5 kilo og DER forsvann gifteringen!

Endeleg er eg ferdig med suppe-tida mi!! I dag blei det havregraut med eple og blåbær til frukost, og det var rett og slett fantastisk! Eg føler meg -mett- for fyrste gong på lengje! Ikkje berre full og tettpakka som med suppene og alt det andre flytande fjaset eg har hella nedpå. Der har eg stort sett berre ete og ete, og så var det brått ikkje plass til meir, sjølv om eg ikkje følte meg så veldig mett at det gjorde noko. Men havregrauten la seg fint i magen og eg blei mett. Fine havregrauten <3

Eg har mamma på besøk. Ho og Kira skal vere her nokre dagar. Og eg har eigentleg ikkje tid til å sitje her og blogge noko vidare. Not today. 
Men etter å ha dusja idag, hoppa eg like gjerne opp på vekta. Det er tross alt tysdag idag! Og den bladde seg opp til….80,5!! I går måtte gifteringen leggjast i smykkeskrinet, for den hang ikkje på lengjer. Og no byrjar eg å merke at eg ikkje har det heilt store utvalet av klede i klesskapet mitt lengjer heller. Men det er jo litt digg òg då! ^^ Det visar i alle fall at det går framover! 

4 kommentarer
    1. Sminköse Line: Hehe, syns det er scary nok med dei bileta eg allereie har! xD Eg ser ut som Yabba the Hut på fleire av dei! :O Men det blir MASSE bilete framover i alle fall! Det er utruleg gøy å sjå seg sjølv krympe, trass i at eg hadde ikkje trengd å krympe meir enn eg har gjort til no for å føle meg vel! ^^

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg