Saknar meg sjølv!

Det høyres kanskje pussig ut, men det er eit faktum. Eg -hatar- å føle meg…som nokon annan. Berre det å vere nøydd å ta ut ringen min i nasa medan eg låg på sjukehuset føltes….Overhovud ikkje bra. Eg er mest meg når eg har kledd meg slik eg føler meg den dagen, har ringar og smykker og anna luvlee-bling der det trengst, platåsko på beina og gjerne litt krigsmåling i trynet. Ein freshare hårfarge enn kommunemusegrå er heller ikkje å forrakte. Og når eg er i eit slikt modus der eg har lyst å sosialisere meg, momse is og skravle, gjerne med nokre iskalde pils innan rekkjevidde. Kort sagt; eg elskar å vere i sentrum og at folk legg merke til meg. 
Det høyres utruleg egosentrinsk og sjølvdiggande ut når eg ser det sånn svart på kvitt her framfor meg no, men det er sånn eg er. Det vil ikkje sei at eg ELSKAR meg sjølv, eller at alle bør elske meg eller noko sånt. Men om eg skal vere ærleg, så er det sånn eg er sett saman. Utan at eg på nokon måte ynskjer å setje meg sjølv framfor andre! Eg elskar alle dei fine menneska mine. Eg elskar at dei er så ulike, så fulle i fantastiske kvalitetar og så perfekte akkurat som dei er.

Men no er den delen av meg nærmast viska ut. Den delen som gjerne vil vere i rampeljoset. Sjølvsagt vil det sannsynlegvis gå over når kroppen berre får justert seg (*bank i bordet*) men akkurat no er det ikkje noko gøy. Eg saknar å ha energien til å skravle i telefonen. Eg saknar å ha energien til å bli med på noko. Eg saknar….å ha energi!
Og eg saknar is og grilling og hagearbeid og det å kunne ta ein DIGER slurk iskald pepsi max.
THIS STATE IS KILLING ME!!
Eg er allereie så lei av supper at eg trur eg SPYR! Eg er lei av å ha sår på magen. Eg er lei av stikkpillar og au og det å føle at eg er tredd innpå ei vatnflaske utan at det minkar på vatnmengda. Eg er lei av å passe på at eg får i meg nok av ditt og datt.  Eg er lei av minislurkar og å ete med t-skei. 

Ei veke og to dagar att på flytande. Så to veker på mosamat. Eg hadde aldri trudd eg skulle gle meg så mykje til å ete most babymat. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg