Julekrybbe-draumen!

Eg skal ikkje skryte på meg å vere kristen. Ikkje eit fnugg av den typen religiøsitet flyt i mine årer. 
Men eg er svak for jula. Og til jul må ein ha julekrybbe. Det høyrer heilt klart med.

Då eg var lita var det å vere med å setje opp julekrybba sånn cirka det største med pyntinga. Mamma hadde ei fancy julekrybbe frå 70-talet (tippar eg?) med masse halm og lilla vatt og gullmålte sponplate-stjerner. Den var nydeleg. Figurane var magiske, og det var ikkje sjeldan at eg naska med meg Jesusbarnet (som kunne takast ut av krybba!), Josef og Maria og tok dei med på ein klatreekspedisjon i juletreet. Litt morro måtte jo dei få òg, den vesle stunda av året dei fekk lov å stå på utstilling!

Noko liknande desse figurane var det mamma hadde å skilte med. Samt ein gjetar som hadde fått lov å vere med på morroa. Og nokre av figurane hadde mamma tatt fram dei kreative gena sine for og gitt eit målingstrøk. Eg freista å gjere det same, men i mitt tilfelle gjorde eg jobben med modellkitt. Noko som ikkje hadde den ynskte effekten; kven har nokon sinne høyrd at det var grøne sauar med i Lukas-evangeliet?

Så blei eg vaksen, og julepyntsamlinga mi vaks. Den himmelske hærskare inntok kvar jul stova mi, i aukande antal. Minst ein engel kom til englekoret kvart år. Men ein ting mangla: Julekrybba. 
Men ingenting av det på marknaden kunne matche det fantasifulle fargespelet som mamma henta fram kvart år. Figurane ein fann i butikkane her til lands, var stort sett kjipe porselensfigurar og ikkje var dei mange heller. 
“Mi” julekrybbe skulle ha flust i figurar. MINST 24 stykkjer. Eller, helst 24 stykkjer. Nokre av figurane var jo særs nydelege, og akkurat slik som eg ville ha dei. 

Og så finst det nokre artige variantar som ikkje direkte står øverst på ynskjelista mi, men som hadde gjort set bra som kuriositetar:

Aaaaw, how cute is THAT? xD

Men alt kokar ned til at eg finn ikkje den perfekte julekrybba. Eg trudde eg fann den på GlassMagasinet for 5-6 år sidan, då eg snubla over ei fantastisk symbiose av glas og stein, med nydelege figurar. Men antalet tusenlappar som denne skatten ville ha frårøva meg, overskreid mitt generelle julebudsjett med god margin. Så eg vinka farvel til den, og held fram jakta.

No har eg derimot gitt opp, og kome på andre tankar. Skal ein få gjort noko rett, må ein gjere det sjølv. Så når det går mot jul til neste år, er planen å setje i gong med hammar og spikar. Eller i det minste sånne bittesmå mininagler og ein limpistol. Litt rakved og nokre mosedottar, og ein stein eller to. 
Og så skal eg oppdrive eit keramikk-kurs, og modellere meg fram akkurat den julekrybba eg har lengta etter. Med heile 24 figurar; ein for kvar dag gjennom advent:

  1. Maria

  2. Josef

  3. Jesusbarnet

  4. Eselet

  5. Okse

  6. Gjetar 1

  7. Gjetar 2

  8. Gjetar med sau på skuldrene

  9. Gjetar (born)

  10. Gjetar (born)

  11. Heilag konge 1

  12. Heilag konge 2

  13. Heilag konge 3

  14. Kamel

  15. Elefant

  16. Sau 1

  17. Sau 2

  18. Sau med lam

  19. «Dobbelsau»

  20. Engel 1

  21. Engel 2

  22. Engel 3

  23. Engel 4

  24. Gjetarhund

Eg trur det kan bli eit fantastisk spennande prosjekt, eg! Så om du veit om nokon som driv kurs i figurmodellering innan keramikk, så gje meg gjerne ein lyd! Kanskje kjem ENDELEG den ultimate julekrybba i hus her hjå meg med! ^^

 

Ein god gamaldags TO DO/TA DA!

Midt i julestria har eg som regel ti tusen ting som skal vere i orden, særleg med tanke på at mamma og pappa returnerar frå Tenerife i morgon natt!! Så, for å halde oversikten; mi ToDo/TaDa!

TO DO: 

* Skifte sengklede på mamma og pappa sitt rom
* Skifte sengklede på gjesterommet
* Levere pakkane til Gunvor
* Poste dei siste julekorta
* Rydde badet nede
* Pynte til jul

TA DA:  

* Måke hundeskiten frå gardsplassen (hurra! xD)
* Vaske handklede 
* Rydde ferdig kjøkenet
* Tørke kjøkenhandklede
* Stryke kjøkenhandklede
* Tømme oska i ovnen
* Skrive ferdig dei to siste julekorta
* Tømme oskebøtta 
* Tømme bosset 
* Rydde spisestova
* Rydde stova
* Rydde gongane
* Vaske golvet i fyrste etasje
* Rydde gamlerommet til Donnie
* Tørke og leggje på plass handklede 
* Vaske badet
* Pakke rotet mitt