Ei vond tid

Dei siste tre dagane har vore vonde. Forferdeleg vonde. 
Eg mista go’voffen min; Maggie Megumi Miraquel. Den nydelege voffen min. Besteven og baby.
Det gjekk heldigvis fort, så ho slapp å lide i det lange og breie. Eg har tenkt å skrive eit langt og fint innlegg om veslejenta mi når eg er tilbake på øya, og har masse bilete som eg kan pynte det med. Men foreløpig er det litt vondt og sårt.
Ho er gravlagd i hagen her hjå foreldra mine no, og eg søkjer trøyst blant andre firbeinte englar. I dag har eg nappa og kamma Kira, kosa med Lille My og Fenris, og hatt to lengre og djupare samtale med fjordinghesten Espen. Det hjelp masse. Eg sovnar med senga full i kosete pelsballar, og vaknar gjerne med eit par ekstra kring meg. Så sjølv om tårene piplar fram i augekroken så snart eg tenkjer på Magz, så trøystar resten av dyrehagen meg. Eg MÅ ha dyr kring meg, så enkelt er det.
Og dyra forstår. Då me hadde gravlagd Maggie i går, sette Kira seg ved fotenden av grava og grein. Saga og Luna og Rafaela klynga seg saman kring meg då me kom heim etter at Maggie var sovna inn. Men dei fekk heller få seg ei langweekend hjå tante Nett’n og onkel Roger, sidan pappa’n min er så allergisk mot gnagarar. Dei kan jo ikkje få det betre enn der. <3

Forhåpentlegvis skal eg hente meg ein pusebeibi hjå Jeanette i løpet av neste veke. Det var jo eigentleg avtalt og planlagd. Planen var å introdusere vesle Skumring og Maggie denne helga, men det gjekk jo ikkje heilt som tenkt. No hadde då vel og merke Skumring forsvunne her om dagen, så eg går berre og hååååpar at det ikkje har skjedd noko med veslejenta mi! Vil ikkje miste endå fleire nurk på så kort tid…! 

Så no sit eg her i stova til mamma og pappa med Kira liggjande på føtene mine. Mamma lagar graut (og eg MÅ jo prøve å få i meg litt; eg kan jo strengt tatt så smått byrje å ete litt fastare ting etterkvart! Og mamma lagar verdas beste graut!!) og gubbelusken er på hyttetur med mamma’n sin. 
Eg skal straks hive meg i dusjen. Eg luktar hest og bikkje så det held! ^^ 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg