Det tek 10 minutt å lage seg ein skikkeleg frukost med to brødskiver for tida. 9 av minuttane går med på å skjære brød.
[tl;dr] Eg har to brot i venstre arm, men lar ikkje det stogge meg frå å vere skodespelar når moglegheita byr seg! 

Soundtrack: P!nk – Barbies

Kvar har det blitt av Lukritzia?
Ho lever. Ho er berre særs redusert for tida. Likevel var ho i forgårs skodespelar i ein viking-thriller som blir spelt inn på Gudvangen i desse dagar, og tilbragte 8 timar i iskald vind med knekt arm i rolla som bekymra mor for ein autistisk son som likte å ete rå fisk på torget.
Neidå, livet mitt er ikkje keisamt sjølv om eg for tida har to brot i venstre arm, sannsynlegvis brist i brystbein og ribbein, og skrubbsår på knea.
Smertestillande er ein fin ting, sjølv om eg eigentleg ikkje er så veldig fan. Eg var førebudd på å vakne med intense smerter etter at eg under innspelinga var involvert i ein lettare slåsskamp, drassa kring på ei viking-øks og slamra med dører for å hindre småskumle menn å ta seg inn i stova mi.
At Dùnedain i tillegg har emigrert til BaleBy for å leike dreng hjå gamlingane var vel og merke noko angstframkallande, for fram til eg reiste på innspelinga var eg ikkje i stand til å kle på meg sjølv eller vaske meg, eg kunne ikkje skjære brød, bære ved eller generelt gjere nokre rørsle som innebar at eg måtte bøye meg.
Men det har gått over all forventning så langt, sjølv om eg innsåg at det var litt ekko i kjøleskapet mitt då eg returnerte frå Sogn. “Nokon” hadde drukke opp all mjølka mi før avreise, så dermed måtte eg bite tennene saman og skjære brød framfor å ete müsli slik planen min opprinneleg var. Men eg er heldigvis ikkje ei som skyr ei utfordring, så sjølv om det tek minst tre gongar så lang tid med morgonstell, frukost-mekking og husoppvarming enn det som er vanleg når eg fungerar som normalt, så har eg klart meg greit!

Så, kva har skjedd?
Vel, eg tok meg ein tur på glattisen ein vinterkveld for kring fjorten dagar sidan. Eg hadde vore hjå ei venninne og feira bursdagen hennar, og Dùnedain hadde henta meg heimatte. Like utanfor bildøra var det klink is, så eg forsvann på ein liten seigletur nedover bakken utanfor stovedøra mi. På ein eller annan måte gjorde eg eit imponerande hallingkast og landa på magen. Det må ha vore instinktet som slo inn og sa at halebeinet mitt har fått nok juling opp igjennom, og at eg måtte freiste å skåne det. Eg hadde ikkje ein gong platåsko på beina, men skaplege vinterstøvlettar!!
Enden på visa blei at eg braut overarmen på to plassar, og låg face-down på isen med mørbanka bringe og ribbein. Og skrubbsår på knea.
Men å la han stakkars karen min ta meg på legevakta var fullstendig uaktuelt, for eg var sikker på at skuldera berre var ute av ledd, og ville poppe på plass etter ei god natts søvn.
Jadda, eg veit. Eg likar å tru at eg kan gå av meg eit brot i ankelen òg, eg. True story.
Då eg vakna dagen etter og ikkje klarte å kome meg ut av senga måtte eg sjå sanninga i øyro likevel. Legevakta neste, der dei var særs forundra over korleis eg hadde kome meg gjennom natta  utan smertestillande.

Dermed blei det ei veke på sofaen, til Pixie sin store glede. Ho var happy over å ha mamma som fast inventar, og då eg omsider klarte å krøke meg tilbake til Skrivarstovao mi var det ei furt lita frøken som ikkje såg på situasjonen med vidare milde auge!

Men så mykje bokskriving har det ikkje blitt, for eg blir framleis sliten i armen etter nokre setningar. Dette blogginnlegget er faktisk det lengste eg har klart å skrive så langt! (og det fordelt på to dagar!)
Likevel har eg ikkje så mykje til orsaking til å sitje på ræva og glo på Botched dag ut og dag inn no lengjer, i og med at eg faktisk har vore ein heil dag på filmsett og vore skodespelar. Det får vere grenser!
Like før dette svalestupet mitt hadde eg fått beskjed om at eg hadde fått rolla som “Mikel’s Mother” i filmen Dark Skulls; ein norsk-amerikansk thriller i regi av som skulle spelast inn i Gudvangen.

Portane til Njardarheimr i Gudvangen. Bilete er lånt frå VisitBergen.

Eg var heilt knust då legen fortalde meg at eg måtte gå innpakka i tvangstrøye fram til i alle fall 17. mars! No freakin’ way!! Eg sende mail til produsentane og sa ifrå at eg var noko redusert og at eg hadde full forståing for det dersom dei ville byte meg ut, men at eg var kapabel til å stille opp om dei let meg. Og dei ville ha meg likevel!!
Det skal seiast at eg hadde sumarfuglar frå ei anna verd i magen då eg reiste mot Sogn på sundag, for eg var livredd for at eg ikkje skulle klare jobben. Kor ofte får ein moglegheit til å spele ei rolle i ein internasjonal spelefilm lissom?! Vanlegvis får eg hovudsakeleg rollar som komiske eller skumle karakterar, men no skulle eg få vere seriøs skodespelar goddamit!

Ho heitte berre “Mikel’s Mother” i manus, så eg ga ho namnet Gjøri!

Men folk var rett og slett fantastiske, og det var så utruleg gøy å få vere på eit filmsett der eg BERRE skulle vere skodespelar! Når eg er involvert er eg potet med ansvaret for minst to funksjonar!
I dei fleste scenene spelte eg mot Thor Rosland og britiske Ewan (som eg i farten ikkje kan hugse etternamnet til!! Eg lovar å linke til det når eg sporar han oppatt!)

Mikel (Ewan) og Rolf (Thor), med lyd og kamera i bakgrunnen. ACTION! Foto: Katja Kolle Giljarhus

Dei var så flinke at eg må bøye meg i støvet. Proffe til beinet begge to (og for så vidt alle andre eg fekk æra av å møte der!) og så utruleg koselege! Om ikkje nokon plukkar opp desse karane og gjer dei til superstjerner, så gjer gjerne eg det … om eg berre ein gong får eit budsjett som tillet det!
Sjekk ut den føreløpige Dark Skulls-traileren her!

Og med det forlet eg tastaturet til fordel for litt kvilepause på sofaen. Dùnedain er i BaleBy og leikar dreng på Fjorleifstad saman med boffane, og eg køyrer solo med ein arm i selskap med to pusejenter som er særs lite nøgde med at snøen held fram å lave ned her me bur!

Gjøri og Mikel utanfor stova deira i vikingland. Han må ha hatt ein storvaksen far, den guten, for han ruva nokre hovud over mor si! Foto: Katja Kolle Giljarhus