Bloggin’ life. Missin’ it.

Eg tenkjer ofte at eg verkeleg saknar å blogge. Som dagbokskrivar sidan før eg i det heile lærte meg å skrive, så var det veldig allright å ha ei nettbasert dagbok. Men i og med at eg no ikkje har særleg med bilete å slengje inn, så blir det sjeldan til at eg faktisk set meg ned og skriv. Før var det ikkje noko problem; no føler eg berre at noko manglar utan bilete. 
KissKiss har lova at han skal hjelpe meg å få skikk på kamera mitt igjen, så då er det kanskje håp på sikt. Nytt design på sida mi trengst òg, for dette er berre keisamt. Kanskje vesle geniet mitt skal få hjelpe meg der òg….? 😉

Eg har i alle fall tenkt på å starte litt frå scratch igjen. Så snart eg har fått kamera opp og gå, så skal eg lage meg eit “start-innlegg” igjen. Det trengst; familien her har endra seg mykje sidan eg var aktiv i cyberspace! xD

Ikkje dei heilt store planane for kvelden; lasangen står i ovnen, og go’guten bakar bollar med makronfyll. Han har akkurat vore særs driftig og vaska badet GRUNDIG! Det er mannen sin det! <3 Demonterte både dassen og tørketrommelen, for å jage vekk smuss og hybelkaniner! ^^ Og så ventar ein lat kveld på sofaen, med Walking Dead på skjermen, og ein herleg mannemann-armkrok å liggje i. I can’t help it; you gotta luv that kind of life!  

Skrivekløe i natta…

For min del er det då den melder seg. Skrivekløen. Gjerne i kombinasjon med eit “gah-eg-gidd-ikkje-fixe-bilete-til-bloggen-bilete-noooo”-anfall. Og medan dette står på, ligg det ein kar i senga og ropar: -Iniiiiin!
Men skrivekløen er der framleis. Eg har mest av alt lyst å gje meg i kast med ein av romanane mine når det byrjar sånn; hovudet er stappfult av gode idèar, men klokka tikkar mot halv tre om natta, og eg VEIT eg burde gå og pusse tennene, og finne loppekassa. Det er berre så pyton når hjernen er så i siget!!

Kva er det eigentleg som gjer at kreativiteten boblar over når mørkret får senka seg?! Eg har ein teori om at det er stilla som lokkar det fram. Og i tillegg utviklar eg eit særs kreativt tankemønster når natta fell på. Det er alvar og tussar og troll og spøkelser opp og i mente. Trollmenn og magi og dragar and you name it. Fine tenkje-verda.
 
Dei fjøsnissane som fann ut at det skulle vere på -dagtid- alt skal foregå, skulle hatt seg ein knyttneve i naserota. Men ein trøyst i det heile er vel at eg no har fått lasta bileta frå speiglreflekskamera mitt inn på pc’en, og dermed har eg tilgjengeleg noko å publisere her på bloggen min. Snart. Ein dag. Når eg berre finn tida. Og vegen ut av Azeroth. 

Høg på seg sjølv? Det må vere lov! ^^

Eg og Nett’n snudde nasa mot by’n i går, for å gjere den både raud og utrygg. Og av god gamal tradisjon, enda me på Scotchman. Her rista me rompa, kvelva i oss nokre pils og kvar sin strawberry daiquiri, og hadde det eigentleg veldig fint. 

Så blei ting endå finare. Har eg nemnd at eg aldri blir sjekka opp på by’n? Vel, det er tilfellet. Ikkje sjekka opp på andre måtar enn drita fulle mannfolk som trur at det å gni snoppen sin oppetter ryggen din på dansegolvet er ein form for velfungerande kurtise. Og dei får som regel ein platåsko godt plassert akkurat der deira framtidige arvingar held til. 
Men eg gjorde ein liten deal med meg sjølv denne dagen. Kva om eg faktisk freistar å vere smilande, blid og hyggeleg mot alle som snublar innanfor mi komforsone?
La meg leggje til at eg på denne kvelden ikkje var mindre skummel enn eg brukar å vere: Håret i hanekam, piercingane tydeleg plassert i øyre og nase, kjettingar på kryss og tvers, skotskrutete miniskjørt, svart sliten nettingtopp og platåstøvlettar på beina. Andlete var iført krigsmåling i tonane grått og grålilla, og dei tre kvisene som så absolutt ville vise seg fram i mitt allereie bleike fjes, var gøymd bak eit lett lag bleik foundation. Som eg mange gongar har fått høyre at får meg til å sjå endå bleikare ut enn eg har for vane å gjere. But I luv it; det står i stil til resten av skrotten.

Men tilbake til dei sjarmerande herremannane som faktisk presterte å gjere kvelden min til noko heilt spesielt.
Eg forlot Nett’n si side for å snike meg ut og ta ein blås. Medan eg stod der og tasta litt på mobilen, kjem det to karar bort til meg. Eg keik opp.
-Du er berre utruleg fin, seier den eine. -Heilt seriøst, du står skikkeleg ut i mengda; du er dritfin!
Hadde det ikkje vore for foundationen, hadde eg raudna frå hårrøtene og heilt ned i platåskotuppane. Eg klistra på meg eit smil.
-Tusen takk; det er ikkje så ofte eg høyrer, sa eg.
-Seriøst? Du er jo berre utruleg fin!
Kompisen hans smilte sjenert. Dei overausa meg med kompliment, og eg følte meg som ein supermodell der eg stod. Samtalen dreia seg inn på piercingar og tatoveringar, og gutane var veldig opphengde i korleis tattisar var ting ein gjerne kom til å angre på når dei nærma seg 40. Eg held klokeleg kjeft om kor mykje nærmare eg var den alderen enn dei; eg vil tippe dei begge var i starten av 20-åra.
Røykepausen min gjekk mot slutten, og nokon ropa på han eine fyren. Han snudde seg og svara, og vende seg tilbake til kompisen.
-Eg må inn igjen. Kjem du, eller vil du heller stå her med pene damen?
Kompisen hans såg i bakken litt sjenert.
-Bli her, sa han.
-Pene damen er ferdig å røyke, så eg må inn igjen eg med, svara eg. Så ga eg dei eit hyggeleg smil, og rusla tilbake til Nett’n.

Nett’n fann seg kort etter ein dansepartnar frå India, som hadde supersøte krøllar og som eg hadde utpeikt som ein av dei få snæxxi individa i forsamlinga den kvelden. Han kom bort og prata med oss litt etterpå, og introduserte kompisen sin for oss. Så forsvann han tilbake på dansegolvet, og eg og Nett’n kasta oss tilbake i rytmane. Brått er det ein fyr som kjem frå det store intet og står heilt opp i andlete mitt. Nett’n forsvann, og der stod eg med ein fyr som eg ikkje ante kvar hadde kome frå. Han lurte på kva eg dreiv med; om eg var student?
Samtalen var ein smule vanskeleg å halde i gong, i og med at musikken var høg og han tydelegvis høyrde like dårleg som meg. Ungfole i starten av 20-åra han med. Han strauk meg over håret og stira på meg med eit særs intenst blikk. Ei lita stund var eg nærmast redd for at fyren skulle gå ned på kne og fri til meg eller noko tilsvarande, så eg orsaka meg med at venninna mi såg så einsam ut og at eg måtte tilbake til ho.

Då eg nokre timar seinare sat på bussen heim, måtte eg smile litt for meg sjølv. At eg skulle oppleve denne typen merksemd hadde eg faktisk aldri trudd. Eg har aldri sett på meg sjølv som pen, men trivst veldig godt som skummel og mystisk. Men er det rett og slett det at eg har gått kraftig ned i vekt som gjer at folk faktisk vågar å kome innpå meg? Er menneska på denne planeta verkeleg så shallow??
Når eg berre har pengar til det, går turen til frisøren. Eg skal bli blondine, og freistar verkeleg å ta ein tur på by’n med blonde lokkar, kort skjørt og ekte babe-wrapping i outfit’n. Berre for å sjå korleis dei har det på DEN sida av menneskeheita! ^^ 

Utan å disse nybakte mødre, men kva i alle dagar er det som tek så på??

Veka som gjekk har vore eit blanding av eit mareritt og ein dans på rosa skyer i lukke – og gledesrus. 
Eg og gubben tok oss ein tur til Hardanger saman med TinTin, og returnerte med ein pelsball full i skarpe tenner og med overivirig blære. Dagen før hadde me henta oss ein mindre pelsball, med innebygd motor og kulerunde auge. Pusen Khavi og voffen Marky var in da house, og glea var i høgsetet.  
Khavi held seg under sofaen fyrste døgnet, og ei stund etter at Marky entra scenen. Så kom ho fram, og sidan har ho stort sett lagt samankrølla i fanget mitt og malt på akkord. Snillaste pusen på fire bein. Marky derimot, er som kvelpar flest. Same rase som Maggie var, men full i faen og kvelpefakter.
For å toppe galskapen, blei eg skikkeleg dårleg. Eg prøvde meg over i feltet “fast føde”, fordi eg rett og slett ikkje takla meir mosa mat. Det gjorde meg berre kvalm og uvel. Så eg prøvde meg på knekkebrød. Det gjekk strålande. Men etterkvart byrja eg å bli dårleg. Eg kasta opp. Eg var konstant kvalm. Kroppen kolapsa, og eg greidde ingenting anna enn å sove og sove. Og sove. Magen var heilt på bærtur, og alt var vondt og tungt.
Så kroppen var ikkje vidare samarbeidsvilleg. Og gubben var meir enn arbeidsvilleg, og var vekke mesteparten av dagane i jobbsamanheng.
Der sat eg då. Maroder herifrå til evigheita, med ein liten voffeloff som hadde lopper i blodet og makk i ræva. Maur i tenna og spreng i blæra. Pusen oppførte seg vel og merke heilt eksemplarisk, men ho krev sjølvsagt ein del kos og at mat – og drikkeskåla inneheld dei rette ingrediensane.

Så medan eg låg der på sofaen, med brekkningar og mage-au, og ei bikkje som prøvde å forvandle alt av inventar til sagflis, byrja eg å fundere på kvifor småbornsmødre er så utslitne? Dei med smånurk på babystadiet, vel og merke. Når borna byrjar å klatre i gardinene og forsyne seg av jord frå blomepottene, har eg full forståing for at ting tek på. Men dei som går heime med nyfødde babyar? Kva er det som gjer dei så slitne?

  • Ein baby har bleie på. Om dei likevel klarar å pisse på golvet kvar halve time, så må det vere mamma/pappa sine bleiepåførings-kunnskapar det skortar på. 
  • Ein baby kjem ikkje så langt. Dei spring ikkje rundt i huset som om dei hadde Fanden i hælane, og leitar etter fanteskap dei kan utføre.
  • Babyar er tannlause små krek. Eg har tusen sår oppetter armane og leggane etter nåleskarpe små tenner, som eigentleg berre vil leike litt.
  • Ein kan putte ein baby oppi ei vogn og trille avgarde dersom ein skal ut eit ærend. Min baby må eg bære. Eller slepe etter meg. Akkompanjert av eit hyle – og sutrekor i protestkategori. 
  • Den største potensielle faren for inventaret ein baby kan stå for, er gulpeflekkar på sofaen. Eg må snart byte ut stovebordet, kommoden på soverommet, alle tepper i huset og halve garderoben min. 
  • Nattevak er like essensielt med voff som med baby. Eg og gubben må opp cirka kvar andre til tredje time for å lufte voff, og resten av natta blir me underhaldt av sutring, bjeffing, gnaging og pipeleikar.

Men eg skal ikkje klage. Formen min tek til å bli betre, og eg er på beina. Og uansett kva fanteskap dei no nye små englane mine måtte finne på, så er det verdt det. Dei er nydelege, herlege, og heilt til å ete opp. <3

 

When life sucks, google puppies! ^^

Ingenting får meg i betre humør enn dyrebeibisar! Så i desse dagar, når  He Whose Name shall not be spoken sit i rettsalen og lirer av seg løgner og forskrudde fantasiar, treng me ei lita påminning om at det finst faktisk ting her i verda som kan smelte ishjarter, framkalle høge “nåååw”-faktorar og gjere livet verdt å leve. 
Blir du ikkje i betre humør av desse, er det dessverre fint lite eg kan gjere for deg:

 

Swosj!

I dag starta eg dagen så fint med å gå på ræv utanfor døra mi. 
Rompe? Goddag. Møt Våt Isete Bakke. Hallo, hallo. Neste akt, Rompe møter Bussete, er utsett grunna klesskift før sceneskifte.  

Foooocuuuus….! …*

Atter ein gong presterte eg faktisk å sovne med boka i trynet. Der sit eg og les flittig om Gadamer og for-domar, og i neste augneblink vaknar eg face-down i diverse filosofiske teoriar. Sånn kan det gå.
-Du va’ sovna, brummar gubben nedanfrå, der han står over grytene og varmar gårsdagens spagetti med kjøtbollar. -Eg høyrde du snårka.
Takk for den; det hadde kanskje ikkje vore så dumt å faktisk vekkje meg i så tilfelle?

Det er heilt håplaust å gripe tak i det faktum at eg byrjar på juleferie neste veke. Som inneber at eg faktisk skal ha TO eksamenar og TO eksamensinnleveringar innan den tid. *gulp* Særleg frustrerande er det når hjernen ikkje vil vere inneforstått med dette, og faktisk L-E-S-E!!
Neidå, her køyrer me på med små power-naps i hytt og pine, sjokoladesug og forkjølelse, som alt skal gjere det umogleg å konsentrere seg. It’s a conspiracy, I tell you!!
Og så i tillegg den vasketrongen min då. Eg kan knapt snu meg her på loftet utan å tenkje på grønsåpeduft og støvtørking. Den einaste månaden i året der eg faktisk er GIRA på husarbeid, og eg skal ha eksamen. Hurra for den.
For ikkje å snakke om alle dataspela eg har lyst å leike med. Eg skal SÅ vie romjula til gaming!! ^^ Då blir det Dead Island og SkyRim og Sims og WoW på høgt nivå!! Aaaah, det kriblar i skrotten!! ^^


(Okay, drit i Pokemon, då. Add zombies!! It’s SUPER effective!!)

Men har du sett? Der var det atter ein gong noko som overtok konsentrasjonen min og leda meg på ville vegar. Eg har forflytta meg frå stabelen med pensumbøker, og tilbake framfor dataskjermen. Drit no i å lede meg inn i freisting; eg klarar tydelegvis jævlig fint å gå sjølv!! 

Bartendar for ein kveld! <3 Og litt glade jul-tendensar.

Eg kom nyleg heim frå julebord, eg! Der eg var bartendar! ^^ ZOMG, som eg saknar å ha det som jobb!! Akkurat no er eg berre freelance hobby-bartendar sånn når nokon treng ein! Hihi, det funkar greit det òg, for all del. Seier heller ikkje nei når eg får betalt i Kina-mat! Ooooh, digge kylling chop suey’en! 
Wenche var i alle fall skjønn som berre det der ho stod og fnisa i baren!
-E’kje hon bærre et hææærlig menneske?! Eg e’ sååå gla’ for at eg ha’ deeeg! Ha dokke helst på ho?
Søtaste jenta! <3
Det var i tillegg ein noko eldre russar (?) som la sin elsk på meg, og ville bli med meg heim. Han kom fleire gongar bak i baren for å dra meg ut på dansegolvet, men etter den siste rundt gjekk det så rundt for meg at eg måtte faktisk setje meg ned! Trur faktisk eg har gått beinare etter x antal rundar med Twister’n på tivoli enn eg var der og då! xD

 Det har snødd litt no og då både i dag og i går, men no pøsar regnet ned igjen. Vel, eg kan leve med det. Eg har i det minste SETT snøen i desember! Det er jaggu ikkje kvart år det skjer kring Bergen! Og eg er så glaaaad for tida!! Ikkje at det er noko nytt når det nærmar seg jul; eg er som ein liten unge heile månaden, eg då. Men verda er slik ein fin plass å vere for tida! Det er så mange ting eg gler meg til, når eg berre klarar å slutte å tenkje på eksamenane mine. Blæh, hadde prøve-breiddetest idag, der me sat i grupper og hadde quiz. Det er godt mogleg gruppa mi sette ny rekord i botnplassering, for medan dei som vann hadde over 40 poeng, sat me der med stusselege 14 og 5/6  poeng! :O Så her skal det LESAST framover!!

Men eksamen til sides; det er kjekkare å tenkje på dei gøye tinga! 
Om ein ser bort ifrå jul og julehandel og adventstid, så lurer det omsider SKIKKELEGE studium der framme. Ferdig med dumme ex.phil og ex.fac. Takk og pris. *bank i bordet* Og eg vurderar å søkje på Stud-TV stilling igjen over nyåret. Liiiiitt usikker på det akkurat no, for det er så sjukt masse anna eg òg har planar om! Eg og Kriss og Cecilie har jo kanskje det dataprosjektet vårt *hysj, hysj* (og kanskje Wenche, om ho ikkje er for bissi i fotostudioet framover?) og eg og Wenche skal prøve å få ordna oss litt fleire fotooppdrag. Eg og Ingeborg skal starte opp med skrivegruppe, sånn at me kan hjelpe kvarandre med romanane og novellene og dikta og alt anna rart me rablar på. Eg har ein filmkveld-date med Eline lurande i nær framtid, og eg vurderar å ta meg nokre rundar kring ei enebærbusk (les: nokre turar på by’n med godt i glaset) når eksamenstida berre er over. Og eg og Caro har ein kinodate, der eg skal bestemme filmen (høhø), så det blir nok grøssar på oss den kvelden! Hooray!
Og Ingeborg skal gje meg eit julekort-mekke-kurs! Pluss at eg har bestemd at gubben skal bli med meg på sydentur, ellers tek eg med meg TinTin og reiser utan han! ^^ Eg vil til SYDEN!! Late dagar ved bassenget, dasse kring i sandalar og sløve på seine kveldar på ein altan med ein kald øl i handa. Eg skal jo ikkje klage etter å ha vore både i New York og Australia siste åra, men eg skulle gjerne tatt ein tur med han eg bur med òg! Kjipingen! ^^

Gla’meldingar frå moi idag. No skal eg finne loppekassa og få meg nokre timar søvn. I morgon er atter ein dag, som eg skal prøøøøve å ikkje sove vekk! ;op  

 

Mobile tankar.

Så sat eg her på Studentsenteret, og hadde seriøse planar om å skrive på den eine av dei to oppgåvene mine. Sånn gjekk det ikkje. I staden har eg surfa på FaceBook, leika meg på NeoPets og lest nettaviser. Men så er vel neppe dette plassen for å få gjort noko fornuftig heller. Lufta er nærmast tjukk av mumling og skravling og folk som trampar på tunge hæla i trappene. Leamus i auga har eg òg, noko som ikkje gjer konsentrasjonen noko betre. 

To kollisjonar i området kring Puddefjordsbrua i dag tidleg, om nokon lurte på kvifor dei stod ei eve i kø der i morgonrushet! Eg må innrømme at det facinerar meg korleis folk ryddar opp i liva sine når slike uventa hendingar inntreff! Med ein gong køen synleggjorde seg framfor bussen, fiska alle passasjerane fram mobilane sine. “Eg blir sein…traffikken står i stampe….Har du sett noko på nettet om kva det er? ….Aha. Kjedekollisjon. Ja, men eg ville berre gje beskjed.”
Korleis i alle dagar overlevde me i gamledagar? Sånn før alle hadde internett og kommunikasjonsmoglegheitar tilgjengelege ved fingerspissane til ei kvar tid?? Fram til eg entra tenåra var det berre dei piffaste av dei snobbaste som hadde slike vidundermaskiner tilgjengeleg. Og dei var i tillegg så store at ein gjerne trengde ein ekstra ryggsekk for å få dei med seg! I kid you not!! Besteforeldra mine kjøpte seg ein sånn murklosse for å ha på hytta, og den blei frakta rundt i ei svær veske!

På den tida måtte ein ringje heimanfrå og avtale kor tid ein skulle møtast, hive seg på sykkelen og prøve å unngå at den andre personen blei nøydd å vente på deg. Blei du for sein, stressa du hardt og lengje for å innhente deg. Du kunne ikkje sende ein SMS og sei ifrå av bussen blei ti minutt for sein. Og dersom noko revolusjonerande hende i landet, visste du som regel ikkje om det før det kom på radioen eller TV’en, eller eventuelt i avisa. Ein kunne sjølvsagt halde seg inne med ei av sladrekjerringane i bygda, som meir enn gjerne informerte om kva ho Sigrid-Olina hadde drive med borte hjå han Knut-Ola-Peder i Svingen, for det hadde ho nemleg høyrd frå syster til mor til tanta til bestemora til naboen til ho Mari-på-Toppen, som gjekk forbi stoveglaset til han Knut-Ola-Peder i gårkveld!

Eg skal ikkje nekte for at eg var ein sucker for gossip på den tida. Eg og Lindekaka var stort sett oppdatert på det meste av det som skjedde i bygda, og all viktig informasjon blei ubønhøyrleg spreidd vidare, sidan det var av allmenn interesse å vite kven ho Kåre-Gygrid Slemmetruten strikka sokkar til. Eller kvifor Kvisten blei køyrd ned i Lærargata. Eller kven som sneik seg kring møne på kva gard. Kors på halsen; det var ikkje uvanlege samtaleemne i dei dagar! 

Men no som til og med dei eldste på gamleheimen kan vere stolte eigarar av mobiltelefonar, så må jo slarvet spreiast med rekordfart i små og store bygder? Det er no ein ting, men kvar blir det då av sjarmen med å sitje bak kjøkengardina og observere kven som er ute og går, for så å ringje opp Gunvor og informere ho om at ambulansen nok ein gong stod parkert utanfor han Trygvetassen si stovedør? 
Things will never be the same again. Og derfor skal eg om ikkje så altfor lengje, boikotte heile mobiliteten.  

Vel, då var det tre kvarter til neste etappe tek til her i min studentkvardag, og eg får hive meg kring og finne seminarrommet eg skal møte opp på. Og på vegen får eg vel prøve å raske med meg litt lunsj. 

Picture: PERFECT!!

Eg har vel knapt lagt ut eit einaste bilete her (som eg har teke sjølv) sidan eg var i Australia? Jiiz, det føles faktisk litt ille…Men det er vel sånn det blir når eg har ein pc som brått går ut i streik? 
Nuvel. Snille Krissebassen min har lova meg å stikke innom og leike datadoktor etter jobb i morgon, så forhåpentlegvis får me skjermkortet inn i maskina, og maskina up ‘n’ running. GAH! Eg har sakna beibisen min!! <3 Eg føler meg nærmast som ein tørrlagd alkoholikar på veg til vinsmakekurs her! Ingen meir kaving med kablar grunna tomme batteri, ikkje meir vondt i ryggen fordi eg sit forvridd i sofaen med laptop’en stabla på knea (jupp, dei sitjestillingane mine skulle seriøst vore fotodokumentert! ^^) og ikkje meir miniskjerm og tulletastatur! Velkomen tilbake min høgt elska og sårt sakna 20″ skjerm!!!! <3

Framover blir det vel både ei og to oppgåveskrivingar, og tusen sider å lese til eksamen, men det må vel vere håp for å snike inn litt Sims og litt Skyrim….og ein tur “heim” til Azeroth. Og sjølvsagt hakket meir illustrerte innlegg her på blogg.no òg, får eg håpe! ^^