Brått poppa det opp ein artikkel i feed’n min på Facebook. “Pink has always been fake.” … wait. What? Eg tende sjølvsagt på alle pluggar. Du dissar f*** ikkje heltinna mi ustraffa!!

Soundtrack: Metallica – The Memory Remains

Eg har elska P!nk sidan ho kom ut med sitt fyrste album Can’t take me home i 2000. Den gong var musikken hennar meir R’n’B-inspirert, og eg var fanga midt mellom ein slags underleg kombo av goth og hiphop’ar. Eller hiphop-gothar, som eg lika å kalle meg sjøv.

Bilete er lånt frå Heatworld.com

P!nk var noko ganske anna enn dei blonde bimboane som regjerte på hitlistene den gong. Ho var kul. Ho var bad ass. Og ho hadde rosa hår og var rocka sjølv om musikken hennar lente seg meir i retning noko ein heller ville danse til enn headbange. Og tekstane hennar traff meg frå fyrste stund.
I was in luv.
Seinare har musikken hennar blitt meir pop-rock, utan at eg har digga ho mindre av den grunn. Eg steig inn i vaksenlivet med låtane hennar, og ofte føler eg at ho har gravd rundt inni skallen min når ho skriv tekstane sine. Ho teiknar med tonar, akkurat som eg malar med ord. Og det ho teiknar er det eg har følt. Har tenkt. Har levd.
Ho er sint på dei same tinga som gjer meg forbanna. Ho er feminist, og i tekstane og uttalingane sine rettar ho gjerne kritikk der kritikk er naudsynt, anten det er mot mannfolk som tenkjer med pilten eller kvinnfolk som lever som om dei ikkje har verdi med mindre du kan telje ribbeina deira frå ein kilometer unna.

Bilete er lånt frå TVTropes.

Men no var det tydelegvis ei stakkars Gen Z-nepe som vakna på feil fot og bestemde seg for å skrive ein artikkel om korleis P!nk “riv ned andre kvinner”.
Uhm, nei.
Tekstane dei peikar på der P!nk skal ha hetsa, krenka og dissa andre jenter stammar frå 2000-talet. Ein tidsalder då dei fleste i Gen Z-generasjonen knapt var komne ut av bleiene.
Spice Girls hadde nyleg vist verda at det gjekk an for jenter å vere kule, høglytte, ha unike personlegdomar OG vere sexy på same tid. TV-serien Buffy the Vampireslayer hadde gjort det same. Men likevel var det blonde bimboar som Britney Spears, Paris Hilton og Christina Aguilera som kanskje var dei største førebileta for unge jenter, og for min del følte eg me var tilbake til scratch.
Signalet til oss jenter var at me skulle vere fine å sjå på for å nå fram i verda, og så hjalp det litt om ein hadde talent.
P!nk var ikkje slikt. Ho var eit friskt pust i ei verd av silikonpuppar, ljose lokkar og trutmunnar. Og eg elska det.
Ho tok eit oppgjer med forventningane som blei stilt til jenter og unge kvinner, og kritiserte kropphysteri, oppførselen til mannfolk og korleis me blir seksualiserte i hytt og pine. Det er DET musikken hennar handlar om, ikkje om å rive ned kvinner som har bygd seg ei karriere basert på sex-tapes og altfor korte skuleuniform-skjørt.

Seinare har P!nk vist støtte til LGBTQ+-miljøet, Black Lives Matter-rørsla, og gitt ut 9 album som alle er stappfulle av songar som tek for seg både kvinneleg styrke, slengspark til politikarar, kjærleikssorg, utruskap, men òg korleis sjølv den sterkaste kvinna har lov å vere sårbar. Har lov å føle ting. Har lov å bli forbanna og sei at nok er nok.
I 2021 blei Noregs kvinnelandslag i strandhandball ilagd bøter etter å ha spelt bronsefinalen i EM ikledd shorts, og P!nk uttrykte då at ho ynskte å betale bøtene deira. Ho uttrykte støtte til kvinnene som var berørt av Weinstein-skandalen og som våga å stå fram med historiane sine.
“It’s about being alive and feisty and not sitting down and shutting up even if people would like you to” har ho sagt, og ho har heller aldri vist teikn til å ikkje leve opp til dette sitatet.

Bilete er lånt frå WTVR.

Så kjære krenke-generasjonen. De var ikkje der den gongen “Stupid Girls” låg på hitlistene. P!nk har kanskje dissa nokre blonde bimboar på vegen, men det var jaggu nok av oss som hadde desse fnisande nikkedokkene så langt oppi halsen at mageinnhaldet velta seg når me såg dei på skjermen.
Alle jenter har hatt beef med nokre chicks på vegen gjennom livet, og eg vil anbefale dykk å fokusere på det som føregår i ein tidsalder de har vore ein del av. Ikkje grave opp ting som overhovud ikkje er relevant i det samfunnet me lever i pr idag. De hadde vore møkklei av bimbokravet om de var tørre bak øyro på midten av 2000-talet, akkurat som alle me andre var.

For ordens skuld, så finn du artikkelen her.