Warszawa ? Hallo hallo!

Soundtrack: Ventilasjonsanlegget

Eg er i Warszawa! Ikkje at eg ser så masse av byen; det er mørkt ute. Digg temperatur er det for så vidt! Mildt og fint. <3
Fancy hotell er det òg! Supermoderne og særs minimalistisk. Eg meinar; det er ikkje ein gong klesskap på rommet! Ikkje minibar heller, så eg fryktar at det blir noko pisslunka RedBull til frukosten i morgon.

Sidan det tok til å bli kveld ved ankomsten, blei det restaurant-middag på hotellet. Det trur eg ikkje skjer fleire gongar. Kelnar-mannen (kjekk ung mann, for å nemne det!) tok imot bestillinga, og returnerte med ein iskald og god cola zero, og….noko lite noko på ein tallerken. I eit aldri så lite angstfylt augneblink, var eg redd det var heile middagen min, men det var visstnok ein sånn liten teaser som dei gjerne serverar på fancy restaurantar.
Det var følgjande: Ei raud, flat greie, krølla saman til ei slags rose, med ein dæsj med noko gult og ein dæsj med noko grønt, ein bitteliten grov bolle med salt, og ein knøttliten slice med ein slags kvitost.

Sjølvsagt gløymde eg å ta bilete, og sparka meg hardt i leggen etter at eg hadde teke fyrste biten. For det såg så absolutt finare ut enn det smakte….Suuuur rødbet med grøn majones, guffen kvitost og brød med knase-salt.

Eg gleda meg for så vidt til kyllingen, og hugsa heldigvis å ta bilete denne gongen:

Så kva er dette? Kyllingbryst, potetkuler med ost og kvitlauk, gulrotpurè og kokt kål. Smaken? Tja. Eg greidde ikkje å trykkje i meg alt, kan me berre sei. Kyllingen var kjempegod, og sausen like så, men resten var så som så. Sikkert superfancy og delikatesse-klasse, men heretter oppsøkjer eg nærmaste McDonalds.

Turen hitover gjekk for så vidt kjempegreit. Polen har effektiv bagasjelevering, det skal dei ha! Trur ikkje det tok meir enn max 20 minutt før rullebandet var i gong, og koffertane kom som perler på ei snor. Imponert!

Og me hadde selskap av ei wannabe-indianardame på flyet, samt at han stakkaren som sat ytterst mot midtgongen på mi rekkje, aldri hadde teke fly før. Han måtte få instruksar frå sidemannen om korleis setebeltet fungerte! Og nærmare ein time inn i turen, prikka han meg på skuldera og viste meg ein tekstmelding han hadde skrive: It is my first time flying; would you mind changing seats with me so I can look out the window?

Eg sat og halvsov likevel, så why not? Det er langt ifrå min fyrste gong, så han fekk setet mitt, og eg sette musikken på øyra og fordjupa meg i boka mi igjen.

Så masse meir er det eigentleg ikkje å rapportere om dagen. Sjokoladen er oppeten, og eg trur eg skal unne meg nokre timar med blund på auga litt tidleg, til ein forandring. Berre så eg kjem meg opp til frukosten i morgon tidleg.

Stemningsbilete frå restauranten. Der alle på bilete i bakgrunnen sit og et eit eller anna….

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg