Den FANTASTISKE dagen, og den litt meir kjipe dagen….

Soundtrack: The Prodigy –  Poison

I går vakna eg og følte meg alt anna enn bra. Eg var kvalm, hadde vondt i magen, slapp som ein sekk med gamle ballongar, og nemnde eg kvalm? 
Det blei ikkje til at eg klarte å gå ned og ete frukost, og sov heller til klokka tikka mot 14. Blæh. 
Så tvinga eg meg ut av senga, dytta nedpå ein RedBull, og vurderte om eg orka noko som helst. Det gjorde eg. 

Langt uti periferien låg det eit bilmuseum, av alle ting! Det såg eigentleg mest ut som ein nedrend hillbilly-gard, med massevis av gamle bussar og britiske telefonkioskar utanfor. Og på innsida hadde polakkane verkeleg demonstrert sine parkeringskunstar; det stod bilar hulter til bulter i alle rettningar. Men det var faktisk ganske spennande fordi om! Eg fann tross alt noko tilsvarande draumebilen min der! 

Noko sånt skal eg ein dag cruise rundt i!! Sjølv om det skulle vore ei boble. Med svarte prikkar. Men details-schmetails! xD

Inni eit mørkt hjørne dukka denne dama opp! Dæng, fekk lyst å ta ho med meg heim og starte eit vaskeekte haunted house! Hadde strengt tatt ikkje treng meir enn ho, vil eg tru?

 

Til og med Santa Claus sitt køyretøy var utstilt her! 😀

Vel, omtrent sånn var museumet. Absurd koseleg, på ein veldig merkeleg måte!

 

Det var seriøst så masse rart utstilt på denne plassen. Leikebilar og store bilar, jau den ser eg. Men så var det hjelmar og syklar og gamle radioar og toxido-overdelar og flosshattar og….Det var ikkje måte på. 

 

Suvinirar, JA TAKK! Eg fann endå ein av draumebilane mine på veg ut, så eg var jo nøydd å kjøpe med meg eit eksemplar! FLOWER POWER PPL!!

 

Og før eg runda av, måtte eg knipse eit bilete av museumsskiltet. Om ikkje anna, så var i alle fall dei som jobba der superkoselege! ^^ 

Så byrja magen min å skrike etter mat, så ruta gjekk innom eit random kjøpesenter for å fylle vomma. Fredagar skal etter tradisjonen vere kose-dag, så her blei det BIFF!!! Og OH. MY. GOD!! Den biffen og den pommes fritesen og den peparsausen eg til slutt fekk på tallerken min?! 

Det ser kanskje ikkje ut som dei heilt store greiene, men eg åt så eg trudde eg skulle sprekke! Det var sååååå godt!! 
Shoppa meg ferdig, brukte som vanleg i overkant masse pengar, og så bar det heimover. Oppdaga undervegs at det stod svære flokkar med folk på alle bruene, og kom på at det var jo måneformørkring denne kvelden! Men eg kan ikkje skryte på meg at fotograf-kunstane mine stod i høgsetet når eg ikkje hadde speiglrefleksen min tilgjengeleg der og då….

Hahaha! Dette var det beste bilete eg fekk til, gitt! Det går knapt an å sjå kva som er måne og kva som er gateljos! Ti poeng til dei som kan lokalisere den! xD 

Så var det ein ny dag, med nye moglegheitar. Som eg startar med å forsove meg til frukosten….! Dæng. Eg hadde sjokolade, litt kjeks og RedBull på rommet. Samt massevis av pepsi max. Så det blei frukosten denne dagen. 
Men up and away, og rett til papegøyeland!! Den var noko kinkig å finne vegen til, men til sist gjekk det! Ein svær HALL med fuglar!! 

Fyrst blei eg bestis med denne jacko’en. Han var heilt herleg, og ville ikkje la meg kome derifrå med det fyrste! xD 

Helstast ville eg kose med kakadue-frøkena, men ho ville ikkje prate med nokon. Berre stele frø, og vere i fred.

 

Den raude araen sette seg godt til rette over meg, og slapp ein diger SPLÆT ned på armen min! xD Tullegøye. For så vidt fekk me ikkje lov å kose med arapapegøyar. Eine fuglemannen der sa noko om at det hadde vore så mange skadar fororsaka av ‘gøyane som involverte alvorlege fingerskvisingar, så derfor måtte dei få vere i fred. 

Eg gjorde ingenting mindre enn å STORKOSE meg, trass i at det var sikkert 40 varmegrader der inne! Det var fuglar OVERALT, og dei var såååå sosiale! Lokkri blir heilt i 7. himmel av sånne ting. Så for min del var dagen redda, og gårsdagen gløymd. 

Så blei det lunsj på Dunkin’ Donuts. 

Dei har vel og merke nokre fantastisk gode kylling – og ostepaniniar der! Hadde det ikkje vore for all majonesen dei klæsjar på….Ewww….Men eg blei mett og nøygd, og kjøpte med meg ein sjokolade-donut til dessert. 

Til slutt rundast dagen av med ein visitt til gamlebyen igjen. Eg likar meg der. Rusla litt i gatene, kjøpte meg ein borke-dverg av ein skjønn eldre mann som sat på ei bru og skar dei ut, fekk kjøpt inn mine obligatoriske suvinirar (shotteglas og magnet til kjøleskapet), og åt noko tortillas-greier med ost og kylling på PizzaHut. Og så måtte eg prøve soft-isen deira her nede. Ikkje like god som den norske, sånn PS. 
Vitja òg eit museum med miniatyr-bygningar frå før tyskarane lagde fullstendig Texas i Polen:

Las ein plass på nettet at det var noko spesielt med denne søyletingen her. Så eg tok for skams skuld eit bilete av den.

 

Slottet me vitja den dagen eg ikkje fekk lasta opp bilete! 

Og så fann eg eit bord på ein stengd frisørsalong i utkanten av gamlebyen! Og eg vil ha eit sånt!!

 

Det var laurdagen og gårsdagen. Ein dag igjen, og så returnerar eg til folk og fedreland! <3 Litt vemodig at eventyret er over, men eg likar Polen. Og eg er ganske sikker på at eg returnerar på sikt!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg