Meg: Ein medisinsk kuriositet.

Etter å ha stått opp og fått i meg litt mat til eit noko lunde allment akseptert klokkeslett idag, gjekk det ikkje lengje før eg var tilbake under dyna. Ikkje fordi eg var noko vidare trøytt, men fordi eg fraus heilt ut i hårspissane. 
Så medan eg låg der under dyna mi og hutra, med klede på og 40 varmegrader på soverommet, byrja eg å fundere over kor pussig eg EIGENTLEG er skrudd saman. Eg meinar; tidlegare har eg hevda at Freud hadde gått ut av side gode skinn om han hadde fått rota kring oppi topploket mitt, men eg trur faktisk  Emil Adolf von Behring (som for ordens skuld var den fyrste som mottok Nobels Medisinpris. Så veit du det!) ville meint eg var eit historisk fantastisk og særs facinerande objekt han med.

Ta dette med korleis eg blir liggjande i fosterstilling under to dyner og fryse. Det er det som skjer når eg får vondt. Det hjelp ikkje kor varm verda er; eg kunne lagt på ei solseng. I ein steikeovn. I termodress. Med øyrevarmarar. Og likevel frose ræva av meg. Det går jo fort over, men eg frys intenst. Det som er au går veldig ofte over, og blir erstatta av at eg frys inni meg. Og det er for så vidt heilt greit, for det er tross alt betre å fryse enn å ha vondt!
Det er ikkje som at eg får fryseanfall om eg dunkar hovudet i ei skapdør som eg gløymde å lukke før eg retta meg opp igjen! Det må vere ting som verkeleg gjer vondt! Menssmerter eller sånn som no; operasjonsau.

Men eg har ein mystisk medisinsk tendens til, eg! Og denne sit i halebeinet. Det fungerar slik, at når eg ser eller høyrer noko som høyres vondt ut, så får eg vondt i halebeinet. La oss sei at nokon visar meg eit sår som ser skikkeleg vondt ut, så må eg ofte reise litt på meg. Halebeinet mitt skrik ut i smerte. Dette fører då i tillegg til ein annan fin-fin mekanisme. Så lengje eg ikkje ser mine eigne sår, så har eg overhovud ikkje vondt, eg! xD Men ser eg på dei, får eg vondt BÅDE der som såret er, OG i halebeinet!

Det er meir òg. Men eg føler meg foreløpig ikkje heilt kvalifisert til eigen utstillingshjørne hjå Ripley’s Believe it or Not endå! xD Så me får ta det seinare. Sometime.
Signing off, og forflyttar skrotten ut i sola.   

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg