Mareritt: Sjeldan vare

Soundtrack: Mrs. Robinson – Simon & Garfunkel

Det er veldig sjeldan at eg har mareritt. Eg kan ha ubehagelege draumar, men det dei fleste ville definert som eit mareritt, er som regel ting eg syns er superunderhaldande, og eg blir frustrert når draumen tek slutt. Eg ville jo vite korleis dette enda! 
Men i natt hadde eg då ein av dei draumane som gjorde at eg låg stiv som ein stokk og stira framfor meg i fleire minutt, før eg slo på ljoset og våga å sove igjen. Det var ikkje handlinga som var skremmande, men måten hjernen min leikar regisør gjennom historia. 

Det starta med ei blond, ung dame. Det var ikkje meg; eg observerte berre det som skjedde, litt som om eg såg ein film som var filma delvis i hovudpersonen sitt POV. Ho var kledd i ein rosa fluffy fjærvest, tøflar og shorts, og det føltes som om ho var midt i prosessen med å anten gjere seg klar til å gå ut, eller akkurat var komen heim og på veg til sengs. 
Brått er det ein annan person i huset med ho, som viste seg å vere hennar eigen dobbelgjengar. Denne personen angreip karakteren, og drap ho med kniv. Så byrja historia på nytt. Igjen blei ho drepen, men på ein ny måte. Og så skjedde det igjen. Denne gongen var hovudkarakteren litt meir obs på at noko ikkje stemde. Ho var redd. Og endå ein gong blei ho drepen. 
Då ho igjen var tilbake ved start, greidde ho på ein eller annan måte å unngå mordaren, berre for å oppdage at det ikkje var ein dobbelgjengar, men snarare nokon utkledd som ho sjølv, iførd ei maske. Ho fann ei slik maske under eit bord, tok den på seg, og freista å unngå mordaren. Ho blei klar over at det konstant “spawna” nye versjonar av ho sjølv, samt nye mordarar. Mordarane var nye og ulike menneskjer heile tida, iførd masker. 

Så kobla hjernen min inn, for no forstod den at dette ikkje kom til å skremme meg, og eg var ein av dobbelgjengarane i historia. Saman med orginalen, og ein annan dobbelgjengar, barrikaderte me oss på eit bittelite bad. I panikk freista me å klatre ut vindauga, men oppdaga at mordarane hadde spikra att vindaugo. Eg og den eine dobbelgjengaren freista å halde att døra, for den gjekk ikkje an å låse, medan orginaldama freista å bryte opp vindauga. Så står brått nokon på andre sida av glaset og freistar å slå seg veg inn! Ei ung dame greidde å ta seg inn, og me slåss med ho og fekk vridd kniven hennar ut av handa på ho. Men i prosessen, glapp døra opp, og eg såg min med-klone få ein kniv over strupa gjennom glipa i døra, før eg sjølv forsvann inn i mørkret, og forstod at dei hadde klart å ta knekken på meg òg. 

Så langt var det intenst, men overkomeleg. Så kom den som fekk blodet til å fryse til is inni meg. Historia utspann seg på ein TV-skjerm. Ei reporter-dame snakka om dei brutale drapa, og eg var bak ein fyr som sat i ein sofa og såg på. Så kom musikken. Åh, herregud. Den musikken. Eg kan ikkje forklare kva som fekk hjarta til banke seg veg gjennom brystkassa mi, men trommene, songen….Det var blod overalt, og det var merkelege, farga ljos-flash i rommet. Så kom det kravlande ei kvinne bortover golvet; ho mangla eit bein, var tilgrisa i blod, og kledd i lakk og lær. Så kom det fleire. Den same kvinna, men alle var skada på ulike måtar. Forvridde, såra og blodige. Alle var kledd ulikt, med ulike frisyrer. Dei var same person, men samstundes ikkje. Eg var ein av dei. 
Mannen i sofaen snudde seg. Andlete hans var fult i kutt og glasskår. Av ein eller annan grunn måtte me kome oss vekk ifrå han. Og ruta gjekk oppover langs veggane, mot taket. Mot eit kvitt ljos der oppe. Medan musikken held fram. 


Eg slo opp augo, og heiv etter pusten. Eg blunka nokre gongar, slo på ljoset og innsåg at det er kanskje ein god ting at eg ikkje er ansvarleg for sound traxx i filmverda. 

 

All sliced ‘n’ diced, and no where to go.

Soundtrack: Khavi’s song

Det ligg ein pus på fanget mitt, og syng om betre tider. For matmor, om ikkje anna. Khavi sjølv har det heilt supert. 

Jepp, dette er eit sutreinnlegg. For eg skal så absolutt innrømme at dette byrjar å ta skikkeleg på. Eg HATAR å vere sjuk. I alle fall når det ikkje er teikn til betring! 
I går var eg hjå legen. Igjen. Og nok eit “hm” blei ytra frå medisinmannen sine lepper. Tilbake til operasjonsbordet, fram med skapellen og sprøytene. Heldigvis lamma dei halve sida mi og vel så det denne gongen, og eg slapp å liggje der og vri meg som ei vaskefille kring joletider. 
Vondt var det like fult, men mindre vondt. Takk og pris. 
I etterkant har det likevel ikkje vore noko betring; eg er framleis kvalm, orkar overhovud ingenting, og ligg i halvsvime mesteparten av tida. Mat er ein u-ting; orkar berre eit par munnfull, og så seier det stopp. Innimellom fungerar eg litt, og kløøøør etter å gjere noko fornuftig, men like fort som den kom, er energien vekk, og eg kunne ha sovna ståande.

Så då lever eg på te. Av ein eller annan grunn hjelp det noko; eg blir litt mindre kvalm. Ikkje ein gong sjokolade er noko trøyst, og i mitt tilfelle seier det ganske mykje! 
I mitt paranoide sinn byrjar teoriane å samle seg opp. Eg har sikkert fått sidekreft. Eller munn – og klovsykje. Ebola. Eller som Dunedàin foreslo i går: Harepest. Det er rikeleg av diagnoser å ta av med min rike fantasi! 
Legen sa han skulle ta meg inn igjen på måndag, og dei tappa nok blod til å halde liv i ein mindre vampyrlandsby i går, for å freiste å finne ut kva som eigentleg er gale med meg. Eg for min del tviheld på min gamle livsfilosofi om at om ein berre er pessimist, så slepp ein å bli skuffa! 
La oss håpe det. Dei andre gongane dei har slite med å finne ut kva som er gale med meg, har dei til sist avslørt både diabetes, helveteseld og ein gong eit merkeleg virus som dei ikkje kunne forklare på annan måte enn at “det minnar om kyssesykja”. 
Eg veit ikkje heilt kva glea skulle vere i dei situasjonane, anna enn at dei faktisk fann ut kva som var gale. Ingen av sykjene var eller er noko vidare å rope hurra over. 

Så eg ventar i spenning, og freistar å klekkje ut eit fiffig namn på denne nye utfordringa eg skal gje legestanden denne gongen. Eg reknar med dei lar meg namngje den, sånn type in the name of science? Lukritzia Undergongus høyres passande og fengjande nok ut, vil eg påstå.  

The Gory Story

Soundtrack: World of WarCraft – Boralus Theme

Eg kraup til korset i dag. Eigentleg hadde eg fått legetime neste fredag, men eg trudde den var i går. I morgon er det ei veke sidan verkebyllen min ikkje ville meir. Pixie gjorde eit hopp, og eg sa POPP, og i etterkant av dette har eg skifta plaster og tørka gørr to gongar dagleg. La oss sei det slik: Det byrja å ta på. 
Så etter ei nattevakt der eg følte eg hadde feber, kaldsveitta, følte at verda snurra og kvalmen ulma som berre juling, ringde eg i dag til legevakten. 
-Såret gror ikkje, og eg føler eg har hatt feber i natt. Sidan eg har diabetes tek eg til å bli litt paranoid, sa eg til sjukepleiardama i telefonen. Ho meinte ikkje eg var paranoid (takk og pris!!) og ba meg stikke innom i 14-tida. 

Så eg gjorde akkurat det. Det blei tre timar på legevakten, og eg hadde berre fått i underkant av 4 timar med søvn, var kvalm og uggen, og sat på venterommet og hangla. 
Til slutt tok legemannen meg inn. Eg forklarte situasjonen, og han løysna bandasjane mine. 
-Hm, sa han. Aldri eit godt teikn. 
-Hm?? 
Eg kjende magen knyte seg. “Hm” er aldri eit godt teikn hjå legen. 
-Me må inn på eit anna rom, sa han. Det lova heller ikkje bra. 

Han tok meg med inn på eit mini-operasjonrom. Eg likar å kalle det for akkurat det. Dei hadde stor lampe i taket. Ergo: Operasjonsrom. 
Igjen klemde han litt på såret mitt. 
-Det er som drueklasar inni her, sa han. Eg var freista til å sei: -Tusen takk, eg har laga dei sjølv! (men beit det i meg)
-Så, kva er planen, spurde eg. Han byrja å finne fram verktøyet sitt medan eg vagla meg på bordet. 
-Eg må skjære det opp, sa han. -Eg skal lage eit lite kryss og fjerne det som er inni. 
-Det høyres ut som ein fantastisk idè, svara eg nervøst. 
-Har du fått bedøving hjå tannlege før?
-Ja, eit par gongar. Men det er ikkje noko eg syns noko særleg om, sa eg. Han humra. 
-Nei, dei færraste gjer nok det, svara han og fann fram sprøyta. Han fjerna plasteret, medan eg fortalde at han måtte vere veldig snill med meg, for eg slit med agliofobi. 
-Eg kan knekke foten, og tru eg kan gå det av meg, pokker så tøff i trynet, sa eg. -Men når eg veit eller forventar at noko kjem til å gjere vondt, får eg heilt panikk! 
Han lova på tru og ære at han skulle vere varsam, før han la til: -Eg brukar den sterkaste bedøvelsen eg har, men grunna betennelse i vevet, vil du nok kjenne litt likevel….
Så stakk han. Det varte i cirka fem timar for kvart stikk. Minst. To stikk. Og så seier han: -No skal eg berre setje eit stikk midt nedi såret. 
-Ja, det høyres jo ut som ein strålande god idè, utbraut eg. Han lo litt igjen. Og eg skreik litt. 

-Det er lov å banne, sa han. 
-Eg gjer mitt beste for å la vere, svara eg. Litt blei det likevel. På eit tidspunkt skreik eg mellom samanbitne tenner: -Inni helvetes svartaste gamperæva!!
Verken sprøytene eller at han skar i meg var det vondaste. Og medan han stod der og stira ned i krateret i sida mi, konkluderte han med at det var ikkje så ille som han hadde frykta. 
-Ille nok, kjennest det ut som, argumenterte eg, der eg låg halvvegs i fosterstilling og beit meg sjølv i armen. 
-Vil du sjå det eg fekk ut?
-NEI!! Då gjer det berre endå meir vondt!! 
Han humra igjen. Han klaup og pressa og skylte med noko som isa og svei langt inn i marg og bein. Midt i det heile fekk eg til og med ein liten pustepause. Blodet rann, og eg freista å halde fokuset på “my happy place”. Det stod ikkje så bra til der heller; noko anna hadde eg heller ikkje forventa når nokon stod med ein skapell over ribbeina mine. 

Eg anar ikkje kor lang tid det tok, men til slutt var han ferdig. Han hadde fjerna nokre gufne kvite klumpar frå meg. Eg blei plastra saman, og fekk med meg antibiotika og sjukemelding med heim. 
Kvit som eit laken og kvalm som ein alke (skudd i mørkret; eg veit ikkje kor kvalme alkane eigentleg er….) sat eg ei stund etter i bilen. Snille Dùnedain kjøpte is og kryssord og sjokolade og chips til meg, og sa han var kjempestolt av meg som hadde kome meg gjennom det. Han VEIT kor hysterisk redd eg blir av sånne ting. Og eg følte meg ganske tøff sjølv òg, trass i at eg føler meg litt mørbanka. Det blir ei lita stund til eg skal løfte på bandasjane og sjå kva som har skjedd der, og glad er eg for det! No får såret berre vere vondt, eg vere dopa og kroppen få kvile. Så kryssar eg fingrane det eg klarar for at dette var siste kapittel i den særs grusame helsehistoria mi frå 2018.