30 Things in 30 days. Sånn cirka.

Mann på 34 år sit i hagen og furtar fordi kjerringa sa at no fekk han ta kveld og kome seg inn. Og så seier han at EG må bli vaksen?! *facepalm*

Men over på noko anna. ancient_girl kom over eit deppe-innlegg på ein av privatbloggane mine, og kom med ei genial oppfordring til meg om å lage ei liste over ting eg kan gle meg til framover! Leggje litt planar og belønne meg sjølv etterkvart som eg skrir framover på min supperiske veg. Er det eigentleg eit ord? Supperisk? Bygones.  
Eg har tenkt å gjere det til mi vesle greie; kvar dag skal eg prøve å få gjennomført EIN av desse tinga, og forhåpentlegvis vil dei komande 30 dagane gå SWISJ avgarde. Supper og mosamat til sides. 
Nokre av tinga vil av praktiske orsaker ikkje vere mogleg å gjennomføre før det har gått litt tid, som til dømes punkt 8 og 17, men då tek me det mot slutten av månaden. Som kanskje blir nærmare to månadar, sidan nokre av tinga tek litt meir tid enn ein ettermiddag å få gjennomført.
Men i alle fulle fall; her er lista mi:

1) Plante roser i hagen 
2) Kjøpe ny dongerishorts, som får rompa mi til å sjå heilt SMASHING ut!!
3) Ha jentekveld!!
4) Reise på picknic ved sjøen.
5) Besøke pusebeibisen min; Skumring <3
6) Male hagemøblane
7) Kjøpe ei solseng og liggje i den i berre bikini ein heil ettermiddag og løyse
kryssord og høyre på musikk.
8) Ta ein ny piercing.
9) Gå til frisøren.
10) Bade!!
11) Gå på kinarestaurant.
12) Ta meg ein skikkeleg heimespa-kveld.
13) Farge håret mitt.
14) Bruke gåvekorta mine!!
15) Gå på kino med gubbelusken og sjå Men in Black III
16) Ha full clean-out garasjesal i hagen. Vekk med ALT eg ikkje treng meir!
17) Gå på by’n.
18) Syngje karaoke!
19) Ha grillkveld i hagen.
20) Organisere og planleggje ein ferietur til utlandet.
21) Besøke Gunvor-mi <3
22) Ete knekkebrød med brunost.
23) Reise på hytta og gå på UE i Luster.
24) Ete Deli deLuca-is.
25) Gå på konsert eller stand-up show eller anna show.
26) Plante blomar i blomekassar i hagen.
27) Fiske.
28) Skrive ferdig ei av novellene mine!!
29) Skrekkfilmkveld ein sur og guffen kveld…
30) Ta ein joggetur i regnet!

Nokre av tinga er som ein kanskje ser, både enkle og trivielle. Men det er ting som kan gjere desse komande vekene hakket lettare å kome gjennom + at dei gir meg noko å sjå fram til etter at eg har kome gjennom desse helvetesvekene…
Og om du ser noko på lista som du kunne tenkje deg å ta del i, så er det berre å hyle ut! ^^ Eg er glad for alt det selskapet eg kan få, eg! :oD

 

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg