Den Store Sløvedagen!

I dag har me vore lite produktive gitt! Men i og med at eg fekk mensen i dag, så slo kroppen min seg fullstendig av, og magen min var så au som den overhovud kunne bli. Dermed stod me opp, åt frukost, og gjekk tilbake til senga. Der blei me rimeleg lengje, og det gjorde seg. 

Då me omsider krabba ut av loppekassa, gjekk me ein runde i området, sånn at Kriss fekk sjå nærmare på ein elektrobutikk han lokaliserte då me reiste kring med sightseeing-bussen. Dei hadde leikebutikk der òg, så eg fekk kike på dokker! ^^ Enda med at eg kjøpte meg ein HIM-cd, og så rusla me vidare og såg oss omkring. Me fann òg ein TIGER-butikk rett kring hjørnet for her me bur, så no er Kriss sjølvforsynt med sjokomjølk for ei stund! Eg surra i opptil fleire klesbutikkar, og fann til slutt ein på kjøpesenteret Stockman, der eg hamstra meg ein ny topp, ny shorts, ei knæsj-rosa strømpebukse, nye blååå solbriller, to par sokkar og ei truse! xD Kom på 17, 50 lat, noko eg for min del syns var latterleg billeg samanlikna med kva eg hadde fått for same prisen i Noreg! :O

Me åt pizza igjen, hamstra litt snop og noko drikke, og returnerte til hotellet. Så no skal me slengje oss på senga og glo på American Horror Story sesong 2! 
Prøvde meg på litt is idag; folk i Riga er ganske glade i is. Dei har is-vogner på kvart gatehjørne, og isen deira ser veldig god ut! Men den eg kjøpte smaka eigentleg mest som formasj. God, joda. Men litt for syrleg for min gane, samanlikna med norsk is!
Ein annan ting dei er veldig glade i her, er pannekaker. I alle slags variantar og utgåver. Og Cili Pica, som me har kome fram til at må vere det latviske alibiet for vår Peppe’s. Dei har det på kvart einaste handlesenter og i kvar einaste gate. God mat, og rimelege prisar. Mat generelt er veldig billeg her! Klede er mykje det same som heime sånn jamnt over, men finn du dei “rette” butikkane, finn du gjerne MASSE klede og accessories til kring 1 lat! (som vil sei cirka, grovt rekna, 11 kroner og 50 øre etter dagens kurs!) 

Observerte òg ein veldig sinna mann utanfor hotellet idag! Han snakka høgt og sinna på gebrokkent engelsk i telefonen, og han “refused to accept this hotel and that room! This is hospitality! I don’t know if you know what that means, but that’s what it is: Hospitality!” (eg truuuur kanskje han meinte “hostility”?) Eg fekk ikkje meir med meg av samtalen, men tenkte med meg sjølv at den fyren DER har gått glipp av eit eller anna. Han tok med seg kona si, og forsvann nedover gata med kofferten trillande etter seg, medan han held fram å krangle i telefonen. Rar fyr; hotellet her er jo heilt fantastisk?
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg