Anmelding: Insidious – The Red Door

Categories Film

Amerikansk skrekk (2023)
Med Patrick Wilson, Ty Simpkins & Sinclair Daniel
Regi: Patrick Wilson
Lengde: 1 timar 49 minutt

Eg skal ærleg innrømme at eg har mista teljinga. Kor mange filmar frå Insidious-universet har det kome no? Fem? Tolv? Trehundre-og-sekstito? Men det er kanskje likevel ein grunn til at eg har sett alle saman.

Korrekt antal er faktisk fem, tru det eller ei. Favoritten min er så absolutt den fyrste, sjølv om eg har følgd historia til Josh, Dalton og ikkje minst den heilt nydelege Elise Rainier, spelt av Lin Shaye. Åååh, ho aleine er verd kvar einaste film, for ho er ei sånn dame som ein berre MÅ bli glad i.

Okay, så kva handlar eigentleg Insidious om?
Det byrja med ein far og ein son som oppdaga at dei kunne astralprosjektere. Det vil sei “gå ut” av kroppen i draumane. Når dei gjer dette, havnar dei i ei skummel og mørk verd der slemme daudingar kravlar rundt og det alltid er skodde. Og så spelar dei gjerne “Tiptoe Through the Tullips” av Tiny Tim, som er ein song du ALDRI kan ha eit normalt forhold til etter å ha sett den fyrste filmen. (noko som var vanskeleg i utgongspunktet!!)

Vel, åra har gått, og etter ein hypnose-session har både Josh og sonen Dalton fortrengd desse evnene og alle minner dei hadde om det som skjedde for mange år sidan.
Når Dalton, spelt av Ty Simpkins, flyttar heimanfrå for å studere kunst på universitetet (eller college. Har aldri heilt forstått skilnaden), så byrjar han å hugse det han for så lengje sidan gravla djupt i sinnet. Far hans har det på same viset, og brått byrjar marerittet igjen med skumlingar i skuggane og nokon som jaktar på sjelene deira.

Ingen av Insidious-filmane er direkte dårlege, men denne femte filmen er noko svakare enn dei som kom før denne. Eg blir sitjande og tenkje at den må vere rimeleg forvirrande for dei som ikkje har sett alle forgjengarane, sidan det ofte blir referert til ting som har skjedd og karakterar som har vore med tidlegare. Det er sannsynlegvis noko kinkig å forstå den utan å ha vore gjennom heile runden. Men kva veit eg? Eg har jo site og binga forgjengarane etterkvart som dei har blitt tilgjengelege!
Dessutan er jump scare’ane ein smule for obvious. Du forstår når dei kjem, og nokre gongar har dei ikkje så mykje for seg heller. Og kva svarten er greia med at det skal skje noko ullent i bakgrunnen som me aldri får noko konkret innsikt i kva er? Det lagar god spenning og byggjer bra opp, men så blir det med det. Fleire gongar i løpet av filmen tykkjer eg at eg ser ei utydeleg skikking som luskar kring bak karakterane, men kven det er skal me tydelegvis ikkje få vite. Slikt irriterar meg litt, for det er så jævlig bra og akkurat passe diffust og så berre *poff*

Patrick Wilson, i rolla som Josh Lambert, har jo verkeleg busett seg i spøkelsesfilmsjangeren, med hovudrollar i både i Insidious-universet OG The Conjuring-universet. Mannen må ha hatt det travelt dei siste 15 åra så mange filmar i begge franchisene som det har blitt etterkvart?! Og han har hatt regi på denne filmen.
Ikkje at han gjer ein dårleg jobb, men han har eit lite stykkje att før han tek igjen James Wan!

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *