Utan å disse nybakte mødre, men kva i alle dagar er det som tek så på??

Veka som gjekk har vore eit blanding av eit mareritt og ein dans på rosa skyer i lukke – og gledesrus. 
Eg og gubben tok oss ein tur til Hardanger saman med TinTin, og returnerte med ein pelsball full i skarpe tenner og med overivirig blære. Dagen før hadde me henta oss ein mindre pelsball, med innebygd motor og kulerunde auge. Pusen Khavi og voffen Marky var in da house, og glea var i høgsetet.  
Khavi held seg under sofaen fyrste døgnet, og ei stund etter at Marky entra scenen. Så kom ho fram, og sidan har ho stort sett lagt samankrølla i fanget mitt og malt på akkord. Snillaste pusen på fire bein. Marky derimot, er som kvelpar flest. Same rase som Maggie var, men full i faen og kvelpefakter.
For å toppe galskapen, blei eg skikkeleg dårleg. Eg prøvde meg over i feltet “fast føde”, fordi eg rett og slett ikkje takla meir mosa mat. Det gjorde meg berre kvalm og uvel. Så eg prøvde meg på knekkebrød. Det gjekk strålande. Men etterkvart byrja eg å bli dårleg. Eg kasta opp. Eg var konstant kvalm. Kroppen kolapsa, og eg greidde ingenting anna enn å sove og sove. Og sove. Magen var heilt på bærtur, og alt var vondt og tungt.
Så kroppen var ikkje vidare samarbeidsvilleg. Og gubben var meir enn arbeidsvilleg, og var vekke mesteparten av dagane i jobbsamanheng.
Der sat eg då. Maroder herifrå til evigheita, med ein liten voffeloff som hadde lopper i blodet og makk i ræva. Maur i tenna og spreng i blæra. Pusen oppførte seg vel og merke heilt eksemplarisk, men ho krev sjølvsagt ein del kos og at mat – og drikkeskåla inneheld dei rette ingrediensane.

Så medan eg låg der på sofaen, med brekkningar og mage-au, og ei bikkje som prøvde å forvandle alt av inventar til sagflis, byrja eg å fundere på kvifor småbornsmødre er så utslitne? Dei med smånurk på babystadiet, vel og merke. Når borna byrjar å klatre i gardinene og forsyne seg av jord frå blomepottene, har eg full forståing for at ting tek på. Men dei som går heime med nyfødde babyar? Kva er det som gjer dei så slitne?

  • Ein baby har bleie på. Om dei likevel klarar å pisse på golvet kvar halve time, så må det vere mamma/pappa sine bleiepåførings-kunnskapar det skortar på. 
  • Ein baby kjem ikkje så langt. Dei spring ikkje rundt i huset som om dei hadde Fanden i hælane, og leitar etter fanteskap dei kan utføre.
  • Babyar er tannlause små krek. Eg har tusen sår oppetter armane og leggane etter nåleskarpe små tenner, som eigentleg berre vil leike litt.
  • Ein kan putte ein baby oppi ei vogn og trille avgarde dersom ein skal ut eit ærend. Min baby må eg bære. Eller slepe etter meg. Akkompanjert av eit hyle – og sutrekor i protestkategori. 
  • Den største potensielle faren for inventaret ein baby kan stå for, er gulpeflekkar på sofaen. Eg må snart byte ut stovebordet, kommoden på soverommet, alle tepper i huset og halve garderoben min. 
  • Nattevak er like essensielt med voff som med baby. Eg og gubben må opp cirka kvar andre til tredje time for å lufte voff, og resten av natta blir me underhaldt av sutring, bjeffing, gnaging og pipeleikar.

Men eg skal ikkje klage. Formen min tek til å bli betre, og eg er på beina. Og uansett kva fanteskap dei no nye små englane mine måtte finne på, så er det verdt det. Dei er nydelege, herlege, og heilt til å ete opp. <3

 

4 kommentarer
    1. Gratulerer med nye pelsballer, først og fremst! 🙂 Hehe, jeg tror nok du kan sammenligne babyer og dyr ja. Nå er ikke alle babyer like, men her må jeg opp flere ganger om natta for å mate skapningen. Og amming drar veeeldig mye energi. Babyen spiser jo overskuddslageret mitt! Så selv om jeg “bare sitter der” så blir jeg vanvittig trøtt og sliten av det. (Akkurat det slipper jo de som ikke ammer) Pluss at knotten sover veldig lite på dagtid, og må derfor underholdes en del. (Men vi har lært ham å underholde seg selv i perioder da)
      Og oppi dette skal jeg gjøre husarbeid, være sosial, treffe slekt osv. For alle mener at de ser ham for sjelden, og forstår visst ikke at hvis de skal få treffe ham så ofte som de vil så får jeg aldri gjort annet enn å ta imot/dra på besøk. Så ja, jeg blir sliten. Og ikke ett sekund har jeg dårlig samvittighet for det. 😉
      Men dette er forbigående, og jeg klager vanligvis ikke over det. Stortrives jo som mamma! Men siden du spurte… 😉 God bedring til deg!!

    2. lille venn 😉
      gratulerer så mye med 2 pelsballer og helsa!
      men jeg merker at jeg får litt lyst til å kaste en bøtte vann på deg….
      Hva vi husmødre gjør på? Nei, det var det da.
      Første 2 mnd må man komme seg etter fødselen, jeg kunne ikke sitte på nesten 10 uker og alt gjorde vondt så mye som jeg ble sydd sammen. Så er du oppe på alle døgnets tider for å gi mat. (jeg var heldig der med bare 2 ganger iløpet av natta, men mange må opp hver andre time.) (men at du har vondt gjør at man uansett ikke sover godt)
      Så er det amming. Man bruker i gjennomsnitt 700 kcal mer i døgnet av energi for å amme, det tilsvarer like mye som ca 2 timer jogging i energi fra en kropp som har vært gjennom store utfordringer siste 9 mnd. (jeg spydde jo i 7 av dem, så da var det ikke så mye å gå på)
      Så skriker barnet, du vet du har gitt ham mat, skiftet bleie og han har sovet… Så hvorfor skriker han da i 2 timer i strekk? Så finner du ut at han har luft i magen, og det er det ikke så mye å gjøre med da… bruker tid på mammaforum for å prøve å finne ut hva du gjør galt… og resten av dagen går du med en følelse av at du ikke er en god nok mamma.
      Så er det husarbeid, siden alle vil komme på besøk å se knøttet. Du må også huske på at imellom alt dette skal barnet ha sin dose med lek, ove på å ligge på magen, trene opp muskler, bli vist nok farger og bevegelige leker slik at hjernen får trent seg litt den og.
      Man må heller ikke glemme å trille tur hver dag, siden barn har godt av frisk luft. Det at man bare kan putte poden i vogna er ikke like lett. Det spørs helt hvilket humør han er i den dagen.
      Etter alt dette har jeg kanskje fått spist lunch, og om jeg er ekstra heldig fått dusjet den dagen.
      (nå er ikke alle dager like stressende, men de dagene som ikke er så ille må vi få hente inn litt energi vi og!)
      Men jeg velger å føle med deg etter operasjonen og at du har fått småknøtt i hus. Og åper at du fremdeles føler deg like pigg 🙂
      Klem

    3. Aina Kiara: Hehe! ^^ Eg skal overhovud ikkje hevde at det er ein dans på roser å vere mamma! De gjer ein fantastisk jobb, for all del! Eg berre sutrar, eg. Hihi!
      Men det er hakket meir slitsamt enn eg hugsa frå tidlegare dyrebaby-episodar å ha kvelp i hus! :O Fullstendig turbo 24/7 denne kosebamsen eg har fått meg! Jiiz, eg ser verkeleg fram til ho tek til å bli tørr bak øyro! :O

    4. kjerstin: Hihi! ^^ Det var overhovud ikkje kritikk til alle fine flinke mamma-damene! xD Denne veka har berre vore så kaotisk at eg tok til å misunne dei som ikkje hadde “ungane” sine hengjande etter tennene i leggen sin! xD Trur det er høgst sjeldan mødre opplever akkurat det, i alle fall sånn heilt i starten! xD

      Sidan eg har vore heilt kaputt og hadde ei stor trong til å sutre intenst, så falt valet mitt på å disse småbornsmødrene litt. Sjølv om mine englar bit, så trøystar eg meg med at dei i det minste ikkje er hekta fast på puppen min! ;op

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg