Texas Chain Saw Massacre


Amerikansk slasher (2022)
Med Sarah Yarkin, Elsie Fisher & Mark Burnham
Regi: David Blue Garcia
Lengde: 2 timar 15 minutt

Netflix meinte Leatherface trengde å revampast. Som om ikkje det allereie har vore prøvd cirka førti gongar allereie.

Eg har sett verre. Som då Renèe Zellweger måtte ta opp kampen mot Matthew McConaughey og ein drag-inspirert Leatherface spelt av Robert Jacks. Det var ei fysisk vond opplevjing.

Men denne gongen er det fire ungdommar som, tradisjonen tru, er ute på den amerikanske landevegen og endar opp i ein spøkelsesby i Texas. Ikkje grunna biltrøbbel eller ein halvdaud hillbilly i vegkanten denne gongen, men fordi dei har ein slags hippie-draum om å starte eit nytt lokalsamfunn for unge gründerar.
Me møter den klassiske grumpy bilmekanikaren og bensinstasjonsarbeidaren (denne gongen fordelt på to karakterar), hillbilly-haldninga blant lokalbefolkninga og kjensla av at nærmaste nabo er tre dagar med jumbojet unna.

Og så ligg det ein barneheim i denne byen, driven av ei gamal dame med oksygentanken rullande etter seg. Ho har ingen born på denne heimen sin, berre ein svær bjørn av ein mann, som ho omtalar som “the last one of my children”.
Derifrå er det ikkje tvil om kvar historia går vidare.
Det blir hovud som flyg gjennom lufta, tarmar som dinglar ut gjennom eit bussvindauga, blodet sprutar og motorsaga brummar. Ingen revolusjonerande take på story’n der!

Men regisøren og manusforfattaren har gjort nokre halvhjarta forsøk på å formidle…eit eller anna. Gudane vite kva det har kokt ut i, eller ifrå for den saks skuld, men det er nokre krampetrekkjande referansar til dei velkjende “school shooting”‘ane som gjerne går av stabelen hjå våre vener på andre sida av dammen.
Lila, spelt av Elsie Fisher, overlevde ein av desse skyteglade galningane som valde å feire graduation-day med eit smell, og er derfor skvetten når det kjem til våpen. Noko gir ikkje filmen oss. Ho er redd pang-pang’ar; deal with it.
Og kvifor og korleis havna Leatherface på ein barneheim?
Med litt tweaks og endring av historia kunne det ha funka som ein ny film (sjølv om bakhistoria til denne Leatherface-fyren hadde vore interessant å få eit innblikk i uansett) men i og med at Sally, spelt av Olwen Fouéré, er med i historia og det fleire gongar blir referert til den gongen den opprinnelege handlinga fann stad, så er det tydeleg at dette skjedde lengje etter at Sally kom seg unna med å hoppe opp på eit lasteplan i 1974.
Og ikkje nok med DET: når Sally gjer eit comeback som bad ass grandma på jakt etter hevn, så blir det heile så anti-klimatisk at….Nei. Eg trur ikkje eg har ord som kan klare å dekke kjenslene mine kring akkurat det.

Eigentleg kvalifiserar dette seg til ein terningkast 2. Men eg lar den få ein ekstra prikk rett og slett fordi:
1) Filmen SER bra ut. Fotomessig syns eg dette er noko som fortenar i det minste bittelitt skryt.
2) Sjølv om filmen i seg sjølv er noko platt, så likar eg karakterane. Eg ville skulle berre ynskje at dei fekk litt meir tyngde og forhistorie! Det hadde løfta filmen i alle fall endå ein prikk!
3) Om du er litt goore-frelst, så er det greit med slikt her. Eg likar goore. Hovudsakeleg fordi eg er av typen som ler når nokon blir hengjande fast i eit bussvindauga og saga over på midten på tarmane heng att og dinglar når torsoen ramlar ut. I’m datt kind of girl. Og eg refererar til ei scene i filmen. Såh det.
4) Eg lo opptil fleire gongar. Høgast og lengst då eg såg “forsidebilete” til filmen:

Eg meinar; kom igjen. Har du sett makan til tafatt type der ute i dei visne solsikkene? I eit nølande augneblink sat eg å vurderte om det passa seg best å le eller grine. Eg gjekk for å le.

Tre dagar utan oppdateringar? Audå. Det har rett og slett vore så masse å hengje fingrane i, at eg har ikkje funne roen til å setje meg ned og skrive, gitt! Så her kjem ein update. Som eg på førehand nesten kan garantere at blir LANGT. Du er herved åtvara.

Soundtrack: Seigmenn – Slaver av Solen

Det er 90-talsparty for filmfolka i kveld, men eg måtte melde pass. I staden sit eg her i halvmørkret, med pc’en, ei skål nachos og litt iskald pepsi max. Og eg trur levera mi takkar meg….! Open bar og gratis drikke, samt snille folk med opne lommebøker er farleg.

Så, kva har denne dama drive med siste tida? Bortsett frå å freiste å halde seg på beina i vindkasta? Det har vore ganske heftig vind her nokre dagar no, men det er ikkje akkurat som om ein orkar å vere ute nok til at ein merkar så mykje til det. Og trass i solfaktor 50, og at eg freistar å halde meg mest mogleg i skuggen, så har eg jaggu fått litt farge på armane! Ikkje hummar-raud som standaren gjerne er, men litt “glow”. Hurra! Det hadde denne bleikfisen ALDRI trudd var mogleg! Og det er nok min særs ljose hudfarge, samt det raude håret mitt som førde til at eg har blitt teke for å vere irsk her borte! Hihi, Derek would not approve, I guess! xD (han er irsk, sånn ps)
Det til sides; i forgårs blei eg faktisk bedt om leg ikkje ein, ikkje to, men TRE gongar!! For ting med både 18 og 21-års aldersgrense…! Særs priviligert, får’n sei. Eg skulle kjøpe røyk på supermarknaden, og då dama i kasse ekspiderte meg, såg ho skrått på meg og spurde: -You got some ID?
-I’m so glad you asked, jubla eg, og ga ho VISA-kortet mitt. Søtaste. Ho smilte i alle fall då ho fekk studert det. Litt verre var det på ein uteplass, der eg måtte forklare dørvakten at ID’en min var eit VISA-kort, og korleis ein skulle lese datoen på norsk. Han studerte kortet i fleire minutt, og noko seier meg at han til slutt berre ga opp og tok meg på ordet. Mihihihi! xD

Men, ja. Party-party! GayParty på onsdag, der eg drog med meg Dominique på dansegolvet (ein bekjend av Tommy frå Brazil, som er sååå koseleg og skjønn!) før Bill og Bob (to andre kompisar av Tommy) tok oss med på ein meksikansk’isk uteplass, der dei brått køyrde i gong skikkeleg oompa-oompa live musikk! Hahaha! Eg trudde fyrst det var ein spøk, men jaggu heiv alle chickas og gringos seg på dansegolvet!
Etterpå ville Tommy helst heim og finne loppekassa, men i mine auge var natta framleis ung, og eg enda opp på eit casino med Bill og Bob, og ei svensk jente som eg aldri heilt fekk tak i namnet på. Der viste det seg at eg er ein jævel i Black Jack, gitt! Bill ga meg to chippar, forklarte meg kva eg skulle gjere, og brått sat eg der med eit lite tårn framfor meg! Woohoo! Eg ga dei tilbake til Bill; han hadde spandert nokre øl på meg kvelden før, samt køyrd meg hit og heim og der og dit. Så det var eigentleg berre på sin plass. Ikkje veit eg kor mykje det var heller, når sant skal seiast! Men kring ein 1000 kroner, tippar eg?
Så køyrde dei meg heim, og ein plass mellom 3 og 4 lista eg meg inn her som alle andre hadde kapitulert, medan eg trippelsjekka at eg faktisk hadde nøkkelen i rett lomme på veska. Jiiz.

 

My party-companion Bill photobombing moi!

Dagen etter når me møtte B&B, var noko av det fyrste dei sa at eg hadde “kept ’em up so late”! Så då måtte eg forklare at når EG går ut, så syns eg ikkje nokon skal vere heime før 10 a.m. For er det ein ting dei ikkje klarar her borte, så er det å halde ut på fest! Uteplassane med dans og party-party gir seg kring 24.00, og så er det eit par timar med after-party, før alle takkar for seg og går heim. W00t?! Send dei til Noreg, så eg kan få lært dei å feste, goddammit!!

I går var det karaoke, og Bill drog meg opp på scenen for å vere “his trailer park girl”, medan han rappa Eminem sin “Without Me”. Damn, den fyren kunne rappe!! Eg var særs impregnert, som mor mi ville sagt. Eg kora berre, eg. Vurderte å syngje litt sjølv, men køen var lang, og eg hadde berre hive i meg to drinkar, så another time kanskje. Stemningen var det i alle fall ingenting å sei på!

Barbie-utstilling på karaoke-hotell-plassen me var i går! Det måtte jo fotograferast <3

Innimellom har det sjølvsagt blitt litt film. Eg fekk heldigvis med meg det eg hadde gleda meg mest til; skrekkfilmbolken Chills & Thrills!! Men akk, eg er skuffa over dei komande generasjonane horror-regisørar. Lista for å kome med her i den sjangeren på denne festivalen må vere særs låg, for av alle filmane dei viste (og ikkje alle var for skrekkfilmar å rekne) var det kanskje 3 eller 4 som eg faktisk likte godt. Ellers var det hinsides mykje jall, rett og slett.
Så i etterkant av paneldebatten/forumet “How to Ruin a Film in 10 Ways” som eg var på i dag, blei eg ganske gira på å kome i gong med å skrive skrekkmanus igjen. Det er eigentleg trist at så mange seriøse filmskaparar ser på horror som billeg og enkel underhaldning, når det er så til dei grader ein kunst å skape?! Men eg skal ikkje hive meg i gong med noko lang debatt om det no. Some other time. Skrekk rular, sånn er det berre. I rest my case.

 

Souvinir and for future referances!!

Vel, etter den debatten innsåg eg at eg ikkje hadde ete sidan eg heiv innpå tre små pannekaker og nokre baconstriper til frukost, og fekk leita opp ein 7Eleven. Det var ikkje så mykje som frista der inne, så eg kjøpte ein sjokoladedonut. Tommy hadde vore i eit intervju, og hadde reist heim, så eg poppa ein RedBull, og la i veg heimover.

When in Rome….

For fyrste gong fekk eg verkeleg merke den intense varmen på kroppen; asfalten var så glovarm at det kokte under skosålane. Og sidan eg ikkje hadde noko på hovudet, følte eg at hovudbotnen nærmast gløda. Resultatet er då grunnen til at eg sit her med hardkokte hjerneceller og dundrane hovudverk. Okay, det er betre no, men likevel. Eg føler på meg at det blir ein relativt tidleg kveld i kveld.

I morgon er siste dag av festivalen, og det gjennstår å sjå om Ella har imponert nokon. Eg har kjempelyst å vere optimist, men i all hovudsak har eg inntrykk av at folk her borte føretrekk noko meir i rettning Hollywood-ending på filmane. Vår har ganske open slutt, og sjølv om den er fantastisk, så veit eg ikkje kor mykje den faktisk appellerar til dette publikumet. Men pytt-pytt. Det har vore heilt utruleg å få vere med her!! <3 Eg ELSKAR California, og eg vil tilbake hit på bryllaupsreisa vår! (høyrer du, Dùnedain? Du har ikkje noko val! xD )

No er planen vidare å hive i meg ein av dei veldig digge sjokolade- og vaniljepuddingane eg har kjøpt (som er sukkerfri! Hurra!) og finne køya. Dei har meld 41 varmegrader her i morgon, så dei heilt store krumspringa utgår nok! xD

Aftenstemning ved bassengen <3

Ironisk val av soundtrack; det var nemleg akkurat det milkshaken gjorde!!

Soundtrack: Queen – Don’t Stop Me Now

Eg og Tommy la ut på ein bitteliten road trip i dag. Me køyrde nesten opp til Coachella, og stoppa på ein daddel-farm-ting som heitte Shields. Dei hadde utruleg masse gøy stæsj, så eg kika litt. Tommy var veldig oppteken av at millkshaken der MÅTTE prøvast, og gjekk sjølv for ein skikkeleg digg daddel – og vanilje-shake. Eg bestemde meg for å gå for sjokolade. Big mistake.

 

 

For all del, det var himmelsk godt! Men så var det dette med meg og mjølk og sukker då. Det blir fort veldig au, og det blei det til gongs i dag. Brått sat eg der i bilen og kjende milkshaken (som eg berre drakk ca 1/3 av) presse seg tilbake opp i halsen. Eg var kvalm, kaldsveitta og fekk hinsides vondt i magen.
Til slutt måtte eg berre krype til korset og innsjå at her blei det nok senga denne ettermiddag. Noko som i seg sjølv var ein skikkeleg nedtur, sidan me skulle ha premieren vår på Ella! Så med tungt hjarta måtte eg sende Tommy avgarde aleine. Filmen fekk visst gode tilbakemeldingar, så det er jo bra! Men eg gjekk sjølvsagt glipp av akkurat dette….

Så då har eg lært at milkshake i Ju Naiten er hakket meir intens enn den utvatna suppa dei serverar på McDonalds. Den går til ein viss grad ned, men dette var så chunky (og ikkje minst fantastisk gooooodt!!) at kroppen min såg på det som tre måltid kombinert i eitt, og dermed avviste forsøket mitt på å kose meg.
Når det kjem til maten, må eg innrømme at eg slit litt her borte. Det er så sinnsjukt mykje GODT, men eg må tenkje meg om både to og tre gongar før eg hiv innpå noko. Til no har eg stort sett ete ting eg veit er safe, som kylling, små mengdar pizza (kjøpte ein slice i går, og det var meir enn nok. Skorpa gjekk faktisk i bosset, for magen blei full før augo….) og litt pommes frites. Sånne ting går greit. Men eg går litt på nåler, for posjonane her er enorme, ingrediensane er mektige, og nesten alt er veldig søtt. Uansett, amerikanarane skal ha eit pluss i boka for maten. Eg skal heller leike gourmèt-turist neste gong eg er her, og ikkje skal vere med på ulike arrangement. Då kan eg ta meg tid til å bli dårleg, og liggje strak ut på ei solseng og lide i stilla. Det har eg ikkje plass til i timeplanen resten av tida mi her!!

Så stod Palm Springs for tur, og eg er oppe og ikkje grin klokka halv ti. Imponerande med tanke på kor mange gratis vodka eg heiv innpå i gårkveld….But still going strong!

Soundtrack: Rammstein – Deutschland

Ein ting kan eg bekrefte; det er varmt i ørkenen! Men air condition er ein fin ting, og det skadar ikkje å ha eit basseng rett utanfor stovedøra! Samt at det flyg kolibriar og fargerike sumarfuglar kring deg på alle kantar. Eg likar meg her.

I går køyrde eg og Tommy frå Venice Beach og snudde nasa mot Palm Springs. I L.A. var ikkje temperaturen så ille; det var som ein heilt grei varm sumardag heime på Vestlandet. Så kjem me til ørkenen kring Palm Springs, og temperaturen skaut i vèret som ein rakett. Sjekka vèrmeldinga i går før eg la meg, og den meinte at i dag skulle gradestokken krype godt opp mot 40 grader. Det er ganske varmt, det! Men heldigvis er det ikkje noko som bit meg her. Etter å ha testa bassenget i går, hoppa eg i dusjen, og om tala mine stemmer, har eg pr. no 60 myggstikk, hovudsakeleg på armane og beina.
Men eg kjøpte meg hand-sprit på butikken då meg kom fram i går, og det gjorde eigentleg susen. I dag er det berre 4-5 av dei som framleis klør, og eg vonar eg ikkje pådreg meg endå fleire før eg reiser herifrå. (bank i bordet!!)

Frukosten er innteken; eggerøre og perfekt digg bacon, i tortilla-wrap. Ein RedBull er konsumert, og her kjem då bileta som eg lova sist eg gjorde eit halvhjarta forsøk på å blogge!

Turen starta her; trøytt i trynet klokka 03:45 på morgonen, stod eg fraus på meg lausungar utanfor Flesland.

 

 

 

 

 

 

Fyrst to fly med normal standar, før me dumpa ned på tilnærma lik luksus-standar. Sånt kan ein bli van med!!

 

Tommy har fått drammen sin!
BBQ-chicken med ei slags potetstappe og brokoli. Faktisk skikkeleg digg til flymat å vere!
dav
Nope, det er ikkje leigebilen vår. Dessverre.
Det hadde nyleg regna då me ankom L.A.! Trudde ikkje dei hadde sånne fenomen her?!
Dette er Mr. FiFi! Ein skikkeleg kosebamse, som eg var frista til å ta med meg heim til Noreg. He loved me!!

Dette er då frå Venice Beach. Der vil eg bu. Dei sel ALT av Lokkri-ting, frå sære klede, til gøye smykker, til gode ting å røyke på (som òg kjem i gummibears-form!)
Mimosa må til, sjølv om me er komne forbi frukost-tid!
Skal tilbake hit på shopping før eg reiser. Definitivt.

Me avslutta dagen på Santa Monica-piren, der me såg solnedgong, og tok nokre drinkar. Og eg fann gåve til Synne!
Drinks at Bobba Gump’s! Nommi!

dav
Og så skulle Tommy dra meg med opp i ei meir fancy handlegate, der dei ikkje hadde rare hettegensarar eller blinke-bling som glitrar i sola. Eg fann ingenting som var verd å bruke pengar på der. Men dei hadde gøye dinosaur-fontener!!

 

Og her skal eg tilbringe dei neste dagane! Eg klagar ikkje.
I dag er det internasjonal premiere på Ella, og me skal sjølvsagt vere der. I går blei det pils og vodka og Smirnoff ICE, og me vitja eit dinosaur-museum, og maten her borte er fantastisk, og….Herre. Eg har eigentleg altfor masse eg har lyst å fortelje om. Men baby steps. No skal me ut og køyre i hood’n før me leikar viktige filmfolk. Fleire bilete og innlegg og denslags kjem! Eg må berre finne eit ledig tidspunkt!

Wow. Eg er faktisk i L.A. Filmbyen. Og eg vurderar allereie å leite etter ein plass å busetje seg permanent.

Soundtrack: Vifta i taket og Tommy på kjøkenet

 

Greit, greit. Eg kan ikkje uttale meg om byen fult og heilt etter mindre enn ein dag her. Og i morgon pakkar me i bilen og snur snuten mot Palm Springs og filmfestival.
Men akk, mitt hjarte har allereie blitt kidnappa og gøymd vekk i ein mørk kjellar. Eg har nemleg funne ein by som har ei LANG gate FULL av Lokkri-ting!! Hippie-stæsj, sær kunst, smykker, pyntedingsar, rare folk med dreads, tattoo-sjapper og butikkar som sel sånne ting som er godt å røykje på. Når det fyrst er lovleg. Eg vil bu der.

Men la meg fortelje om reisa hit, for den var eigentleg temmeleg spektakulær!
Eg stilte som vanleg i god tid, og stod utanfor Flesland klokka 04.15 natt til måndag. Ein drøy halvtime før Tommy skulle stille.

Me sjekka inn, leverte bagasjen, fann flyet, og alt gjekk som ein leik. Flyet tok av, og landa igjen. Oslo. Etter litt lett jogg gjennom Gardermoen, var me på veg mot Stockholm, og så gjekk ferda vidare med fly til L.A. Ei flyreise der det viste seg at me var blitt plassert på SAS Plus-delen av flyet!! Det inneber då større seter, betre tv-skjermar, puter og tepper, og litt goodie-bags med tannkost og vatn og diverse. Reisa var i korte trekk over før eg merka at den hadde starta; her var det hallo-hallo Jon Blund.

Så er me framme. Og flaksen held fram; leigebilen ordnar seg på 1-2-3, leilegheita me skal bu i til i morgon var strøken (og snille dama som budde her hadde vatn i kjøleskapet, pannekakemix i kjøkenskapet og hadde sett mini-muffins på bordet!) og ho som bur her har ein superherleg kongepuddel som heiter Mr. FiFi! Han elskar meg.

Vidare blei det sightseeing på Venice Beach og Santa Monica-piren. Fantastisk kyllingmiddag på Venice, og drinkar både der og på Bobba Gump på piren. Foreløpig lite shopping, men det skal eg snart få orden på….!
Og bilete kjem. Eg berre orkar mindre enn ingenting akkurat no, og kvir meg til å gå heeeeilt ut på badet (som ligg vegg-i-vegg!) og pusse tennene…..Interessant om eg faktisk klarar å sove, vel og merke, for eg har så mange og så opphovna mygg – og knottstikk på skrotten at eg ser ut som ein langt framskriden leprapasient!! Takk og pris for at eg tok med meg ein boks med zyrtec, ellers kunne dette fort blitt det siste de hadde høyrd frå meg!

It Comes at Night

Amerikansk thriller – 2017
Med Joel Edgerton, Christopher Abbott & Kevin Harrison Jr.
Regi: Trey Edward Shults
Lengde: 1 time 31 minutt

Korleis overlever ein apokalyptiske tilstandar? Ikkje ved å isolere seg fullstendig i ein villa uti skogen i alle fall!

Då eg høyrde om filmen fyrste gongen, tenkte eg at det var ein skrekkfilm, og det virka særs lovande. Ein familie isolert i skogen, der dei lever etter strenge reglar for å overleve. Ei raud dør som ingen får opne, medan ein skummel sjukdom rasar i verda, og så kjem det nokon og bankar på. Brrrr!

Og det startar så bra; stemninga er dyster og trykkjande frå fyrste stund. Det einaste eg sit og irriterar meg over, er at eg aldri føler eg får ein skikkeleg oversikt over korleis dette enorme huset er delt inn! Det er eit rom som er dekka av plastikk, to soverom, ein korridor, eit kott og eit slags kjøken. Så blir det fire soverom. Og brått har me eit ekstra rom som visstnok tilhøyrde ein fyr som heitte Bud. Men kven svarten er Bud?! Litt lengjer inn i filmen, får eg mistanke om at det kan vere bestefaren. Som forøvrig døyr heilt i starten. Greit. Eg kan leve med det. (og for sikkerheits skuld googla eg det, og det viste seg at bestefaren faktisk heitte Bud. Mystery solved.) Me er tilbake til fire soverom. Og eg tenkjer med meg sjølv at det er kanskje ikkje ein dum idè å vise så lite av huset som mogleg, og ha det så mørkt som råd i alle rom, for ein kan tross alt spare ganske masse på scenografien på denne måten!

Men me er ikkje heilt ute av skogen endå. Faktisk, me er ikkje ute av skogen i så mykje som eit minutt i denne historia! Situasjonen blir stadig meir og meir anspend mellom dei seks + ein hund som gøymer seg bak gjenspikra dørar og vindauger. Etterkvart som historia utspinn seg, dukkar det stadig opp nye spørsmål som eg sit på nåler etter å få svar på.
-Pyttsann, tenkjer eg. -Det kjem vel ein genial tvist på slutten, og eg får svar på ALT eg lurer på!
Så eg ventar. Og gler meg. Og trådane blir stadig fleire, og eg gler meg som ein unge på jolekvelden til eg skal få nøste opp alt saman og kan krype til sengs med eit tilfreds smil.
Kvifor lyg Will?
Kven er dei to mennene i skogen?
Kva var det som smitta Stanley?
Kva er det slags sjukdom som har råka menneskeheita?
Kven opna den raude døra?
Men, nei. Det kjem aldri. Brått går skjermen i svart, og rulleteksten snurrar i gong. Tilbake sit eg og måpar. For sjølv om filmen var nydeleg på så utruleg mange måtar, så heng det fleire lause trådar i lufta enn på ein gjennomsnitteleg trådsnellefabrikk!
Og det største spørsmålet av alt: Kva i helsike var det som skulle kome om natta?!

Day of the Dead – Bloodline

 

Amerikansk (cringe-)skrekk (2018)
Med Sophie Skelton, Johnaton Schaech & Jeff Gum
Regi: Hèctor Hernàndez Vicens
Lengde: 1 time 30 minutt

Oh boy. Kvar SKAL eg starte?!

“A bold new reimagining of the George A. Romero classic” står det på coveret. Og det er ei underdriving. I kjølvatnet av dette, vrir nok stakkars Romero seg i smerte.
For kva i alle dagar ER dette!? Ein kvar zombie-addict veit at kongen på trona over sjangeren er Romero. Bold? Jau, i utgongspunktet er det eit ganske stort oppdrag å ta på seg, og eg vrei meg i smerte då dei laga re-make av Dawn of the Dead. Men dette? Dette vrir kniven i såret, strør salt i det, og fyller det med mjølk og honning midt i ein flugesverm i god, gamaldags middelaldersk stil.

Skodespelarane er håplause. Story’n er langtekkeleg og keisam. Og zombiane spring. Allereie der veit eg at eg burde ha slått av filmen og gjort noko fornuftig i staden. Kall meg gamaldags, men levande daude smakar best når dei haltar seg bortover med det meste av det som skal vere på innsida godt synleg på utsida.
Det som i si tid dreiv orginalen, var det faktum av dei verkelege monstera var menneska. Det er eit og anna monster her òg, men dei når ikkje sadistiske Rhodes opp til skotuppen.

Men la oss ta for oss kva historia handlar om: Legestudenten Zoe overlever zombie-apokolypsen, og havnar i ein bunkers saman med ein gjeng sivile og militære. Det er ein dumming der som heiter Miguel, og ho har ein militær-kjæraste med meksikanske aner som heiter Baca. Så langt er det visse paralleler til orginalen. Men så dukkar Max opp, som ein gong i tida (eller tidlegare i filmen, om du vil) freista å valdta Zoe. Introduserar dumming nr. 2. Han er halvt zombie og halvt menneske, og 100% like fiksert på Zoe. I tillegg er han sminka som Jokeren i Batman. Og så ballar det på seg med problemar, blanda med jakta på ei vaksine.

 

 

 

 

Det aller verste er kanskje at INGEN av karakterane i filmen har så mykje som SETT ein zombie-flick i sitt liv! Dei gjer ALLE feila ein kan gjere i skrekkfilmar; spring i feil rettning, skrik og skyt med automatvåpen i hytt og pine, får biltrøbbel midt i skogen….Det er ikkje måte på.
Og kvar er Bub? Kvifor i alle dagar bytte dei ut vår alles favoritt-zombie med usympatiske  Max? Det er så ein får lyst å skyte seg sjølv, for så å gjennoppstå og la nokon gjere det for deg på ny. Dette gjer berre vondt. Og klisjèane slår deg i trynet i eit slikt tempo at du knapt rekk å trekkje pusten mellom dei.

Nei, kjære regisør Vicens. Søtaste Hèctor. Finn deg ein annan sjanger å leike med. For det er overhovud ikkje her talentet ditt ligg.

Den 12. mann

Norsk drama/krigsfilm (2017)
Med Thomas Gullestad, Jonathan Rhys-Meyers & Marie Blokhus
Regi: Harald Zwart
Lengde: 2 timar 15 minutt

Ein stakkars motstandsmann får ein verkeleg kjip og lang tur til Sverige.

 

 

 

 

 

Historia om Jan Baalsrud er i seg sjølv sterk. Og lang. Forferdeleg lang. I korte trekk reiser tolv menn som ei sabotasjegruppe frå Shetland til Troms, med mål å lage krøll for tyskarane i 1943. Det går ikkje så bra, og båtferda endar med eit iskaldt og noko ufrivilleg bad, massearrestasjon og ei avskoten tå. Og så gøymer Jan seg. Han gøymer seg veldig godt; faktisk så godt at filmen grensar til uuthaldeleg keisam. Det blir tortur, kolbrann, snøskred og tær som kuttast av med tollekniv. Men likevel skjer det ikkje så mykje. Baalsrud har fleire liv enn ein gjennomsnitteleg huskatt, og det er imponerande at han overlevde, men filmen blir meir ein dokumentasjon av det som skjedde; nærmast ei rein oppsummering. Samt eit bilete på kor fæle nazistane var. For dei var skikkeleg dumme, men det har me vel allereie fått inn med t-skei i tida frå barneskulen?
Bileta er kjempefine, skodespelarane er truverdige, og effektane er flotte, men det er likevel ikkje nok. Då det var litt over ein halvtime att av filmen, keik eg på klokka og tenkte: -Herregud, er han ikkje snart i Sverige?! Kor langt kan det eigentleg vere til den pokkers svenskegrensa?!


Jan Baalsrud og alle som hjelpte han på vegen fortenar ein film, men det hadde gjort seg betre i form av ein dokumentar. Eller ein kortfilm. 2 timar og 15 minutt med ein kar som ligg i skjul i hytter, under steinar, bak snøhaugar og i iskalde nordlandsfjordar blir i overkant langt. Filmen har eit klimaks mot slutten, der du lenar deg litt fram i setet og heiar på nordmannen (og reinen. Den reinen var skikkeleg fin!) men det er ikkje verd to timar med venting.