Nattlege sysler når straumen forsvinn!

Til å ikkje ha gjort ein drit siste vekene, så har eg jaggu fått gjort masse!

Soundtrack: Pesande voffar og leikande pusar <3

Det er vaaarmt! Bergen hiv om seg med varmerekordar (sånn føles det i alle fall!!) og det er knapt mogleg å puste i huset vårt. Ikkje er det masse hjelp i å opne så mange vindauge heller, for ute er det ikkje hakket betre.
For å toppe situasjonen, så kom det to-tre tordenskrall i stad, og straumen var borte vekk. Så då sit me her i mørkret; Dùnedain les ei bok, og eg brukar opp siste rest med straum på pc’en i håp om at eg i det minste skal få skrive eit blogginnlegg medan eg ventar på ljoset. Hurra. Det aller største problemet er eigentleg at me ikkje har vifta i gong her utan straum, og eg føler med pelsballane mine som ligg og småsutrar i varmen.
Eg kan ikkje lufte dei ute heller, for myggen et meg bokstaveleg talt opp. Story of my life. Er eg ute i skuggen, kjem myggen. Og i sola kosar kleggen seg. Kunne telje opp mitt sjuande kleggbit på leggen i dag! Whoop-whoop! Det er òg ein ny rekord; trur aldri eg har hatt meir enn 2-3 stykkjer samstundes før.

I dag har eg spelt inn musikkvideo med SandmarX/Sandra (og Marcus). Kæsskiss tipsa meg om ein fantastisk location; ein nedlagd betongfabrikk, som var så godt som fullstendig tømd inni. Den skal rivast snart, så eg er veldig glad me tok turen før dei fekk fullførd det!! Eg mistenkjer at den blir veldig bra!!

Her leker vi’kke ressisjør! – Snille Kæsskiss var assistent og fotograf for meg, og foreviga innspelinga i stills <3

 

Og så avslutta me med nokre stills til PR-formål! ^^

Skal filme tre-fire klipp til seinare, men desse må jobbast litt med på førehand, så eg har ein del arbeid framfor meg. Får lov å leggje videoen her når den er ferdig, så kan alle sjå kor flink eg er! xD
Etterpå stakk eg og Sandra ned på stranda nedanfor huset her og bada, etter å ha innteke ein særs digg lunsj (i mitt tilfelle kyllingnudlar frå Deli de Luca). Og så kom eg heim og alt blei mørkt. Så ingen Azeroth på meg i kveld! 🙁

Men det som er aller kjipast med denne black out’n, er at det går ikkje an å tenne stearinljos heller! Då blir me i alle fall kokt levande!! Og vatn har me heller ikkje, sidan me har brønn med pumpe.
Eg har i alle fall bestemd meg for at prioritet nummer EIN er varmepumpe, når me tek over huset her. Ikkje så mykje for oppvarmingi sin del, men så til dei grader for å kjøle ned huset, dersom denne klimakrisa vår skal halde fram!!

I går var det dobbel bursdag + 1 års bryllaupsdag for Gabbi og Harelabb! <3 Dei hadde thai-bufeet, og Harelabb mekka sjølvsagt verdas beste drinkar. Hurra for finingane mine! 😀

Og på måndag var det ridetur for fyrste gong på kring 20 år! Haha! Eg trudde ikkje eg skulle kome så langt som opp på ein hesterygg igjen i dette livet!
Men eg og Dùnedain lånte oss kvar vår hest, og eg kom meg opp på ein fjording med namn Solvin, som tydelegvis hadde heilt eigne planar for korleis denne rideturen skulle gå for seg. Han lunta nokre steg, før han følte for lunsj. Eller second breakfast. Ikkje veit eg, men det blei noko i overkant mange matpausar på den hesten, før me snudde nasa tilbake til stallen!
Kjekt var det uansett, med unntak av dei 6 kleggane som fann leggane mine særs innbydande….På eit tidspunkt stod valet mellom å la dei halde fram matgildet på foten min, for å klamre meg fast på hesteryggen ned ein bratt bakke, eller hoppe av og vise dei ein rask og velretta veg til dødsriket medan eg leidde hesten i taumane. Eg gjekk for det siste.

I tillegg har flokken blitt utvida med eit lite grått nøste som har fått namnet Boromir Månestøv den Grå.

Han er heilt nydeleg, og såååå tøff i trynet! xD Han får Pixie med og leike; noko ho omtrent ikkje har gjort sidan ho var kvelp! Og Elessär er den beste storebroren minipusen kunne bedt om. Han passar på, vaskar og kosar med beibisen vår. Det ser til tider noko brutalt ut, og eg sit litt med hjarta i halsen når storebror har pusehovudet i munnen!

I 99% av tilfella er det heldigvis berre ein brøkdel av så ille som det kan sjå ut! xD

Men han er heilt hinsides varmsam! Kan ein be om ein meir fantastisk voff enn dei me har!? xD
Khavi er den einaste som framleis er skeptisk, men dagen i dag har passert utan noko vidare fresing, så eg trur det går framover! * hurra *

I det store og det heile blir det lite tid til å vere heime og sløve i varmen. Eg føler eg har farta i eitt, i alle fall siste veka! Og midt oppi det heile har eg gitt meg i kast med eit skriveprosjekt som skal vere ferdig til 20. august. Eit forlag har utlyst manus som kan bli potensielle bok-seriar, og eg må ha klar 3 kapittel før fristen går ut, sånn at eg får vere med i konkurransen. Så eg bestemde meg for å køyre på med ein historisk roman, type drama. Så får me sjå då, om bohem-livet mitt kan bære litt frukter!

Tenkte òg eg skulle dele nokre bilete frå turen til Los Angeles, sidan eg fyrst no har fått tak i ein kortlesar som tek kortet eg brukte på andre sida av Dammen. Sånn stort sett, innser eg at eg MÅ bli flinkare å ta bilete sånn til kvardags!! Eg innser jo at blogg-innlegga mine kunne blitt hakket meir interessante om eg kunne pryde dei med nokre illustrasjonar hist og her! Så, framtidig mål: Bruk no telefonen når du har den, di førkje!

Vitjing på dinomuseum undervegs til Palm Springs! Søtaste brachiosaurusane! <3
Og sjølvsagt tyrannosaurus rex, Skrekkøglene sin Konge!
Baby-triceratops!! Who dosen’t love ’em?!
Til og med ein spinosaurus hadde snike seg inn i parken! Som forøvrig er min favoritt-rovdyro-saur!! Right up there med raporane.
Breakfast i ørkenen! <3 Åt på ein superkoseleg diner langs vegen, og eg måtte sjølvsagt posere litt etterpå.
Utsikten over Coachella Valley frå utsiktspunkt i Mojave-ørkenen.
Og eg måtte sjølvsagt posere litt til.
Exibit A: Eg har vore i Beverly Hills!!
Street art i Beverly Hills.
Ikkje veit eg kven Majsie Viezca er, men ho fekk i alle fall ei stjerne å Walk of Fame då me passerte!
Det var 10-årsdagen for bortgongen til Michael Jackson då me var i Hollywood. RIP du rare mannen! <3

Og så møtte eg Spiderman!! 😀 😀 😀
Høhøhø, baby rattlers! Geddit?
Me vitja ein gamal location for western-filmar utanfor Palm Springs, og eg tok i overkant mange bilete….Så det får halde med dette og rattle snake-bilete! :p

Men så kom blogginga mi til ein brutal slutt her, fordi Boromir bestemde seg for å assistere meg, både i form av sekretær som dansar på tastaturet, og som skjerf i tilfelle eg skulle føle meg kald og forfrosen i varmen.

I tillegg må eg vel ut og lufte desse stakkars firbeinte pelsdottane eg har i hus, for eg trur Elessär er dauden nær, så dramatisk som han gjer seg.