Ville Villekulla – Eit prosjekt under oppføring.

Eg greidde å gløyme att fotoapparatet mitt heime før eg sette nasa mot fjordar og fjell i heimlege strøk. Så eg er redd det blir endå eit bilete-laust innlegg. Ikkje rart ingen gidd å lese her hjå meg! xD I staden pyntar eg opp med litt diverse frå nettet. Innlegga mine har ein tendens til å bli ganske så keisame og lite fengjande når dei berre er samansett av tekst…? 

Rydde-ferie hjå gamlingane. Yippee! Mamma har gitt meg i oppdrag å få unna rotet på gamle gjesterommet, fordi ho har oppussingsplanar. I tillegg har ho byrja å ralle om at ho syns eg skal flytte heim og overta huset, slik at ho kan overlate rotet til meg. I call it an act of desperation; like greit å få dottera di til å overta huset framfor å rydde opp i rotet. Nuvel. Eg kan ikkje hjelpe for at eg dermed småfantaserar litt om kva eg ville gjort dersom eg faktisk slapp til og skulle omgjere casa del Loco til mitt eige krypinn. 
 
(Døme på draumehusa mine!)

Som lita dreia desse fantasiane mot å lage symjebasseng i kjellaren, byggje tårn på hushjørnet og plante ferskentre i hagen.

Eg kan med handa på hjarta sei at idèane slett ikkje var dumme! Om ein då vel og merke flyttar bassenget ut i hagen og byggjer bilijard-rom i kjellaren i staden. Eg kunne hatt atilje…attillije…atilè…sånt malerom på loftet, hobbyrom og eit par rom til hundar og kattar og kaniner og….Og eg kunne ha starta ein eller annan form for pensjonsheim for gamle dyr, som salrygga hestar med behov for kvile, og kattar som har levd harde liv på gata i altfor lang tid. 

Bibliotek skulle eg sjølvsagt hatt. Med ei skjult dør som førte…hm. Inn i ein mørk vinkjellar! Der eg gøymde vekk vin. Og tequilaen min.

Inntrykket mitt er at gamle tre er ganske vanskelege å skaffe. Me har to gamle pæretre rett utanfor døra her, men dei er ikkje utfordrande nok. Eg ville hatt eit eiketre. Nei, forresten! TO eiketre! Av den typen som byrjar å sprekke litt, sånn at det blir hemmelege gongar og hòlerom i dei!

Dei skulle eg fått plassert oppi bakken her, sånn at eg kunne ha slengdisse i dei, av typen som får deg til å føle at du flyg! Og eg kunne hatt ein hengekøye spent opp mellom dei. Kanskje ikkje eit sjakktrekk dersom eg set trea i motbakke, men det er lettare å flytte hengekøyar enn å flytte eiketre, så ein ting av gongen.

Froskedam må alle tøffe hagar med respekt for seg sjølv ha. Så kunne jo kanskje Sandra stikke innom og finne draumeprinsen sin her, og slå seg ned som rockedronning i BaleBy….? Me treng så absolutt det her!!

Karpe kan òg få bu i dammen min, om dei klarar å overleve kalde sognevintrar? Det må ein jo då setje seg inn i på forhånd, som ein ikkje risikerar at våren kjem, og det berre er beinfrosne fiskepinnar å spore i dammen….Her vekslar jo vintrane mellom istid og sørpelandskap…

For folk tilbake til BaleBy måtte blitt ein kampsak når eg fyrst var i gong her i bygda. Berre det at eg eigehendig hadde bygd opp Villa Villekulla i hood’n, trur eg ikkje er nok til å trekkje folk. Uansett kor fantastisk det måtte vere å vere venen min med eit sånt praktpalass til disposisjon. Me har allereie vore innom froskar til Sandy. Men det er så absolutt eit behov for skjenkemoglegheiter, jobbmoglegheitar og shoppingmoglegheitar. Sistnemnde kaaaan eventuelt erstattast med netthandel, sjølv om det ikkje blir heilt det same. Ein pub er med andre ord essensielt. Og sidan det allereie no er planar for eit bilijard-rom i kjellaren her, så køyrer me på med bardrift i same slengjen. Med ein reell innsats frå mi side, kan eg kanskje prestere å få alle innbyggjarane over på trygd, og ein har dermed eit samfunn tufta på uendeleg med fritid og jamnleg grøftefylla. Noregstoppen i lever-donor-trengjande. Not good. Stryk det siste der. 

Nei, trass i fri tilgong til frukt og bær, fjordar, fjell og isbrear, ro og fred, og (for augneblinken) fantastiske late sumardagar, er det vel lite sannsynleg at eg flyttar heim med det fyrste. At eg til tider lengtar heim til den nydelege bygda mi, kan eg godt skrive under på. Men på mine gamle dagar har eg i stor grad blitt bortskjemd med langopne butikkar, relativt fungerande busstilbod og ein stor omgongskrets samansett av fantastiske individ, som dessverre ikkje lar seg flytte til ein stille liten plass bortgøymd inne i ein krok ved Sognefjorden. Men ein gong, når alderen -verkeleg- byrjar å ta på, vil eg tru at eg lengtar heimatt til roseblømande hagar og merkelege opningstider på alle offentlege tenester. 

PS! Gidd nokon fortelje meg kva SVARTEN som er greia med alt bosset folk har stilt opp i vegkanten her i bygda?? Hæ? Er det KUNST?! Jiiz.

 

 

 

Bileta i dette innlegget er lånt frå:

http://adventuresinlalalandblog.com/tag/cute/
www.dirnat.no

http://dosfamily.com/2009/08/my-dream-house/
http://s278.photobucket.com/user/Liisa75/media/Gotlanti108VillaVillekulla.jpg.html
http://www.finn.no/r/feriehus-hytteutleie/object?finnkode=34216068

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg