Beste helsing Tornerose.

Herregud, det føles som om eg har sove vekk ei veke. Og på sett og vis har eg vel nesten det. 
Men no er eg komen heim, og har akkurat send gubben på butikken for å kjøpe rett-i-koppen, så eg får noko næring i skrotten. Sånn reint fysisk har eg ikkje ete noko sidan måndags ettermiddag, og eg saknar verkeleg smaken av maaaat!!
Så idag har eg berre sove. Alle sjukepleiarar og fysioterapeutar har masa non stop på at me må opp og gå og ut og springe og gudane veit. Men når eg ikkje har ein tøddel av energi i skrotten, så skal det jaggu godt gjerast!

Så idag har eg sove. Eg har vore oppe og gått litt kvar gong eg har vakna, men det er som sagt begrensa kva eg orkar.
Det å blogge har i alle fall vore heilt utelukka. Eg har stort sett sett på tv-seriar når eg har vore vaken, og prøvd å røre meg litt. Eg var utruleg heldig vel og merke; eg delte rom med ei som blei operert rett før meg, og ho blei skikkeleg kvalm og uvel stakkars.
Eg er berre øm og mørbanka i mageområdet, litt småkvalm, og SJUKT svolten!! Og så har eg så hinsides vondt i halsen! I tillegg går eg på så masse blodfortynnande at eg ikkje kan pusse nasa ein gong!
Men om ein ser vekk ifrå alt eg har å sutre over, så har eg det eigentleg ikkje så ille! ^^
Skal heller lage eit meir utfyllande samandrag av veka når kreftene berre er på plass. Utan mat og drikke, og alt det der. Det stemmer i alle fall. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg