Så var det ein SÅNN dag….

Soundtrack: SandmarX – Tornado

Planen i dag var dyrehagen. Men halvvegs dit, bestemde vèrgudane for å tømme ut all sin vrede i form av eit helsikes regnvèr. Så la oss sei det slik; change of plans. 
Det skulle visstnok liggje eit loppemarknad på andre sida av byen, og sidan det blei opphald i styggavèret, gjekk turen dit. Atter ein bomtur. Det stod to bord midt på plassen, og ei eldre dame rota kring i nokre kleshaugar som låg litt tilfeldig slengd utover på dei. Ved inngongen sat det ein kar med fem stereoanlegg, type hip på 90-talet, med kassettspelarar og det heile. Og på andre sida av ein relativt stor plass, var det ein eldre herremann som såg ut som han anten dreiv å opna eller stengde ein bod med rot, ræl og bileterammer. 
Kopernik Science Senter høyrdes jo koseleg ut, men til og med her gjekk det på hue og rævva. Etter å ha stått i kø litt lengjer enn det eg vil sei var koseleg, sit det ei sliten dame i billettluka, og sukkar: -No tickets. We only have tickets after 4 o’ clock.
Senteret var proppfult av småbornsfamiliar, så det var kanskje fleire som ikkje ville leike ute med regn i lufta? 

Heldigvis var Det Kongelege Slottet i Warszawa ope, og til og med gratis i dag! Hipp hurra! Eg ELSKAR historiske bygningar med orginale, gamle møblar og dingsebomsar og klesdrakter og smykker og….Hæ? Bomba tyskarane like greit heile skiten tilbake til steinalderen under 2. verdskrig?? Og øydela så godt som alt som stod inni? 
Alt som tydelegvis blei igjen, var nokre gamle bøker og dokument, ei handfull gamle kunstgjenstandar, og to gullforgylte tronstolar. Palasset var gjennoppbygd, men det var ingen replika av inventaret. Det vil sei; det var to rom som dei hadde freista å gjenskape. Eit kontor og noko som minna mest om eit….rom. Det var ein peis, litt dilldall og pynteting, samt nokre stolar. Imponerande. Inntrykket blei ikkje betre av at det KRYDDE av alle slags vaktar og passe-damer som konstant ba deg gå i motsatt rettning, motsatt dør eller som nekta deg å ta med sekken din. Resultatet blei at eg måtte ta runden kring slottet med lommebok og mobiltelefon i baklomma, samt kamera kring halsen. 
Det er nesten så ein kan vere aldri så lite grann happy for at dette berre var ein replika av slottet; tenk for eit vakthald som måtte vore på plass dersom orginaldelane var på plass!? 

Middag på PizzaHut, ein tur innom ei ekte Lokkri-sjappe som selde haremsbukser og nepalske vesker og arabisk-inspirert smykker, og andre sånne ting som eg elskar, og så blei ruta lagt innom eit kjøpesenter, der underteikna snopa med seg ein elefant og ein einhjørning. Trur sånn cirka det var det? Eg er ikkje vidare imponert over utvalet i butikkar her i landet!! Med tanke på kor mange goths, freaks og hippiar eg har observert her, så er det ganske absurd at dei ikkje har nokon plass eg kan kjøpe den typen stæsj!? 
Vel, eg er tilbake på hotellet no. Vondt i hovudet, sliten i beina og trøytt i trynet. Vonar morgondagen bringer litt meir flax på opplevjingsfronten. I dag har det vore heller stusseleg. Faktisk så, at eg har null og nix av spennande bilete å vise til….! 
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg