The Revenge of the PigeonLady!! (Svart hale, og sopp til middag! ^^)

Eg har slite ut Kriss idag. Dakar guten har blitt dratt gjennom Riga, på kryss og tvers, fordi eg skulle berre “nett” innom den butikken og den butikken og den butikken. Uffe. Han kræsja til slutt ned på senga og slokna som eit ljos. Hihi!

Vel, dagen idag. Me kravla oss ut av loppekassa klokka 09:00 (eller; EG gjorde!) og hoppa i dusjen. Klar for nye eventyr, berre ete frukost fyrst. Og FOR ein frukost?! Det var brød og frukostblanding og pannekaker og frukt og bacon og egg og te og kaffi og salat og pålegg og….Phew!! Min frukost blei to små loffskiver, ei lita skei eggerøre, ein ring med ananas, tre slicer bacon (HIMMELSK bacon her borte!!) og tre minipannekaker med jordbærsyltetøy. Og ein kopp te + eit glas eplejuice. Kjipt å ha minimage når ein får SLIK mat! Kriss momsa i seg bacon og pannekaker, crossaint, rundstykke og pølser. 
Mette og nøygde heiv me oss over neste etappe. Bestille spa til i morgon, og ordne med sightseeing-billettar. Så var det å finne busshaldeplassen og vroom-vroom kring byen.
Ein titt i speiglen på veg ned med heisen i dag tidleg fekk meg til å innsjå at det såg nesten ut som om det var mamma og pappa Bårlåg som var på hurratur her! xD 
Herreguuud så mykje eg har lyst å sjå nærmare på?! Medisinsk museum og eit slags naturhistorisk museum står på lista mi i morgon. Har sjukt lyst å vitje det erotiske museumet borti her òg, men Kriss vågar ikkje! xD Haha! 
Me stoppa i parken ved Fridomsstatua, eller kva den heiter. Ei dame på toppen av ein stolpe som held tre stjerner opp i lufta, i alle fall. Der åt me litt McDonalds-mat, og Kriss blei ein glad gut. xD Så kika me litt i butikkar og rusla ein tur i parken. Der sat det ei is-selgje-dame og klappa på ei kvit due. I utgongspunktet såg det veldig idyllisk ut, sjølv om Kriss kviskra: -Hon ska’ sikkert drepe den!
Me sette oss på ein benk i nærleiken, og dama med istralla freista å gje dua litt brød og litt vatn.
-No ska’ du sje hon prøvar å drokne den, sa Kriss. Dama la dua frå seg i graset og sat litt på avstand og såg på den. Eg og Kriss skravla no vidare, me. Brått tek dama opp ein pose, og pakkar inn dua, som tydelegvis (forhåpentlegvis?) var daud! 
-Hon drepte den! Hon har drept duen, kom det frå Kriss. Eg syns vel og merke det såg meir ut som om den eldre dama hadde freista å hjelpe ei skadd due, men Kriss var ikkje så lett å overbevise. Den dua var blitt utsett for eit attentat, det var det ingen tvil om!

Me rusla heimover, og leika turistar på høgt nivå. Knipsa skikkeleg turistbilete, keik på rare ting og var veldig norske! xD Så kapitulerte Kriss, medan eg skreiv kort til samtlege, og så gjekk me på shopping. Dagens fangst idag:

  • Digg svart hettegensar med bamseøyre <3
  • Shotteglas i ølglas-utforming med “Riga” på
  • Søøøt bitteliten keramikk-panda!
  • Nye raude solbriller i hjarteform, sidan dei gamle eg hadde ramla frå kvarandre </3
  • Skriveblokk; essensielt når ein er på ferie, og eg gløymde sjølvsagt å ta med….
  • Lilla og svart-rutete/stripe-kjole til cirka 20 kroner
  • HALE!!!!! (i svaaart!)
  • Postkort
  • Hårklemmer. Var rimeleg lei av å få håret ned i augo heile tida!!

Men best av ALT: Eg fann meg PEPSI MAX!!  Kjøpte meg ein sandwich òg, men den var sjølvsagt dynka i majones. Yuck! Må det puttast majones og dressing og sånt noko drit på ALL mat ein kjøper ferdig?! *fnyse* Kjøpte det sånn btw på Rimi! xD Det er faen meg ein Rimi og ein Narvesen på kvart gatehjørne her nede! xD

Då me kom dinglande att frå shoppingrunden, bestemde me oss for å ta middag på hotellet til avveksling. Overhovud ingen dum idè! ^^ Det er seriøst den beste biffen med ovnsbakte poteter eg har smakt på LENGJE! Og så kom den med stekte kantarellar, og eg var skikkeleg flink jente og åt dei utan å mokke! ^^ Whohoo! Godt var det til og med! :oD
Kriss tok pizza han. Han eksperimenterar (risikerar?) ikkje noko med ukjend mat! xD

Mett og nøygd og tilbake på rommet. Fann ein eldgamal og delvis gjenngrodd kyrkjegard på buss-sightseeingen idag som eg har sjuuuukt lyst å utforske før me reiser herifrå! Åååh, gøye byen; har lyst å gjere ALT!!  

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg