Okay, så har eg glimra med mitt fråvèr. Igjen. Men anten har eg vore fanga i eit vakuum der ingenting skjer, eller så har det skjedd så mykje at eg ikkje har hatt tid til å skrive. Kvifor eg ikkje skriv om alt som skjer når vakuum-tilstanden oppstår? Nei, sei det. Latskap. Men no har me emigrert til BaleBy og er godt i gong med å få i stand den nye leilegheita. Og då er det kanskje på plass med ein sneak-peak? 

Soundtrack: Dio – Holy Diver

Som kjend knekte eg armen i februar. Og det resulterte i at alle planane våre blei forskyvde, eg skrelte av meg håret fordi Dúnedain marinerte hovudet mitt i enorme mengdar shampoo kvar gong han hjalp meg å vaske det, og framleis er det noko avgrensa kva eg er i stand til å løfte og bære.

Skinhead med sele på.

Men det går framover! Så i mai pakka me saman det aller mest naudsynte pikk-pakket vårt og sette kursen mot BaleBy. Pusejentene og voffane blei med på lasset med variert entusiasme. Pixie og Eòwyn er kanskje dei som er mest positivt innstilt til omstilllingane, men Elessär tykkjer det er teit at pappa brukar så mykje tid i kjellaren. Og Thrallya har funne seg ein gøymestad på loftet hjå foreldra mine der ho søkjer tilflukt omtrent 90% av tida.

Pixie pakka like godt seg sjølv nedi kofferten.

Alt blei ikkje med på fyrste lasset, så i juni reiste eg tilbake og blei i Bergen i fjorten dagar til for å vaske ned og pakke resten. Framleis er det meir å gjere oppi fjellheimen, men me køyrer babysteps herifrå.
Mykje av flyttelasset hjalp snille Wenche oss med å frakte oppover på sundag, og no ser det ut til å vere håp i om at me faktisk får ferdige den nye casa’n vår!

Buster fekk bli med på lasset og køyrde så shotgun som det lot seg gjere nordover!

Leilegheita ligg i ein kjellar, og der nede har det eigentleg berre vore lager, ei kjellarstove (med to nokon lunde oppussa gongar) og eit vaskerom. I tillegg er det ein gamal potetkjellar og eit rom utan vindauge som berre har stått tomt og vore brukt til å lagre rot i. Hovudsakeleg MITT rot. Betonggolv og finerveggar.

Ikkje sånn veldig spennande interiørmessig, med andre ord.
Her skal det då bli ei stove med open kjøkenløysning, eit bad, soverom og ein gong/kontor (samt ein gong som fører gjennom den bakerste delen av kjellaren) og ikkje minst: Det såkalla NARNIA-ROMMET MITT! Som då er eit bibliotek. Men det skal eg kome tilbake til.

Far min og Dùnedain gjekk raskt i gong med å setje inn vindauge på nedsida av leilegheita. Dei som var der frå før var ganske små, så noko større måtte til. For sjølv om eg har sett ned på den same fjorden sidan før eg kom ut av bleiene, så er det no ein gong kjekt å kunne kike ned på den ein gong i blant utan å vere nøydd å gå ut av stova mi!

Deretter gjekk dei i gong med Narnia: Biblioteket eg har drøymd om heilt frå fyrste gong eg såg Skjønnheten & Udyret. På VHS. I min spede barndom.
Plankane i taket her inne var i stor grad orginaltreverk frå det gamle huset som sto her før foreldra mine bygde sitt, så å erstatte noko så magisk med kjipe plater kjem ikkje på tale.

Det må vel seiast at dei stakkars foreldra mine rista litt på hovudet då eg la fram planane mine for leilegheita generelt, men dette rommet tok kanskje kaka.
Så må det òg understrekast at eg LEIKAR ikkje magisk rom når eg fyrst kjem i gong. Her skal det ose trolldom og mystikk frå kvar hylle, kvar krok og kvar list! Og eg har kjøpt meg den største dragen eg nokon gong har hatt i hus som skal få bu her inne, som skal kome i posten i løpet av veka!

Så medan eg var i Bergen og pakka og vaska, gjekk karane i gong med å male taket og leggje golv. Det får heller vere at “enkelte” ymtar frampå at underteikna er direkte barnleg i valet av interiør, men det må eg heilt ærleg sei at bryr meg ein plass sola aldri skin. Eg har fått det perfekte blå taket, som skal prydast med gullstjerner når tida er moden for nemleg!

Fargen heiter passande nok “Stjernehimmel” og er kjøpt på Fargeriket, og eg fekk ein halv-sarkastisk telefon frå mor mi då taket var malt om at “no er no taket ditt i Narnia så lilla som det kan bli …”
Eg på mi side kunne ikkje vore meir nøgd!
Golvet er i mørk Pergo, og ser akkurat passe gamaldags ut. I alle fall så gamaldags som utvalet hjå COOP Obs! Bygg tillet.

Men så måtte resten av rommet vente, for då kom flyttelasset vårt som måtte ha ein stad å stå inntil vidare. Og prosessen held fram på soverommet.

Her var det òg gamalt treverk i taket, og det skal malast i ein kvit’ish farge. Veggane er i ferd med å bli kledd med overmalbar tapet, og det kan sjå ut som om malemeisterane er cirka halvvegs i den prosessen.

Dùnedain sto for valet av rugler til veggane, men eg har trua på at det blir skikkeleg fint når dei berre får litt farge på seg!

Eg har bestilt tapet med småfuglar på; Agaton Brown frå In Between, og etter nøye vurdering frå begge dei to involverte klarte me å finne fargar som var nokon lunde like dei som Familietapeter meinte skulle matche, til lister, tak og dei gjenståande tre veggane i rommet.

Golvet skal få ljos Pergo, og listene blir grøne.
Den opprinnelege planen min var å plassere eit gamalt flott skap i enden av rommet, der plata inn mot veggen var fjerna, slik at ein måtte gå gjennom det for å kome inn i Narnia. Det skapet har eg endå ikkje funne, men eg stressar ikkje. Dukkar det opp, så dukkar det opp.
I mellomtida må eg freiste å finne ei løysing for oppheng av klede, for noko skap med skuffer og masse hyller kjem ikkje på tale!! Eg kan knapt understreke kor pisslei eg er av å ikkje finne att kleda mine fordi dei er stabla og pakka hardare enn Theodosiusmuren!

Ein ting eg er sjeleglad for, er at foreldra mine har teke vare på så mykje gamalt både material, møblar og diverse inventar. Til dømes denne døra som står mellom gongen/kontoret mitt og stove-kjøkenet mitt. <3

Den stammar frå møkakjellaren til den gamle naboen vår, og pappa pussa den opp igjen og malte den i tida då han pussa opp kjellarstova. Ein kan kanskje påpeike at den er låg (sidan til og med han eg er gift med, som ikkje akkurat er verdas høgaste mann, slår hovudet oppi karmen når han går gjennom den!) men slike ting har SJEL!

Vaskerommet er fullstendig ribba, så no ventar me berre på røyrleggjar/snekkar som skal sjå kva løysningar som er mogleg å få til der inne.

Eg veit akkurat korleis eg vil ha det, men så har eg ei unik emne til å draume altfor stort, så me får sjå kva det blir plass til når me kjem så langt!