Nyspadd. Best i test: SJOKOMJØLK! Og Dudleif.

Då ligg eg slengd på senga og føler meg nær sagt utslått. Ein blir vel gjerne sånn etter å ha bli knadd på for 70 lat! xD Syns det var rimeleg, eg! Med tanke på behandlinga eg fekk! Fyrst var eg og Kriss i bassenget og låg i blaut. Litt steambad og litt sauna, og masse chilling på varmebenk og solseng. Så blei Kriss friteken frå pliktene, medan dei tok meg med inn på eit av behandlingsromma. Der vanka det fyrst massevis av kremar og scrubs i trynet, etterfølgd av andletsmassasje og arm/hand-massasje. Så blei eg skrubba med eit slags salt-opplegg av ei søt dame som tiltalte meg som “madamme”, før dei rulla meg inn i plast, og lot meg liggje der som ein annan marinert kylling. Til sist blei eg massert i cirka 45 minutt, og eg skal ærleg innrømme eg sleit med å stå på beina etterpå. Dei ga meg grøn te og nokre mini-cookies (som var skikkeleg yummy!!), før eg betalte og takka fint for meg. Nytt menneske. Gah! Så DIGG!! ^^

Fire og ein halv time på spa. Totally worth it. Men litt andre ting har me gjort òg! Me var på sightseeing i dag òg. Tok bussen til den russiske ambassaden, og leita oss fram til det Medisinske Musèum. Eit gamalt sjukehus som no var fylt med sære figurar frå apemennesket og fram til i dag, i alle slags merkverdige situasjonar som stilte krav til medisinsk kompenanse. Her var det heksedoktorar og tannlegestolar, svartedauen og foster på sprit. Mesteparten var verken på engelsk eller andre språk eg kunne tyde. Men me fekk vel tak i essensen av det me såg på!
Etterpå bussa me heim, fekk i oss litt mat og gjekk på spa.

Litt kjøleg her i kveld. Eg trur at eg kanskje for fyrste gong sidan me kom hit, kan sove -under- dyna. Høyres ut som ein plan. Eg kjem til å sove godt i natt uansett.
Kriss har omsider funne sjokolademjølka “si”. Den hadde dei på TIGER, og me var innom ein tur igjen idag. Fann meg eit sånt kakefat som dei har slutta å selgje på TIGER i Bergen!! Whohoo! Ville helst hatt i lilla då, men dei hadde berre i blått og grønt. Blei blått då. ^^
Kriss rusla ut frå butikken med ikkje mindre enn 5(!!) flasker sjokomjølk!! Han har vel sånn cirka prøvd alle sortane dei har i Riga til no? Den beste så langt må vel vere den katte-mjølk-typen som me fann på RIMI, men den blei meir dessert-aktig og litt for mektig. Men DAMN så god! Og her er dommen:
(sjokolademjølk-dommen)

Me har fått oss ein liten ven her nede. Dudleif heiter han. Han er adoptivbroren til måsen Mikey, som bur borte ved Origo-senteret. Dudleif er ei due. Han bur på altanen nede utanfor hotellresepsjonen. Veldig høfleg kar, som ikkje er så veldig glad i born. Dei trampar nemleg.  

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg