Operasjonen og litt om det å føle seg så crappy at ein berre vil krype under dyna og bli der.

Omsider har eg samla saman krefter til å sitje meg i go’stolen min og faktisk skrive eit skikkeleg innlegg. Det tok si tid! ;op Heilt utruleg kor tappa for energi eg har vore siste dagane?! Til og med som det sovedyret eg er, er eg overraska! Men idag har eg fått i meg litt mat; tomatsuppe og supermosa kjøtsuppe. Litt energidrikke (som smakar hestepiss, sjølv om dei reklamerar for at det smakar jordbær…?) som berre gjer meg kvalm, og ein del eplejuice og biola med bringebærsmak. Hurra! 
Det er no tre dagar sidan operasjonen, og eg er i det minste heime i mi eiga seng. På eit rom der lufta faktisk sirkulerar. Under ei dyne som har ein annan funksjon enn å berre liggje som ein våt ullsokk oppå meg og få meg til å føle meg nasty. Og med ein dusj, og ein fantastisk assisterande gubbelusk som passar på, kjem med supper, pakkar meg inn når eg frys, byter bandasjar (eg tørr ikkje sjå på såra mine!!) og det som ellers er. Eg er fantastisk heldig som har han. <3

 
Gubbelusken leika fotograf dagen før operasjonen min; eg ser seriøst ut som ein dass,
men eg føler meg smashing på dette bilete samanlikna med kva eg føler no!!

Men ja. Eg føler meg seriøst crap. Eg orkar ikkje ein gong å prate me folk! Telefonen min er av. Dei gongane den har vore på og fått ringje, har eg berre lyst å grine. Eg orkar ikkje prate, både fordi eg har sjukt vondt i halsen mesteparten av tida, og fordi eg er så jæææævlig moody. Eg kan byrje å grine av ingenting, blir sliten av endå mindre, og føler eg har nada å prate med folk om. Og dette igjen gir meg ein helsikes angst, fordi om operasjonen på sikt skal føkke med meg som sosial person, kjem eg til å angre livet av meg!! Hovudgrunnen til at eg opererte meg, var for å bli kvitt diabetesen. Om eg går ned 70 kilo og blir den nye Kate Moss, så drit eg loddrett i heile greia om ikkje diabetesen min forsvinn!! Men neeeidå. Eg gjekk frå å ha eit blodsukker på 5 komma-eit-eller-anna på sjukehuset til å ha over 12 no når eg kom heim. Hurra. Då blei eg glad. 
Heilt seriøst; tek det ikkje knekken på blodsukker-komplikasjonane, er eg freista til å gje ein god bæng i heile greia, og ta opp igjen alle uvanane eg elskar og saknar, og så får livet gå sin gong. Eg vil heller nyte eit kort liv enn å ha det pyton eit langt liv!!
Men det gjennstår å sjå.

Men eg skulle skrive om operasjonen min, eg! Det var jo derfor eg sette meg her. Ikkje for å -berre- sutre! xD
Og heilt seriøst; om nokon der ute vurderar ein slik operasjon BERRE for å bli slanke, dersom ein berre ligg litt over det samfunnet fortel deg at du skal vege: IKKJE GJER DET!!
Det er betre å bli glad i seg sjølv for den du er, og heller vere lukkeleg. Dette er IKKJE noko gøy og dans på roser, er mi meining!

Eg fekk til slutt sett inn veneflon, og dei tok til å dope meg. Eg prøvde å dokumentere ting undervegs, men det var begrensa kva som lot seg gjere. Så la meg illustrere med det eg har:


Sååå sinna! Og sååå nervøs!!

Eg blei trilla ned ein etasje, trur eg, og ført bort i ein gong der ein kjekk pleiar i grønt møtte meg. Han prata og hjelpte meg ut av senga. Eg fekk på meg badehette og CSI-fotposar. Og så var det å tøfle avgarde til operasjonsrommet.
Dei som var der var kjempekoselege. Dei fekk meg oppå bordet medan dei presenterte seg, og skravla iveg om laust og fast. Så kjem det brått frå anestesi-sjukepleiaren, at han ville setje inn ein veneflon på den andre handa mi òg! Og DER kom panikken, merka eg. Det gjekk lissom opp for meg kva som var i ferd med å skje. Fyrst prøvde eg å sei at dei veldig gjerne kunne vente til dei hadde lagt meg i koma, men han insisterte. Eg snudde meg mot den einaste kvinnelege pleiaren eg hadde (faktisk!) og sa: -Okay, men då MÅ eg få halde deg i handa!!
Ho smilte og sa det gjekk fint. Så prata ho med roleg, snill stemme, eg kjende det stakk til i handa, og i neste augneblink var eg i draumeland.
(og berre sånn for å illustrere korleis kjenslene mine er heilt på viddene for tida, så byrja eg faktisk å tute no når eg tenkte på kor koseleg ho pleiaren var!)

Eg hugsa fint lite av dagen då eg vakna. Eg veit gubben var der. Han hadde kjøpt kryssord, EON-hefte og eit nydeleg delfin-smykke til meg. Ei dansk pleierske som var veldig koseleg, vimsa kring og ordna med alt mogleg. Eg orka ikkje snakke, og hadde veldig tørr munn med ekkel smak. Og tørre lepper med kvitt belegg. Hendene mine var tapetisert med plaster og ledningar. Eg var full i ledningar. Eg kunne knapt røre meg. Eg hugsar eg blei snudd nokre gongar, og at eg så vidt registrerte at det hang eit dren ut av magen min som det rann blod og gørr ut av. Men eg hadde ikkje vondt. Det var ømt i magen og vondt i halsen, men eg hadde eigentleg lite vondt! 
Innimellom all sovinga mi, syns eg at eg høyrde nokon sei til meg at eg klarte meg veldig fint til å ha vore operert for så kort tid sidan, og at dette kom til å gå kjempebra.  
Så eg sov. Og sov. Og sov. Det blei natt, og eg veit gubbelusken reiste utpå kvelden. Det kom ei ny pleierske på jobb. Ho var dansk ho med. Ho sa ho skulle vere der i natt. Eg fekk det eg skulle av medisinar, og så sovna eg igjen.

Eg vakna kvar halve time, sånn cirka. Eg hadde tissa ein gong i løpet av dagen, og merka at eg måtte på do igjen. Eg ringde på pleierska, som hjelpte meg på ein dostol. Det var fyrste gong eg var på beina etter operasjonen, og det gjekk eigentleg veldig fint! Litt komplisert når eg hadde så masse lesningar stikkande ut i alle rettningar, og eg følte meg som ei brennmanet på avveie.
Men så byrja ting å bli mindre koseleg på oppvakningsposten. Eg hadde visstnok for høgt blodtrykk, og det virka som om dei som virra kring meg til tider var litt bekymra. I alle fall kom denne danske kjerringa som hadde nattevakt med nokre tablettar og eit lite medisinglas med vatn. Eg hadde jo fått beskjed om å ta bittebitte små slurkar, men ho skulle ha meg til å styrte heile medisinglaset på ein gong. Tidlegare hadde eg òg fått saft med sugerøyr, og ingen av desse tinga var visst vidare bra midt oppi alt. Så vidt eg skjøna. Legen blei for så vidt ganske sjokkert då ho høyrde om begge tinga dagen etter. 
Ho pleiardama mumla eit eller anna, og sa ho skulle kome tilbake. Ho måtte berre hente noko. Medan eg låg der, med berre eit tynt laken over meg, byrja eg å fryse. Eg hakka tenner og skolv. Det føltes som om ho hadde vore vekke ei eve, så eg byrja å lure på om eg hadde misforstått noko; at ho ikkje kom igjen. Kanskje det var nokon andre der ute som kunne hjelpe meg?
Eg trakk i snora. Ho kom springande tilbake etter ei stund, gjekk heilt opp i fjeset på meg, og sa skikkeleg surt: -Høyrde du ikkje at eg sa eg skulle kome tilbake?
-Nei…Eg berre…frys så fælt!
-Ja, det er ikkje som om det er nokon andre som kunne hjelpe deg her. Og det kunne då vente i to minutt?
Hadde eg vore i fin form og meg sjølv heilt 100%, så hadde den fitta fått seg ein på trynet så det song. Det er mogleg dei måtte leitt etter nasebeinet hennar i bakhovudet i etterkant. Frekke folk burde ha forbod mot å jobbe med, tja både folk og dyr. Dei burde blitt henvist til å vaske bekken i ein eller annan kald steinkjellar!!
Men der låg eg då, og følte meg liten, iskald og eigentleg livredd. Så eg gjorde noko eg aldri brukar å gjere; eg byrja å tute. Eg prøvde å skjule det, men eg veit ho la merke til det. Ho gjorde seg berre ferdig med det ho skulle, og trampa ut. Og der låg eg igjen aleine, og hadde lyst å sende ein varmesøkjande rakett opp i ræva på kvinnfolket.

Heldigvis måtte eg ha minimalt med det mennesket å gjere etterpå. Då sola keik opp framfor vindauga mitt (eg hadde ein fantastisk utsikt, og månen den natta medan eg låg der var rett og slett spektakulær!! Eg skulle ynskje eg kunne teke bilete, men sånt er fy-fy på den avdelinga der dei hadde parkert meg) kom det ein hyggeleg fyr som heitte Alan inn. Han fjerna alle ledningane mine, og eg merka ikkje ein gong at han tok ut pulskrana mi! Som for så vidt var heilt genialt; eg slapp såååå mange blodprøvar fordi dei berre kunne hente blod frå den! <3
Eg fekk gå på badet og vaske meg, og følte meg nesten som eit nytt menneske.
Ikkje lengje etter sende dei meg tilbake til avdelinga mi, der eg skulle vere til eg blei utskriven. Min kompanjong i nauden var allereie komen tilbake, og dei to eldre damene eg hadde på rommet var i full vigør. Ho eine viste seg å vere 90 år gamal, og hadde både iPad og iPod! Haha, eg var faktisk rimeleg imponert! ^^

Slik var då begge hendene mine tape’a på plass og fulle i røyr då eg omsider
hadde lov å bruke kamera igjen! Eit røyr mindre, vel og merke, for puls-tappe-kranen
blei fjerna. 

 

I utgongspunktet hadde eg vore småleg skuffa fordi me måtte bu fire stykk på eit rom! Men då eg blei trilla opp igjen, var det faktisk to personar som måtte bu på gongen utanfor rommet vårt! 
Eg blei eigentleg forferdeleg provosert under heile opphaldet mitt på sjukehuset, eg. Dette er Noreg; verdas rikaste land. Og folk som er sjuke og treng hjelp blir plassert på fellesrom eller på gongen?! Det er heilt på TRYNET!! Gjett om eg så absolutt skal engasjere meg litt meir i helse-Noreg sin politikk om eg klarar å karre meg tilbake til politikken!?


Heilt avsluttningsvis inkluderar eg eit lite snap-shot av korleis magen min ser ut no. Eg har lyst å ta nokre bilete av meg sjølv i meir full-scale, men eg føler meg seriøst så nasty at det ikkje fristar litt ein gong. Syns DETTE bilete er nasty òg, eg. Eg har jo ikkje fått vaska meg skikkeleg eller noko medan eg var på sjukehuset! Men no er eg dusja og har fått lagt på litt hudkrem i trynet, parfyme og vaska håret. Eg føler meg i det minste betre, sjølv om eg framleis føler ei trong til å krype under dyna og gøyme meg for verda. 

Me får ta det som det kjem.
 

 

 

 

 

2 kommentarer
    1. Off, for en kjip opplevelse, men det er jo operasjoner generelt. Jeg tok mandlene i april og det er de verste to ukene jeg har hatt i mitt liv. Prøver etter beste evne å fortrenger det! Me nå er du ferdig med det, og det kan bare bli bedre heretter ikke sant? Hvor lenge må du vente før du kan forvente resultater av om diabetesen har blitt bedre da?

    2. Støvkorn: Operasjonar er både kjipe og skumle, det er eg heilt einig med deg i! ;o) Tok sjølv mandlane då eg var masse yngre, og eg syns framleis det er kjempecreepy å tenkje tilbake på! :O Men jaudå, det skal vel i teorien berre gå framover no? Litt opp og ned sjølvsagt, men i det minste rett veg!
      Resultata må eg vel berre vente og sjå an. Når eg fyrst byrjar å gå ned i vekt, er det vel håp om at ting stabiliserar seg! ;o) Eg meinar; eg hadde jo perfekt blodsukker då eg reiste frå sjukehuset i det minste! ;o)

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg