aldri fullført. Så eg slår eit nytt slag og freista å få det opp og ut no. It worked! ^^

 

http://www.kjendis.no/2013/01/03/kjendis/mote/kropp/vekt/helse/25066315/
 
http://www.dagbladet.no/2013/04/29/kultur/debatt/debattinnlegg/26907011/

Bloggin’ life. Missin’ it.

Eg tenkjer ofte at eg verkeleg saknar å blogge. Som dagbokskrivar sidan før eg i det heile lærte meg å skrive, så var det veldig allright å ha ei nettbasert dagbok. Men i og med at eg no ikkje har særleg med bilete å slengje inn, så blir det sjeldan til at eg faktisk set meg ned og skriv. Før var det ikkje noko problem; no føler eg berre at noko manglar utan bilete. 
KissKiss har lova at han skal hjelpe meg å få skikk på kamera mitt igjen, så då er det kanskje håp på sikt. Nytt design på sida mi trengst òg, for dette er berre keisamt. Kanskje vesle geniet mitt skal få hjelpe meg der òg….? 😉

Eg har i alle fall tenkt på å starte litt frå scratch igjen. Så snart eg har fått kamera opp og gå, så skal eg lage meg eit “start-innlegg” igjen. Det trengst; familien her har endra seg mykje sidan eg var aktiv i cyberspace! xD

Ikkje dei heilt store planane for kvelden; lasangen står i ovnen, og go’guten bakar bollar med makronfyll. Han har akkurat vore særs driftig og vaska badet GRUNDIG! Det er mannen sin det! <3 Demonterte både dassen og tørketrommelen, for å jage vekk smuss og hybelkaniner! ^^ Og så ventar ein lat kveld på sofaen, med Walking Dead på skjermen, og ein herleg mannemann-armkrok å liggje i. I can’t help it; you gotta luv that kind of life!  

Happy Bursdag!!

Då eg oppdaga at det er mammut-sal hjå Norli snart, melde trongen til å skrive ei aldri så lita liste seg igjen. For ein fantastisk kombo: Ting eg ynskjer meg og lister? Fantastisk. Eg elskar jo begge delar! 
Bursdagen min er jo berre ein månad og ti dagar unna pr. skrivande stund, så då har eg i det minste ei god orsak til å rable i veg! ^^

Fyrst er det ein del praktiske ting, så klart, som denne dama ikkje klarar å prioritere å setje av pengar til. Eg slit litt der, ja. Blant anna treng eg: 

  •  Regnjakke (den eg har blir det påstått at er ei såkalla “allvèrsjakke”, men så våt som den blir når det regnar, så er ikkje regn ein type vêr, vil eg tru…)
  • Gummistøvlar – noko som nærmast er påkrevd når ein ha vald å busetje seg i Bergens-traktene. Men dei eg hadde blei oppetne. Sånn er livet i Askøy Zoo – og Mentalsjukehus. Om nokon skulle snuble over desse fantastiske nagleskoa (som faktisk blei kjøpt på SparKjøp!!) så gje meg ein lyd!! Eg ELSKA dei, og VIL VIL VIL ha nye!!
  • Steikepanne. Den syng på siste verset, den eg har.
  • Ei allright vedkorg. Eg er sååå lei av å ha IKEA-posar med ved ståande i stova!!
  • Sånn kjøtdeighakke. Syns dei sel dei i alle matbutikkar, men eg prioriterar aldri å faktisk skaffe meg ein slik! 

Fancy krydderhylle. Den treng ikkje vere så stor, og det kan gjerne vere noko lite noko som er raska med frå eit loppemarknad! Eg malar den gjerne sjølv! Eg er ein sucker for litt shabby-chic-inspirerte greier, så den kan vere så shabby som berre det! xD Ser for meg at eg kunne gjort magiske ting om eg hadde tilgong til noko sånt:

  • Yogamatte. Eg har store planar for 2014. Dei skal realiserast. Snart.

Og så er det ein og anna meir “luxus”-ting eg ynskjer meg, som ikkje er fult så essensielt som overnemnde. Sjølvsagt, klede til Pixie er ganske viktig, og ho skulle jo gjerne hatt seg ein skikkeleg varm, god boblejakketing, og ei regnjakke. Men generelt klede til veslevoffen er utruleg koseleg! ^^ Ho har to tre strikkegensarar og ei fleecejakke til no, men ho får strengt tatt ikkje nok klede så lett. Frostige vesle hundejenta mi! ^^ 
Eg slit jo veldig med at eg ikkje likar “mainstream” på dei fleste områder, så det gjeld sjølvsagt vesle beibisen min òg. Kva med regnjakker i denne stilen?

….eller ei tøff boblejakke som kunne ha matcha mi? 

Sånn PS så er ho ein størrelse XS/S. Ho er slank nok til å kome i det meste, i motsetjing til mor si, men ho er litt lang både her og der! xD 

  • Staffeli – Sånt som står på golvet, eller på bord. Samma det; eg vil male med rett rygg!!
  • The Sims 3 – Årstider. Med forebehold om eg faktisk klarar å få The Sims til å virke igjen!
  • Webkamera – Det gamle har tatt ferie, så eg er kameralaus på den fronten.

Monster High-dokker. Mest av alt ynskjer eg meg Howleen Wolf, Scara Screams og Clawdeen Wolf. Men alle er ynskjelege!


  • Lotusljosestakar – Eg fekk to NYDELEGE sølv/kvite til jul, men eg vil gjerne ha fleire! ^^ Om nokon snublar over nokre i raud/brunlege eller blå/lilla fargar, så står det HØGT på ynskjelista!
  • Noko fint å hengje i stoveglaset. Eg elskar sånne fine små lykter i farga glas, og eg på utkik etter to ljosestakar eller pyntehjarter eller glasstjerner (heilårs) som hadde gjort seg der. 
  • Kontroll til PlayStation 3 – Sånn at eg kan knuse Kriss i 2-player Mortal Combat! ^^
  • Produkt frå Soap & Glory – Eg elskar produkta deira!! Gah! Men eg har sinnsjukt lyst på dei to på bileta under her: (men alt dei har av produkt er velkomen!!)


     

  •  
    ………og til sist: PENGAR!! Eg må jo kunne finansiere alt eg ynskjer meg! xD  
    Eg vil kjøpe meg ny sofa, når dyra berre har lært folkeskikk, og eg har utruleg lyst å reise på ein skikkeleg ferie, sidan Hawaii-turen tydelegvis har gått i vasken. *sukk*  

    DVD’ar/BluRay og CD’ar/LP’ar (jepp, eg har faktisk skaffa meg heile TO LP’ar det siste året!) blir òg verdsett! Lista har blitt litt kortare, men nokre av dei som glimrar med sitt fråvèr i hyllene mine er:

    DVD’ar/BluRay: 

  • StarWars-samlinga
  • Freddy vs Jason
  • TruBlood, sesong 5

    CD’ar/LP’ar:

  • HIM – Tears on Tape
  • Nick Cave & The Bad Seeds – Murder Ballads
  • Die Antword – $O$
  • Die Antword – Ten$ion

    Bøker: 

  • I Am Legend av Richard Matheson
  • The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy av Neil Gaiman
  • Alle Harry Potter-bøkene, gjerne på engelsk!

    Og er du i kategorien “gåvekort er geniale”, så er eg veldig einig med deg. Eg treng blant anna å fornye klesskapet, så det er berre kjekt! ^^ Og nokre av mine absolutt favorittplassar å gå amokk på, er: 

  • Outland
  • Indiska
  • Dragens Hule
  • Kremmerhuset
  • Åhlèns
  • Platekompaniet
    ….sjølv om mykje av dette overhovud ikkje er plassar å shoppe klede, då. Men eg skulle då alltids klare å bruke dei fordi om?

    Ellers så er jo blomar, kvitvin og sjokolade (det er Freia Sjokoladeegg-sesong no! Hint-hint!!) alltid fantastisk å få! ^^

    MEN! Hovudgrunnen til at eg byrja på denne lista var jo mammut-sal hjå Norli! Og DER var det mykje snadder, så her følgjer ei liste over gøye bøker som eg gjerne puttar i bokhylla mi:

    • Unni Lindell: Djevelkysset

    • Unni Lindell: Honningfellen

    • Ingrid Kristine Hasund: Slang

    • Frode Øverli & Atle Nielsen: Elvis likte ikke fisk

    • Jenny K. Blake: The Norway Way

    • Trond Bjorli: Norge i Farger

    • Ronald Grambo: Svart katt over veien

    • Markus Hattstein: Forsvunne sivilisasjoner

    • Ørnulf Hodne: Kjærlighetsmagi

    • Div. Forfattarar: Egypt

    • Jude Fisher: Hobbiten (bok om filmen)

    • Brian Sibley: Hobbiten: En uventet reise ? Den offisielle filmguiden

    • Kristen Halvorsen: Hva skal jeg hete ? (nei, eg er IKKJE gravid! Eg berre elskar namnebøker! ^^)

    • Laura Berman: Snakk om Sex

    • Karina Demuth: Ny i Hagen

    • Lars Aarønæs m. fl.: Puss Opp

    • Eliq Maranik: Den Store Cocktailboken

    • Jørgen O. Grann: Digg på Fredag

    • Gianna Sobol m. fl. : TrueBlood kokebok

    • Cecilia Brækhus: Selvforsvar for Jenter

    • Roger Tabor: Hundens Verden

    • Caitlin Moran: Kunsten å være Kvinne

    • Kim Hjardar & Vegard Vike: Vikinger i Krig

    • Thomas Leikvoll: Utdrikkningslag

      ….og med det set eg punktum. Fram til jula atter står for dør!