Warszawa Zzzzzzoo….

Soundtrack: Rammstein – Wiener Blut

For gjett kven som blei solbrend i dag? Jepp, det var underteikna. 

Det visar kanskje ikkje så godt på dette bilete, men om du granskar skuldera mi nøye, kan du tydeleg sjå at fargespelet ikkje stemmer heilt. Raud er eg, okke som. Pyttsann, raudt er òg ein farge! 

Men ja. Dyrehagen! Den var ikkje det heilt store i mine auge. Den var passe stor for ein rusletur, sånn for folk sin del, men dyra hadde det ganske så stusseleg. Og varmt. Til og med løvene, som er van med steikande varme på dei afrikanske savannene, nekta å kome ut og vise seg. Alle vil helst vere inne, eller i skuggen. Ikkje at eg klandarar dei; det var ganske så keisame område dei hadde å boltre seg på! Fuglane spesielt; bura for altfor små for opptil 4-5 ørner som budde saman! Inniseg-au….Eg har i tillegg lyst å irritere meg over borna som hoia og banka på glasa og generelt sett må vere særs slitsame for dei allereie dritleie dyra. Gah! Men det er jo ikkje så lett å forstå for små born, spesielt når foreldra LAR borna gjere det, og i tillegg oppfordrar til deg! *frese* 

Søtaste bisonen som rydda vekk teite stubbar som tydelegvis var særs masse i vegen for han! <3

I Poland har dei grus grus grus, som har 2 jaja! xD

Gorilla-mann med godt trent rompe!!

Og den afrikanske elefanten nektar å snu seg. Så etter tre forsøk, så må han nesten få lov å bli liggjande. 

 

Så fekk eg gnagsår, og måtte kome meg heimatt utan sko. Noko til joggesko eg kjøpte meg….! *fnys* Men eg hadde sandalar på hotellet, så eg skulle berre “nett” heim og byte. Og kvile bittelitt. Og deeer sovna eg. 
Nokre timar seinare vakna eg, i overkant fortumla, og innsåg at eg burde kanskje gjere noko meir ut av dagen før den var heilt over? Fotografere kyrkjegardar til dømes!! Det er standard når eg er på tur. 
Kyrkjegardar er noko av det beste med utlandsturar for min del; det er fantastisk å sjå korleis folk i andre land tek var på ettermæle til sine kjære, i motsetjing til kor “enkelt” det er i Noreg! Det er statuer, bilete av avdøde, englar og lykter i skjønn foreining. Eg elskar det. Og av og til får eg nokre heilt nydelege bilete ut av det òg! 

Litt småfreaky at nokre av gravene var gjerda inn med PIGG-kjetting, men kva gjer ein ikkje for å halde zombiane på avstand?

 

Denne var så trist-vakker som den kunne bli; den vetle guten som blei gravlagd, har til og med fått ei statue av seg sjølv! 

Fleire av gravene var i tillegg gravd opp! Eg freista diskrèt å kike nedi nokre av dei, men dei var heilt tomme. Kors på halsen. (nedi ei av dei såg det seriøst ut som om nokon hadde klatra ut, vel og merke! Ooooh….!)

Dei har forresten særs kloke kattar her nede; dei kan lese skilt! For eg såg ikkje ein einaste katt på kyrkjegarden!!

Ein liten tur på eit kjøpesenter og nokre KFC-kyllingbitar seinare, samt ein liten runde i nabolaget og utover mot landsbygda, og eg er tilbake i senga igjen. Kva morgondagen bringer anar eg faktisk ikkje, for eg har faktisk fått sett det av serverdigheitar som eg hadde planlagd! 

Eg er alltid så imponert over kor glade folk i resten av Europa er i friske blomar! I Noreg er du heldig om du får tak i nokre dugande roser til ein overkomeleg pris!

Rafael-kake!!!!

Landsbygda i Polen. Faktisk særs tiltalande! <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg