Og endeleg eksisterar det ei dokke i filmverda som til og med EG hadde hatt mine tvil om å bu i hus med!
Irsk skrekk (2024)
Med Carolyn Bracken, Gwilym Lee & Caroline Menton
Regi: Damian McCarthy
Lengde: 1 time og 38 minutt
Den eine og ein halve timen gjekk skremmande fort, pun intended!
Historia hoppar litt fram og tilbake, men du verden så spennande dette skulle vere?
Dani (Carolyn Bracken) er aleine i den store herregarden som ho og mannen Ted (Gwilym Lee) er i ferd med å pusse opp, då det midt på natta bankar på døra. Me hoppar litt fram i tid, og Ted bur i same hus med den nye kjærasten sin, Yana (Caroline Menton). Og på ny er det nokon som kjem på døra; denne gongen den blinde og synske tvillingsystera til Dani, Darcy. Forøvrig òg spelt av Bracken.
Ho har med seg ei gåve. Ei live-size tredokke med open kjeft, som etterkvart visar seg å ha ei eiga vilje og hovudet fullt i mystiske voodoo-duppedingsar.
Darcy er komen for å heidre syster si, som døydde på denne dagen for fleire år sidan. Ho er ei ganske så mystisk dame, som i korte trekk har både eiga vilje og hovudet fullt i mystiske greier ho med. Og så var tida inne for å rulle ut historia om kva som eigentleg skjedde med Dani.
At Ted er sjef ved eit skikkeleg gufftent ko-ko hus er berre med på å gjere det ekstra creepy. Kven diggar ikkje eit svært bygg fylt av ravande galne psykopatar?
Sjølv om historia ikkje er ei av dei som skal revolusjonere skrekkfilm-bransjen, så er det ganske vakkert sett gjennom augo på ein fanatikar som meg. Det er ikkje så mange jump-scares, men dei som kjem er brilliante. Stemninga er nydeleg bygd og intens, og sjølv om eg gjerne skulle sett slutten dra ut litt meir, så er det innanfor.
Det einaste som ikkje gir meining til sjuande og sist, er kor lite Ted og Yana reagerar då Darcy plasserar inn dette monstrumet av ei dokke i stova deira. Eg trur kanskje eg hadde heva eit augebryn eller to, men dette paret virkar meir bekymra for kor dårleg den passar inn med resten av interiøret.
På eit tidspunkt får Yana den geniale idèen å stikke fingrane inn i den gapande kjeften på dette kreaturet, og til og med EG sat og kviskra “nei, nei, nei!” i mitt stille sinn.
Dette er ei irsk perle av dei sjeldne. Det er minimalt med blod og gørr, men litt må til fordi scenene krev det. Derimot er det ein spøkelsesfilm som snik seg under huda på deg og eg vil påstå at om eg hadde sett denne aleine ein mørk haustkveld med ljoset av, så er det ein viss fare for at det hadde kome antydning til noko gåsehud i nakken min.
Men kunne det vore gjort betre? Mja. Nokre gongar går det litt for lang tid mellom kvar gong det skjer noko, og det er element i historia som ikkje gir heilt meining. Eg mista litt oversikten over alle galningane me blei introdusert for og delvis introdusert for på asylet, og vinklingane på scenene inne i herregarden heilt i starten fekk meg til fleire gongar å føle bilete blei speiglvend.
Men kven bryr seg med slike detaljar? Dette var gøy!! Og anbefalast varmt og høgt!