Hei! Eg heiter Yage.

Yage, ja. Det er meg. Eg har akkurat flytta inn her, og prøver å finne meg til rette i dette nye kollektivet. Opprinneleg har eg flytta frå USA, vidare til austlandet, og no er eg då her. I eit kollektiv med ein haug andre som meg. Eller tilsvarande som meg. Eg er foreløpig den høgaste her, og ravar høgt over hovudet på mine nye romvenninner. 
I tillegg er eg faktisk den einaste som når opp til tastaturet på pc’en! ^^


I tillegg mistenkjer eg at eg er den einaste datanerden her i huset, så eg reknar med eg får lov å sitje her i fred og ro! ^^ 
Men no pratar eg meg vekk. Eg skulle presentere meg! 
Eg er Yage. Eg er 22 år gamal, og har som sagt flytta litt ikring. No hadde eg fått nok av austlandet, og bestemde meg for å prøve å bu litt her i nærleiken av Bergen. Så eg pakka sakene mine og la ut på tur. Ikkje at det gjekk for seg utan dramatikk; eg presterte å brekke ein finger og eit handledd så snart eg var komen innanfor dørane i min nye heim! :O Dramatisk, men husvertane mine var på plass med god fyrstehjelp, og eg er no fix og fin igjen! 

Eg er eigentleg ein veldig layback karakter. Eg elskar å farge håret og prøve nye hårfrisyrer, kler meg helst i mørke fargar, og er livredd sprøyter. Hadde det ikkje vore for at syster mi tvang meg til å pierce øyro mine hjå frisøren då eg var 4 år, hadde eg ALDRI våga å få meg nokon form for piercing! Nåler er berre creepy!
Ellers nerdar eg mykje. Eg er kanskje litt asosial til og med! Elskar å lese, særleg fantasy og schi-fi. Og teikneseriar. Eg er hekta på manga og anime!!!
Tja, kva anna? Eg hatar generelt popmusikk, drøymer om å reise til Tokyo ein gong (mormor kjem derifrå),  favorittmaten min er vietnamesisk og eg er verken emo eller gothar, sjølv om mange virkar til å tru det. Og så skriv eg dikt. Og nerdar. Og skal bli web –  eller speldesignar ein gong i tida. Og når eg då ikkje sit framfor pc’en, ser eg slik ut:


Jepp, that’s me! Eg hatar eigentleg å bli tatt bilete av, men kva gjer ein ikkje for å skrive heim til ho mor om korleis verda står? Tvillingsyster mi, Cherry, har prata om å flytte etter meg, men det gjennstår å sjå kor tid DET skjer! ^^ Ho er ein smule meir urban av seg enn kva eg vil skryte på meg.

Så her bur eg altså no. Og det fyrste som møtte meg då eg kom inn døra her, var tre mørkkledde og dystre damer som sat samanklumpa på ei seng og røykte og prata om Allan Edgar Poe. Fullstendig normalt. Det var ikkje ein gong mykje til introduksjon å hente frå dei, men eg fekk så vidt tak i namna deira (sjølv om eg har mine tvil om at det er dei ekte namna, sånn eigentleg! Noko seier meg at desse goth-damene eigentleg berre er x-tremt dramaqueens):


Okay, så det er kanskje ikkje det beste bilete, men det virkar ikkje akkurat som om dei var så veldig happy over at eg fotograferte dei! Fyrste til venstre kallar seg Sinstress. Ho i midten med den nydelege kjolen, kallar seg Raven. Og sistemann med det rosa håret, går under namnet Victoria Creeper. Artige namneval, om ikkje anna! ^^

Dei to neste jentene eg møtte, var hakket meir livlege og pratesalege. 


Chelsea til venstre, og Kennedy til høgre. Kennedy var ikkje vidare begeistra over å bli fotografert, fordi ho “såg jo heilt jæææævlig ut på håret!!” Hihi! 

Ellers skal eg visstnok dele hus med ein psykotisk baby i tvangstrøye, ei kinesisk “porselensdokke” med hentesveis, og ein morderisk raudtopp som tydelegvis har vore under torva i lengjer tid.
Det er då dei nye venane mine. For å nemne nokre. Eg må innrømme eg er spent. Veldig spent. Men kven hadde ikkje vore det under desse omstendigheitane?

(PS! Nemde eg forresten at det er ei skuff full av gamle My Little Pony’s her, og alle hyller og skap er stappfulle av dragar og alvar og englar og einhjørningar? Nei, ikkje det nei.)