Orienterar seg i kaoset

When Pussy is gone, my mouse will dance.

Ikkje prøv å leggje så mykje i den settningen. Det kan fort bli øgli.
Men det ligg noko i det; eg har vore vekke i to veker, og kjem heim til full forvirring. Stova er blitt innreia med eit digert tv-skap oppå den gamle tv-benken, noko som resulterte i at me no har ein svart vegg i den allereie knøttlille stova vår. Det var nok særs lite gjennomtenkt? PS2 har eg òg fått meg, men den er verken tilkobla eller utprøvd.
Sjølve tv-skapet var i seg sjølv kjempefint, og eg er imponert over at gubben min har kjøpt det heilt på eigahand, men kva med å forhøyre seg litt med frua si før han går til sånne store, og ikkje minst interiør-messige, innkjøp? *furte*

Michelangelo-bilete mitt har kome i trappa, og det er for så vidt greit. Sjølv om eg gjerne skulle hatt eit ord med i laget når det kom til plasseringa. Men her snakkar me centimeter, så eg bit det i meg.
Verre er det med data’n min. Vår kjære nevø Sondre har fått boltra seg, og søte Ida-mi har passa huset før det igjen. Pc-skjermen min står i alle fall midt på pulten min, og der likar eg den ikkje. Eg har berre ikkje kome så langt som til å flytte den heilt endå. Det var sikkert ein god tanke bak det, men eg er verdas mest ekstreme vanedyr! xD
Og alt av ting eg prøver å logge inn på, er i andre folk sine namn. Eg må seriøst få meg ei bok der eg kan notere passord og greier i, for det stakkars hovudet mitt er endå ikkje heilt ute av jetlag-modus, og eg slit dermed litt med å få kontroll på alt som skal skrivast inn i dei einskilde felta!

Men huset står. Og eg er komen heim. Det i seg sjølv er herleg. Derimot er det særs tydeleg at det blir LENGJE til eg lar herremannen min få styre heime aleine igjen!