Bye bye Warszawa!

Soundtrack: Klimaanlegget…

Så var eg ferdig i Polen. For denne gong, i alle fall. I dag har det blitt masse museum, litt shopping, og ein siste tur på PizzaHut for å momse pizza med ost INNI skorpa. Det er faktisk ganske episk! Fuck you, Domino! Det var PizzaHut me skulle fått, når dei på død og liv skulle fjerne Dolly!! *snufs* 

Med det pakkar eg ned data’n, og satsar på å få laste opp litt bilete etterkvart, sidan så mange av bileta er i RAW-format. Vil nok ta litt tid å konvertere, er eg redd…Men den tid, den sorg. No skal eg lalle, og i morgon på denne tida, er eg tilbake i armane til Dùnedain’en min! Med ny beibi som skal halde oss i ande den nærmaste framtida! Slett ikkje den verste måten å avrunde ferien på! 😉 

Den FANTASTISKE dagen, og den litt meir kjipe dagen….

Soundtrack: The Prodigy –  Poison

I går vakna eg og følte meg alt anna enn bra. Eg var kvalm, hadde vondt i magen, slapp som ein sekk med gamle ballongar, og nemnde eg kvalm? 
Det blei ikkje til at eg klarte å gå ned og ete frukost, og sov heller til klokka tikka mot 14. Blæh. 
Så tvinga eg meg ut av senga, dytta nedpå ein RedBull, og vurderte om eg orka noko som helst. Det gjorde eg. 

Langt uti periferien låg det eit bilmuseum, av alle ting! Det såg eigentleg mest ut som ein nedrend hillbilly-gard, med massevis av gamle bussar og britiske telefonkioskar utanfor. Og på innsida hadde polakkane verkeleg demonstrert sine parkeringskunstar; det stod bilar hulter til bulter i alle rettningar. Men det var faktisk ganske spennande fordi om! Eg fann tross alt noko tilsvarande draumebilen min der! 

Noko sånt skal eg ein dag cruise rundt i!! Sjølv om det skulle vore ei boble. Med svarte prikkar. Men details-schmetails! xD

Inni eit mørkt hjørne dukka denne dama opp! Dæng, fekk lyst å ta ho med meg heim og starte eit vaskeekte haunted house! Hadde strengt tatt ikkje treng meir enn ho, vil eg tru?

 

Til og med Santa Claus sitt køyretøy var utstilt her! 😀

Vel, omtrent sånn var museumet. Absurd koseleg, på ein veldig merkeleg måte!

 

Det var seriøst så masse rart utstilt på denne plassen. Leikebilar og store bilar, jau den ser eg. Men så var det hjelmar og syklar og gamle radioar og toxido-overdelar og flosshattar og….Det var ikkje måte på. 

 

Suvinirar, JA TAKK! Eg fann endå ein av draumebilane mine på veg ut, så eg var jo nøydd å kjøpe med meg eit eksemplar! FLOWER POWER PPL!!

 

Og før eg runda av, måtte eg knipse eit bilete av museumsskiltet. Om ikkje anna, så var i alle fall dei som jobba der superkoselege! ^^ 

Så byrja magen min å skrike etter mat, så ruta gjekk innom eit random kjøpesenter for å fylle vomma. Fredagar skal etter tradisjonen vere kose-dag, så her blei det BIFF!!! Og OH. MY. GOD!! Den biffen og den pommes fritesen og den peparsausen eg til slutt fekk på tallerken min?! 

Det ser kanskje ikkje ut som dei heilt store greiene, men eg åt så eg trudde eg skulle sprekke! Det var sååååå godt!! 
Shoppa meg ferdig, brukte som vanleg i overkant masse pengar, og så bar det heimover. Oppdaga undervegs at det stod svære flokkar med folk på alle bruene, og kom på at det var jo måneformørkring denne kvelden! Men eg kan ikkje skryte på meg at fotograf-kunstane mine stod i høgsetet når eg ikkje hadde speiglrefleksen min tilgjengeleg der og då….

Hahaha! Dette var det beste bilete eg fekk til, gitt! Det går knapt an å sjå kva som er måne og kva som er gateljos! Ti poeng til dei som kan lokalisere den! xD 

Så var det ein ny dag, med nye moglegheitar. Som eg startar med å forsove meg til frukosten….! Dæng. Eg hadde sjokolade, litt kjeks og RedBull på rommet. Samt massevis av pepsi max. Så det blei frukosten denne dagen. 
Men up and away, og rett til papegøyeland!! Den var noko kinkig å finne vegen til, men til sist gjekk det! Ein svær HALL med fuglar!! 

Fyrst blei eg bestis med denne jacko’en. Han var heilt herleg, og ville ikkje la meg kome derifrå med det fyrste! xD 

Helstast ville eg kose med kakadue-frøkena, men ho ville ikkje prate med nokon. Berre stele frø, og vere i fred.

 

Den raude araen sette seg godt til rette over meg, og slapp ein diger SPLÆT ned på armen min! xD Tullegøye. For så vidt fekk me ikkje lov å kose med arapapegøyar. Eine fuglemannen der sa noko om at det hadde vore så mange skadar fororsaka av ‘gøyane som involverte alvorlege fingerskvisingar, så derfor måtte dei få vere i fred. 

Eg gjorde ingenting mindre enn å STORKOSE meg, trass i at det var sikkert 40 varmegrader der inne! Det var fuglar OVERALT, og dei var såååå sosiale! Lokkri blir heilt i 7. himmel av sånne ting. Så for min del var dagen redda, og gårsdagen gløymd. 

Så blei det lunsj på Dunkin’ Donuts. 

Dei har vel og merke nokre fantastisk gode kylling – og ostepaniniar der! Hadde det ikkje vore for all majonesen dei klæsjar på….Ewww….Men eg blei mett og nøygd, og kjøpte med meg ein sjokolade-donut til dessert. 

Til slutt rundast dagen av med ein visitt til gamlebyen igjen. Eg likar meg der. Rusla litt i gatene, kjøpte meg ein borke-dverg av ein skjønn eldre mann som sat på ei bru og skar dei ut, fekk kjøpt inn mine obligatoriske suvinirar (shotteglas og magnet til kjøleskapet), og åt noko tortillas-greier med ost og kylling på PizzaHut. Og så måtte eg prøve soft-isen deira her nede. Ikkje like god som den norske, sånn PS. 
Vitja òg eit museum med miniatyr-bygningar frå før tyskarane lagde fullstendig Texas i Polen:

Las ein plass på nettet at det var noko spesielt med denne søyletingen her. Så eg tok for skams skuld eit bilete av den.

 

Slottet me vitja den dagen eg ikkje fekk lasta opp bilete! 

Og så fann eg eit bord på ein stengd frisørsalong i utkanten av gamlebyen! Og eg vil ha eit sånt!!

 

Det var laurdagen og gårsdagen. Ein dag igjen, og så returnerar eg til folk og fedreland! <3 Litt vemodig at eventyret er over, men eg likar Polen. Og eg er ganske sikker på at eg returnerar på sikt!

Warszawa Zzzzzzoo….

Soundtrack: Rammstein – Wiener Blut

For gjett kven som blei solbrend i dag? Jepp, det var underteikna. 

Det visar kanskje ikkje så godt på dette bilete, men om du granskar skuldera mi nøye, kan du tydeleg sjå at fargespelet ikkje stemmer heilt. Raud er eg, okke som. Pyttsann, raudt er òg ein farge! 

Men ja. Dyrehagen! Den var ikkje det heilt store i mine auge. Den var passe stor for ein rusletur, sånn for folk sin del, men dyra hadde det ganske så stusseleg. Og varmt. Til og med løvene, som er van med steikande varme på dei afrikanske savannene, nekta å kome ut og vise seg. Alle vil helst vere inne, eller i skuggen. Ikkje at eg klandarar dei; det var ganske så keisame område dei hadde å boltre seg på! Fuglane spesielt; bura for altfor små for opptil 4-5 ørner som budde saman! Inniseg-au….Eg har i tillegg lyst å irritere meg over borna som hoia og banka på glasa og generelt sett må vere særs slitsame for dei allereie dritleie dyra. Gah! Men det er jo ikkje så lett å forstå for små born, spesielt når foreldra LAR borna gjere det, og i tillegg oppfordrar til deg! *frese* 

Søtaste bisonen som rydda vekk teite stubbar som tydelegvis var særs masse i vegen for han! <3

I Poland har dei grus grus grus, som har 2 jaja! xD

Gorilla-mann med godt trent rompe!!

Og den afrikanske elefanten nektar å snu seg. Så etter tre forsøk, så må han nesten få lov å bli liggjande. 

 

Så fekk eg gnagsår, og måtte kome meg heimatt utan sko. Noko til joggesko eg kjøpte meg….! *fnys* Men eg hadde sandalar på hotellet, så eg skulle berre “nett” heim og byte. Og kvile bittelitt. Og deeer sovna eg. 
Nokre timar seinare vakna eg, i overkant fortumla, og innsåg at eg burde kanskje gjere noko meir ut av dagen før den var heilt over? Fotografere kyrkjegardar til dømes!! Det er standard når eg er på tur. 
Kyrkjegardar er noko av det beste med utlandsturar for min del; det er fantastisk å sjå korleis folk i andre land tek var på ettermæle til sine kjære, i motsetjing til kor “enkelt” det er i Noreg! Det er statuer, bilete av avdøde, englar og lykter i skjønn foreining. Eg elskar det. Og av og til får eg nokre heilt nydelege bilete ut av det òg! 

Litt småfreaky at nokre av gravene var gjerda inn med PIGG-kjetting, men kva gjer ein ikkje for å halde zombiane på avstand?

 

Denne var så trist-vakker som den kunne bli; den vetle guten som blei gravlagd, har til og med fått ei statue av seg sjølv! 

Fleire av gravene var i tillegg gravd opp! Eg freista diskrèt å kike nedi nokre av dei, men dei var heilt tomme. Kors på halsen. (nedi ei av dei såg det seriøst ut som om nokon hadde klatra ut, vel og merke! Ooooh….!)

Dei har forresten særs kloke kattar her nede; dei kan lese skilt! For eg såg ikkje ein einaste katt på kyrkjegarden!!

Ein liten tur på eit kjøpesenter og nokre KFC-kyllingbitar seinare, samt ein liten runde i nabolaget og utover mot landsbygda, og eg er tilbake i senga igjen. Kva morgondagen bringer anar eg faktisk ikkje, for eg har faktisk fått sett det av serverdigheitar som eg hadde planlagd! 

Eg er alltid så imponert over kor glade folk i resten av Europa er i friske blomar! I Noreg er du heldig om du får tak i nokre dugande roser til ein overkomeleg pris!

Rafael-kake!!!!

Landsbygda i Polen. Faktisk særs tiltalande! <3

Så var det ein SÅNN dag….

Soundtrack: SandmarX – Tornado

Planen i dag var dyrehagen. Men halvvegs dit, bestemde vèrgudane for å tømme ut all sin vrede i form av eit helsikes regnvèr. Så la oss sei det slik; change of plans. 
Det skulle visstnok liggje eit loppemarknad på andre sida av byen, og sidan det blei opphald i styggavèret, gjekk turen dit. Atter ein bomtur. Det stod to bord midt på plassen, og ei eldre dame rota kring i nokre kleshaugar som låg litt tilfeldig slengd utover på dei. Ved inngongen sat det ein kar med fem stereoanlegg, type hip på 90-talet, med kassettspelarar og det heile. Og på andre sida av ein relativt stor plass, var det ein eldre herremann som såg ut som han anten dreiv å opna eller stengde ein bod med rot, ræl og bileterammer. 
Kopernik Science Senter høyrdes jo koseleg ut, men til og med her gjekk det på hue og rævva. Etter å ha stått i kø litt lengjer enn det eg vil sei var koseleg, sit det ei sliten dame i billettluka, og sukkar: -No tickets. We only have tickets after 4 o’ clock.
Senteret var proppfult av småbornsfamiliar, så det var kanskje fleire som ikkje ville leike ute med regn i lufta? 

Heldigvis var Det Kongelege Slottet i Warszawa ope, og til og med gratis i dag! Hipp hurra! Eg ELSKAR historiske bygningar med orginale, gamle møblar og dingsebomsar og klesdrakter og smykker og….Hæ? Bomba tyskarane like greit heile skiten tilbake til steinalderen under 2. verdskrig?? Og øydela så godt som alt som stod inni? 
Alt som tydelegvis blei igjen, var nokre gamle bøker og dokument, ei handfull gamle kunstgjenstandar, og to gullforgylte tronstolar. Palasset var gjennoppbygd, men det var ingen replika av inventaret. Det vil sei; det var to rom som dei hadde freista å gjenskape. Eit kontor og noko som minna mest om eit….rom. Det var ein peis, litt dilldall og pynteting, samt nokre stolar. Imponerande. Inntrykket blei ikkje betre av at det KRYDDE av alle slags vaktar og passe-damer som konstant ba deg gå i motsatt rettning, motsatt dør eller som nekta deg å ta med sekken din. Resultatet blei at eg måtte ta runden kring slottet med lommebok og mobiltelefon i baklomma, samt kamera kring halsen. 
Det er nesten så ein kan vere aldri så lite grann happy for at dette berre var ein replika av slottet; tenk for eit vakthald som måtte vore på plass dersom orginaldelane var på plass!? 

Middag på PizzaHut, ein tur innom ei ekte Lokkri-sjappe som selde haremsbukser og nepalske vesker og arabisk-inspirert smykker, og andre sånne ting som eg elskar, og så blei ruta lagt innom eit kjøpesenter, der underteikna snopa med seg ein elefant og ein einhjørning. Trur sånn cirka det var det? Eg er ikkje vidare imponert over utvalet i butikkar her i landet!! Med tanke på kor mange goths, freaks og hippiar eg har observert her, så er det ganske absurd at dei ikkje har nokon plass eg kan kjøpe den typen stæsj!? 
Vel, eg er tilbake på hotellet no. Vondt i hovudet, sliten i beina og trøytt i trynet. Vonar morgondagen bringer litt meir flax på opplevjingsfronten. I dag har det vore heller stusseleg. Faktisk så, at eg har null og nix av spennande bilete å vise til….! 
 

Entar og duer i Gamlebyen

Soundtrack: Lordi ? Granny’s Gone Crazy

Greetings from Warszawa!! (på flyplassen i går)

Frukosten her på huset blir servert fram til 11. Eg var på plass til klokka 10.00, og delte frukostrommet med eit eldre ektepar frå Storbritannia. På menyen stod blant anna eggerøre, men ikkje bacon. Og frityrsteikte pannekaker. Den var ny? Resultatet blei uansett at magen min blei i overkant for full, og eg måtte kvile…uhm, frukost.

Så avreise mot Gamlebyen blei ikkje ein realitet før klokka 13.00. Satsar på ny frisk i morgon, når eg skal i dyrehagen!

Men tilbake til Gamlebyen. Warszawa blei grunnlagd i det 13. århundre, men det er mange som har vore særs stygge med byen opp igjennom åra. Både Sverige og Preussen (del av noverande Tyskland) var innom og herja på 1600-talet, og Russland tok ein tur innom og laga mayhem på slutten av 1700-talet. Så det er kanskje ikkje rart at byen ikkje har fått halde på så mykje av det verkeleg gamle, når alt kjem til alt. Det er noko anleis enn Split i Krotia, der me kunne vitje ruinar frå romartida.

Warszawa er absolutt ein koseleg by, og på ingen måte like tettpakka som mange andre gamle bydelar eg har vitja opp igjennom åra! Verken av hus eller turistar!
Når sant skal seiast sakna eg likevel søte små marknader som brukar å liggje rundt i sånne bydelar, men greit nok. Eg skal ikkje klage over for få freistingar her i livet!

På ei bru-borg (borg-bru?) møtte eg likevel ein kar som selde handlaga borke-tussar! Dei som ut som dvergar og entar som keik ut av gamle trestammar!! Så eg skal definitivt tilbake dit. Og til brukt/antikk-butikken som låg like ovanfor.
Derimot var det eit mareritt å finne ein plass å pisse der! Og når dei fyrst dukka opp, skulle karane inni luka ha NØYAKTIG 2 zloty for å sleppe folk på do! Jiiz.
Det er òg eit par slott og museum eg vil innom der før eg snur snuten mot Noreg igjen, men i morgon er det dyreparken som står på planen. Så me får sjå.

The Dome of Doom! Eller noko sånt. Eg stussar framleis på kva dette monsteret av ein bygning dei set opp i nabolaget vårt eigentleg er! 

Hotellrommet, som eg allereie har greidd å bombe aldri så litegrann. Skal rydde i morgon. Kors på halsen.

 

Redbull: Check. Ekstra gensar: Check. Veske full i vatnflasker: Check. Røyk i kjeften: Check. Full kontroll? Not so much.

 

Gamlebyen! <3 (PS! Ikkje gå i mange sånne trapper om du har operert kneet. Dei er hinsides låge, og gjer VONDT!!) 

 

Ballongar! Med FJØR inni!! Det er så awsomt at det nesten gjer vondt!! 

 

Fann eit lite minimuseum bakerst i ein krystallbutikk! Så eg måtte jo inn og helse på megalodonen! Dette var då ein særs ung ein. Ikkje fullvaksen. Så eg var ikkje så veldig redd den.

 

Nessie budde her òg! 

 

Flytande kjempe-skillingsbolle!! Eller kjempenautilus. Tomeito-tomato.

 

Borg, jo! Altfor få sånne i denne byen; eg trudde polakkane BUDDE i borger?!

 

Meg. I borga. Må finne fleire borger. Sånn note-to-self.

 

Og så fann eg magisk drage-klo-smykke!! Steinen ser kvit ut, men endrar farge i ulike ljos og skuggar! Såh, kjempemagisk der ja!

 

Gamleby-gate.

 

Og så var det nutella-is og vanilje-is pause! Om-nom-nom!

Okay, historien bak dette: Det grøne huset rett fram der, hadde fancy mønster. Og eg konkluderte med at det var eit design frå 1400-talet. Sjekka opp i kor tid byen blei grunnlagd, og følte meg som reine kunst-professoren då eg kunne konkludere med at byen faktisk stamma frå denne tidsperioden! Litt wow der altso.

 

Kjempesoft-is!!!

 

Og så har dei pepsi max her. I literflasker!! I could freakin’ LIVE here!!

 

Ein skjold-oter!! Eller ein bjørn. Men det er tøffare med ein oter. 

 

Meir fine hus med fine bilete på! Sånn vil eg male på huset vårt, Glenn!!

 

Sjååå! Einhjørning på toppen av drikkefontena!! <3

 

I dag blei det italiensk på meg. Lasange bolonese. For då veit eg jaffal kva eg får!

 

Stooor plass med ballongselgjarar! <3 

 

Og så blei det ein tur på kjøpesenteret Arkadia for å finne joggesko. Fann meg eit par svarte NB sko til cirka 450 kroner! Yay! Så det hjelp jo på når eg skal gå i timesvis framover. Whoopie! 
Så det var dagens referat. Vonar dei neste dagane bringer fleire aust-europeiske dragar, havfruer og einhjørningar, for eg har forstått at slike ting står ganske sterkt her nede! :p 

 

 

 

Warszawa ? Hallo hallo!

Soundtrack: Ventilasjonsanlegget

Eg er i Warszawa! Ikkje at eg ser så masse av byen; det er mørkt ute. Digg temperatur er det for så vidt! Mildt og fint. <3
Fancy hotell er det òg! Supermoderne og særs minimalistisk. Eg meinar; det er ikkje ein gong klesskap på rommet! Ikkje minibar heller, så eg fryktar at det blir noko pisslunka RedBull til frukosten i morgon.

Sidan det tok til å bli kveld ved ankomsten, blei det restaurant-middag på hotellet. Det trur eg ikkje skjer fleire gongar. Kelnar-mannen (kjekk ung mann, for å nemne det!) tok imot bestillinga, og returnerte med ein iskald og god cola zero, og….noko lite noko på ein tallerken. I eit aldri så lite angstfylt augneblink, var eg redd det var heile middagen min, men det var visstnok ein sånn liten teaser som dei gjerne serverar på fancy restaurantar.
Det var følgjande: Ei raud, flat greie, krølla saman til ei slags rose, med ein dæsj med noko gult og ein dæsj med noko grønt, ein bitteliten grov bolle med salt, og ein knøttliten slice med ein slags kvitost.

Sjølvsagt gløymde eg å ta bilete, og sparka meg hardt i leggen etter at eg hadde teke fyrste biten. For det såg så absolutt finare ut enn det smakte….Suuuur rødbet med grøn majones, guffen kvitost og brød med knase-salt.

Eg gleda meg for så vidt til kyllingen, og hugsa heldigvis å ta bilete denne gongen:

Så kva er dette? Kyllingbryst, potetkuler med ost og kvitlauk, gulrotpurè og kokt kål. Smaken? Tja. Eg greidde ikkje å trykkje i meg alt, kan me berre sei. Kyllingen var kjempegod, og sausen like så, men resten var så som så. Sikkert superfancy og delikatesse-klasse, men heretter oppsøkjer eg nærmaste McDonalds.

Turen hitover gjekk for så vidt kjempegreit. Polen har effektiv bagasjelevering, det skal dei ha! Trur ikkje det tok meir enn max 20 minutt før rullebandet var i gong, og koffertane kom som perler på ei snor. Imponert!

Og me hadde selskap av ei wannabe-indianardame på flyet, samt at han stakkaren som sat ytterst mot midtgongen på mi rekkje, aldri hadde teke fly før. Han måtte få instruksar frå sidemannen om korleis setebeltet fungerte! Og nærmare ein time inn i turen, prikka han meg på skuldera og viste meg ein tekstmelding han hadde skrive: It is my first time flying; would you mind changing seats with me so I can look out the window?

Eg sat og halvsov likevel, så why not? Det er langt ifrå min fyrste gong, så han fekk setet mitt, og eg sette musikken på øyra og fordjupa meg i boka mi igjen.

Så masse meir er det eigentleg ikkje å rapportere om dagen. Sjokoladen er oppeten, og eg trur eg skal unne meg nokre timar med blund på auga litt tidleg, til ein forandring. Berre så eg kjem meg opp til frukosten i morgon tidleg.

Stemningsbilete frå restauranten. Der alle på bilete i bakgrunnen sit og et eit eller anna….

Dei store Gjere-Ingenting-dagane, og dei tyngre Gjere-Alt-dagane

Arvandor – Message Received

I dag er ein sånn “Gjere-Ingenting”-dag. Berre veksle mellom å chille i sola, og kjøle seg ned i stova. Planane for dagen var eigentleg ganske grandiose, med bytur og is på Deli de Luca, rusletur i sola og husvask. Men høge temperaturar sette ein effektiv stoppar for dette; det blei eigentleg for varmt for min del. 
I tillegg var eg ganske kake etter helga (jobbe-jobbe-servere i bryllaup-jobbe-jobbe), så eg er eigentleg glad til. 

Det har likevel vore nokre begivenheitsrike dagar! Eller skal me sei veker? Det har gått to veker sidan sist eg blogga, så dask på lanken!! 
Me la planar om tur til Sogn og gode greier, men så viste det seg at den vetle luka med tid eg hadde mellom vaktene mine ikkje klaffa med kor tid gamlingane kom heim frå ferie. Dermed utset me den turen til eg òg har ferie. Tenkte å turnère vestlandet litt; BaleBy, kanskje ein tur til Bulandet, og godt mogleg ein hyttetur. Utlandstur må eg og Dùnedain stå over i år, sidan me hentar Elessär siste dagen i juli. *glede seg vilt!!*

I forgårs var eg og makkaren min kjøkenassistentar og servitørar i bryllaupsfesten til Gabbi & Harelabb. Nydelegaste brudedamene! <3 
Eg introduserte Dùnedain for chocolate mud cake, og held seriøst på å le meg ihjel! Me prøvesmaka restane etter koldtbord og kakebord medan me rydda opp, så eg gjekk bort og putta eit kakestykkje i munnen på fyren. Eg har aldri sett eit så ekstatisk uttrykk i andlete på eit menneske før…! Mannen såg ut som han hadde ramla frå den 7. himmel, og rett ned i ein balje med vaniljesaus!! He had surely tasted a piece of Heaven. 
Eg blir stadig like imponert over korleis den fyren overgår meg i sin forkjærleik for is, sjokolade og kaker! Haha! Eg trudde eg var tidenes søtsake-snok, men den karen overgår meg med GOD margin! xD 
Så kakene me fekk med oss heim i etterkant, er så godt som oppetne. Og eg står for ein gongs skuld ikkje aleine bak prestasjonen. 
Slutten på bryllaupsfesten, altso det som føregjekk etter at spriten kom på bordet, fekk me ta del i. Og så blei det etterkvart, tradisjon tru, kakling og karaoke utover kvelden. 

Sånn skal etter mitt syn ekte brudekjolar sjå ut!! 
Foto: Gabbi & Harelabb

Og så tok mobilen min brått og uventa fullstendig ferie. Den har hangla litt siste månadane; touch screen’en har vore selektiv i kor tid han vil erkjenne at nokon trykkjer på den, og alt har gått hinsides treigt. Batterikapasiteten har no vore så som så, og halvparten av app’ane mine virkar når dei føler for det. Og av og til ikkje i det heile. 
Så i går før eg la meg, lada eg den til 100%, la meg til å sove med mobilen i stand-by. Ingen appar køyrde, ingen Internett aktivert, og ingen hadde i løpet av morgontimane freista å ringje meg. Likevel lada den ut, og var fullstendig daud då eg vakna nokre timar seinare. Hurra. 
Vel, enden på visa er at eg har reservert meg ein ny Huawai Mate 10 Lite, som skal hentast på Elkjøp no klokka 19.00. Under 2000 kroner, så det er vel leveleg, vil eg tru? No f*** way om eg brukar meir enn eg er nøydd på ein forbaska telefon!! Eg vurderar seriøst å berre krype under ein stein og gå tilbake til klubbe og skinnfell, i protest mot all på-pusha teknologi som surrar i lufta! Det er til å bli SPRØ av!! 
Eg har ikkje nettbrett, og held meg unna Twitter. Innimellom tvingar eg meg til å leggje noko ut på Insta, berre for å la verda vite at eg faktisk lever, men ellers klarar eg meg LENGJE med SMS, WoW, Spotify og blogg. Facebook er type kjekt-å-ha, men alt anna har eg eigentleg lagt frå meg. Til å vere nerd, innser eg at eg har seriøst anti-teknologiske haldningar til verda! xD 

Og så har eg byrja å køyre igjen!! Eg har vore ute på vegen og cruise, og gjort verda farlegare. Ikkje så veldig masse farlegare, for eg held meg stort sett under 40, og kan til tider klare å karre meg opp i 80. Med hjarta i halsen og klump i magen. Bilar er direkte skumle, berre så det er sagt! Og alt ein skal halde kontroll på; bilar og folk og ungar og bikkjer og kattar og hjort og gir og clutch og speigl og….Jiiz!! Er ikkje grenser for kor mykje ein stakkars skal tenkje på?! 
Eg undrar meg støtt og stadig over korleis mannfolk, som visstnok berre skal klare å ha EIN tanke i hovudet om gongen, klarar det?! Sidan dei er overrepresentert i kategorien “bil-entusiast”, meinar eg? 
Eg har nok dratt mine konklusjonar der òg; dei er fult kapable til å tenkje på ALT dei vil; dei berre sutrar på seg den forenkla hjernekapasiteten, sånn at dei slepp BÅDE å støvsuge og setje på oppvaskmaskina medan kjerringa er på jobb. Såh det! BUSTED!!

Til slutt må eg hive inn nokre beibibilete, sidan halve befolkninga driv å fis ut ungar i hytt og pine for tida! For eg har vore og helsa på MIN beibi for nemleg! 

Var på vitjing hjå dei me skal kjøpe hjå, og blei sitjande i tre timar og skravle!! For ein fantastisk, herleg familie!! <3 Like mykje dyreentusiastar som meg og Dùnedain; det er 9 hundar, to kattar og fisk der! xD I skrivande stund, i alle fall. Minnar mykje om tendensane her i huset, vil eg sei? 
I løpet av veka satsar me i alle fall på å få teke med Pixie ein tur dit, så ho kan helse på Elessär og kanskje akseptere at ho skal bli storesyster. Særs spent på den siste delen!! Ho er noko til diva den jenta….! 

Okay, hente mobiltelefon no. Ser for meg at eg har litt arbeid framfor meg utover kvelden!

 

<3 Elessär <3

Timbaland – The Way I Are

Det er framleis ein månad igjen (nesten) til me blir foreldre igjen. Derfor brukar me masse tid på å gjere oss klare til den store dagen, og passar på at alt er i stand til me kjem heim, stolte som to hanar, med ein liten bamse i armane. Og ikkje minst må eg bruke tid på å lære opp Dùnedain til å bli ein streng pappa, noko som er lettare sagt enn gjort. Den herremannen er ein blauthjarta go’klump av dimensjonar, men han MÅ lære seg å vere bestemd når me skal oppdra ein schäfergut! Eg orkar ikkje tanken på å ha ein hund med null kontroll, som tek over huset og leikar høvding. 

Okay, så Pixie er allereie ei bortskjemd lita prinsesse, men ho høyrer i det minste etter når mamma gir beskjed om at nok er nok. Derimot har ho Dùnedain kring lillefingeren/lillekloa, og set opp dei tristaste hundeaugene i verda for å få det som ho vil. 
Derfor har eg gitt karen heimelekser, og han må øve på å vere streng med vetlejentao vår. Stakkars. Ho gjekk til det steget at ho blei så fornærma at ho beit han i ræva her om dagen! xD Sååå….This is gonna be a challenge! xD 

Men over til bileta: 

 

Herregud, eg er heilt FORELSKA! 😀 Makan til nydeleg liten bamsemuffs! <3 Så no må me av og skaffe hundehalsband snart. Dei har jo ikkje hovudskalle-hundeband på Biltema lengjer! :'( 

And now over to something completely different: Husvask. (fridagar MÅ utnyttast!! Og så skal eg freiste å få laga finn-annonser for alt dillet mitt som eg har liggjande rundt i huset!!)