Mørbanka kjøleskapssnok!

I natt var andre natta eg stod opp for å snoke i kjøleskapet. Sjølv om eg hadde ete ein kopp med rett-i-koppen ei stund før eg la meg, og drukke ein del vatn, så tok det ikkje lang tid før magen min byrja å protestere då eg hadde kome meg oppi loppekassen. Eg har fått tips om å prøve å døyve svoltkjensla med vatn, men det hjelp berre i nokre augneblink. Svoltkjensla er som eit enormt tomrom inni magen, som…tja, roterar! Det føles som eg har eit miniatyr “svart hòl” inni der, som sluker alt kring seg og humrar stille for seg sjølv fordi eg må klynke litt av smerte. 
Så eg stod opp og heiv i meg ein liten porsjon kyllingsuppe, og sov som ein nyfødd då eg kom tilbake til senga mi.

Vel, i går var faktisk den fyrste dagen der eg følte meg som meg sjølv. Heilt 100% meg sjølv. Eg slo på mobilen, og fekk skravla med både Wenche og Gunvor, sat ute i sola og løyste kryssord, børsta Maggie, laga supper som eg stabla i kjøleskapet til oppvarming etter behov, og var i det heile ganske oppegåande, og mentalt på plass. Eg var i godt humør, positiv, eg lo og fjasa….Og fekk merke det når ettermiddagen snegla seg innpå meg! xD Herregud, så mørbanka eg var i magen!! Heldigvis er det betre no, men eg er framleis ganske….mør. 
Og i går såg eg for fyrste gong på arra mine. Gubben måtte rive av plastera for meg, men eg beit meg i leppa og håpa halebeinet mitt ville overleve smertene. Det gjekk greit. Men det KLØØØR!! Herregud som det KLØR! Eg har lyst å røske ut desse forbaska metallstiftene og KLØØØØ!
Eg har i tillegg kutta ut smertestillande. Eg taklar ikkje meir stikkpillar!! Eg vil heller ha det litt vondt enn å føle at eg konstant må på do. Så både au’ar og kløe er vel i stor grad min eigen feil. Uhm, utan at eg skal sei sikkert at kløe og smertestillande har nokon samanheng?

Det er ei veke sidan eg vakna frå narkosen og var nyoperert idag. Vekta mi stod då på 85 kilo. Idag var eg på vekta igjen. Og overraskinga var positiv. Den stoppa på 83,1 kilo!! 

Og sidan eg er blitt slik ein gartnar-spire på mine gamle dagar, så tenkte eg å presentere ein liten bilete-serie av kva me driv å puslar med ute i hagen for tida^^


Blomebedet mitt! Der det er “ope” skal det etter planen kome nokre fine 
roser snart! 


Stemorsblomane mine <3


Gubbelusken har eit prosjekt gåande borti skuret sitt. Det byrjar å ta form
omsider!


Denne vesle plattningen har me no fått heilt fri for mose og gras, og skal
fylle med jord og plante plen på! Maggie er særs lite nøygd med løysninga
foreløpig, og legg seg gjerne og rullar i grusen som er der no. I protest.


Fine blomane eg fekk av svigers, besta og besten og foreldra mine då eg
låg på sjukehuset <3

4 kommentarer
    1. Jippi, snart er du helt bra vettu! Hvor lenge må du spise suppe da? Skal egentlig spise det jeg også pga mageproblemene mine, men syns det er så innmari kjeeeeedelig… og i mange tilfeller usmakelig! For jeg orker jo ikke lage det selv!
      Og 85 kg?? Syns det var så lite til å få en slik operasjon?Da kunne kanskje jeg fått en vakker dag også, hvis alt annet skjærer seg. Men du er fliiiink, gir jo så god motivasjon når man ser vektnåla senker seg 😀

    2. stovkorn: Det går stadig framover! ;o) Skal leve på suppe ei veke til no, så neste tysdag skal eg over på mosamat! Whohoo!! To veker på det, og eg skal SÅ gomle knekkebrød og havregraut og kylling chop suey igjen! ^^
      Eg er jo ikkje særleg fan av supper sjølv skal eg innrømme, men eg har funne nokre som fungerar veldig greit etterkvart! ;o) Skal poste nokre forslag for sånn flytande føde når denne veka går mot slutten, så kanskje du finn noko du syns er greit der? ;o)

      Eg gjekk jo på såkalla knekkebrødkur (sjølv om eg ikkje var så flink å følgje den) i 2 månadar før eg fekk operasjonen. Eg gjekk kanskje ned eit par kilo på det òg, så eg vil tru eg låg på cirka 87 kilo då eg fekk operasjonen innvilga. Sidan eg berre er 1.58 høg, så var det nok til å gje meg høg BMI + at eg har diabetes og PCO. Utan dei to siste der, hadde eg ikkje fått operasjon! ;o) Men heilt seriøst; det er såååå ikkje verdt det berre for å bli tynn! :o( Hadde eg ikkje hatt diabetes, så hadde eg droppa heile greia og heller vore rundt og god og glad! ^^

    3. Nei, er for så vidt enig at det ikke er verdt det! Ble bare så sjokka i og med at jeg veier mer, men så er jeg 1.72 og uten diabetes da. Men syns du er nydelig, håper bare at alt er verdt det, at du slipper diabetesen!!! *krysser fingrene*

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg