Hunter blir funne som spedbarn på ein kyrkjegard i USA, innpakka i eit teppe med satanistisk’ishe symbol og med eit opp-ned kors rundt halsen. Som vaksen oppdagar ho at ho har norske aner, noko som fører ho til Bergen og inn i metal miljøet si spede vogge. 

Norsk … krim-thriller? (2022)
Med Alicia von Rittberg, Ellen Dorrit Petersen & Stig R. Amdam
Regi: Alex Herron
Lengde: 1 timar og 46 minutt

Men er dette eigentleg ein skrekkfilm?
Eh, nei. Det føles eigentleg meir som å sjå ein ny film i Varg Veum-franchisen, berre med litt ekstra skumle greier som lurer i skuggane.
For all del, filmen er ikkje dårleg. Det er spennande, mystisk og bileta er ikkje til å klage på heller. Nokre av skodespelarane skulle kanskje vore litt meir drilla før dei slapp til framfor kamera, men det er snakk om dei mindre rollane, så det får stå sin prøve.
Nemnde eg at eg er med i denne filmen? Om du ser GODT etter så kan du få to glimt av bakhovudet mitt under konsertscenene i starten, og så tuslar eg forbi kamera på gata litt seinare, i noko tåkete og blørri tilstand.

Men nok om meg. Tilbake til filmen.
Då eg fyrst høyrde om filmen (og fekk invitasjon til å vere statist) vart det omtala som ein skrekkfilm. Og i starten kan ein gjerne ta det for å vere akkurat det.
Ein foreldrelaus baby forlatt på ein kyrkjegard, omringa av okkulte element. Ei spontan reise frå Amerika til Bergen for å nøste opp i trådar som fører ned i den dystre kjellaren under tidlegare Garage (RIP) der metal-miljøet framleis held det gåande. Dystre våte gater i verdas vakraste by … Alt ligg til rette for ei spenningskurve som susar rett opp i eit himmelrike av det overnaturlege og skremmande.
Men så snubla den norske nordmannen inn dørane med sin down-to-earth haldning kring dette med realistisk film.
For av og til kan ein undre seg over om dei som lagar film her til lands i det heile er i stand til å tenkje nytt og ikkje minst: nytt på ekstreme måtar.
Der Hollywood ville ha pøsa på med flygande damer i flagrande kvite kjolar og jump-scares i kvart hjørne, held denne filmen litt tilbake. Dei bryr seg ikkje ein gong med å byggje opp til det krypande ubehaget som ein god skrekkfilm skal ha.
Ein helt kanskje pusten litt når handlinga føregår inne i ein fancy, flott og småleg creepy villa, men tross i at Hunter (Alicia von Rittberg) er fødd og oppvaksen i USA blir det altfor norsk. Det blir for likt så mykje anna me har sett før, og historia lenar for mykje på å oppklare kven som er Hunter sine foreldre framfor å dra fram det som er skremmande og intenst i filmen. Trådane blir nøsta opp og me får svar på det me lurer på, men du sit ikkje att med den klumpen i magen som får deg til å miste nattesøvnen.

Overnaturlege element dukkar opp litt her og der, og idèen er i utgongspunktet god. Hadde denne filmen blitt presentert for meg som eit krimdrama, mysteriefilm eller til og med ein thriller, kunne eg gått god for den. Men som skrekkfilm når den dessverre ikkje opp på lista mi.
Den endar på ein 3’ar. Ein sterk 3’ar vel og merke, men likefullt ein 3’ar.


Hadde eg sett denne filmen for 15-20 år sidan så hadde eg rista på hovudet og tenkt at det fanst ikkje eit snev av realisme i galskapen. Ingen er vel villege til å gå så langt som dette for å halde på skjønnleik og ungdommelegheit? Men i 2025 er situasjonen litt anleis. Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det er meir enn ei handfull kvinnfolk som hadde hoppa på dette toget av galskap utan å blunke.

Amerikansk bodyhorror (2024)
Med Demi Moore, Margaret Qualley & Dennis Quaid
Regi: Coralie Fargeat
Lengde: 2 timar og 21 minutt

Eg kunne skrive ei heil avhandling om denne filmen. Det er så mykje gull å hente at eg veit ikkje kva ende eg skal gripe tak i fyrst.
Ein kompis av meg såg filmen samstundes som meg i si eiga stove, og det tok ikkje lang tid før det tikka inn ei melding til meg: “Noe av det sykeste jeg har sett siden Braindead!!”

Og eg lyg ikkje om eg seier at det stemmer. Dette er noko av det mest absurde og geniale eg har sett på skjermen på LANG tid.
Så, kvar skal eg starte? Historia handlar om den avdanka superstjerna Elisabeth Sparkle (Demi Moore) som byrjar å dra på åra. Ho er framleis vakker, men i hennar yrke er ikkje kvinner lengjer attraktive når dei bikkar 50.
Ho får nyss i at TV-selskapet ho jobbar for vil byte ho ut med noko yngre og sprekare, og i sin desperasjon tyr ho til injeksjonar som skal bringe fram ein “ny og betre versjon av seg sjølv”.
Så trappar ho opp på audition som den nydelege og freshe Sue (Margaret Qualley), og akkurat som i sine yngre dagar tek ho verda med storm. Men det bryggar opp til konflikt mellom dei to kvinnene, som sjølv om dei skal vere ein og same person, har veldig ulike meiningar og ynskjer i kvardagen.
Enter bodyhorror av ypperste klasse. Du vrir deg i sofaen medan Sue stel både livskraft og ikkje minst fysiske element frå Elisabeth. Og det går fort i nedoverbakken.
Elisabeth blir mildt sagt styggare og styggare, og det er vondt å sjå på. Dei har to kroppar som dei må dele på; ei veke kvar. Men Sue byrjar å pushe grensene og blir i sin kropp lengjer enn ho skal. Og for kvar gong ho gjer dette, blir Elisabeth eldre og skrøpelegare.
Den kroppen som er ute av spel blir gøymd på badet, bak ei løyndomsfull dør, og du kvir deg kvar gong du forstår at du skal få eit glimt av Elisabeth.

Filmen er nydeleg. Foto, scenografi, SFX og skodespelarane er heilt fantastiske. Det er som å sjå ein vond draum utspele seg på skjermen; kvar einaste liten detalj er planlagd og finpussa.
Og det er tydeleg at Fargeat har henta inspirasjon frå mange av dei som har briljert på sølvskjermen opp igjennom tidene.
Du finn respektfulle nikk til både Alfred Hitchcock sin Psycho (1960) og Stanley Kubrick sin The Shining (1980), og eg for min del føler at fleire idèar til sluttscenene har blitt lånt frå Peter Jackson sine tidlegare krumspring som Braindead  (1992) og Meet the Feebles (1989).

Eg må på det djupaste be om orsaking for det pixlete marerittet eg her legg ved, men det var ikkje enkelt å finne alternativ!

Og herregud så vakkert det er!
Men for meg blir det meir ein samfunnskritisk kunstfilm enn ein reinspikka skrekkfilm. Den set skjønnheitstyraniet på spissen så det stikk heilt inn i sjela, og den set fokus på korleis kvite gamle (og EKLE) menn framleis har eit overtak på korleis kvinner skal vere. Pene jenter skal smile og halde kjeft. Gjere som dei får beskjed om og vere vakre nikkedokker. Og den dagen rompa di ikkje er så stram som den var då du var 18 kan du like gjerne pakke snippsekken din og ryke og reise.
Som nemnd innledningsvis hadde eg sett på denne filmen som ein tøysete og fjasete liten sak om eg hadde sett den i førre tiår. Men i dag føler eg den er høgst reell for tida me lever i. For 15-20 år sidan var eg ikkje klar over at det eksisterte kvinner som var villege til å sprøyte sement inn i rumpeballane sine for å få den perfekte sprettrompa.
Så om eit produkt som dette såkalla “the Substance” hadde kome på marknaden, tvilar eg ikkje ein augneblink på at køen hadde stått herifrå til Hollywood for å få prøve det uansett kva konsekvensane hadde vore.

I seg sjølv er dette ein 5’ar. Men sjølv om filmen heng med deg lengje etter at rulleteksten har trilla over skjermen, så er det ikkje skrekk og gru som får deg til å sitje og gruble. Det er alt det andre. Du mistar ikkje nattesøvnen fordi du ligg med ei gruande frykt for kva som gøymer seg under senga di etter å ha sett denne. Så som skrekkfilm landar det på ein 4’ar, sjølv om eg oppfordrar alle som har mage til å kome gjennom så mykje blod og gørr og dinglande kroppsdelar å sjå den. Den er absolutt verd det.

Amerikansk bodyhorror (1986)
Med Jeff Goldblum, Geena Davies & John Getz
Regi: David Cronenberg
Lengde: 1 time og 36 minutt

“I’m becoming: The Brundlefly.”

Eg var ikkje gamle knerten då denne filmen blei vist på TV2, og eg fekk streng beskjed om å gå og leggje meg.
Gamlingane kjende meg kanskje i overkant for godt, og visste både at eg sitra etter å få sjå denne flicken OG at eg nok hadde kome til å slite med mareritt i fleire veker etterpå. Dei visste heldigvis ikkje at eg allereie hadde sett Haisommer og derfor på nattestid blei plaga av haiar som kom ut av både doskåla og sluken i badekaret.

Så kanskje var det ikkje så dumt at eg fekk marsjordre til draumeland, og måtte vente nokre år før eg fekk sett dette mesterverket av gørr og galskap. Det var min introduksjon for bodyhorror, ein sjanger som eg vanlegvis ikkje hyllar så veldig, men så hadde eg eit lite crush på Jeff Goldblum … I rolla som Seth Brundle er han perfekt. Han har perfeksjonert den nervøse og keitete nerden av ein vitskapsmann heilt ut i fingerspissane, og Cronenberg visar at ein treng ikkje ein storslått location for å skape skikkeleg god skrekkfilm.
Det meste av filmen føregår i labratoriet til dr. Brundle, ein vitskapsmann som har funne løysninga på korleis ein kan teleportere livlause objekt frå ein pod til ein annan. Men han vil noko meir. Han vil klare å teleportere levande skapnader.
Og etter eit heller mislukka forsøk med ein bavian og ein diskusjon med den nye kjærasten sin etter å ha teleportert ein biff, finn han løysninga. Han teleporterar atter ein bavian, og bestemmer seg for å ta det store skrittet sjølv: Han skal sende sin eigen kropp gjennom tid og rom.
Problemet er berre at han uvitande får selskap av ei fluge, og dermed er snøballen i gong å rulle.

The Fly er ein remake av orginalen frå 1958, som var ein av dei fyrste bodyhorror-filmane som kom på lerretet, og både før og etter The Fly frå ’86 har det kome mange fleire. Men Cronenberg sitt mareritt frå 80-talet er likevel blant dei absolutt beste. Det er så grotesk at det kunne ikkje vore gjort betre, sjølv med dei begrensa SFX-moglegheitane dei hadde på den tida samanlikna med i dag.
Det er ein historie, og ein god historie, der alle dei ubehagelege bileta er der av ein grunn.
Problemet er berre at det går litt for fort. Forholdet som oppstår mellom Brundle og Ronnie (Geena Davies) blir ikkje heilt truverdig, og eg skulle veldig gjerne sett korleis det utvikla seg frå one-night stand til djup og inderleg kjærleik. Mange av scenene kunne gjerne vore lengjer og det kunne vore brukt litt meir tid på stemningsoppbyggjing. Men når det er sagt, så får ein alt ein treng på den eine og ein halve timen filmen varar. Eg skulle berre så gjerne ynskje det varte litt lengjer, for det er spennande. Og gøy. Og herleg morbid og fullstendig motbydeleg.

Be afraid. Be very afraid.


Amerikansk teen horror/slasher (2019)
Med Imogen Poots, Aleyse Shannon, Lily Donoghue & Brittany O’Grady
Regi: Sophia Takal
Lengde: 1 time og 32 minutt

Eg har sett Black Christmas frå 1974 og re-maken frå 2006. Og sjølv om det har gått lang tid, hadde eg ein viss idè om kva denne filmen, som òg skulle vere ein slags re-make, skulle handle om. Eg kunne ikkje teke meir feil.

Jau, eg er ein sucker for girlpower, slasher-filmar og karakterdrivne filmar. Og her er det rikeleg av alt saman. I tillegg ligg hovudfokuset på korleis kvinner framleis på mange måtar er undertrykte sjølv i vår tid, og Takal balanserar det på ein nydeleg måte der menn som ikkje er verken alfa-wannabes, sove-valdtektsmenn eller sjølvopptekne jocks får moglegheita til å sei ifrå at ikkje alle menn er like.
Ho grip tak i korleis nokre mannfolk framleis kjempar for å få relevante leiarar som dominerar kvinner og korleis verda har blitt styrd av kvite menn i altfor lang tid.
Og eg elskar det.
Med det utgongpunktet sit eg og ynskjer at filmen kunne vart mykje lengjer eller rett og slett vore ein TV-serie!
Det er spennande, sjølv om eg undrar meg over at det er særs lite blodsprut og avkappa hovud til å vere ein slasher, slik forgjengarane hadde. Ikkje at det gjer filmen dårleg; eg likar karakterane frå fyrste stund. Alle har ei historie, alle er engasjerande og eg får lyst å vite meir om dei.

Filmen følgjer Riley, som studerar ved eit college som blei grunnlagd av ein mannsjåvinistisk slaveeigar for over 200 år sidan. Ho er foreldrelaus og offer for ein sovevaldtekt, men framstår som ei tøff ung dame med bein i nasa som ikkje lar seg pille på tidlegare nemnd nase. Ho er ein del av eit søsterskap som ikkje er samansett av bimboar og babes med overdrivne store puppar, slik dei gjerne er i filmar frå andre sida av dammen.
Ho og venninnegjengen er opptekne av likestilling og vil felle patriarkiet. For komplisert? Neidå, dette er slik eg tykkjer det SKAL vere.
Men det er tydeleg at ikkje alle karane kring dei er einige i at kvinner skal ha så mykje å sei, og konflikten tilspissar seg når jentene opptrer på ein jolefest der dei syng om sovevaldtekter.

Det høyres kanskje litt platt ut, men så langt er filmen god.
Takal gjer ein nydeleg jobb med å samle dei lause trådane og du får svar på det aller meste utover i filmen. Ho klarar til og med å veve inn nokre lause trådar som du ikkje visste at var lause i utgongspunktet!
Hittil i filmen er dette ein moderne vri på dei føregåande filmane, og eg for min del sit og ventar på at Billy (mordaren i den orginale filmen og re-maken frå 2006) skal kome vandrande inn i bilete.
La meg avsløre at det skjer ikkje. I staden blir me kasta inn i ein sekvens med ein kappekledd mordar som kjem noko ut av det blå. Og så går det nedover. Og nedover.
Historien glir lengjer og lengjer vekk frå orginalen, og blir ei suppe kokt på svart gøgge, gamal overtru og konspirasjonar.
Så er det brått over.

Eg sit att med kjensla av at Takal fekk det litt travelt på slutten. Som om ho hadde tenkt å lage ein god karakterdriven slasher, og det byrja veldig bra. Men så ville ho revolusjonere filmen mot slutten og gjere noko nytt og spenstig som … rett og slett ikkje fungerte så godt som ho hadde trudd det kom til å gjere.

Det vippar veldig mellom ein 3’ar og ein 4’ar her. Eg vil dra han opp fordi eg så gjerne VIL at den skal vere god heile vegen når starten er så engasjerande, men slutten dreg meg ned på ein 3’ar. Ein sterk 3’ar. Og eg vonar inderleg at det blir fleire filmar med like gode karakterar frå Takal i framtida, for den delen elska eg verkeleg!!

Amerikansk skrekk/thriller (2023)
Med Russell Crowe, Daniel Zovatto, Alexandra Essoe, Peter DeSouza-Feighoney & Laurel Marsden
Regi: Julius Avery
Lengde: 1 time og 43 minutt

“You know any jokes? You should learn some. The Devil does not like jokes.”

Jau, det er litt forfriskande å sjå mr. Crowe i rolla som ein hardcore eksorsist med mørk og tørrvittig humor. Og DeSouza-Feighoney er nydeleg som besett liten gut. Effektane er det heller ikkje noko å sei på sånn eigentleg, men eg saknar ein besettelses-film som verkeleg skremmer.
The Exorcist sette standaren i 1973 var det gjort så hinsides perfekt at den einaste som har klart å nå den oppunder støvlekanten i etterkant må vere The Exorcism of Emily Rose (2005).
Dei aller fleste filmar om eksorsisme som har dukka opp sidan har stort sett blitt humoristiske, og gjerne med overlegg. Og her kjem då Paven sin Eksorsist inn.
Stemningen blir sett, der Father Gabriel Amorth (Russell Crowe) driv djevelen sjølv ut av ein mann og over i ein gris som så blir skoten point blank. Me forstår allereie i måten Amorth snakkar til “djevelen” at han er ein som kan virket sitt, som ikkje fryktar ondskap og som er i stand til å gjennomskue ein som berre latar som. Så langt, så vel.

Så følgjer me Julie (Alexandra Essoe) og familien hennar, som har flytta til Spania frå USA for å pusse opp eit gamalt kloster, der skumle ting lurer i kjellaren.
Med ein slik location og setting er eigentleg mykje gjort for å skape ei kjensle av at noko fælt kjem til å skje, og ganske riktig. Det tek ikkje så veldig lang tid før sonen Henry viser seg å ikkje vere heilt som han skal. Han blir sint. Og full i sår. Og veldig tynn. Slik smådjevlar gjerne får folk til å bli når dei kryp inn i sjela deira.
Pater Amorth to the rescue! Væpna med vievatn, dad-jokes og dårleg samvit for den kvinna han ein gong ikkje klarte å redde.

No skal det nemnast at Pater Amorth faktisk har eksistert og sysla med demonutdriving i røynda, og i og med at eg ikkje kjenner karen kan eg ikkje uttale meg kor realistisk Crowe faktisk portretterar han. Kanskje utførte han pliktene sine med eit glimt i auga akkompanjert av vitsar og godt humør, men filmen er ikkje basert på ein reell historie frå Pater Amorth sitt liv. Inspirert, ja. Men filmskaparane har vore litt på bærtur og plukka frå ulike notatar og skribleri som denne karen etterlet seg.
Det blir grei underhaldning, men er det nok til å kalle dette ein grøssar eller ein skrekkfilm? Eeeeeigentleg ikkje. Ein skrekkfilm har kanskje litt humor og eit par goofy karakterar, men i dette tilfellet blir filmen meir ein thriller enn noko som kan framkalle skrekk og gru. Det funkar greit. Men særs få horror-fanatikarar (som underteikna) mistar nattesøvnen av dette.

 

Eigentleg er dagen derpå etter ei filminnspeling minst like spennande som dagane på sett; ein veit lissom ikkje heilt korleis ein har det når ein vaknar opp og er ute av filmbobla!

Soundtrack: En Vogue – That’s What Christmas Means To Me

Sidan Remi var fråvèrande siste dag på sett, så måtte måtte me inn med litt klipp-og-lim for å få han med på fellesbilete vårt!

 

Hovudet er framleis ganske omtåka etter å ha hatt ti tusen tankar i skallen på ein gong. Samstundes tek det litt tid før ein landar; du er både sliten og gira på ein gong, og sjølv om skrotten er plassert i kontorstolen og skal skrive bok, så klarar ikkje resten av deg å hengje med fordi du framleis er i den verda du har eksistert i dei siste dagane. Og så er du tom. Det er som om ein har tømt sjela si, akkurat som då eg sat her framfor skjermen og hadde skrive siste kapittel i bokserien Søstre. Som med all kunst legg ein att litt av seg sjølv i det ein skaper, men fy faen for ei kjensle det er!

I helga hadde me innspeling av skrekk-kortfilmen Skinnsyk, skapt og produsert av Alien Ghoti AS. Min debut som filmregissør på noko anna enn musikkvideoar sidan eg var filmstudent. Vanlegvis er eg produsent, men denne gongen var den rolla overleten til Jonny Bjørkhaug. I tillegg hadde eg scenografi, sminke/kostyme, og spelte ei lita rolle. Me hadde med oss Wenche Christin Olsen på foto, Christina Vestgård på lyd og to fantastiske skodespelarar, Camilla Grindheim Larsen og Sunniva Ervik Mjønes. I tillegg var Romeo Ma, Remi Pedersen, Trond Stikholmen og min eigen kjære Dùnedain med som klapparar, røykmaskinoperatørar, SoMe-ansvarleg og generelt assistentar.

Film er på mange måtar ein livsstil. Det er hardt arbeid, men eg elskar det. Sjølv om dagen gjerne startar i 5-6 tida på morgonkvisten, og ein er kanskje ikkje i seng før kring midnatt, så er det verd kvart augneblink. Stemninga og humoren, mykje latter og masse prøving og feiling.
Fyrste dagen kom me til ein iskald location, for sidan me hadde fått låne huset våga me ikkje å ha ovnane ståande på over natta. Me tok sjansen dagen etter, og det gjekk heilt fint! Huset står framleis! ^^
Me hadde fått lov å bruke eit nydeleg lite hus på Sotra, som var heilt perfekt for å lage den gufne stemninga me var på jakt etter. Skinnsyk handlar om to systre som møtes for fyrste gong på fem år for å rydde ut av dødsboet etter bestemora deira. Men mormor var alt anna enn den koselege gamle dama som strikka gode votta, leste eventyr på senga og sløkte ljoset klokka åtta. (fritt etter Vinskvetten)

Tida flyg når ein har det så kjekt på jobb som det me har, sjølv om dagane blir lange. Og det er mykje venting medan kamera blir rigga, ljos blir flytta og skodespelarane blir instruert. Heldigvis har denne gjengen allereie ein felles produksjon bak seg, og alle veit kva dei skal gjere! Då blir det GØY å arbeide saman! <3

Så mange detaljar om sjølve filmen vil eg ikkje ut med, men me vonar me skal klare å få den med på i alle fall nokre filmfestivalar i det komande året! Då satsar me på at me ser DEG der!

 

Klappe-Trond med stålkontroll på galskapen. Likar me å tru.

 

The Director in action!

 

Med eit minimalistisk crew må til og med regissøren sjølv ned på golvet og lage movie-magic frå tid til anna! (og då eg fyrst var komen under trua resten av gjengen med å la meg bli liggjande der sidan eg ikkje kom meg fram att utan hjelp!!)

 

Lokkri godt nøygd med kaoset ho har laga.

 

Så kom Pesta-kostymet mitt til nytte igjen likevel! Kven skulle trudd det?

 

Guten i røyken aka Remi den Innrøykte, ivrig i tenesten!

 

Tabita! <3

 

Den sigrande parten i ein filmproduksjon må utan tvil vere RedBull …!

 

På eit punkt kjem regissøren til den konklusjonen at ein like gjerne kan gje opp og la skodespelarane få seigle sin eigen sjø …

 

1. desember, og Sunniva og Dùnedain stilte med litt jolestemning på sett. Det blei nisseluer og adventljos, med tilhøyrande allsong. Eller duett. Godt mogleg det berre var Lokkri og Sunniva som sto kring bordet og ralla.

 

TTT: Ting Tek Tid. I alle fall på eit filmsett der lyd og ljos skal klaffe med skodespelarar og ein lettare forvirra regissør!

 

Sunniva viser stolt fram blåmerket som Lokkri har trylla fram på handleddet hennar!

 

Omrigg!

 

Produsenten blei glatt kasta på gongen, og der måtte han sitje og sture til han fekk lov å leike med oss igjen etter opptaket!

 

Norsk skrekkfilm (2022)
Med Liv Mjönes, Elli Rhiannon Müller Osborne, Sjur Vatne Brean & Arthur Hakalahti
Regi: Stig Svendsen
Lengde: 1 time og 37 minutt

Det byrja så bra. Eller gjorde det eigentleg det?
Personleg har eg ei motforestilling mot filmar som startar med meir enn ein eller to tekstplakatar. Men håpet sat i meg lengje, for viking-forbannelsar kan vere spennande konsept. Men det visar seg etterkvart at det er fint lite relatert til denne farlege og skumle vikingulven, som eg så intenst hadde håpa at det skulle kome fram meir om. For det er ikkje ulven som er relevant her, det er varulvar.

Historia gir seg fyrst i kast med ein gjeng vikingar som reiste for å plyndre litt borte på dei britiske øyene. Der finn dei ein farleg ulv som dei tek med seg heimatte, noko som absolutt høyres ut som eit sjakktrekk. Denne krabaten har då rusla kring i Norden og stukke snuten sin borti litt av kvart, før den enda opp i den vesle bygda Nybo. Ein særs kreativ stad der det ligg ei vik som heiter Viken, ei strand som heiter Stranden og ein utsiktsstad der ungdommane kan gøyme seg vekk som heiter Utsikten. Og her møter me Thale som freistar å bli ein del av ungdomsmiljøet som nyinnflyttar.

Den fyrste delen av dialogen er keitete og klein. Hovudpersonen blir beskulda for å ha sysla med litt hardare stoff, men avfeier det med at ho “drap nokon”. Og det blir med det. Ingen spørsmål stilt, og heller ingen svar gitt, verken no eller seinare.
Og me blir stadig introdusert for karakterar som ikkje har kjøt på beina eller som er viktige for historia vidare. Casten kunne vore kutta til ein fjerdedel, og det kunne til og med gjort filmen betre. Ikkje er det tydeleg kven sin historie som blir fortald heller, for hovudfokuset er fyrst på den unge jenta Thale, som har flytta frå Oslo til ei lita bygd i Telemark, og som er blant dei fyrste som møter på denne varulven. Men så glir det over til å handle om mor hennar, Liv, som er svensk. Politidame. Tidlegare busett i Oslo. Og konflikta mellom desse to, som tydeleg er til stades, får me aldri eit skikkeleg innblikk i.

Men la oss snakke om bergensarane. Ingenting imot bergensarar (stort sett) men kvifor i alle dagar har så mange av dei emigrert nedover til Telemark? Stefaren til Thale er bergensar. Ordføraren er bergensar. Korleis havna dei her? Har det skjedd noko fælt i Bergen som gjer at dei måtte rømme? Blei Terje Søviknes vald som kultursjef i byen? Gjekk det som me trudde, me som har fornufta intakt, og heile Bryggen knakk saman då dei la Bybana den vegen?
Og han dyrlegen som skal vere Noregs framste ekspert på rovdyr, spelt av Arthur Hakalahti, var knapt komen ut av bleiene då han brått skulle framstå som ferdig utdanna veterinær, ekspert og ein som underviser på eit universitet. Eg kjøper det ikkje. Kanskje innsåg dei halvvegs ut i innspelinga at karakterane var så på tulletur at dei derfor valde å gjere Thale si syster døv så det ikkje skulle bli meir språkforvirring.
Fuglane veit. Men det gir ikkje filmen meir truverdigheit akkurat. Det er så mykje som skurrar i denne forteljinga, og irriterande nok kan eg ikkje utbrodere dei punkta som klør mest utan å spolere den siste delen av filmen.

Okay, så er det eit friskt pust inn i ein sjanger me ikkje har sett så mykje til i den norske filmverda. Det er flinke skodespelarar, nydelege bilete og eit pluss i boka for mange av dei herlege effektane som er teke i bruk. Det er nok til å dra denne opp på terningkast tre. Men til neste gong vil eg anbefale dei som pønskar ut eit liknande manus å gjere litt research and please kill some of your darlings. Hadde dette vore stramma inn, litt rusk vore luka ut og castingen vore meir gjennomtenkt, så kunne dette faktisk blitt ein knakande god film!

Amerikansk zombie/action-flick (2013)
Med Brad Pitt, Fana Mokoena & Daniella Kertesz
Regi: Marc Foster
Lengde: 1 timar 56 minutt

Puristane rasar gjerne over denne. Ingenting stemmer med romanen som Max Brooks skreiv i 2006, og Brad Pitt er den teitaste mannen i to sko. Men eg likar denne filmen. Faktisk så godt at eg har sett den….litt vel mange gongar. 

 

Zombiefilmar er min favorittsjanger. Og eg kan ikkje sei eg har sett veldig mange dårlege filmar med Brad Pitt heller. Eg syns han er ein flink kar.

Denne gongen er han ein FN-etterforskar som må reise jorda rundt for å finne ein kur eller eit eller anna som kan hjelpe menneskeheita i

kampen mot zombiane som er i ferd med å ta over verda.

Vanlegvis tek zombie-sjangeren for seg korleis nokre få utvalde strevar med å overleve i ei (post-)apokalyptisk verd, der dog-eats-dog er refrenget.
Denne gongen får me ein litt annan vri, og eg syns det er heilt greit.
Eg likar at det startar så koseleg, med ein heimeverande pappa som mekkar pannekaker og ein familie som leikar 20 spørsmål saman i bilen. Sånn akkurat i det helvete bryt laus.
Det blir action og skyting og ein mann som blir sliten mellom familien og plikta til å hjelpe menneskeheita, og det funkar. Syns eg.
Dessverre er det enkelte ting som ikkje funkar, som at zombiane spring. Eg veit ikkje kor mange gongar eg må understreke dette før nokon i filmbransjen tek meg seriøst, men om det er levande daude som utgjer zombietrusselen, SÅ KAN DEI IKKJE SPRINGE!! Dei skal slepe seg framover som ei altoppslukande masse og gnage laus på eit kvart lem dei kjem over. Det er zombiar.
Om ein vel å lage ein annan vri på det, sånn som dei til dømes gjorde i 28 Days Later eller oppfølgjaren; okay. Men då er dei strengt tatt ikkje zombiar lengjer, utan at det for så vidt gjer så mykje. Cred til britane for den anyways.

Innimellom haltar grafikken litt. Eg føler gjerne eg sit og ser på nokon som spelar ein eldre versjon av Resident Evil meir enn ein faktisk film som har hatt eit ganske så allright budsjett (190–269 million dollar), og ein kan ikkje klandre tida for dårleg animerte zombiar heller. Det har blitt laga mange gode filmar med betre grafikk lengje før Brad byrja å rulle rundt i zombie-pit’n.

Nokre logiske bristar er det òg, som når Pitt’ern flyg på kryss og tvers rundt kloden med militærflyet sitt, og me sit att med inntrykk av at kvar flygning tok omtrent like lang tid som strekninga Bergen-Oslo. Det blir litt teit. I tillegg får det vere måte på kor mange gullhår den fyren skal ha i ræva gjennom filmen. At han ikkje gjekk av med pensjon etter å ha vunne hovudpremien i LOTTO ein 8-10 gongar, er eit under.

Men til sjuande og sist ser eg veldig mellom fingrane på alle tinga dei har tulla med i denne filmen. Det blir aldri keisamt, og sjølv om eg føler det stort sett er meir action enn skrekk, så har det nokre skikkeleg intense scener som dreg heile bøtteballetten opp på eit eige nivå.
Folk kan krangle til dei blir blå i trynet med meg om dette, men eg syns filmen er verd å sjå. Igjen og igjen og igjen ….obviously.

Skrekkfilmar er ein av mine aller største lidenskapar. Eg ELSKAR skrekk. 
Så her er mi liste, med anmeldingar, av skrekk og gru som eg har kosa meg med gjennom tida. 
Den vil konstant endre seg etterkvart som eg bestemmer meg for at ein film er betre enn ein annan! Enjoy!

1)  World War Z – 2013
2) Oddity – 2024
3) The Fly – 1986
4) The Substance – 2024
5) Carrie – 1976
6) Insidious: The Red Door – 2023
7) As Above, So Below – 2014
8) Longlegs – 2024
9) There’s Something in the Barn – 2023
10) White Noise – 2005
11) The Pope’s Exorcist – 2023
12) It Comes at Night – 2017
13) M3GAN – 2022
14) Escape Room  – 2019
15) Leave – 2022
16) Black Christmas – 2016
17) Vikingulven – 2022
18) Our House – 2018
19) Texas Chainsaw Massacre – 2022
20) Shelley – 2016
21) Day of the Dead: Bloodlines – 2018

Note: Denne lista baserar seg på det EG meinar er viktig i skrekkfilm-samanheng. Historia/manus, kor intens den blir, effektar og foto, blant anna. Eg er ikkje kresen på skrekkfilmar, men eg ER kresen når det kjem til kva eg kallar ein GOD skrekkfilm!

Our House

Amerikansk skrekkfilm (2018)
Med Thomas Mann, Percy Hynes White & Kate Moyer
Regi: Anthony Scott Burns
Lengde: 1 time 30 minutt

Spøkelser? Demonar? Kven veit. Småborn som oppfører seg mystifistisk er i det minste alltid litt creepy i det minste. 

Ethan (Thomas Mann) og kjærasten har funne opp ei maskin som skal gje trådlaus elektrisitet. Foreldra hans klagar over at han er for lite heime hjå dei, lillebroren Matt og veslesystera Becca.
Ein dag etter at han må ditche familiemiddagen for å jobbe på dette prosjektet sitt, blir foreldra utsette for ei bilulukke og døyr, noko som medfører at Ethan må droppe ut av college for å ta seg av syskena sine.

Han held fram med å arbeide med maskinprosjektet sitt, samstundes som han balanserar det med foreldremøte, ein jobb som butikkmedarbeidar og etterkvart mystiske ting som skjer i huset.
Så veldig skremmande er det eigentleg ikkje. Me forstår at det spøkjer, og sannsynlegvis er det grunna den merkelege sci-fi-maskina han har ståande i garasjen.
Til skrekk og åtvaring heng det ein filmplakat på veggen der frå The Fly. Kanskje for å få oss til å forstå at ein overhovud ikkje skal tulle med vitskap me ikkje forstår.

Veslesyster Becca (Kate Moyer) får seg ein av desse usynlege bestevenane som gjerne kan vere skumle, og broren Matt (Percy Hynes White) ser skrift på veggen. Så byrjar svarte skuggar å snike i krokane, og me veit ikkje nøyaktig kva det er.

Filmen klarar likevel ikkje å skape den trykkjande og klaustrofobiske stemninga som ein god skrekkfilm skal ha. Det er ei scene der ein flygande verktøykasse nesten får det til, men ikkje heilt.
Alt er på ein måte for ljost, og sjølv om det er frykteleg trist kor mykje borna saknar foreldra sine, naturleg nok, så stoppar det opp der.
Eg blir sitjande og lure på om eg har sett filmen før, eller om det er så lite nyskapande at eg føler at eg har sett den før?
Ein treng overhovud ikkje skvette-scener for å gjere ein skrekkfilm god, men stemninga må vere på plass.
Idèen er fin i seg sjølv, men det heile kokar ned til å bli eit litt fjollete familiedrama når alt kjem til alt.