Opp med handa alle som tykkjer edderkoppar er skumle i små format!
Australsk creature feature (2024)
Med Noni Hazlehurst, Jermaine Fowler & Alyla Browne
Regi: Kiah Roache-Turner
Lengde: 1 time 31 minutt
Eg har seriøs arachnofobi. Edderkoppar er kanskje blant dei mest fascinerande skapnadane me har på jorda, men fytti helsike så livandes redd dei eg er!!
Sting har ingenting å kome med i forhold til Arachnophobia (1990), som fekk meg til å sitje med beina krølla opp under meg ei god stund etter at rulleteksten hadde glidd over skjermen, men edderkoppar er skumle. Ingen tvil om det.
Sting er ein australsk-produsert film, men handlinga føregår i New York. Midt i ein heftig snøstorm møter me 12 år gamle Charlotte (Alyla Browne) som virkar som om ho er komen midt i den verste opprørske tweens-epoken. Ho bur saman med moren, stefaren og lillebroren, og det virkar som om ho er sint på alt og alle. Ho er ein liten nerd, som lagar teikneseriar saman med stefaren sin, Ethan (Ryan Corr).
Så finn ho ein edderkopp som har kome frå det ytre rom og kræsjlanda i dokkehuset til grandtanta si. Den får namnet Sting, etter alvesverdet som Frodo arva etter Bilbo i Ringenes Herre.
Høyres dette for cheesy ut? Jaudå. Men eg trur på karakterane så langt. Dei spelar truverdig nok, og sjølv om unge Charlotte kan vere direkte ufyseleg til tider, så heiar eg på ho. Eg er kanskje litt inhabil sidan eg sjølv har vore ein veldig sint liten nerd i mine yngre dagar, men ho er eigentleg veldig tøff og eg likar tøffe jenter.
Edderkoppen Sting veks i ein uhyrleg fart, for ho et seg god og mett på det ho finn av kakerlakkar, kattar og papegøyar i bygarden ho har havna i. Så byrjar ho å forsyne seg av folk, og kravlar kring i ventilsystemet på bygarden.

Eigentleg er det heilt greit at den åtte-beinte gjesten ikkje veks seg til Shelob-storleik (Lord of the Rings-referanse sidan me likevel var innom temaet!) for ho er skummel nok som ho er. Og effektane er det heller ikkje noko å sei på.
Det trekk nok opp ganske mykje at eg i utgongspunktet får frysningar berre av å tenkjer på små edderkoppar, men Sting er overhovud ikkje ein dårleg film. Den revolusjonerar nok ikkje creature-feature sjangeren, men som monsterfilm er den slett ikkje verst. La det vere ei åtvaring; dersom ein meteoritt kræsjar gjennom vindauga i rommet der du oppbevarar samlinga di med antikke dokker, så ikkje ta den med heim berre fordi den kan plystre!!






