I går gjekk eg og Dùnedain ut og åt ein finare middag, sånn for ein gongs skuld. Vanlegvis endar me på Peppe’s eller Bella Napoli på Nesttun dersom me skal ete ute. Men i går blei det Ying Ying på Torgallmenning, og såpass må det vere når eg har ny bok i butikkhyllene! 

Soundtrack: Rammstein – Bück Dich

Me hadde eit kose-oss-budsjett på heile 2000 kroner denne gongen, men med så lite plass i magen som det underteikna har, så klarte me ikkje å bruke alt. Trass i at Dùnedain drakk TO doble cappuccino, og oppførselen hans blei deretter.
Kva feirar me?
Jau, i går sto nemleg den nye boka mi, Eirill Seidkvinne – Hulderdatteren, i butikkhyllene! Og eg er heilt månebedotten over responsen så langt. Lovorda har hagla, og etter å ha slite litt med skriveprosessen i det siste (ny serie er SKUMMELT!!) har det dei siste dagane løysna og orda kjem som perler på ei snor.
Dagen blei i alle fall feira med middag på fancy kinarestaurant, der eg åt crispy duck og mannen fekk seg sterk Hong Kong-style biff. Og det blei avslutta med Ying Yan-lavakake og kokkos – og mangocrêpes (eg trur vel og merke dei hadde gløymd sjølve pannekaka, for den var ingen stad å sjå!)


Eg drakk eit glas med “kviskrande engel” (rosèvin der altso), men såg ikkje noko til verken engelen eller kviskringa. God var den like fullt.
Og på eit tidspunkt fylte den stakkars bonden på by’n som eg hadde med meg opp vatnglaset sitt, før han stira på meg med store auge og kviskra: -Tok eg akkurat vatn frå blomevasen deira no!?


Arme mann. Men ein kan kanskje forstå forvirringa så fancy vatnkaraffelar som dei hadde på staden!

På veg heim stogga me på Kiwi for å handle litt proviant til helga, og eg fann boka mi heilt bakerst i bladhylla. Litt omorganisering måtte til, for sjølv om eg ikkje har for vane å leggje meg opp i utstillingane til butikkfolka, så er det trasig at det ikkje visar skikkeleg med TO terningkast 6 på framsida mi!!
Og det føles fantastisk. Eg er blitt så hinsides glad i denne trultao frå middelalder-Sogn at ho føles nesten som mi eiga dotter etterkvart. Ho er akkurat slik som eg ser for meg at mi eiga vetle jente hadde vore; trassig, bestemd, tøff i trynet og med ein djup fascinasjon for alt som er mystisk og litt skummelt. Og glad i dyr, sjølvsagt. (når det er sagt hadde vel mi eiga dotter gjort som meg og tross ALT for ikkje å bli som mor si, og dermed enda opp som influensar med ein forkjærleik for k-pop og mannfolk med altfor stramme dongeribukser … )
Framsidene er det den brilliante Eline som står for også denne gong, og ho har henta inn to nydelege jenter som skal portrettere Eirill og Sága i historia vidare.

Eirill & Sága. Foto: EMY

Her hjå meg har det vanka blomar frå Cappelen Damm og ein starstruck mann som er heilt sikker på at no får han ALDRI gå i fred på gata igjen, fordi kjerringa kjem til å bli stoppa på kvart hjørne og bedt om autografar. Han kan jo drøyme.


Til og med i dag, på ein laurdag, merkar eg at skrivekløen riv i meg, og eg trur kanskje det blir endå eit kapittel skrive før eg legg ut for å feire kvinnedagen med ein hæla-i-taket GirlsNightOut i kveld.

 

Denne veka kom det ein snill ljosmann til oss og kurse oss litt i ljossetjing. Så då er det kanskje naturleg at me lagar skrekkfilm?

Soundtrack: Prodigy – No Good (Start the Dance)

Då eg i mine yngre dagar studerte film hadde me berre den gamle typen ljos som krevde fem menn for å rigge. Eg er old school og likar det best. No går det i stor grad i LED-ljos, som på mange måtar er mykje meir praktisk, men som gjer at ein må jobbe litt anleis. Så for min del er det veldig greit å få oppdatere seg.
Problemet var vel helst at eg blei fullstendig ubrukeleg sidan eg skulle vere skodespelar i tillegg: Fyrste dagen spelte eg bissnisskvinna Isabella von Meyer med falske raude negler. Dei hang ikkje godt, for å sei det mildt!


Berre det å pudre den stakkars motskodespelaren min, Jonny, var ei utfordring sidan neglene ramla av berre eg pusta. Men me kom gjennom det! Og eg må innrømme eg tek meg godt ut som seriøs aksjemeglar når det kjem til stykkje, sjølv om eg følte meg så malplassert som det overhovud var mogleg å bli!


Historia var ikkje den mest kompliserte, sidan dette berre var ei øving. Me hadde med oss Dùnedain som prod.ass og på lyd, snille Inge stilte med ljos og kursing, og Wenche tok seg av regi, foto og delvis produsent, sjølv om me andre stemde i når det var naudsynt. Jonny tok på seg rolla som Carl Frederick Morgenstierne; ein noko ufyseleg kar som ville kjøpe det ingen pengar kan kjøpe: Ei menneskeleg sjel.
Eg hadde sminke, prod.design og spelte det stakkars offeret hans som var nøygd med å selgje sjela si for ein milliard dollar.

Innspelinga gjekk over to dagar + ein dag med rigging.
Utanfor var vêret rett og slett horribelt, og med vind som kom ned gjennom pipa og ei dør som konstant sto og knirka, så blei det litt utfordringar for den ferske lydmannen vår som berre har helde bommen ein gong før i sitt liv.

 

På dag to skulle sjela overleverast, og eg måtte iføre meg spøkelseskostymet mitt. Noko som inkluderte å sminke hendene mine, og dermed etterlate seg kvite fingeravtrykk på ALT eg tok i.
Det må leggjast til at eg sette ny rekord i linse-påsetjing denne dagen!! Begge linsene kom på med eit forsøk!! HURRA!
Og så fekk me leike oss med tørris. Eit særs komplisert konsept som funkar dårleg på metallfat etter mi erfaring. Effekten blei awsomme, men hendene mine sto i fare for å fryse fast meir enn ein gong i prosessen! Men når bileta blei så kule som det kan sjå ut til at dei blei, så var det verd kvart einaste avfrosne lem!


For å sei det slik, så er ikkje dette eit prosjekt som skal vidaresendast til festivalar, men på sikt dukkar nok snutten vår opp på YouTube! Så hald pusten, finn fram popcornet og set deg til rette når den tid kjem! Om historia kanskje ikkje er Oscar-materiale, så har eg trua på at det kan bli ein artig liten sak likevel!

Så blei det eit lenger opphald vekke frå bloggeverda for min del. Men ting har vore litt hektisk gitt! 

Soundtrack: Rammstein – Halleluja

Eg hadde store planar om å nå ei deadline på måndag, slik at eg kunne kaste meg i gong med bok 8 i den nye serien min. Aller helst ville eg hatt 10 bøker klar før dei fyrste lesarane fekk bok nummer ein i hendene, men det var tydelegvis det dei på godt engelsk kallar “a long shot”.
Fyrstkomande fredag skal den etter planen “Eirill Seidkvinne – Hulderdatteren” liggje i postkassane til dei fyrste abonnentane, og det sitrar litt både her og der i spenning for korleis folk kjem til å ta imot den! Eg håpar jo eg har gjort ein god nok jobb som kan måle seg med Søstre, men det får tida vise.

Men nokre kjeppar i hjula er det alltid. Eg var -nesten- ferdig og skulle levere inn manuset mitt på måndag, men så blei eg liggjande strak ut i helga med mini-fluensa. Dermed havna eg fullstendig på etterskot og måtte skrive som ein helt så snart feberen slapp taket og hovudet byrja å klårne.

Eg er berre sjeleglad for at skallen tok til å bli ullen før ETTER eg og Dùnedain hadde vore og sett Dagfinn Lyngbø på Forum fredagen!! (kort fortalt så var han like herleg som alltid og me kosa oss glugg!)


Bok sju som eg har jobba med siste vekene var eigentleg så godt som ferdig før eg blei sjuk. Eg skulle berre skrive inn eit par kapittel til, rette galskapen og få den avgarde. Men så er det noko med at dei eg skriv om har ei eiga vilje som eg ikkje har kontroll over.
Ein av karakterane mine skulle sjølvsagt setje seg fullstendig på bakbeina og snike seg innatt i historia etter at eg trudde eg hadde send han langt pokker-i-vold vekk. Men neidå. Brått sto han der og gliste, og eg hadde ikkje anna val enn å la han få leggje fram ærendet sitt. Eigentleg er eg glad for han kom inn igjen, for han ga litt meir til skriveria mine når alt kom til alt. Resultatet blei at eg måtte ta vekk fire kapittel som eg hadde planlagd, for han var ikkje så lett å bli kvitt! Så dei siste dagane har gått med til å kjempe med han og endre planane slik at eventyret mitt hang saman.
Men sjølv om manuset blei send til forlaget i gårkveld, så blir eg ikkje arbeidsledig med det aller fyrste.
Me i Alien Ghoti er i gong med eit og eit halvt nytt prosjekt: Ein kortfilm som skal spelast inn til våren/sumaren og ein øvingsfilm der me skal jobbe med å forbetre ljossetjing-skillsa våre. Der skal eg vere både prod.design, sminke og skodespelar, så eg gler meg noko hinsides!
I tillegg skjer det jo litt knytt til release av serien min. Så langt har eg fått litt tilbakemeldingar frå folk som har lest fyrste (og andre? Litt usikker … ) bok, og tilbakemeldingane har vore nydelege. Sånt gjer ein sliten forfattar ganske happy! ^^

I dag skal det ikkje forfattast så mykje vel og merke. Innimellom må eg ta meg av litt meir administrative sider av jobben, så det blir hovudsakeleg budsjett/økonomi, filmprodusent-issues og utforming av synopsis til filmkonkurranse i dag!
Men som bonus, så legg eg ved eit bilete av ei av jentene mine, som sov på magen min i natt.

Èowyn Mazikeen <3

I går var det bransjefest (eller nyttårsbord) for filmfolk i Bergen. Alien Ghoti stilte sjølvsagt opp, og ein eller annan plass på ferda må nokon ha kome borti av-knappen min. Eg vakna vel strengt tatt ikkje i dag. Det vil sei, eg gjorde eit forsøk og det blei med det. 

Soundtrack: Billy Idol – Rebel Yell

Men alt i alt var det utruleg gøy. Folk som jobbar med film her på vestlandet er rett og slett awsomme!
Mellom klokka 18 og fram til midnatt var det tapas, mingling og på tampen av kvelden var det karaoke på bakrommet i Strandgaten. Eg fekk stå i den kjekkaste dokøen til dags dato, for det blei etterkvart lengje å vente når dei berre hadde eit toalett på lokalet! :p Men det gjekk fort når ein kunne stå og skravle i hyggeleg selskap.
Me såg filmsnuttar som dei andre kunsteriske sjelene hadde laga, men Alien Ghoti bidrog ikkje med noko. Me hadde for så vidt ingenting som var “kort” nok, for snuttane kunne ikkje vere på meir enn nokre få minutt. Våre ligg gjerne på 10 minutt +, enn så lengje.

Enda opp med TO, eg! (noko som kanskje forklarar formen dagen etter … )
Wenche køyrer safe og held seg til RedBull.

Etterpå tusla me vidare til Skipperstuen (!!) for meir karaoke. Eg og Jonny stemde i med Deutchland av Rammstein og publikum var heilt med! Eg hadde ein lenger diskusjon med ei dame om menn sine rettigheitar til å gå med kilt (Jonny B rockar dei rutene!!)

Og Bergen blei vitne til eit lite teatralsk innslag om fordeling av sølvbestikk og kinesisk porselen då eg og Jonny spelte ut ei lita scene om Bitchy von Bitchstadt og den stakkars ektemannen hennar. Ao. Det var nesten litt vondt, men så til dei grader morosamt! Wenche sprang bak oss og dokumenterte galskapen, medan bekymra tilskodarar sende ho sympatiske blikk.
Ikkje eit keisamt augneblink med den gjengen, nei!

Sånn til vanleg brukar eg ikkje å vere plaga med fyllesykje, men eg kjende det godt i skallen då eg vakna i dag. Me fekk bobler til velkomstdrink, og det skal sjeldan mange slurkane til av det brygget før eg kjenner det i toppetasjen dagen derpå. Men litt sjokolademjølk tok knekken på det verste ganske kjapt!
Verre var det at nokon hadde snubla borti off-knappen min på eit tidspunkt … Eg var så hinsides trøytt at eg sov meg gjennom dagen. Fullstendig kaputt og ingenting virka. Eg hadde gleda meg sånn til å endeleg få sjå Longlegs som omsider kom i posten her om dagen, men eg trur ikkje eg kom lengjer enn ein halvtime inn i filmen før eg måtte re-kapitulere.
Nokre gongar har eg slike dagar der eg rett og slett ikkje fungerar. Eg har kanskje ikkje ein fysisk krevjande jobb, men det kan verkeleg ta på mentalt nokre gongar! Det føles som om eg tenkjer så hardt og mykje, og engasjerar meg så intenst i historiane eg jobbar med at det tappar meg fullstendig. At det blei ei ganske sein natt på by’n hjalp vel ikkje akkurat på heller.
Men då eg endeleg opna augo igjen følte eg meg heilt fin og fit for fight. Det er på ein måte berre hjernen som må re-setjast litt, og når den er komen tilbake der den skal vere kan eg ta fatt på nye eventyr med alle karakterane mine.

Så no sit eg her og glitrar som eit avdanka joletre med eit smil om munnen. Eg kjøpte ein glitter-augeskugge palett for ei tid tilbake som er heilt nydeleg når eg skal sjå litt pynta ut, men det er jaggu ei utfordring å få vekk igjen! Worth it anyways; eg fekk såååå mange fine kommentarar frå folk i går for klesstilen min! <3 Goth FTW!
Og så hadde eg fått service på både sveis og negler dagen i førvegen, så eg hadde i det minste litt form på toppfjonet og kunne stille med awsomme svarte klør!


Eg hadde nesten gløymd kor gøy det er å reise på by’n ein gong i blant, for det har ikkje blitt så mykje party-party på meg siste året eller så! Men eg kjenner på meg at det ikkje blir så veldig lengje til neste gong!

 

Endeleg kan eg få lov å fortelje om kva eg har putla med siste året: Eg er godt i gong med den nye roman-serien Eirill Seidkvinne!!

Sountrack: Gåte – Bendik & Årolilja

Jepp, det stemmer! Siste halvåret landa eg på ein ny serie om Eirill. Eg prøvde meg fyrst på ein serie frå 1800-talet med ein romantisk vri, men det gjekk ikkje så bra som eg hadde håpa. Eg er cirka like romantisk som ein våt ullsokk, så det blei kleint. Veldig kleint. Eg måtte vri meg litt i smerte nokre gongar før eg innsåg at dette gjekk ikkje vegen.
Heldigvis er eg og Eirill ganske like. Ho er ikkje så oppteken av romanse ho heller, og akkurat som meg føler ho seg rimeleg dum når ho havnar i den typen situasjonar. Ikkje spør korleis eg enda opp gift, for eg slit framleis med å forstå kva knep eg brukte for å sjarmere Dùnedain i senk! Men eg bestemde meg for å utfordre jenta litt, for kven hugsar ikkje kor pinleg absolutt ALT var i den tida då forelskingar gjorde sitt fyrste inntog i liva våre?

Dermed blei det ei fortsetjing på historia om den vetle villstyringen frå middelalder-Sogn.
For dei som ikkje har lese den fyrste serien min, så handlar det om dei to systrene Live og Eirill som mistar familien sin etter eit røvarangrep, og som overlever då mor deira klarar å få dei over i ein båt som ho skyv ut på fjorden. Dei driv lengje og vel, heilt til den gode storbonden Gamle-Nikulas tek dei inn på garden sin.
Live er pliktoppfyllande og arbeidssam, og drøymer om mann og born og eit godt liv som bondekjerring, medan veslesystera Eirill er ei handfull som helst vil springe i skogen, leite etter huldra og skulle nesten ynskje ho var fødd som gut fordi dei har det så mykje gøyare enn jentene i hennar auge.
Det er ein ganske action-pakka historie som føregår i tida kring svartedauden, ein periode i historia der døden var ein hyppig gjest i dei fleste heimar, og då kristendomen hadde eit uhyggeleg grep om folk flest.
Sjølv tykkjer eg serien var både hinsides spennande (å skrive for meg som forfattar) og ikkje minst full av herleg humor. Og det var i mine auge vanskeleg å ikkje bli utruleg glad i både Eirill og den herlege trollkjerringa Gygri som bur djupt inne i skogen saman med ei snakkande ravn.
På mange måtar var Eirill det barnet eg sjølv var. Ho var undrande, såg troll og nøkk på høgljos dag og ho elska dyr. Og så stilte ho spørsmål ved det meste og hadde ein rettferdigheitssans utanom det vanlege. Ho var ein tidleg feminist, til tross for at ho berre var ei lita jente då me blei kjende med ho.
Så då eg måtte innsjå Lokkri + romantikk = fullstendig krise var neste steg å sjå korleis det hadde gått med den vetle heltinna mi.

Litt tid har gått, og Eirill er no ei 16 år gamal (ung) kvinne som framleis bur i stova si i skogen over Stuphedla saman med dyreflokken sin. Verda har vore roleg i tida etter svartedauden, der Eirill har vore den nye seidkvinna på garden og teke imot born, hjelpt sjuke og blitt tante til mange små håpefulle englar.
Men brått blir ho kasta inn i ein noko dramatisk kjærleikstrekant, og det kjem eit nytt kvinnfolk til garden som Eirill hamnar så til dei grader på kant med. Og som i alle gode historiar, så ballar det på seg.
I førre serie fann syster hennar ein liten baby som nokon hadde lagt att i skogen, og ga ho namnet Sága. Ho er no blitt 6 år gamal, og har teke mykje etter tanta si. Ho er ein liten villstyring, med sterke meiningar og masse spørsmål, og dei to knyter eit sterkt band. Sága er overbevist om at det er huldra som la ho att i skogen, og meir enn noko anna skulle ho ynskje ho kunne få møte den ekte mor si.

Eg vil ikkje avsløre for mykje om historia, for det blir nokre plot-twists og ein del action, men eg har gjort mitt beste for at serien skal vere mogleg å lese sjølv om ein ikkje har vore gjennom alle Søstre-bøkene.
Serien Eirill Seidkvinne kan lesast heilt for seg sjølv eller som ei fortsetjing på den fyrste serien.
Det har vore litt av tanken min heile vegen; eg vil gjerne fortelje historiane til så mange som råd av etterkomarane til Eirill og Live, men samstundes vil eg ikkje at nokre av seriane skal bli på meir enn kring 20 bøker. Og at det dermed skal vere mogleg å lese ein av desse seriane utan å binde seg til 120 bøker for å få heile historia. Om NorskeSerier lar meg halde fram med visjonen min, så håpar eg på sikt at det skal ende opp som ei slektssoge som går fram mot vår eiga tid, og at det ein dermed kan lese noko frå 1300-talet og så hoppe til 1800-talet dersom det er ein tidsepoke som ein likar betre. Men dette ligg sjølvsagt LANGT fram i tid i så fall. Bøkene skal skrivast òg, ikkje berre diktast opp i hovudet mitt! :p

I mine auge er Eirill Seidkvinne ei bittelitt meir roleg historie enn den til tider brutale Søstre-serien. I og med at pesten ligg bak oss, så tek det vekk litt av det morbide elementet som hang over historia ganske lengje. Men livet i middelalder-Noreg var likevel hardt, og ein kjem ikkje vekk ifrå at døden var ein mykje hyppigare gjest på denne tida enn kva me er van med i dag. I skogen var det ulv og bjørn, og sjølv om dei sannsynlegvis gjekk etter sau og hjort var dei sett på som farlege å møte på, særleg på ei snøfull vinternatt.
Kvinner gjekk gjerne gravide frå fyrste menstruasjon til dei ikkje lengjer var i stand til å setje fleire born til verda, og ein fødsel var ikkje til å kimse av. Mange døydde, både born og mødre, og fødsel var blant dei vanlegaste orsakene til at kvinner omkom.
Så sjølv om det er mindre sott og henrettingar i denne serien, så blir det ei spennande reise gjennom middelalder-vestlandet denne gongen òg. Kanskje berre sett gjennom augo til ei som har blitt litt eldre sidan sist.
Og akkurat som med førre serie, er det den fantastiske Eline som står for illustrasjonane, noko eg så absolutt er heilt henrykt over, for ho kan dette med å skape MAGI på framsidene mine!

Eg håpar du har lyst å følgje meg, Eirill og Sága på denne ferda gjennom 1350-talet, for at det blir spennande kan eg absolutt skrive under på!
Fyrste bok, HULDERDATTEREN, er i sal 7. mars!

Utanfor stovedøra mi er eg sikker på at me er oppe i meteren no. Og framleis lavar det ned, medan dei som styrer vêret på TV seier me skal få endå meir på måndag! Ikkje at eg klagar. Eg ELSKAR snøen!! <3

Soundtrack: The Prodigy – No Good (Start the Dance)


Folk må berre klage til dei blir lyselilla i trynet, men vinteren er den vakraste tida på året.
Ikkje at eg ikkje likar sumaren, våren og hausten, men når verda blir pakka ned under eit teppe av vakre kvite fnugg som glitrar i måneljoset, så kan alt anna ta seg ein bolle. Dei fleste heng med leppa fordi el-bilen ikkje vil starte, vegane er glatte og dei får snø i skoa når dei går ut. Men det er konsekvensane av å sverge til ankelsokkar året rundt, folkens! Få deg eit par varme fluffy sko og NYT kor vakkert det er! <3

Dùnedain er jaffal på saka og held stien mellom ytterdøra og Skrivarstovao open og relativt snøfri mellom bygene. Og det med eit stort smil om munnen! Han har til og med teke på seg ansvaret å måke kring pippe-restauranten (les: fuglebrettet) slik at dei små fjørkledde gjestane våre finn att det som måtte ramle ned når dei er på vitjing.
Eg er vel og merke fødd med ei pussig genetisk innstilling som gjer at eg ikkje KAN la vere å smile når det snør.
Naboane må tru eg er småleg tussete når eg står her ute på trappa og stirer opp mot himmelen med eit fårete glis om munnen kvar bidige gong det lavar ned.
Jentene mine er derimot mindre entusiastiske, og eg trur ingen av dei har opphelde seg utandørs meir enn kring 10 minutt i slengjen siste dagane …

I dag var planen eigentleg å ta fullstendig fri utan å sitje med nasa ned i tastaturet og fantasere. Eg trudde eigentleg eg var ferdig med sjette bok i den nye serien min då eg til mi store overrasking oppdaga at eg var oppe i over 56.000 ord! Noko som fekk meg til å tru at pc’en min var blitt ganda, sidan eg har site og rive meg i dei små tustane som spirar på toppen i fleire dagar fordi eg følte eg ordteljaren min ikkje rikka seg over 42.000 ord!! (minimumskravet mitt er 50.000 ord. Trur eg. Eg har for å vere heilt ærleg mista litt oversikten … )
Så der sit eg då til langt utpå kvelden i går, medan magen min allereie var i fullt opprør både i topp – og botnseksjonen etter all jolematen og anna usunt snadder eg har stappa i kjeften gjennom jola, og freista å klippe og redigere og kutte og styre for å kome under maxgrensa mi … som eg heller ikkje heilt har kontroll på lengjer!
Heilt til eg kom til siste kapittelet, og oppdaga at eg framleis sto fast på dei 42.000 orda. For denne dama hadde limt inn seks kapittel TO GONGAR!! Og dei hadde gøymd seg heeeeilt på slutten av boka.
Oh joy.
Det var eit stykk grumpy forfattar som slo av maskina fortare enn svint og gøymde seg under eit teppe inne i sofaen der og då.
Dessverre er det ein gong slik at både folk i kreative yrker og sjølvstendig næringsdrivande ikkje har ein av-knapp, så her er eg igjen. Men skrivelysta (den fiktive sorten, altso) sit ganske langt inne i kveld, så om det blir produsert så veldig mykje meir før eg loggar av for kvelden, vågar eg ikkje uttale meg om.
Deadlinen min er om ei veke frå i morgon av, og då er det berre å krysse fingrane for at eg finn roen nok til å kome i mål.

I dag hadde eg for så vidt lova å ta fri. Eg og mannen skulle køyre Deadpool-maraton og sjå alle tre filmane. Noko me heilt fint klarte.
Eg er ein sucker for superheltar, men hjarta mitt er for alltid i anti-heltane sine hender. Og ingen kjem høgare på den lista enn min fine Wade Wilson. Han vitsar, han er ein nerd, han elskar einhjørningar, han sparkar romper og han har null filter. What’s not to love?
Det er litt som med anti-woke-komikarane; ingenting er heilag og eg elskar det.
Eg kan med handa på hjarta sei at eg er så lei av at ting skal vere politisk korrekt at eg trur eg spyr. Det er ikkje eit politisk korrekt fiber i skrotten min, og då er det rett og slett forfriskande at det finst nokre som kan spøke med det meste.
Ikkje at det er feil med Ryan Reynolds i spandex (eller lær) heller <3 Den mannen er awsomme, og ingen andre får lov å spele Deadpool enn han. Eg har talt, og det står eg fast med. Om nokon prøver, så blir eg sur. Veldig sur.
Det er heller ikkje noko å klage på at Wolverine dukkar opp i 3’aren, for Hugh Jackman ER Wolvie. Utan at eg skal nekte for at Henry Cavill var ein heftig fin cameo i filmen han òg.

Okay, for dei som ikkje er heilt på bølgjelengde, og som eg har mista fullstendig i dette spindelvevet av klissete manneprat her, så kan eg opplyse om, i korte trekk, at Deadpool opprinneleg er ein teikneserie. Han var ein gong ein leigemordar som fekk kreft, og som var ein del av eit medisinsk eksperiment som førte til at han fekk helbredande evner og gjorde han i stand til å bli frisk frå det aller meste. Inkludert kreften, men det har etterlete han med ein mindre … hm, tiltalande utsjånad. Litt som Freddy Kreuger sitt kjærleiksbarn, om Kreuger sine arr hadde vore genetiske. Han er i stand til å gro ut ein arm eller spire ein ny kropp dersom han mistar hovudet. Og han er ein del av Marvel-universet, og eg har digga karakteren sidan eg oppdaga han i teikneseriane FØR fyrste filmen kom ut. Men kanskje endå meir etter at mr. Reynolds BLEI Deadpool. Og Wolverine er den råaste av alle X-Men som nokon gong har eksistert, med knivfingrar og ein awsomme kropp … eh, hårsveis. Sånn for ordens skuld. Spelt av mr. Jackman. Han er jo slett ikkje så verst å sjå på han heller.
Og heilt til sist, så er Henry Cavill karen som har spelt Superman og The Witcher, og som ser akkurat like snasen ut som dei to eg akkurat har snakka om. Yummy.
Når det er sagt, så må eg leggje til at eg har ein underleg tendens til å forelske meg i fiksjons-karakterar framfor folk IRL.  Trur ikkje eg hadde reagert sånn kjempemasse dersom eg hadde møtt ein av desse på gata (mogleg eg hadde snudd meg og løfta litt på augebryna, men … ) med mindre dei gjekk i kostyme. Då er det ein større fare for at eg hadde vend om og sprunge etter dei.

Men så var det på høg tid å returnere til middelalderen, og kanskje klare å få ferdig den boka som ikkje VIL bli lengjer. Seriøst. Eg føler at eg står bom fast uansett kor mykje eg skriv! Antalet ord sniglar seg opp, utan at eg har noko kjensle av at eg har skrive kapittela kortare denne gongen enn nokon gong før! Likevel er eg no oppe i 40 kapittel, når eg vanlegvis kan klappe meg sjølv nøgd på skuldera etter cirka 35.
Eg avsluttar dermed dette innlegget med nokre bilete av vinterstemning frå dalen kring hytta, og vonar de alle har ein mindre frustrert sundag enn det eg strir med!

Elessär er supernøygd med vêret, og klarar ikkje halde seg nok i ro til at bileta blir klåre!!

 

 

 

Godt nyttår frå meg og Dùnedain! Og skål for at 2025 kjem med ALT de måtte ynskje dykk!

Nytt år, nye moglegheitar. Og fleire nyttårsforset. I år har eg eit: Eg skal klare å skrive minimum TO blogginnlegg i løpet av veka! Og så langt har eg faktisk klart det ganske bra, sidan eg tjuvstarta litt sånn på haustparten! 

Soundtrack: Nightwish – Noise

Eg har prøvd med det same nyttårsforsettet tidlegare, men då har det vore meir “eg skal skrive meir i bloggen”. No set eg meg eit meir konkret mål i håp om at det skal føre fram. I tillegg blir det kanskje litt meir press på å faktisk produsere litt tekst når eg no legg ut link på Facebook-sidene mine. Eg kjem ikkje til å linke til alt eg skriv bortsett frå det som er relevant til film – og bøker, men om nokon kik innom og les litt, så er det jo kjempekjekt det òg! Det blir mest av alt ei form for dagbok for min eigen del, for å få ut litt av alt som samlar seg oppi knollen, og som ikkje passar inn i det eg vanlegvis skriv!

For dei som då vel å ta fyrste turen innom (velkomen forresten!) så tenkte eg å skrive bittelitt om meg sjølv!
Eg heiter Lukritzia, og bur utanfor Bergen. Eg er oppvaksen i Balestrand (eller BaleBy om du vil), men flytta lengjer sør for å studere då eg var i byrjinga av 20-åra. Og her blei eg!
Forhåpentlegvis får eg moglegheita til å flytte “heimatt” snart, for eg elskar bygda mi der oppe i Sogn.
No bur eg saman med mannen min Dùnedain, dei tre kattane Thrallya, Eówyn og Khavi, samt hundane Pixie og Elessär i eit koseleg lite hus fjernt frå folkeskikken, og eg trives veldig godt her. Men det er smått med plass, så det hadde vore fint med til dømes eit kjøken der ein ikkje trengde å gå ut for å skifte meining.
Eg er stolt sogning, dyreelskar, hippie-bonde-gothar, reinkarnasjons-spiritist og definerar meg sjølv som heks.  Og så er eg nynorskfanatikar, sjølv om jobben min helst ser at eg skriv på bokmål. *fnys*

Sånn til dagleg skriv eg bøker. Blant anna. Eg er forfattaren bak den historiske romanserien Søstre, og har snart gitt ut 20 bøker! No er eg i gong med ein ny serie, men den skal eg heller kome tilbake til seinare.
I tillegg driv eg filmselskapet Alien Ghoti AS saman med mine fantastiske kollegaer Wenche og Jonny.
Eg har i fleire år vore potet i filmbransjen, og jobba med alt frå produsent og regissør til skodespelar, statist og sminke. Det einaste eg ikkje har prøvd er lydmiks, så vidt eg kan kome på! Og eg elskar det, sjølv om det ikkje er så lett å leve av i det lange løp.
Men det er ikkje så mange som har moglegheita til å leve av det dei elskar, og film og det å skrive er så absolutt blant mine største lidenskapar. Eg kunne knapt vente til eg forsto korleis ein skulle bruke bokstavar til å forme ord og setningar då eg byrja på skulen, og eg byrja på mi fyrste bok då eg var 9 år. Den blei på litt over ei halv dataskriven side, for det tok så hinsides lang tid å sitje der og taste med to fingrar. Så lærte eg meg touch-metoden, og resten er historie. Eller ganske mange historiar, for å vere ærleg.
Eg skriv film/TV-seriemanus, noveller, dikt og romanar. Ikkje alt er like mykje å rope hurra over, men eg likar å sitje og drøyme meg vekk uansett. Så då kan ein likevel skrible ned det ein tenkjer på.

Skrekkfilm er min sjanger, sjølv om favorittfilmen er Ringnes Herre. Og så diggar eg Deadpool, både filmane og teikneseriane.
Eg er vel eigentleg ein skikkeleg nerd når det kjem til stykkje, som samlar på retro-My Little Pony, rare dokker, FunkoPOP! og dragefigurar. Eg elskar fantasy, brettspel/rollespel, World of WarCraft og teikneseriar. Og så har eg ein fasinasjon for ting folk gjerne ser på som litt dystre, og det var kanskje der idèen til å skrive Søstre hadde sitt utspring.
Svartedauden, norrøn mytologi og norsk folketru har alltid vore noko eg har lese ALT eg kom over om. Eg pugga bygdaboka heime så snart eg kunne lese, på jakt etter gamle soger og historiar om draugen, pesten og overtru, og eg elskar å lære om korleis verda såg ut for menneska i middelalderen. Alt frå korleis dei brukte urter og folkemedisin til kva dei trudde på av underjordiske og trollskap.
Litt historie-nerd er det med andre ord i meg, sjølv om moderne historie alltid har vore litt meir ‘meh’. Krigane på 1900-talet interesserar meg cirka midt der sola aldri skin.

Bonde-gothar var ein kategori eg blei putta i av ein medbloggar for mange år sidan. Eg kledde meg helst i svart, og danderte meg sjølv med naglar og store boots, lange skinnfrakkar og med svart hår og likesminke i mine yngre dagar, men eg var langt ifrå så dramatisk som dei gotharane eg gjerne møtte då eg flytta til Bergen. Dei lente meir mot metal-goth og victoriansk-goth, medan eg gjerne tok på meg svarte sæggebukser og digre hettegensarar.
No er eg noko meir fargerik, og har helst rosa, lilla eller blått hår, knæsjfarga sko eller neonfarga mesh. Eg elskar å leike meg med sminke og prøve nye frisyrer, og sidan eg eigentleg vimsar kring i min eigen vetle draumeverden mesteparten av tida, så har eg innsett at eg eigentleg er litt hippie òg. For eg er veldig peace ‘n’ luv, og tykkjer alle skal vere snille med kvarandre. Eg er ei diplomatisk sjel som ikkje kavar seg så lett opp, og eg elskar livet.
Eg sleit med psykiske utfordringar i ungdomstida, men etterkvart som eg byrja å bli tørr bak øyro (og det tok jaggu lang tid, for eg trur det framleis er teikn til fuktskader baki der endå!!) lærte eg meg å sjå ljost på livet, meg sjølv og alt det fantastiske som er kring meg.
Men eg er open om det eg har vore gjennom, for det er nok av dei som slit og treng å høyre at det kan bli betre. Eg veit jaffal at eg hadde trengd å høyre det då eg var nedi dei djupaste kjellarane …

Og så bør det nemnast at eg er både sarkastisk, ironisk og har særs tørr og gjerne litt svart humor. Men eg er ganske så snill på botn, sånn eigentleg!

Så velkomen til deg som våga deg innom! Kom gjerne tilbake ein annan gong!
Og til sist vil eg ynskje alle som ein eit fantastisk godt nyttår, med von om at 2025 kjem med mykje godt og ikkje forsvinn så fort som 2024!

Det snør, det snør! Noko eg meinar er eit godt teikn for det komande året <3

 

Så må eg krype til korset og innsjå at det kanskje var i overkant optimistisk og eit relativt hårete mål å setje seg i desember. Ein kan ikkje berre skrive ei heil bok når huset skal vaskast, kaker skal bakast, gåver skal kjøpast og pakkast inn og jola skal feirast i BaleBy.

Soundtrack: Rammstein – Seemann


Sånn til dagleg er eg forfattaren bak den historiske romanserien Søstre, og eg elskar jobben min.
Ingenting er betre enn å fortape seg sjølv i det fanatiske universet som har vokse fram i prosessen med å skape serien, og få hengje med alle karakterane mine som er blitt så inderleg glad i. Med visse unntak sjølvsagt; Audun Prest og abbedissa har vore eit sant mareritt å forhalde seg til.
Men no er eg ferdig med det kapittelet (pun intended!!) og har gitt meg i kast med eit nytt prosjekt. Ørten prosjekt, skal eg vere ærleg, for eg sjonglerar filmmanus, novellesamlingar og barnebøker i eit einaste saleg kaos.
No var det ikkje nokre av dei sidespora mine som kom i vegen for den siste boka som eg etter planen skulle sende inn i dag. Det var jolestria.
Brått skjedde det ti tusen ting, og eg hadde ein million ærend og planar og husarbeid og Fandens oldemor som sto i kø, og for å ro alt i land måtte eg leggje ned pennen (tastaturet) i ei vekes tid for å fokusere på litt andre ting.
Det gjekk som det måtte; fyrste joledag var hovudet mitt klårt til å sprekke, for eg har ALDRI gått så lang tid utan å skrive sidan eg byrja på fyrste bok i Søstre-serien!! Ikkje ein gong då eg og Dùnedain gifta oss eller når me var på bryllaupsreise!
Men likevel kom eg ikkje i mål. I går og i forgårs skreiv eg SJU kapittel fordi skrivekløen blei for intens, men eg må kaste inn handkledet til den nakne kvinna som lærer å spinne: Det var litt meir vatn over hovudet på meg enn eg var klar over.

Så då var deadline’en skubba fjorten dagar fram, og eg skal vie vinteren til å innhente meg sjølv.
Måndagar er uansett ein skikkeleg drittdag å vere forfattar på, for då er kjøleskapet tomt og me er garantert manko på dopapir, hundemat og ikkje minst RedBull. Ein tur på bui er ikkje spøk, særleg ikkje når cirka halve Bergens befolkning har kikka inn i kjøkenskapa sine og oppdaga akkurat det same. Så då reiser dei på handling, og eg går der med handlevogna mi og fresar stille til ei kvar kranglete Karen, skrikande unge eller gamal dame som går akkurat litt for seint framfor meg mellom reolane. For på toppen av galskapen fekk eg mensen, og då er eg ikkje til å spøke med.
Dermed byrjar arbeidsdagen cirka no. Sånn nesten ni timar seinare enn den vanlegvis gjer.
Vanlegvis har eg for mål å skrive minimum to kapittel kvar dag, noko som tilsvarar mellom 1600 og 3000 ord, litt avhengig av kor mykje research som må gjerast undervegs. Dessutan er det ikkje alle kapittel som må vere like lange rett og slett fordi eg vil helst unngå å skrive berre for å skrive.
Då eg fyrst byrja som serieforfattar hadde eg det frykteleg travelt med å få putte inn ALT eg hadde i hovudet på så kort tid som mogleg, om det gir meining. Eg var ikkje flink å dele opp historien min, og eg likar å tru at eg er blitt betre på det. Det er særs sjeldan at eit kapittel i det heile nærmar seg 2000 ord no, medan eg gjerne hadde problem med å begrense meg i byrjinga.
Det er ikkje alle dagar at skrivekløen sit så langt ytterst i fingerspissane som den gjorde etter joleopphaldet mitt, og i dag er ein slik dag. Det er litt ekko i toppen, og det hadde vore digg å berre ditche skriveøkta og vie tida si litt World of WarCraft eller ein god film.

Kamilla & meg <3

Heldigvis hjalp det litt å stikke innom nesten-naboen min borti hood’n her og endeleg få helse på Kamilla; verdas mest bedagelege buhund! <3 Ein kan ikkje gå kring og vere grumpy når eit nurk av hennar kaliber bestemmer seg for å adoptere deg permanent og finn seg til rette på fanget ditt nesten med det same du kjem inn dørane!
Eg har fått RedBull, eg har Rammstein på øyra og dei som har kontroll på vêret har meld at det kvart augneblink kan byrje å snø igjen. Varmeovnen er på, og seinare skal det kome ein snill mann med meir jolesnop til meg.
I think I’m good. Så då var det berre å ta seg sjølv i nakken og dukke nedatt i middelalderen!

Eigentleg er dagen derpå etter ei filminnspeling minst like spennande som dagane på sett; ein veit lissom ikkje heilt korleis ein har det når ein vaknar opp og er ute av filmbobla!

Soundtrack: En Vogue – That’s What Christmas Means To Me

Sidan Remi var fråvèrande siste dag på sett, så måtte måtte me inn med litt klipp-og-lim for å få han med på fellesbilete vårt!

 

Hovudet er framleis ganske omtåka etter å ha hatt ti tusen tankar i skallen på ein gong. Samstundes tek det litt tid før ein landar; du er både sliten og gira på ein gong, og sjølv om skrotten er plassert i kontorstolen og skal skrive bok, så klarar ikkje resten av deg å hengje med fordi du framleis er i den verda du har eksistert i dei siste dagane. Og så er du tom. Det er som om ein har tømt sjela si, akkurat som då eg sat her framfor skjermen og hadde skrive siste kapittel i bokserien Søstre. Som med all kunst legg ein att litt av seg sjølv i det ein skaper, men fy faen for ei kjensle det er!

I helga hadde me innspeling av skrekk-kortfilmen Skinnsyk, skapt og produsert av Alien Ghoti AS. Min debut som filmregissør på noko anna enn musikkvideoar sidan eg var filmstudent. Vanlegvis er eg produsent, men denne gongen var den rolla overleten til Jonny Bjørkhaug. I tillegg hadde eg scenografi, sminke/kostyme, og spelte ei lita rolle. Me hadde med oss Wenche Christin Olsen på foto, Christina Vestgård på lyd og to fantastiske skodespelarar, Camilla Grindheim Larsen og Sunniva Ervik Mjønes. I tillegg var Romeo Ma, Remi Pedersen, Trond Stikholmen og min eigen kjære Dùnedain med som klapparar, røykmaskinoperatørar, SoMe-ansvarleg og generelt assistentar.

Film er på mange måtar ein livsstil. Det er hardt arbeid, men eg elskar det. Sjølv om dagen gjerne startar i 5-6 tida på morgonkvisten, og ein er kanskje ikkje i seng før kring midnatt, så er det verd kvart augneblink. Stemninga og humoren, mykje latter og masse prøving og feiling.
Fyrste dagen kom me til ein iskald location, for sidan me hadde fått låne huset våga me ikkje å ha ovnane ståande på over natta. Me tok sjansen dagen etter, og det gjekk heilt fint! Huset står framleis! ^^
Me hadde fått lov å bruke eit nydeleg lite hus på Sotra, som var heilt perfekt for å lage den gufne stemninga me var på jakt etter. Skinnsyk handlar om to systre som møtes for fyrste gong på fem år for å rydde ut av dødsboet etter bestemora deira. Men mormor var alt anna enn den koselege gamle dama som strikka gode votta, leste eventyr på senga og sløkte ljoset klokka åtta. (fritt etter Vinskvetten)

Tida flyg når ein har det så kjekt på jobb som det me har, sjølv om dagane blir lange. Og det er mykje venting medan kamera blir rigga, ljos blir flytta og skodespelarane blir instruert. Heldigvis har denne gjengen allereie ein felles produksjon bak seg, og alle veit kva dei skal gjere! Då blir det GØY å arbeide saman! <3

Så mange detaljar om sjølve filmen vil eg ikkje ut med, men me vonar me skal klare å få den med på i alle fall nokre filmfestivalar i det komande året! Då satsar me på at me ser DEG der!

 

Klappe-Trond med stålkontroll på galskapen. Likar me å tru.

 

The Director in action!

 

Med eit minimalistisk crew må til og med regissøren sjølv ned på golvet og lage movie-magic frå tid til anna! (og då eg fyrst var komen under trua resten av gjengen med å la meg bli liggjande der sidan eg ikkje kom meg fram att utan hjelp!!)

 

Lokkri godt nøygd med kaoset ho har laga.

 

Så kom Pesta-kostymet mitt til nytte igjen likevel! Kven skulle trudd det?

 

Guten i røyken aka Remi den Innrøykte, ivrig i tenesten!

 

Tabita! <3

 

Den sigrande parten i ein filmproduksjon må utan tvil vere RedBull …!

 

På eit punkt kjem regissøren til den konklusjonen at ein like gjerne kan gje opp og la skodespelarane få seigle sin eigen sjø …

 

1. desember, og Sunniva og Dùnedain stilte med litt jolestemning på sett. Det blei nisseluer og adventljos, med tilhøyrande allsong. Eller duett. Godt mogleg det berre var Lokkri og Sunniva som sto kring bordet og ralla.

 

TTT: Ting Tek Tid. I alle fall på eit filmsett der lyd og ljos skal klaffe med skodespelarar og ein lettare forvirra regissør!

 

Sunniva viser stolt fram blåmerket som Lokkri har trylla fram på handleddet hennar!

 

Omrigg!

 

Produsenten blei glatt kasta på gongen, og der måtte han sitje og sture til han fekk lov å leike med oss igjen etter opptaket!

 

Det er rart med det; sånne nyttårsforsett. Me er visst i den veka i året der flest bryt ut av dei, så då er det kanskje på tide at eg startar med mine?

Soundtrack: Hva Vi Elsker – Seigmenn

Ein del av planen min var absolutt IKKJE å sitje oppe klokka halv fire på natta og ete knekkebrød med berre smør, medan eg slåss med bikkja som insisterar på å stå på tastaturet og sleikje tallerken min.
Eg kunne freiste å skryte på meg at det var gode grunnar til situasjonen, som at det hadde noko med eit sunt kosthald og ein intens skriveprosess som førte til at eg sit oppe og jobbar i natta. Men den gong ei. Her er det halsbetennelse, menssmerter, og ein døgnrytme som er snudd fullstendig på hovudet som har skulda.
For året har ikkje starta vidare bra; det har vore temmeleg svingande form reint fysisk. Eg har tusen prosjekt gåande (føler eg) men det har vore omgongsykja og forkjølelse og generelt ikkje ein form som tillèt dei heilt store krumspringa.

Men eg skal ha for innsatsen! Eg har greidd å kome meg på jobb dei dagane eg skulle på kontoret, og eg har trent yoga EIN gong! Eg har byrja på heile tre blogginnlegg, men to gongar har nettet mitt forsvunne midt i prosessen, og eg mista store delar av innlegga. Påfølgjande banning og nesten ein pc ut vindauga.
Så planen no er å bli frisk. Her om dagen hadde eg faktisk somla meg til å bestille legetime, berre for å kome ned i området med dekning på mobilen for å motta ei melding frå legekontoret om at timen min var avlyst grunna sjukdom. Oh the irony. Så eg har eit håp om å få ein ny time neste veke, der legen kan finne ut kva det er som feilar immunforsvaret mitt for tida.

Og deretter har eg ein plan: Eg har bestemd meg for at eg framleis lever i 2019. Sånn inntil vidare.
2020 startar når eg berre klarar å bli -frisk- sånn at eg klarar å gjere noko fornuftig. Så medan alle andre slit med å halde sine forsett, set eg i gong med mine:
– Skriv!
– Innfør ein smule med fysisk aktivitet!
– Få orden i alt rotet mitt!
– Halde meg såpass frisk at eg ikkje må avlyse fleire avtalar!!!
Siste er alfa og omega. Til no har eg vore nøydd å avlyse/flytte TRE avtalar berre i januar, fordi kroppen har slått seg vrang. Men nok er nok! Eg nektar plent å køyre på med eit nytt 2018, for det var eit av dei mest håplause åra i mitt liv så langt! Uflaks og sjukdom og fandens oldemor.

Så då prøver eg igjen: Here goes! Velkomen 2020!