Late dagar….

Nei, eg kan vel ikkje sei gårsdagen var sånn vidare kjempelat då. Eg og Kriss kjøpte oss 5-dagarsbillett til tog, buss og trikk, og står dermed fritt til å cruise kring i byen. Genialt konsept. ^^ Så i går reiste me til kjøpesenteret SPICE, som visstnok er det største handlesenteret i Baltikum. Eg var ikkje sånn kjempeimponert. Me keik litt, men handla ikkje noko spesielt. Det vil sei, eg kjøpte meg Monster High-dokka Catrine de Mew, billegare enn i Noreg, ein nøkkelring som likna på Khavi med bambiblikk og ein ring-haldar utforma som ein divan. 
Senteret var i to bygg; eit “motehus” og eit til meir huslege artiklar. Eg oppdaga til mi store overrasking at dokka eg hadde kjøpt meg, presterte å utløyse kvar einaste alarm i kvar einaste butikk me gjekk inn. Og då me kom til Elkor-avdelinga der dei selde eletriske produkt og leiketøy, blei eg innhenta av ein streng, eldre vakt som trudde eg hadde naska med meg noko!  
-You buy this?
Eg nikka.
-At the shop on the other side of the parkinglot, sa eg. Han endevende pakken min, og ga meg nokre morske blikk. Eg rota gjennom ein million kvitteringar, og fann til slutt den rette. Han keik på den, så på meg, og så opna han eska til dokka mi og fjerna ein skjult alarm. Og eg kunne puste letta ut. Eg HATAR tanken på å havne i trøbbel i eit land der eg ikkje kan språket!!
Då me var på det medisinske museumet, sat det ei gamal dame i kvar sal og passa på, og ei anna eldre dame sat i kassen. Og dei kunne NADA engelsk! Eit og anna tysk ord på sitt beste. Såh, eg måtte friske opp mine tyskspråkelege kunnskapar, til min store frustrasjon! xD

Men tilbake til SPICE. På andre sida av gata der, var det ein kyrkjegard!! Eg drog med meg stakkars Kriss inn dit, og fòr mellom gravene som ein unge i ein fornøyelsespark. Eg ELSKAR kyrkjegardar og gamle gravplassar! Og eg er heilt facinert over kor vakkert det var der! Folk stelte verkeleg gravene; det var laga til meir som bittesmå hagar kring kvar grav, og heile gravplassen låg meir som inni ein skog! Det var berre så nydeleg og idyllisk, at eg var på nippet til å kjøpe meg ein tomt! xD
Kriss innrømma han tykte det var fint der han med, men hans entusiasme for slike plassar er vel mildt sagt langt ifrå like intens som min! xD

Så bussa me tilbake. Rusla litt i hood’n, og så freista eg å dra med meg Kriss på ein tur i parken etter mørkrets frambrot. Heller lite entusiasme å spore hjå karen då òg; han frykta det var narkisar bak kvart tre! Fælt så skeptisk ein blir til slike plassar når en har røt ifrå Bergens-området?? Haha! Syns det er minimalt med narkisar her, eg! Og gamle damer rusla då fredfult gjennom parkanlegget, trass i at det var natt? Men pyttsann. Eg fekk teke nokre fine bilete, og skal gå amokk med kamera i nokre dagar til før eg gir meg.

I dag har me vore heller sløve. Det vil sei; eg har vore sløv. Eg vakna med så masse au i skalle og mage, at planen vår med å gå i dyrehagen var fullstendig uaktuell. Ikkje orka eg tanken på å gå på Naturhistorisk Museum heller, sjølv om det ligg rett kring hjørnet her. Alt var berre au, og kroppen min ville berre tilbake til senga.
Så me la oss, og sov og sov og sov. Og så vakna me, og la ruta til eit kjøpesenter på andre sida av kanalen, som heitte Olimpia. Dei hadde ikkje så veldig stort utval av ting og tang der, men me var innom Cubus og fekk kjøpt ei ny t-skjorte til Kriss, sidan han nærmar seg punktet der han må gå i nettoen no! xD Eg kjøpte meg eit par nye hipster-truser, ein topp og ein nettingsinglet + eit par nye øyredobbar.
Kriss hadde ikkje akkurat lagt sjela si i å finne ut  korleis det var med bussar heim igjen, så for å sleppe kjeft foreslo han at me skulle gå tilbake. (trur han angra meir på det forslaget enn meg; eg fekk sett meg meir om i gamlebyen, OOOOG tatt nokre fin-fine bilete! ^^) Men det blei ein varm tur, for i dag har det vore skikkeleg lummert her!

Vel, me er tilbake på hotellet, og har shoppa med oss masse snæxx frå Rimi’n her borte. Så no ligg me slengd på senga og momsar i oss alt mogleg rart, og nyt livet i lange drag. Og i morgon SKAL formen min vere fin, for eg vil i dyrehage og helse på dyrenurk!!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg