For min del er det då den melder seg. Skrivekløen. Gjerne i kombinasjon med eit “gah-eg-gidd-ikkje-fixe-bilete-til-bloggen-bilete-noooo”-anfall. Og medan dette står på, ligg det ein kar i senga og ropar: -Iniiiiin! Men skrivekløen er der framleis. Eg har mest av alt lyst å gje meg i kast med ein av romanane mine når det byrjar sånn; hovudet er stappfult av gode idèar, men klokka tikkar mot halv tre om natta, og eg VEIT eg burde gå og pusse tennene, og finne loppekassa. Det er berre så pyton når hjernen er så i siget!!
Kva er det eigentleg som gjer at kreativiteten boblar over når mørkret får senka seg?! Eg har ein teori om at det er stilla som lokkar det fram. Og i tillegg utviklar eg eit særs kreativt tankemønster når natta fell på. Det er alvar og tussar og troll og spøkelser opp og i mente. Trollmenn og magi og dragar and you name it. Fine tenkje-verda.
Dei fjøsnissane som fann ut at det skulle vere på -dagtid- alt skal foregå, skulle hatt seg ein knyttneve i naserota. Men ein trøyst i det heile er vel at eg no har fått lasta bileta frå speiglreflekskamera mitt inn på pc’en, og dermed har eg tilgjengeleg noko å publisere her på bloggen min. Snart. Ein dag. Når eg berre finn tida. Og vegen ut av Azeroth.
Dæng. Så har det ikkje blitt heilt som planlagd med blogginga mi sidan….uhm, forever.
Eksamen, skulearbeid, student-TV, mannfolk, pusekattar og ikkje minst nokre påkrevde WoW-breaks har vore ganske så essensielle siste tida. Men sumarferien er her, og eg vurderar å leggje om livsstilen. Igjen. Nei, eg skal ikkje koste støvet av joggeskoa og kutte ned alkoholinntaket. Heller ikkje leggje om kosthaldet. Ikkje så masse i alle fall. Litt mindre grillmat hadde sikkert gjort seg, men så lengje kursen er nokon lunde stø og hovudinnhaldet er kyllingfilèt og salat, så er det knapt nokon som kan klage. Men det å faktisk P-L-A-N-L-E-G-G-J-E dagane sine, hadde heilt sikkert vore ein god start. Sånn som å stå opp til ei cirka fast tid, ete faste måltid og tenkje i følgjande baner: “Eg kunne jo sett meg ned og skrive litt….? Sånn etter at eg har teke oppvaska og skifta i kattekassa?” Det er planen for sumaren å innføre. (og har me høyrd DEN før lzm?)
Men kors på halsen; eg saknar å blogge. Eg saknar å skrive, og eg saknar å sosialisere meg både online og IRL. Eg har ikkje vore den flinkaste der siste månadane. Og det innrømmar eg. I guess it’s called luuuuv <3 Så, ein kjapp øppdeit er kanskje på sin plass:
Eg var singel. Så var eg det brått ikkje likevel, men i staden nyforelska og rimeleg happy. 10 års ekteskap var lagt bak meg, og i april flytta min beste ven og nye kjæraste inn her hjå meg. KissKiss, som er det særs klissete namnet eg har…uhm, klistra på han. Han kallar meg Alven. Kosealven. Og me er skikkeleg teite, begge elskar Monty Python og kattar (eg elskar jo alle dyr, så sånn sett er det greit for meg!), og me kranglar om dei teitaste tinga i verda. Som kven som har laga ripe i steikepanna, og kvifor det ikkje er ein genial ting å vaske hendene i oppvaskkummen når den er full i oppvask. Og gjett kva? Eg elskar det. Eg føler meg 19 år igjen. Ære-være-K’Man. <3
Og så er me supernerdar begge to; han elskar tekniske duppedittar og ting han kan skru på, er eit matematisk fantom og kan merkelege ting som eg ikkje ein gong anar kva er for noko. Som til dømes Java. Som eg BURDE vite kva er for noko, men som eg etter å ha studert det eit halvt år, innsåg at var klingonsk for meg. Og eg elskar dataspel, fantasy, dragar, dokker, datamaskina mi og denslags ting som er viktige i livet.
**2**
Eg er blitt mamma igjen! Til verdas nydelegaste vesle gut, som har fått det velklingande namnet St. Angus McLennard I. Eit namn som verkeleg står i stil med Khavi-Malawi Maluski og Raphaela Salvadòra von der Bustenskjold III, som er blitt stolte storesystre. Puseguten vår blei henta frå Hardanger i mai, og har altfor mange tær og enorme fotar i forhold til resten av den vesle kroppen, men han er så fantastisk at det går ikkje an å ikkje elske han frå fyrste stund. Me måtte vel og merke omplassere Marky då eg og x-lusken gjekk frå kvarandre, og eg saknar det å ha hund så masse at det verk i kroppen, men eg må nok sjå i øyrena at K-Man har rett når han seier at hund krev litt meir tid enn kva me har til rådigheit framover…..
**3**
For fyrste gong i livet kan eg sjå meg i speiglen og tenkje “WOW”! Eg har framleis meir på kroppen enn det rosabloggarane har sett som standard, og p-plasteret mitt gir meg så masse kviser at eg ser ut som ein pizza i trynet. Og etter at eg fekk pusebeibi i huset, har leggane mine utvikla seg til noko som minnar om ein kryssning mellom ein entusiastisk sjølvskadar sitt meisterverk og eit halvhjarta Picasso-måleri, men eg gir bæng. Denne veka bada eg faktisk topplaus utan å ofre tilskodarane ein tanke, og gå tilbake eit halvt år så ville det vore sånn cirka det siste eg hadde gjort her i livet. Eg hadde for så vidt sannsynlegvis frose ihjel i prosessen i tillegg. Men eg føler meg BRA!
….i det store og det heile er eg ganske så lukkeleg. Og det føles fantastisk. Nokre ting endrar seg neppe; eg er framleis pepsi max-addict, spelar altfor mykje dataspel, har endå ikkje funne ut kva eg eigentleg vil bli her i livet, og døgnet har framleis for få timar å ta av. Men det gjer ikkje så mykje. Og strengt tatt er det eigentleg det aller viktigaste.
Jada, jada. Eg VEIT eg sa eg skulle skrive cirka eit innlegg i veka dette året. Og nei, det har dessverre ikkje blitt tid til det. Verda mi har vore mildt sagt hektisk siste par månadane, så eg får freiste å starte på nytt. No. Snart. Kanskje allereie til neste veke. Consider this a fresh start! ^^
For no er det på tide med ei oppdatert ynskjeliste!! Bursdagen min er rett kring hjørnet, og eg har i det minste freista å vere hakket kortare på ynskjeliste-fronten enn på lengje. Så ladies and gentlemen; dette vil eg gjerne få til bursdagen min!! <3
Eg har for tida fått litt Sims-dilla, så det er to pakkar eg har VELDIG lyst å utvide samlinga mi med!
Studentliv og De Fire Årstider. Andre stæsj-pakkar er òg hjarteleg velkomne, men mest av alt er det desse to som trunar høgast på lista! ^^
I tillegg er det nokre spel til eg gjerne skulle hatt klørne i, hovudsakeleg til pc sidan eg snart er utan PS3, men eg takkar ikkje nei til å få dei på konsoll anyways! Det ligg i planane å skaffe seg ein ny, nemleg!
PC & PS3-spel: TombRaider The Walking Dead – Survial Instinct SimCity
Det er ikkje så veldig mange filmar som ligg høgt på lista i år, men det er nokre få:
DVD/BlueRay: Men in Black 3 StarWars-samlepakke (helst på BlueRay)
Nokre ting må det nesten vere plass til òg. Relativt fornuftige ting, faktisk! :oD
Gryteklutar (for eg har nesten ingen fine igjen! Marky åt seg godt veg gjennom samlinga…) Nøkkelskap, type nostalgisk Okay, den siste var vel meir tøff enn nostalgisk, men eg ynskjer meg noko fin-fint å hengje i gongen jaffal! Den eg har vil ikkje nøklane hengje på lengjer! :O
Oooog, eg tenkte å gjere huset mitt litt meir oversikteleg, og då treng eg oppbevaringsboksar. MASSE oppbevaringsboksar. Til alt frå vaskepulver, knekkebrød, kattemat og hei som det går!
Berre for å illustrere nokre dømer på fine oppbevaringsduppedittar! ^^ Mesteparten av dette er frå Kremmerhuset, men oppbevaring er stikkordet!
Så kjem Monster High-dokkene. Det er kanskje det einaste på ynskjelista mi som er litt “off” denne gongen! Men eg ELSKAR dei.
Går det an å -ikkje- elske dei?! Så JA! Sånne har eg lyst på! Såg dei hadde dei til 99,- på ein leikebutikk (som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på!!) så då er ikkje prisen så ille? Har (dessverre) berre Rochelle Goyle foreløpig (gargoyle’en, if U didn’t get that?), men eg håpar på å få utvida samlinga på sikt! ^^
Eg ynskjer meg faktisk ei yoga-matte! Har veldig lyst å byrje med yoga, men ei frisk matte å utfalde seg på hadde gjort seg! Og ein embosser hadde vore fint. Eg hadde ein fantastisk draum der mor mi hadde funne ein LILLA ein til meg, og eg var heilt i ekstase!! Finaste fargen jo! :oD Ikkje at den treng vere rosa eller neongrøn eller noko fancy sånn eigentleg. Så lengje den virkar er eg meir enn nøygd! ^^
Nokon som hugsar desse frå DNA?
Dei er sjølvsagt frameis på lista. Og om skjebnen ikkje skjenkar meg desse skoa i denne omgongen heller, så får dei heller forflytte seg til lista over ting eg sparar til. Medan eg intenst håpar dei snart kjem på sal!!
Og så ynskjer eg meg ei krydderhylle. Fann ei på Black Design som funka, og fann i same slengjen ei handfull andre ting eg falt for:
Har falt skikkeleg for dei tallerkane med sånn hjartekopp til! Helst i svart. Aaaaw, finaste! ^^
Og så er det nokre bøker eg har veldig lyst på!
Bøker: I Am Legend Hitchiker’s Guide to the Galaxy Alle Harry Potter-bøkene, helst på engelsk!
Og så har eg veldig lyst på den nyaste CD’en til Lordi: To Beast or Not to Beast!!
Likar du å gje gåvekort? Her er nokre veldig gode forslag til gåvekort EG syns er fantastiske å få!
Og sist men ikkje minst: EG YNSKJER MEG PENGAR!!!! Eg har sjukt mange planar for ting eg har lyst å kjøpe, som må sparast til. Fyrst og fremst sparar eg til å ha råd til ein kinesisk nakenhund. Og så vil eg på FERIE snart!! Type utlandet! ^^ Billettar til Nick Cave-konserten i Bergen i sumar hadde vore utruleg fantastisk òg, dersom det ikkje blir utseld før økonomien min stabiliserar seg. Pluss at eg lever i trua om å få råd til nagleskoa min. Sånne dyre sko må det rett og slett setjast av ei årsløn til! xD Og heilt til sist: Eg vil ha meg ny PlayStation! PS3, vel og merke. Teite PS4 er visstnok ikkje kompatibel med spela mine. Dummingane.
And there you go! Jaggu blei det nokre ting på lista mi i år òg! xD
Det går mot betre tider. Håpar eg. Siste veka har eg hangla kring med tett nase og småitchy hals, og berre hatt utruleg masse sympati med meg sjølv. Men laurdags morgon vakna eg og hadde ALL grunn til å påføre meg sjølv litt ekstra sjølvpleie. Og omtanke. Og det som ellers er påkrevd når ein vaknar med influensa. Sånn som sjokoladeis frå Ben & Jerry’s til over 60 kroner boksen. *uuups*
Men eg trur kanskje eg greidde å bremse det heilt store influensa-forfallet litt, med mine forebyggjande tiltak. Så eg tenkte eg skulle dele mine tre beste “kjerringråd” som bør følgjast når ein merkar at helsa byrjar å skrante: Kamille-te med honning: Eg syns det smakte hestepiss med tilsett sukker i starten, men etterkvart som eg blei van med smaken, var det eigentleg ikkje så ille. Faktisk er kamille-te beroligande og koseleg. Og eg føler meg særs alternativ når eg sit der og nippar i den. Men framfor alt er den super-effektiv når forkjølelsen set inn! Berre hugs honningen. Det er mange som har gått på limpinnen der, og droppa den, med det resultatet at dei vaknar akkurat like sjuke som dei hadde gjort utan råda mine. Så, altso. Honning er alfa og omega når ein fyrst skal ta knekken på ein teit forkjølelse. Og kamille-teen kan verken bli for sterk eller på nokon måte OD’ast!! Putt gjerne TO te-posar i koppen din. Og fyll på med ei RAUS te-skei honning. Eg held ein knapp på den honningen med Ole Brumm på. Den er litt ekstra…eh, søt. Hm. Pøs på! Drikk som om du ikkje har gjort anna! Eg kan love deg du ikkje kjem til å angre! ^^
Sitron: Eg har høyrd rykter om at c-vitaminar skal vere sunt og godt og forebyggjande. Om det stemmer, så bør ein sannsynlegvis få i seg rikeleg av dette òg, når vinterkulda tvingar seg ned i lungene og får deg til å rasle og surkle som ein vaskemaskin med akutt reperasjonsbehov. Dette er grunnen til at eg køyrer sitron-shots når eg merkar at helsa hanglar. Eit shot-glas (eventuelt eit eggeglas) med sitronsaft, anten nypressa eller frå sånne flasker som ein dryp i teen sin, morgon og kveld, og kroppen får eit ekstra lite push i rett rettning. Som vil sei vekk ifrå rennande nase, sår hals og mindre praktisk whiskeystemme.
Søvn: Den som søv, syndar ikkje. Eller så har han akkurat synda, og innhentar seg sjølv. Uansett, så kan ein ikkje sove nok når ein er sjuk. Pakk deg inn i ei varm, god dyne, ta på deg favoritt-pysjamasen, få kjærasten, naboen eller romkameraten din, eller ein tilfeldig passerande til å dunke puta di så den blir luftig og og å liggje på, og bestill ein einvegs-billett til Draumeland. Overstay your welcome. Og nyt det. Eg er overbevist om at eg har vore litt betre for kvar gong eg har opna gluggane etter ein time eller to på auga.
….og sist men ikkje minst, har eg oppdaga at gelè faktisk er ein god ven i nauden. Eg er litt usikker på kor mykje cred den fortenar, men eg har kvelva i meg ein heil boks, og likar å tru at sidan gelè i utgongspunktet er vatn i fast form, så vil det bidra til at væske-inntaket i skrotten blir høgare. Og det skal visst vere bra det med, når ein fyrst ligg der! ^^ Såh, eg anbefalar folk å ete gelè. Om fleire føler det faktisk virkar, så gje meg ein lyd! xD La oss håpe at eg i morgon vaknar endå friskare og raskare enn på lengje. Det ville så absolutt gjort seg.
Bileta er lånt frå: http://www.123rf.com/photo_7826419_herbal-camomile-tea-on-a-white-background.html http://www.vitalen.no/frukt/sitron.html http://maidimoo.wordpress.com/2012/06/26/this-seems-fitting-right-now/
Eg og Nett’n snudde nasa mot by’n i går, for å gjere den både raud og utrygg. Og av god gamal tradisjon, enda me på Scotchman. Her rista me rompa, kvelva i oss nokre pils og kvar sin strawberry daiquiri, og hadde det eigentleg veldig fint.
Så blei ting endå finare. Har eg nemnd at eg aldri blir sjekka opp på by’n? Vel, det er tilfellet. Ikkje sjekka opp på andre måtar enn drita fulle mannfolk som trur at det å gni snoppen sin oppetter ryggen din på dansegolvet er ein form for velfungerande kurtise. Og dei får som regel ein platåsko godt plassert akkurat der deira framtidige arvingar held til. Men eg gjorde ein liten deal med meg sjølv denne dagen. Kva om eg faktisk freistar å vere smilande, blid og hyggeleg mot alle som snublar innanfor mi komforsone? La meg leggje til at eg på denne kvelden ikkje var mindre skummel enn eg brukar å vere: Håret i hanekam, piercingane tydeleg plassert i øyre og nase, kjettingar på kryss og tvers, skotskrutete miniskjørt, svart sliten nettingtopp og platåstøvlettar på beina. Andlete var iført krigsmåling i tonane grått og grålilla, og dei tre kvisene som så absolutt ville vise seg fram i mitt allereie bleike fjes, var gøymd bak eit lett lag bleik foundation. Som eg mange gongar har fått høyre at får meg til å sjå endå bleikare ut enn eg har for vane å gjere. But I luv it; det står i stil til resten av skrotten.
Men tilbake til dei sjarmerande herremannane som faktisk presterte å gjere kvelden min til noko heilt spesielt. Eg forlot Nett’n si side for å snike meg ut og ta ein blås. Medan eg stod der og tasta litt på mobilen, kjem det to karar bort til meg. Eg keik opp. -Du er berre utruleg fin, seier den eine. -Heilt seriøst, du står skikkeleg ut i mengda; du er dritfin! Hadde det ikkje vore for foundationen, hadde eg raudna frå hårrøtene og heilt ned i platåskotuppane. Eg klistra på meg eit smil. -Tusen takk; det er ikkje så ofte eg høyrer, sa eg. -Seriøst? Du er jo berre utruleg fin! Kompisen hans smilte sjenert. Dei overausa meg med kompliment, og eg følte meg som ein supermodell der eg stod. Samtalen dreia seg inn på piercingar og tatoveringar, og gutane var veldig opphengde i korleis tattisar var ting ein gjerne kom til å angre på når dei nærma seg 40. Eg held klokeleg kjeft om kor mykje nærmare eg var den alderen enn dei; eg vil tippe dei begge var i starten av 20-åra. Røykepausen min gjekk mot slutten, og nokon ropa på han eine fyren. Han snudde seg og svara, og vende seg tilbake til kompisen. -Eg må inn igjen. Kjem du, eller vil du heller stå her med pene damen? Kompisen hans såg i bakken litt sjenert. -Bli her, sa han. -Pene damen er ferdig å røyke, så eg må inn igjen eg med, svara eg. Så ga eg dei eit hyggeleg smil, og rusla tilbake til Nett’n.
Nett’n fann seg kort etter ein dansepartnar frå India, som hadde supersøte krøllar og som eg hadde utpeikt som ein av dei få snæxxi individa i forsamlinga den kvelden. Han kom bort og prata med oss litt etterpå, og introduserte kompisen sin for oss. Så forsvann han tilbake på dansegolvet, og eg og Nett’n kasta oss tilbake i rytmane. Brått er det ein fyr som kjem frå det store intet og står heilt opp i andlete mitt. Nett’n forsvann, og der stod eg med ein fyr som eg ikkje ante kvar hadde kome frå. Han lurte på kva eg dreiv med; om eg var student? Samtalen var ein smule vanskeleg å halde i gong, i og med at musikken var høg og han tydelegvis høyrde like dårleg som meg. Ungfole i starten av 20-åra han med. Han strauk meg over håret og stira på meg med eit særs intenst blikk. Ei lita stund var eg nærmast redd for at fyren skulle gå ned på kne og fri til meg eller noko tilsvarande, så eg orsaka meg med at venninna mi såg så einsam ut og at eg måtte tilbake til ho.
Då eg nokre timar seinare sat på bussen heim, måtte eg smile litt for meg sjølv. At eg skulle oppleve denne typen merksemd hadde eg faktisk aldri trudd. Eg har aldri sett på meg sjølv som pen, men trivst veldig godt som skummel og mystisk. Men er det rett og slett det at eg har gått kraftig ned i vekt som gjer at folk faktisk vågar å kome innpå meg? Er menneska på denne planeta verkeleg så shallow?? Når eg berre har pengar til det, går turen til frisøren. Eg skal bli blondine, og freistar verkeleg å ta ein tur på by’n med blonde lokkar, kort skjørt og ekte babe-wrapping i outfit’n. Berre for å sjå korleis dei har det på DEN sida av menneskeheita! ^^
Eg MÅ berre anbefale eit produkt. Eg har ikkje for vane å gjere det, kanskje mest fordi eg så sjeldan snublar over produkt som berre er heilt utrulege, men denne MÅ eg dele. Det er mi plikt som medmenneske og samfunnsorientert medborgar!
Eg var innom Boots Apotek for å hente nokre medisinar her om dagen, og dei hadde eit tilbod med at om du handla for over 50 kroner, fekk du eit gåvekort på 200 kroner som du kunne bruke i januar. Pengar spart er pengar tent, eller kva det no heiter? Så eg røska med meg eit produkt frå Soap & Glory-hylla deira. Eg har ein facescrub i det merket frå før, og elskar for så vidt designet på produkta deira, så why not?
Eg har prøvd mange handkremar i mi tid. Som regel er dei klissete, og etterlet seg ei ekkel hinne på huda leeeeengje etter at eg har tatt det på, andre funkar sånn halvpasse, og nokre funkar ikkje i det heile. Men DENNE! Åååh, eg har funne -min- handkrem! <3
Den trekk fort inni, og den gjer faktisk huda mi mjuk som berre fy! Og så luktar den så godt at eg har lyst å eeeeteeee den! xD Haha, det er ei sånn greie eg har med handkremar; nokre luktar rett og slett for godt.
Og gubben min, som er plaga med skikkeleg tørr og sår hud på hendene, syns den funkar fantastisk! No er ikkje han fult så flink å smørje hendene sine som det eg er, men det er tydeleg skilnad!
Noko seier meg at det gåvekortet frå Boots skal brukast på fleire Soap & Glory-produkt! ^^
Så var nok eit år omme, og eg har så langt greidd å unngå å tryne inn i det nye året, i motsetjing til kva eg gjerne har bruka å gjere. Det blei ei roleg nyttårsfeiring, hovudsakeleg med pinnekjøt og Buffy. Martine var her, og ein kan sei at stemora hennar sette VELDIG stor pris på at trultao endeleg ville sjå Buffy med ho igjen! <3 Whohoo! :oD
Men når eit nytt år står for døra, så er det på høg tid å kome med nokre nyttårsforsett som eg kan bryte! I 2013 skal eg prøve å gjere følgjande:
Setje av ein dag i veka til kreative hobbyar
Det vere seg brevskriving, scrapping, male, foto….Eg har så mange prosjekt liggjande, at eg burde så absolutt sjå til å bli ferdig med nokre av dei! Vurderar å setje av sundagane til sånt noko. Før var eg jo kjempeflink til å vere kreativ, om enn ikkje kjempeflink kreativt, og eg saknar det verkeleg. Særleg det med å få bilete i album burde eg skjerpe meg på. Det er så utruleg koseleg å ha sånne fine minner i orden og permar! ^^
Skrive!!
Bøkene mine blir ALDRI ferdige. Men eg skal setje av litt tid til å faktisk skrive no. Ha med meg noko på laptopen som eg kan putle med når eg sit og ventar på bussen eller eventuelt når eg sit på bussen. Målet er å få ferdig anten Calendilah eller Med ei Grav i Helvete, men sannsynlegvis blir det novellesamlinga eg kjem til å satse hardast på.
Lese på senga
Eg saknar å forsvinne inn i verda til Tolkien, C.S. Lewis, Anne Rice og dei andre favorittforfattarane mine. Dei siste åra har eg hovudsakeleg lese teikneseriar, og for all del! Eg ELSKAR teikneseriar! Men som regel har gubbelusken masa om å få slått av ljoset, og dermed blir det ikkje så mykje lesing. Men no er det nok. No VIL eg lese litt kvar kveld. Eg får heller fortelje han fyren min at det styrkar skriveferdigheitane; han masar tross alt hòl i hovudet på meg om at eg må bli ferdig med bøkene mine! xD
Trene
Jepp, eg skal trene. Eg skal melde meg inn på SiB, og stille i joggebukse og med go’sko på beina, og bli både støl, sveitt og sliten. Her skal det strammast opp både her og der, for sånn det er no heng ting litt og sleng. Kroppen min er blitt AMAZING etter operasjonen, men eg har knapt hatt tid til å trene. Eller råd. Eller ballar nok til å trappe opp aleine borte på Sprek & Blid. Men med (forhåpentlegvis) psykisk støtte frå Cejo satsar eg på å kome igong igjen. Poledancing freistar òg, men det får me sjå litt an. Økonomien får avgjere om det i det heile blir eit alternativ!
Blogge
Eg fattar eigentleg ikkje kva som skjedde på bloggefronten. Brått blei det nada blogging og masse fjasing her i garden. Før dokumenterte eg nærmast kvar einaste dag i detalj, men så stoppa alt opp. No more. Eg vil prøve å kome inn i bloggemodus igjen, og i det minste klare eit blogginnlegg i veka. Jiiz, eg byrjar å innsjå at eg blir nøydd å stå tidleg opp om dagane for å få tid til alt! xD Men då har eg i det minste masse å skrive om, sidan dagane brått blir lengjer! xD
Prioritere venane mine <3
Herregud, eg føler eg har fullstendig ramla ut av det sosiale laget! Dagane har vore så hektiske, og det har vore så mykje som har foregått, at eg føler eg har forsømd venane mine noko så hinsides! :O Dei betyr jo ALT for meg; kvifor har det då sklidd sånn ut!? Nei, nok er nok. No skal det lagast avtalar, og avtalar skal haldast. Jentekveldar, pils på by’n med go’gutta mine, spelekveldar og kafèvitjingar: I’m back! Om dei stakkarane eg har forsømd i det heile er villege til å ta meg tilbake? Oooog, eg må bli flinkare å ringje folk. Det er enkelte som bur litt for langt vekke til at eg får prata med dei dagleg face-to-face, og dei må eg ikkje gløyme! :O
LEVE!!
Eg lovar å gå på trynet, både i edru og bedugga tilstand. Eg kjem til å utsetje å betale rekningane mine fordi eg heller vil kjøpe akkurat DET skoparet. Eller DEN veska. Eg lovar å forsove meg, bli hyperstressa når eksamenstida nærmar seg, nerde i litt fleire timar enn det som sannsynlegvis er anbefalt, og eg kan garantere at eg kjem til å ete ein og anna sjokolade som eg ikkje hadde hatt vidare godt av. Du skal ikkje sjå bort ifrå at du får ein telefon eller ei melding frå meg midt på natta, fordi eg brått finn ut at eg gjerne skulle hatt DEG med på akkurat DEN festen. Eller fordi eg brått finn ut at eg er sjukt glad i deg. Du kjem til å riste på hovudet neste gong eg går til frisøren, og sei: -Kor gamal ER du eigentleg?! Det same gjeld klesskapet mitt; det blir ikkje shoppa inn kjipe vaksenklede når garderoben min skal fornyast. Men eg elskar faktisk livet mitt. Og det har eg så absolutt tenkt å halde fram med i 2013!
Eg skal ikkje skryte på meg å vere kristen. Ikkje eit fnugg av den typen religiøsitet flyt i mine årer. Men eg er svak for jula. Og til jul må ein ha julekrybbe. Det høyrer heilt klart med.
Då eg var lita var det å vere med å setje opp julekrybba sånn cirka det største med pyntinga. Mamma hadde ei fancy julekrybbe frå 70-talet (tippar eg?) med masse halm og lilla vatt og gullmålte sponplate-stjerner. Den var nydeleg. Figurane var magiske, og det var ikkje sjeldan at eg naska med meg Jesusbarnet (som kunne takast ut av krybba!), Josef og Maria og tok dei med på ein klatreekspedisjon i juletreet. Litt morro måtte jo dei få òg, den vesle stunda av året dei fekk lov å stå på utstilling! Noko liknande desse figurane var det mamma hadde å skilte med. Samt ein gjetar som hadde fått lov å vere med på morroa. Og nokre av figurane hadde mamma tatt fram dei kreative gena sine for og gitt eit målingstrøk. Eg freista å gjere det same, men i mitt tilfelle gjorde eg jobben med modellkitt. Noko som ikkje hadde den ynskte effekten; kven har nokon sinne høyrd at det var grøne sauar med i Lukas-evangeliet?
Så blei eg vaksen, og julepyntsamlinga mi vaks. Den himmelske hærskare inntok kvar jul stova mi, i aukande antal. Minst ein engel kom til englekoret kvart år. Men ein ting mangla: Julekrybba. Men ingenting av det på marknaden kunne matche det fantasifulle fargespelet som mamma henta fram kvart år. Figurane ein fann i butikkane her til lands, var stort sett kjipe porselensfigurar og ikkje var dei mange heller. “Mi” julekrybbe skulle ha flust i figurar. MINST 24 stykkjer. Eller, helst 24 stykkjer. Nokre av figurane var jo særs nydelege, og akkurat slik som eg ville ha dei.
Og så finst det nokre artige variantar som ikkje direkte står øverst på ynskjelista mi, men som hadde gjort set bra som kuriositetar:
Aaaaw, how cute is THAT? xD
Men alt kokar ned til at eg finn ikkje den perfekte julekrybba. Eg trudde eg fann den på GlassMagasinet for 5-6 år sidan, då eg snubla over ei fantastisk symbiose av glas og stein, med nydelege figurar. Men antalet tusenlappar som denne skatten ville ha frårøva meg, overskreid mitt generelle julebudsjett med god margin. Så eg vinka farvel til den, og held fram jakta.
No har eg derimot gitt opp, og kome på andre tankar. Skal ein få gjort noko rett, må ein gjere det sjølv. Så når det går mot jul til neste år, er planen å setje i gong med hammar og spikar. Eller i det minste sånne bittesmå mininagler og ein limpistol. Litt rakved og nokre mosedottar, og ein stein eller to. Og så skal eg oppdrive eit keramikk-kurs, og modellere meg fram akkurat den julekrybba eg har lengta etter. Med heile 24 figurar; ein for kvar dag gjennom advent:
Maria
Josef
Jesusbarnet
Eselet
Okse
Gjetar 1
Gjetar 2
Gjetar med sau på skuldrene
Gjetar (born)
Gjetar (born)
Heilag konge 1
Heilag konge 2
Heilag konge 3
Kamel
Elefant
Sau 1
Sau 2
Sau med lam
«Dobbelsau»
Engel 1
Engel 2
Engel 3
Engel 4
Gjetarhund
Eg trur det kan bli eit fantastisk spennande prosjekt, eg! Så om du veit om nokon som driv kurs i figurmodellering innan keramikk, så gje meg gjerne ein lyd! Kanskje kjem ENDELEG den ultimate julekrybba i hus her hjå meg med! ^^
Midt i julestria har eg som regel ti tusen ting som skal vere i orden, særleg med tanke på at mamma og pappa returnerar frå Tenerife i morgon natt!! Så, for å halde oversikten; mi ToDo/TaDa!
TO DO:
* Skifte sengklede på mamma og pappa sitt rom * Skifte sengklede på gjesterommet * Levere pakkane til Gunvor * Poste dei siste julekorta * Rydde badet nede * Pynte til jul
Eg er vel ikkje kjend for å vere vidare beskjeden når det kjem til ynskjelistene mine. Og i år er heller ikkje noko unntak. La meg presentere Julenissen sitt verste mareritt: Ynskjelista mi.
I år står det ein del dyre ting på lista mi. Dask på lanken. Eg har heilt sikkert ikkje vore snill nok til å fortene så mykje av det, men det er litt nyttige ting her til ein forandring.
Støvlar (Marky åt opp dei fine nagle-gummistøvlane mine!!)
Musematte
Nytt headset til data’n min
Nytt webcamera
Kontroll til PlayStation 3
Yoga-matte
…..og PENGAR!! Eg har så SJUKT masse eg skal investere i framover!! Eg treng nye regnklede, eg driv med eit aldri så lite renoverings ? og interiøroverhaldings-prosjekt her på huset, og eg har planar om å kome meg både til syden og San Fransisco i løpet av 2013. Så pengar kjem GODT med!!
Eg snubla i tillegg over noko eg HÅPAR kan bli mitt framtidige jule-servise-samleobjekt. Desse fantastisk nydelege koppane her nærmast skrik på meg!
Dei kjem frå denne sjarmerande vesle butikken kalla Pur Glede (litt reklame: Dei har SJUKT masse fint der!!)
Ein av mine favoritt-nettbutikkar har jo den geniale funksjonen at du kan opprette ynskjeliste, og distribuere den på nettet. Og det kjem vel ikkje som noko overrasking at eg har ynskjeliste hjå Dragens Hule.
Well, I do. Og her er eit lite utdrag av alle dei fantastiske skattane ein kan finne der!
Har du forresten sett slike nokon plass?
Dette er Venise Saphir-glas, som er gått ut av produksjon. Dei hadde dei på Tilbords før, men ikkje no lengjer! Og eg manglar MANGE!! Så mange slike. Yes please.
Og så har eg leika meg og laga nokre tøffe collages frå nokre av butikkane eg ELSKAR, med ting eg har kjempelyst på! ^^
Legg forresten merke til alle dei fiiiine boksane frå Kremmerhuset!! Eg vil ha MANGE slike i alle slags variantar! Eg ELSKAR fine boksar!! Og sånne lotus-lysestakar frå Kremmerhuset er òg ganske høgt oppå ynskjelista mi i år!!
Og på Indiska har dei nokre heilt fantastisk nydelege smykketre med pippippar på! Eg har sååå lyst på slike!! *hoppe opp og ned* Pretty pretty please?!
I eit heilt år har eg i tillegg gått og siklar på desse flotte skoa frå DNA, som nærmast har namnet mitt signert på seg. Dei er berre heilt FANTASTISKE!! Om nokon tilfeldigvis er LOTTO-millionærar innan julefreden senkar seg, så blir eg såvisst ikkje lei meg om dei ordnar det slik at det ligg nokre sånne under juletreet mitt! ^^
Og så har eg veldig lyst på ein sånn embosser-ting til å lage fin-fine merkelappar med. Eg har berre funne den i rosa, sjølv om eg mest av alt ville hatt den i lilla…Men pyttsann. Den skal jo berre brukast til å lage geniale merkelappar; ikkje stå til utstilling på pidestall i stova!
Til sist, så er det jo ein del filmar og CD’ar eg har lyst på:
DVD’ar:
Harry Potter & the Goblet of Fire
Bad Boys
Bad Boys II
CD’ar:
Alle albuma til Tori Amos
P!NK:
Truth about Love
HIM:
Greatest Lovesongs Vol. 666
Love Metal
Venus Doom
Lordi:
Bend over and pray the Lord
Get Heavy
The Arockolyse
Deadache
Det var det eg hadde på hjarta idag. Takk for meg, og GOD JUL! <3