Leilegheita vår byrjar å ta form. Og eg har returnert for å gje verda ein liten update på korleis det går!
Soundtrack: Volbeat – Lola Montez
Medan me ventar på at elektrikar, snekkar og røyrleggjar skal gjere sine delar av prosjektet, så har far min og Dùnedain verkeleg lagt sjela si i arbeidet der nede.
Eg skal freiste å halde det kort og ikkje lage ein vegg av tekst slik eg gjerne har for vane. Men i korte trekk så har pusetvillingane fått lov å gå ut, og dei storkosar seg.

Me har fått flytta alt me eig inn i eit hus etter å ha hatt det spreidd over tre ulike locations, og Elessär bada i fjorden, og sidan det er så godt som umogleg å få saltet ut av pelsen hans igjen, blei me nøydd å barbere han.
Han tykkjer eigentleg det er heilt greit, for då kan me smørje han så han slepp å klø så hinsides som han har gjort sidan badeturen.
Me har jo allereie erfaring med nakenhund, så ein frå eller til har ikkje så mykje å sei! Dessutan kan han jo låne papsen sine skjorter om sola skin for sterkt!
Og eg har fått rosa-lilla hår igjen! Men denne gongen trengde eg berre tre vask, så var eg blitt pastell. Jau. Note to self: Hugs å putte hårfarge i conditionaren!!
Så får me dukke ned i bileteserien min, og vise kvar landet ligg i den magiske verda under jorda som snart skal bli den nye permanente heimen vår!
Badet




Soverommet





Narnia!



Og resten av kåken?
Me har gullmaling til lister, awsomme tapet med flygande leopardar, massevis as spinnville planar og idèar, og pynteting til karmane.
Det einaste me så langt ikkje har landa på ei løysning kring, er stova/kjøkenet.
Dúnedain elskar panelet og striene (eller kva det heiter?) men fargane er litt utdaterte og hakket for mørke … Så då gjenstår det å sjå kva spennande me finn på vidare i prosessen!
Følg med!







