Studenten og bloggen.

 

Det er merkeleg det her. Eg har eigentleg blogga fint lite dei siste åra, rett og slett fordi det ikkje har vore dei heilt store greiene som har foregått i livet mitt. 
Men brått er eg tilbake på skulebenken, og i same renna får eg ein intens trong til å faktisk dele kvardagen min med resten av verda igjen.  

Ikkje at det skjer så veldig mykje meir no enn det gjorde heilt i starten av august; faktisk er ikkje kvardagen min på nokon måte actionfylt og eksotisk. Her sit eg med nasa ned i ei bok mesteparten av fritida mi, og prøver å forstå meg på Hume og Kant og ein del andre støvete gamle tenkjarar, som eg ikkje ein gong vågar å freiste å skrive namnet på. Samstundes presterte skjermkortet på pc’en min å ta kvelden i går, så no har eg konvertert til laptop. Brrr….Det er så overhovud ikkje mi greie!! Eg syns laptop’ar sug rompesaft!! 
Nei, gje meg ein diger skjerm, og ei kraft-maskin som durar og bråkar (mest sannsynleg fordi eg ikkje har fått ut støvet frå førre århundre som ligg og koooosar seg innimellom vifter og ledningar….) så er eg nøygd! Og ikkje minst eit tastatur som er adskild frå musa, slik at eg ikkje konstant presterar å slette halvparten av alt eg skriv med eit ufrivilleg tastetrykk.

Vel, eg har kapitulert for kvelden. Fire puter i ryggen og laptop på fanget. Akkurat DEN situasjonen kan eg kanskje klare å bli van med! ^^ Tidleg i seng kjem eg meg òg, når eg ikkje blir sitjande oppe heile natta for å vente på lønsauke hjå simmane mine, eller skal erobre nytt territorium i Azeroth. Sjølv om eg saknar det. I alle fall Azeroth.

Så dei komande dagane blir det sannsynlegvis hovudsakeleg 1) lese seg opp på alt eg ligg etter på av ex.phil-støff, 2) klargjere den munntlege framføringa til meg og Cecilie på fredag (om bloggbabez og kvifor nokon i det heile gidd å følgje med på dei!), 3) bli ferdig med oppgåva som skal framførast på tysdag og 4) få ferdig den akademisk skriving-oppgåva mi som ligg som ein vond kløe baki tankane mine. 

 

Ein ting er derimot sikkert; eg saknar nerdetilværelsen allereie……

Eit heilhjarta mote-HURRA!!

Det er ikkje ofte eg sperrar opp augo i fryd over noko eg ser i moteverda. Stort sett blir det små-flau fnising over at folk faktisk klarar å la seg styre og villede så til dei grader av noko ein gjeng homofile tøysegutar syns at kvinner skal iføre seg. 
Men i dag var det litt anleis. I dag snubla eg over ei annonse, som førte meg til ein artikkel, som ga meg ei nyhende dei aller fleste moteinteresserte allereie har visst sidan i fjor: Platåsko er på veg tilbake!!

Eg hugsar 90-talet. Åja, eg hugsar 90-talet. Den EINASTE perioden i livet mitt der eg faktisk hadde eit snev av tøysegut-klede i klesskapet mitt. Det var knæsj oransje bukser og spygrøne magetoppar. Og platåsko! Masse platåsko. Favoritten min var eit par svarte lolita-inspirerte sko eg kjøpte på klasseturen til England i 10. klasse. Og SpiceGirls. Eg var småforelska i Mel C og Geri, og både håret og kleda gjenspeigla dette. På klassefestane opptrådde me som SpiseGirls, og eg var Emma. BabySpice. Gjerne iført ein kort-kort oransj silkenattkjole. 

SpiceGirls kom og gjekk. Men skoa blei verande i skapet mitt til denne dag.
No skal det seiast at eg ikkje er den som ifører meg dei mest fargerike platåskoa, men tyr heller til den litt meir mørke typen. Gjerne med naglar og hovudskallar.

I og med at desse sjeldan er å spore i den vanlege skobutikken i gata, så må dei kjøpast frå utlandet, og blir fort rimeleg dyre. Men pyttsann.
Det var dermed med tungt hjarte at eg innsåg at tida var overmoden for å kvitte seg med det siste gode paret eg hadde. Dei var kjøpt på eit opphøyrssal i Bergen, for 250 kroner eller så, og blei ved mi side heilt til fòret i hælen ramla av som ein klump losliten skumgummi. Salte tårer og tenners gnissel, og ein kortare seremoni seinare, var dei historie.
Eg ana håpet i det fjerne då eg oppdaga at 70-tals looken var på veg tilbake i butikken. Platåskoa kom, men i ein variant eg overhovud ikkje greidde å omfamne på same måte som før. Her var det platåsko med høg hæl og timeglasforma såle. Petite og feminint, og overhovud ingenting i nærleiken av dei to-etasjers murblokkene eg tidlegare hadde gått til innkjøp av. 

Eg hugsar då eg kjøpte mitt fyrste par, sa mor mi at ho hadde hatt noko tilsvarande på 70-talet. For all del; skoa på den tida var så absolutt både tøffe og überkule, men dei slår ikkje dei frå 90-talet. Eller skoa som eg ser gotharar og metal-chics rusle kring i, og som eg sender lange og lengtande blikk etter. 

Ikkje såg dei like behagelege ut heller; dei minnar meir om dei enorme klogge-boots’ane eg kjøpte meg på IcePlanet, men som eg aldri greidde å gå lengjer i enn til bilen og vidare inn på festen. 

Men glea ville ikkje vare ved så lengje. Då eg etter nokre sekund i intens gledesrus gjekk gjennom bileta av skoa som visstnok er på veg inn i motebilete, fall motet som ein våte ullsokkar i Sognefjorden ein ruskete septemberkveld. 

Kven er det som har sydd finskoa til bestemor på eit traktordekk?! Kva i alle dagar har vedkomande sniffa!? Dette var jo berre trist! :O

Men er det ein ting eg har lært, som peeping tom i moteverda; når noko blir populært, kjem det alltid tusenvis av billege kopiar i kjølvatnet. Og desse er som regel både billegare og mykje finare enn det som bærtene i Hollywood ifører seg!
Så inntil vidare lenar eg meg tålmodig tilbake og ventar på betre tider. Men velkomen så mykje tilbake; eg ser fram til å kome opp i høgda igjen! <3



Hoppar på brua.

Etter å ha lagt sjuk i altfor mange dagar (etter mi meining) var det på høg tid å tvinge seg sjølv ut dørane idag. Ruta gjekk inn til by’n, for å halde Donnie i handa medan han spelte Amnesia: The Dark Descent. Fantastisk bra spel, men ikkje akkurat det eg hadde tenkt å skrive om her og no.

No har det seg slik, at eg bur på ei øy, og for å kome til denne øya køyrer ein over ei bru. Denne brua har frå tid til anna blitt nytta av folk som er lei av livet og det meste anna, til å ta ein einvegsbillett til dei Evige Jaktmarker.
Då bussen min køyrde heimover i kveld, var det akkurat ein slik kar som stod på feil side av rekkverket og stira ned i avgrunnen.
Fleire bilar hadde stoppa, og ein eldre mann såg ut som han freista å prate med fyren på den andre sida. Ein av dei andre passasjerane greip telefonen og ringde naudnummeret, i det same som hopparen snudde seg mot bussen og vinka med eit halv-sleezy glis. Han var på min alder, kanskje yngre, og det såg ut som han hadde promillen nærmare prosenten.
Det fyrste eg tenkte var: -Det der er berre ein fyr som vil ha merksemd. Han virka berre full og dum, ikkje trist og desperat.

Det er overhovud verken etisk eller politisk korrekt å tenkje slike ting når nokon faktisk står der på kanten og truar med å ende alt. Dask på lanken for det. Men i mitt syn er det meir eit skrik om hjelp enn eit faktisk sjølvmordsforsøk, dersom du står og heng over gjerdet på eit høgtraffikert bru. Hjelpa kom i alle fall; få minutt seinare var det blålys og tivoli der oppe.

Men så slo det meg. Kva om det var eg og gubben min som kom køyrande ein kveld, og det står ein kar med lite tru på livet der oppe? Kva i alle dagar gjer ein eigentleg då?
Ein skal stoppe. Det seier seg sjølv. Og så må ein prøve å halde vedkomande på tørr grunn til profesjonelle kan overta. Så. Kva seier ein eigentleg?
I dei fleste medisinske situasjonar, vil dei aller fleste opne med: -Går det bra?
Her vil eg tru at det fungerar særs dårleg. Det er vel klart som krystall at ting ikkje er heilt på stell, i og med at personen står der han/ho står!
Det fyrste som slo meg, og som sannsynlegvis kunne ha plumpa ut, var: -Heng du her, du då?
Ikkje den beste opningsreplikken det heller, nei.

Så kva pokker seier ein då? Då han fyren gliste til passasjerane i bussen i kveld, hadde eg eigentleg mest lyst å gå fram til bussjåføren og be han stoppe, så eg kunne trampe ut, gripe fyren i nakkeskinnet og hale han tilbake på jorda. Den litt eldre mannen som allereie var til stades, og som sprang bortover etter han, såg heilt fortvila ut! Dersom han hadde hoppa, og denne mannen hadde stått igjen der som sistemann som prata med sjølvmordsmannen, hadde det rett og slett vore grusamt! For ei enorm skuldkjensle ein må få?
Ikkje at det sannsynlegvis er så mykje ein kan gjere når alt kjem til alt, men eg ville i alle fall blitt knust innvendig!

Korleis det til slutt gjekk med denne karen, veit eg ikkje. Eg håpar dei greidde å få han inn i sjukebilen til sist, og at han får hjelp.  
Skulle eg vel å merke havne i den kinky situasjonen der eg må prate med ein hoppar, så trur eg at eg opnar med eit enkelt “hei”. Godt mogleg eg lar samtalen gli inn på vèret. Det brukar å vere ein icebreak’er.  

 

 


Oooh, fisty! *psssssj*

Eg finn stadig nye, rare ting å vere tiltrekt av. Gordon Ramsay er ein sånn rar ting. Eg meinar; fyren er sint som høgreligiøs svigermor på heksesabbat, men DAMN så hot han er! ^^ Eg føler ei trong til å havne i tidenes mest intense krangel med den mannen, for så å kunne skrike han opp trynet til lungene gjer vondt, for så å…uhm, skvære opp. Særleg med ein fyr med engelsk aksent! <3 

 

Og så virkar han jo eigentleg snill som eit lam….? Oooh, couldn’t resist. 

 

Jiizes fookin’
CHRIST, eg er
lei av å vere
sjuk og
einsam heime
aleine!!!!!! 

Orienterar seg i kaoset

When Pussy is gone, my mouse will dance.

Ikkje prøv å leggje så mykje i den settningen. Det kan fort bli øgli.
Men det ligg noko i det; eg har vore vekke i to veker, og kjem heim til full forvirring. Stova er blitt innreia med eit digert tv-skap oppå den gamle tv-benken, noko som resulterte i at me no har ein svart vegg i den allereie knøttlille stova vår. Det var nok særs lite gjennomtenkt? PS2 har eg òg fått meg, men den er verken tilkobla eller utprøvd.
Sjølve tv-skapet var i seg sjølv kjempefint, og eg er imponert over at gubben min har kjøpt det heilt på eigahand, men kva med å forhøyre seg litt med frua si før han går til sånne store, og ikkje minst interiør-messige, innkjøp? *furte*

Michelangelo-bilete mitt har kome i trappa, og det er for så vidt greit. Sjølv om eg gjerne skulle hatt eit ord med i laget når det kom til plasseringa. Men her snakkar me centimeter, så eg bit det i meg.
Verre er det med data’n min. Vår kjære nevø Sondre har fått boltra seg, og søte Ida-mi har passa huset før det igjen. Pc-skjermen min står i alle fall midt på pulten min, og der likar eg den ikkje. Eg har berre ikkje kome så langt som til å flytte den heilt endå. Det var sikkert ein god tanke bak det, men eg er verdas mest ekstreme vanedyr! xD
Og alt av ting eg prøver å logge inn på, er i andre folk sine namn. Eg må seriøst få meg ei bok der eg kan notere passord og greier i, for det stakkars hovudet mitt er endå ikkje heilt ute av jetlag-modus, og eg slit dermed litt med å få kontroll på alt som skal skrivast inn i dei einskilde felta!

Men huset står. Og eg er komen heim. Det i seg sjølv er herleg. Derimot er det særs tydeleg at det blir LENGJE til eg lar herremannen min få styre heime aleine igjen!

 

Siste kveld i Australia

Så gjekk dette eventyret mot slutten. Og eg pakkar ned denne delen av livet, for å reise heim til mitt gamle. 
Det er vemodig, trass i at eg gler meg til å kome heim til gubbelusken min, alle dei fantastiske venane mine og dyrehagen min <3

I dag har eg shoppa! Eg har gått i nesten to veker på å få kome tilbake til Geelong, for å gå amokk på tøffe butikkar eg hadde spora opp fyrste dagen eg var her! Haha, ikkje verst å ha trava kring i Sydney og Melbourne, og omtrent ikkje brukt ei krone (uhm, dollar) på anna enn naudsynte ting! Og så returnerar eg til ein såkalla småby for å gå fullstendig agurk! xD
Men eg fekk dei tinga eg hadde lyst på, inkludert at eg tok meg råd til TO tøffe t-skjorter i staden for ei! Høhø, vel verdt pengane.

Eg tenkt eg skulle vise fram eit lite utval av dei fantastiske duppedittane eg no skal prøve å få med meg tilbake til Noreg utan å bli nøydd å betale overvekt! ;op Eg har eigentleg ikkje shoppa sååå mykje, i alle fall ikkje samanlikna med turen min til New York då eg måtte kjøpe meg ny koffert for å få med meg alt heimatt!
Eg er maksimalist og eg er materialist. So be it; eg ELSKAR skattane mine!

No er ikkje eg verdas flinkaste til å ta bilete av mine eigne øyre, men det får heller vere at bilete blir litt blørri:

Ein drageøyredobb som er så kul at eg får gåsehud!!! It’s just so me!!! Eg falt pladask for den på marknaden i St. Kilda, og den måtte berre bli med heim! <3 Og så ser den så ufatteleg tøff ut!

Då me hadde vore og titta på operaen i Sydney, sat det ein liten kar i ei hylle i souvinir-sjappa. Og sidan eg ikkje fekk lov å kose med dei i dyrehagen, så måtte han bli med meg heimatt:

Ladies ‘n’ gentlemen; meet Bruce <3 Min bittelille vombat-ven!

Namnet mitt er ikkje akkurat det lettaste for engelsktalande individ, så eg har fått min andel variantar av det til no. Men då me bestilte juice/slush/smoothies på flyplassen i Sydney, fekk eg det engelske namnet mitt svart på kvitt:

Enna. Det er altså mitt australske namn! xD Og det trass i at eg stava det til dama i kassen!

Den fantastiske butikken eg har gått og gleda meg til å shoppe i, var eit av dei aller fyrste stoppa våre i Geelong idag. POPCULTCHA. Geniale, fantastiske, himmelske butikken!!! Der kjøpte eg meg to flotte t-skjorter, og så fekk eg Living Dead Doll i tidleg bursdagspresang av jentene mine! <3


Ho er berre såååå nydeleg! Tusen tusen takk jenter!! <3 You’re the BEST! :oD

Red went to her grandma’s house
On a full moon’s night,
With her basket of medication
To tend to her wolf bite.
Upon her arrival she finds her grandma
With big eyes and big teeth,
Under the covers in grandma’s bed
A wolf lies beneath.
In her basket Red reaches for her axe
Ready to take aim.
T’was then she realized grandma
And the wolf was the same!

Hihi, eg VEIT eg er morbid. Sorry. 
Eg klarte ikkje å stå imot freistinga då Kristin bestemde seg for å gå innom ei neglefixe-sjappe. Ho bestilte seg fransk manikyr, og eg tenkte at eg burde nytte meg av moglegheita. Akryll-negler her nede kosta halvparten av det dei gjer i Noreg, så eg gjekk for å få meg fine, nye negler!

Eg er supernøygd!! Litt uvant å skrive på tastaturet foreløpig, for sjølv om eg er van med å ha relativt lange negler, så er mine ekte negler mjuke som gummi, og dermed bøyer dei seg i alle rettningar! xD
Det var heile tre stk som veksla på å fixe neglene mine, og to av dei understreka opptil fleire gongar at eg MÅTTE vere varsam med så lange negler! 
-Don’t hult youlself!      (jepp, asiatar! ;o)

Siste delen av handleturen min var innom Coles for å kjøpe vegemite til Kjerstin og te til Asso! Eg har leita som ein gal etter dei smykkene og smykke-tinga som Kjerstin etterlyste, og EIN gong køyrde bussen forbi ei sånn sjappe, men det var jo langt unna der me var på veg, så eg fekk aldri moglegheita til å kome meg innom der. Baff.

Det var eit innblikk i denne dagen. No skal eg gå meg ein runde kring huset og høyre på insekta og fuglane, og nyte den varme Down Under-natta ein siste gong. Blakk, nøygd og TUSEN opplevjingar rikare!
Og til sist legg eg til to bilete av tre fantastiske jenter: Kristin, Janne og Janet.

(og ja, dei tullar på det siste bilete. No worries mate!)

 

 

 

Bushfire, regnskogvandring og papegøyar!

 

I går var me ute og verkeleg leika turistar. Klokka 07.36 om morgonen stod me morgonfriske *kremt* og klare utanfor Base, og venta på bussen vår. Ein kvit minibuss stoppa opp attmed oss, og ut kom ein herleg karakter med solbriller og hatt, og presenterte seg som Matt. Ein jævel til å hugse namna på folk, og som greidde å uttale namnet mitt riktig. 
Tida var komen for ein tur ned Great Ocean Road.

Saman med to herremenn frå Italia, to av hokjønn og to av hannkjønn frå Tyskland og ei fransk madamoselle, rulla me ut på vegen. Kamera fekk gå seg godt varme frå alle hald, men til sjuande og sist skal eg prøve å berre vise fram ei handfull av bileta som blei tekne. Ellers er eg redd eg blir sitjande og laste opp resten av kvelden.

Fyrste stopp var ein dopause på Bells Beach.
Fasilitetane var ikkje så ille som fyrst anteke, så me gjorde vårt fornødne, kika litt på surfarane som var som små prikkar der ute i bølgjene, før me hoppa ombord i bussen igjen.
Matt hadde laga eit soundtrack som matcha turen særs bra, så etter å ha fortald oss litt om at Bells Beach var nemnd i filmen Point Break (som i starten av tenåra var ein av mine favorittfilmar, fordi eg var så forelska i Keanu Reeves) guffa han Beach Boys på høgtalarane.

Me kom til The Great Ocean Road Arch, som var eit minnesmerke bygd til ære for falne soldatar under 1. verdskrig, trur eg det var? Ein port til Great Ocean Road, i alle fall. Matt fortalde at han hadde sett turistar setje opp ein tripod midt i vegen for å ta bilete av den, for så å leggje seg ned midt i vegen medan kamera knipsa. 
Dei må vel ha vore svenske?!

Eg har, heilt sidan eg kom hit, vore vannvittig facinert av husa her nede!! Det er vel og merke nesten ingen hus med meir enn ein etasje, alle husa har garasjen innebygd i sjølve huset, og ingen har kjellar! Men for nokre hagar mange har! Og for nokre utsmykkingar!!
Dette er eit døme på eit ekte meg-hus, som eg gjerne skulle hatt bygd når eg returnerte til det kalde nord:

Trafikken i Australia flyt nesten like bra som den gjer når tyskarane frå rule fritt på vestlandet heime i Noreg. Men grunna uvêr og andre uheldigheitar, var det vegrydding som var hovudproblemet her nede. Det blei noko lang kø etterkvart, og Matt klatra opp på autovernet for å prøve å finne dekning så han kunne ringje til ein kollega lengjer framme i køen og høyre kor lengje vegen skulle vere stengd.

Der stod han då framleis, då køen byrja å løysne, og alle me andre var komne innatt i bussen. Han snudde seg forvirra og lurde på kvar alle var blitt av, og frå der av løysna stemninga veldig i forsamlinga. Matt var ein utruleg herleg person; småmorosam og utruleg hyggeleg.

Me stoppa i ein liten småby ved stranda for å drikke kaffi/te og ete kjeks. 
Kristin hevda ho dreiv med australisk ekstremsport, sidan ho ikkje hadde smurd seg med solkrem, men jakka kom fort på då Matt slengde i ho at ho var “a little white girl” som måtte vere varsam i sola.

Me hoppa inn i bussen igjen, og turen held fram. Det fyrste høgdepunktet (for min del) stod for tur; me skulle helse på papegøyar og koalaer! 
Men koalagjengen var heller lite interessert i å kommunisere med desse teite turistane som kom sigande. Nokre av dei keik dovent ned på oss frå tretoppane sine, og vende tilbake til draumeland.
Derimot var papegøyane meir enn berre litt interesserte! Matt hadde med fuglefrø, og papegøyane sverma kring oss som ei fargerik tåke! Eg følte sjølvsagt ei trong til å forbarme meg over den minste og mest pjuskete av dei alle, sidan dei andre ikkje ville la han ete. Dakar vesle pippen! Eg følte for å pakke han ned i veska mi og smugle han med heimatt, men eg greidde å motstå freistinga. 
Det var derimot ein annan papegøye som gjerne ville vere med meg heim, og ikkje ville lette frå armen min då eg var på veg inn i bussen! xD Herlege små sjarmørar. Høyrer du, gubbelusk? Me MÅ få oss papegøye!! :oD

Så var det tilbake i bussen, og Matt annonserte at no skulle me på tur i regnskogen!
Turen langs Great Ocean Road var heilt fantastisk! Naturen var noko ganske anna enn dei svingete vegane på vestlandet; enorme bølgjer slo mot steile klipper, og endelause sandstrender strekte seg så langt auga kunne sjå.

Så var me ved regnskogen Otways. Ein tur på cirka 40 minutt mellom enorme tre og fantastiske svære bregner. Eg og Janne diskuterte korleis det var som å ha site i ei tidsmaskin og blir blåst tilbake i tid til då dinosaurane trampa kring på landjorda. Det var akkurat som å ha snubla inn i Jurassic Park for min del. Det var lite dyreliv å spore, men oppe i tretoppane kvitra fuglane, og me poserte i hòle tre langs med stien.

Det var sjølvsagt ein luring som kom forbi då me posèrte i treet, og ropa: -Watch out for the spider on your shoulder!
Derav dei forskremde uttrykket mitt, der eg prøver å stikke av! xD

Neste stopp var det som dei reklamerte tyngst for, og som visstnok er ein enorm turistattraksjon. Forståeleg. The Twelve Apostles. Det var breathtaking syns no eg jaffal!

Brått står det ein haug med turistar og tek bilete ned i ei grøft! Nyfikne som me er, trava eg og Kristin bort til folkemengda, og fekk auga på eit lite piggete vesen nedi graset!

Ein echidna! Han var ikkje vidare interessert i oss, men tufla litt kring og viste seg fram, før han tusla tilbake inn i det høge graset.

Så køyrde me vidare til Loch Ard Gorge, der skip hadde ein tendens til å forlise i tidlegare tider. Fantastiske fjellformasjonar og grotter, og ei nydeleg strand der eg og Janne gjorde nokre forsøk på å ta tøffe strand-hoppe-bilete, sidan me ikkje gjorde det då me var på Bondi Beach.

Det ser ikkje ut som eg har bein! xD Janne var med andre ord litt heldigare med sitt bilete! ;op

Siste stopp på turen var London Brigde, men då me stod på parkeringsplassen, oppdaga guiden vår nokre urovekkjande skyer i horisonten:

Kunne det vere ein vaskeekte australisk bushfire? Vårt neste mål låg i same rettning som røyken, så me stålsette oss og sette nasa mot flammane.
Og jammen santen. Ikkje lengje etter stod me midt i ei røyksky så tett at du kunne knapt sjå hand framfor deg. Matt konkluderte fort med at dette var ein såkalla “controlled fire”, der dei brenn av underskogen for å hindre at store brannar får bryte ut!

-We’re gonna smell like a barbeque, utbraut Kristin.
-Only if you run into the flames, svara Matt. -Let me know if you’re planning to do that!

Og så var me på London Brigde.

Og dermed var turen over, og eg og Janne returnerte til Base, medan Kristin fekk skyss til døra her ved Deakin! 
Planen for meg og Janne var eigentleg å ta oss ein runde i baren på hostellet, men i staden fann me to sovande individ på rommet vårt, så me bestemde oss for å droppe det. Heldigvis fann me ein liten marknad på St. Kilda, der me fekk shoppe litt diverse “hippie-effektar” og sett nokre ungdomar vise fram pyro-effektar. Og me var vitne til nokre artige selgjarar som sat og røykte ein joint av enorme proposisjonar! :O Haha, kva ein får oppleve når ein er på sånne turar? xD

 

Back to Geelong. Takk og pris!

Hehe, det høyres jo rett og slett ut som eg har hatt det fælt i Sydney og Melbourne, men det stemmer då overhovud ikkje. Eg har hatt det fantastisk, men eg merkar at storbylivet og det å dele rom og bad med masse ukjende folk, verkeleg tek på i lengda!
I Sydney hadde me null aircondition, eit stort fellesbad og eit lite bad med dass og dusj, som me delte med resten av huset. Det var konstant tusen bilar som susa forbi utanfor vindauga, som me ikkje kunne late att i fare for å døy i varmen. Og på Base var det konstant fest og leven i etasjen under oss, sidan me sov over discoteket. Ikkje det; eg kan sove gjennom ein kloggedans-konkurranse for overvektige elefantar utan problem, men likevel blir du sliten i toppen av slikt,

Men no er eg altså i stille og idylliske Geelong igjen, og her kan ein sovne til sirisissar og grashopper. Det er litt av det eg var mest gira på å oppleve her i Australia; nattelydane! xD Så klart, det knirka og surra i graset dei andre stadene me var òg, men det var ikkje heilt det same.

No som eg har internett tilgjengeleg på meir fulltidsmessig basis, og ro og fred kring meg, tek eg sikte på å få lagt ut dei blogginnlegga eg har skrive på data’n men ikkje få posta. Det er vel på høg tid, vil eg tru.

 

Forkjøla i Melbourne!

Så har eg greidd å bli forkjøla. Det er kanskje ikkje så rart, sånn eg travar ut og inn av bussar og butikkar med aircondition. Kokepunkt ute, frysepunkt inne. Det er vel slikt som får fram hoste og hals-au. 
No har me i alle fall kome  oss til Melbourne, og bur på eit hostel som heiter Base. Endeleg eige baaaad! Sleppe å dele dass og dusj med førti andre mennesker!!
Me delar rom med ei jente frå Brazil (Viviann?) som landa i Australia no i ettermiddag, etter å ha vore på reisefot i ei eve. Stakkars jente hadde berre fått sove 2 timar då me kom brasande inn dørane!

Trass i at me bur i utkanten av Melbourne, er det så utruleg mykje meir liv her i området enn nokon av plassane me vitja i Sydney! Her er det folk i gatene etter at det blir mørkt; det såg me heller lite til då me var i storbyen!
Det er nesten så eg angrar litt på at me ikkje reiste direkte hit; her fekk me jaggu meg gratis middag fordi kjøkenet hadde fått hard medfart då det regna så kraftig for ei tid tilbake sidan! xD Det var ikkje snakk om noko i gourmètklassen, men ris og gryterett med nokre ENORME kjøtbitar i. Sterkt krydra, men så absolutt eit velkoment måltid når ein har kava på mellom fly og bussar og metro og trikk heile dagen!

Fordelen her er jo at me faktisk har internett på romma! Det førre hostellet me held til på, hadde ikkje oppegåande nettverk! Her kan ein kjøpe seg 24 timar med nettilgong for cirka 30 kroner! Hurra! ;oD Gjett tre gongar kven som var online før ho rakk å tenkje seg om to gongar?! Google, FaceBook, blogg.no, Dagbladet, LJ….Whohoo, I feel alive again!

Eg skal prøve å få posta nokre få innlegg til, som eg har lagra på pc’en før eg tek kvelden for alvor. Klokka har passert elleve, og me blir henta med ein sightseeingbuss klokka halv åtte i morgon tidleg. *gjeeeesp*

Eg fekk i det minste ein kjapp visitt innom den flotte kyrkja dei har i Sydney før me reiste! Og sidan data’n min brått nektar å laste opp bileta mine, så får det vere til i morgon. No er det sengetid og Spartacus! ZOMG eg er HEKTA! *sikle*

 

Koala, kenguru, vombat og tjeld. I fin harmoni.

Så var det vel på tide med ein update igjen, etter langt om lengje. Det har vore nokre hektiske dagar, det er jaggu greit! Men no har eg fått tatt meg ein iskald dusj, kjøpt ei diger flaske pepsi max, og slengd meg på senga. Akkurat no er det på det kaldaste det har vore i Sydney sidan me kom, og trass i det silar sveitten.

No har det seg slik, at trass i at dei her på hostellet me bur rekamerar med at du får ein halv time internett når du sjekkar inn, og ein halv time internett pr. drink du kjøper, så har dei ikkje eit nettverk som er oppegåande. Dermed blir det ein kjapp og grei kladd på laptop’en, som forhåpentlegvis blir mogleg å få publisert ein gong i løpet av natta, om me tek kveldsmaten på McDonalds. Der har dei nemleg gratis internett til alle sine kundar. Snille Ronald ;op

Eg skal òg prøve å få delt opp det me har drive med siste tida i fleire kapittel, slik at folk slepp å sitje og skrolle gjennom ti tusen sider, fordi Lokkri har så mykje på hjarta.

 

Ein dusj var som sagt på sin plass, etter å ha trava kring eit forstad-område der solsteiken var verre enn i Sahara. Ærande vårt der var dyrehagen Featherdale Wildlife Sanctuary. Eit lite stykkje himmelrike for sånne dyrefanatikarar som meg!! Eg fekk kose med koala, ha ein lengjer og innhaldsrik samtale med ein kenguru, og ein svart kakadue-herremann prøvde å antyde til meg kor mykje han hadde lyst å bli med meg heim. Vombatane var dessverre heller lite interessert i å vise seg frå sine betre sider, så me fekk så vidt eit glimt av ein av dei i vaken tilstand, der ho (trur det var ei ho?) var på veg frå ei seng til ei anna. Herlege dyr.

I motsetjing til veldig mange andre dyrehagar her nede, var det ikkje så dyrt der ute i Blacktown, og ikkje var det så stort eller vanskeleg å finne fram til. Men den varmen?!

Og så hadde dei ein TJELD der! W00t?? Merkelegaste dyret å ha i ein dyrehage??

 

Kenguruar og wallabee’ar gjekk stort sett fritt kring på området, saman med emuar og ein del fuglar. Koala’ane sat i meir «opne» bur, og nokre av dei var tekne ut og hang og sov på nokre staurar, der folk kunne kome bort og bli teke bilete av attmed dei. Dei trekte ikkje ei mine sjølv om det glimta i blitzlamper frå alle kantar! Men då det gjekk mot stengjetid gjekk me tre tilbake til koala-avdelinga, og då var desse sjarmørane vakna til livet og var litt meir mottakelege for merksemd og kos.

Det var òg ein kenguru som budde vegg i vegg med koala’ane, som sette stor pris på alt av merksemd han kunne få frå folk kring seg. Og så likte han godt å bli klødd i nakken, så eg og han blei ganske fort BFF’s!

Eit anna nurk som gjorde stort inntrykk, var ei svart kakadue som held til i eit bur cirka midt i parken. I det eg gjekk forbi, kom han susande og sette seg i gitteret attmed der eg stod. Han bukka og laga lydar og var særs selskapssjuk! Og som dei fleste veit skal det ikkje så mykje til før denne dama lar seg sjarmere. Det var like før han blei med meg i kofferten heimatt!

Eg og Kristin gjorde eit forsøk på å få vaska klede no nettopp, sidan fleirtalet av klesplagga me har dratt med oss etterkvart er gjennomsveitta og har havna i den søte skitentøysposen til Kristin. Men ingen har sagt det skal vere lett å klare seg i det store utland! Etter å ha både prøvd og betalt OG fylt på vaskepulver på begge dei to vaskemaskinene som står oppe på taket her, innsåg me at dette nok var teknologi som låg eit par skritt framfor vår utvikling. Ikkje FAEN om den ville fungere! Lille Kristin blei sinna, og eg veit ikkje kor lurt det faktisk er å protestere når ho kjem i det lune! xD

Reine klede blei det i alle fall ikkje, men i og med at me faktisk fann ein klesbutikk der prisane ikkje kosta det kvite ut av augo på oss, har i alle fall eg fått kjøpt inn nokre klesplagg så eg klarar meg til me snur nasa tilbake mot Melbourne og Geelong.

Solbrend er eg òg blitt. Eg prøvde å overtale jentene til å sjå litt mellom fingrane på eit av bileta eg tok idag, og innrømme at eg hadde fått bittelitt skilje akkurat mellom den raude brystkassa mi og dei kvite puppane. Men nei, Kristin stod på at det nok meir raudt enn brynt, uansett kor mykje godvilje ein la til.

Heldigvis er det mest raudt på skuldrane. Ellers er eg framleis ganske så bleikfeit over det heile. Eg satsar på at det kjem seg dersom me faktisk klarar å kome oss på playa’n i morgon!