Dei store Gjere-Ingenting-dagane, og dei tyngre Gjere-Alt-dagane

Arvandor – Message Received

I dag er ein sånn “Gjere-Ingenting”-dag. Berre veksle mellom å chille i sola, og kjøle seg ned i stova. Planane for dagen var eigentleg ganske grandiose, med bytur og is på Deli de Luca, rusletur i sola og husvask. Men høge temperaturar sette ein effektiv stoppar for dette; det blei eigentleg for varmt for min del. 
I tillegg var eg ganske kake etter helga (jobbe-jobbe-servere i bryllaup-jobbe-jobbe), så eg er eigentleg glad til. 

Det har likevel vore nokre begivenheitsrike dagar! Eller skal me sei veker? Det har gått to veker sidan sist eg blogga, så dask på lanken!! 
Me la planar om tur til Sogn og gode greier, men så viste det seg at den vetle luka med tid eg hadde mellom vaktene mine ikkje klaffa med kor tid gamlingane kom heim frå ferie. Dermed utset me den turen til eg òg har ferie. Tenkte å turnère vestlandet litt; BaleBy, kanskje ein tur til Bulandet, og godt mogleg ein hyttetur. Utlandstur må eg og Dùnedain stå over i år, sidan me hentar Elessär siste dagen i juli. *glede seg vilt!!*

I forgårs var eg og makkaren min kjøkenassistentar og servitørar i bryllaupsfesten til Gabbi & Harelabb. Nydelegaste brudedamene! <3 
Eg introduserte Dùnedain for chocolate mud cake, og held seriøst på å le meg ihjel! Me prøvesmaka restane etter koldtbord og kakebord medan me rydda opp, så eg gjekk bort og putta eit kakestykkje i munnen på fyren. Eg har aldri sett eit så ekstatisk uttrykk i andlete på eit menneske før…! Mannen såg ut som han hadde ramla frå den 7. himmel, og rett ned i ein balje med vaniljesaus!! He had surely tasted a piece of Heaven. 
Eg blir stadig like imponert over korleis den fyren overgår meg i sin forkjærleik for is, sjokolade og kaker! Haha! Eg trudde eg var tidenes søtsake-snok, men den karen overgår meg med GOD margin! xD 
Så kakene me fekk med oss heim i etterkant, er så godt som oppetne. Og eg står for ein gongs skuld ikkje aleine bak prestasjonen. 
Slutten på bryllaupsfesten, altso det som føregjekk etter at spriten kom på bordet, fekk me ta del i. Og så blei det etterkvart, tradisjon tru, kakling og karaoke utover kvelden. 

Sånn skal etter mitt syn ekte brudekjolar sjå ut!! 
Foto: Gabbi & Harelabb

Og så tok mobilen min brått og uventa fullstendig ferie. Den har hangla litt siste månadane; touch screen’en har vore selektiv i kor tid han vil erkjenne at nokon trykkjer på den, og alt har gått hinsides treigt. Batterikapasiteten har no vore så som så, og halvparten av app’ane mine virkar når dei føler for det. Og av og til ikkje i det heile. 
Så i går før eg la meg, lada eg den til 100%, la meg til å sove med mobilen i stand-by. Ingen appar køyrde, ingen Internett aktivert, og ingen hadde i løpet av morgontimane freista å ringje meg. Likevel lada den ut, og var fullstendig daud då eg vakna nokre timar seinare. Hurra. 
Vel, enden på visa er at eg har reservert meg ein ny Huawai Mate 10 Lite, som skal hentast på Elkjøp no klokka 19.00. Under 2000 kroner, så det er vel leveleg, vil eg tru? No f*** way om eg brukar meir enn eg er nøydd på ein forbaska telefon!! Eg vurderar seriøst å berre krype under ein stein og gå tilbake til klubbe og skinnfell, i protest mot all på-pusha teknologi som surrar i lufta! Det er til å bli SPRØ av!! 
Eg har ikkje nettbrett, og held meg unna Twitter. Innimellom tvingar eg meg til å leggje noko ut på Insta, berre for å la verda vite at eg faktisk lever, men ellers klarar eg meg LENGJE med SMS, WoW, Spotify og blogg. Facebook er type kjekt-å-ha, men alt anna har eg eigentleg lagt frå meg. Til å vere nerd, innser eg at eg har seriøst anti-teknologiske haldningar til verda! xD 

Og så har eg byrja å køyre igjen!! Eg har vore ute på vegen og cruise, og gjort verda farlegare. Ikkje så veldig masse farlegare, for eg held meg stort sett under 40, og kan til tider klare å karre meg opp i 80. Med hjarta i halsen og klump i magen. Bilar er direkte skumle, berre så det er sagt! Og alt ein skal halde kontroll på; bilar og folk og ungar og bikkjer og kattar og hjort og gir og clutch og speigl og….Jiiz!! Er ikkje grenser for kor mykje ein stakkars skal tenkje på?! 
Eg undrar meg støtt og stadig over korleis mannfolk, som visstnok berre skal klare å ha EIN tanke i hovudet om gongen, klarar det?! Sidan dei er overrepresentert i kategorien “bil-entusiast”, meinar eg? 
Eg har nok dratt mine konklusjonar der òg; dei er fult kapable til å tenkje på ALT dei vil; dei berre sutrar på seg den forenkla hjernekapasiteten, sånn at dei slepp BÅDE å støvsuge og setje på oppvaskmaskina medan kjerringa er på jobb. Såh det! BUSTED!!

Til slutt må eg hive inn nokre beibibilete, sidan halve befolkninga driv å fis ut ungar i hytt og pine for tida! For eg har vore og helsa på MIN beibi for nemleg! 

Var på vitjing hjå dei me skal kjøpe hjå, og blei sitjande i tre timar og skravle!! For ein fantastisk, herleg familie!! <3 Like mykje dyreentusiastar som meg og Dùnedain; det er 9 hundar, to kattar og fisk der! xD I skrivande stund, i alle fall. Minnar mykje om tendensane her i huset, vil eg sei? 
I løpet av veka satsar me i alle fall på å få teke med Pixie ein tur dit, så ho kan helse på Elessär og kanskje akseptere at ho skal bli storesyster. Særs spent på den siste delen!! Ho er noko til diva den jenta….! 

Okay, hente mobiltelefon no. Ser for meg at eg har litt arbeid framfor meg utover kvelden!

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg