Skift-soving, etasje-mating og blåse-nei.

Soundtrack: Usher – You Make Me Wanna….

Eg vågar å påstå at eg har ein unik eigenskap i forhold til å forstå dyra mine, og at eg er ei ganske god dyremamma. Menneskeborn hadde eg aldri våga å ta på meg heiltidsansvar for, men dyreverda og eg har alltid gått som hand i hanske. Stort sett. Det finst nokre unntak, utan at eg skal gå nærmare inn på dei no. 

Nokre pussige løysningar må til når ein kvalpesikrar huset sitt. Særleg når dei som frå før bur her, er van med å få maten sin servert på kjøkengolvet, og kan gå dit og ete når det passar dei. Verken Khavi eller Pixie et meir enn til dei er mette, og så får maten stå til dei blir svoltne igjen. Pixie et sin mat, og Khavi held seg til sin mat.
Ein schäferbaby er ikkje akkurat av same oppfattning; Elessär hiv seg over alt han kan finne av tørrfòr, og momsar i seg rubbel og bit om ein ikkje passar på. 
Derfor er det no innført etasje-mating her i huset. Klatre – og klorestativet til Khavi er på fire etasjar. Den øverste er det berre ho som kjem seg opp i, og derfor står maten hennar no på toppen. Etasjen under kan Pixie hoppe bortpå frå sofaen, så det er hennar matstasjon. 

Elessär får maten sin på kjøkenet. Han har matskål på golvet, og får mat to gongar om dagen. Eg lever i håpet om at han skal få same haldningen til mating som resten av flokken, men det får tida vise. 

Vidare er det innført skift-soving her på bruket. Elessär treng å luftast MINST kvar tredje time for å unngå uhell. Og stort sett går det greit. Han søv masse, så det er nok av moglegheitar for oss å duppe av litt innimellom. Men for å unngå at me må stå opp i hytt og pine utan å få samanhengjande søvn, søv me no på skift. Ferien min er over for denne omgong, så Dùnedain blir heimeverande pappa framover. Og når minstemann fyrst er vaken, må ein vere på vakt, så han ikkje et eller gneg på ting. Alt er kjempespennande, og må undersøkjast. Eg har eigentleg funne ein teknikk som virkar på det meste i forhold til å bite på ting han ikkje skal, eller meg sjølv for så vidt. Om han gneg på sofakanten eller ein sko han har snike seg avgarde og funne, blåse eg han varsamt i andlete. Det er skikkeleg pyton, så han stoppar omtrent momentant. Så avleiar eg merksemda hans til ein leike. 
Om han bit på meg, lagar eg ein pipelyd som han tydelegvis ikkje syns er noko særleg, og stoppar i det han slepp taket. Så langt har det vore super-effektivt! 

Men alt går etappevis her i garden, inkludert dette innlegget. Eg rekk cirka å skrive ti ord før eg må springe avgarde og redde eit golvteppe, ei bok eller avbryte eit raid i kattekassen. 
Sistnemnde er eigentleg det som har vore mest problematisk; kattekassen. Pixie har aldri hatt noko vidare trong til å stikke snuten inn der, fisefin som ho er, men Elessär syns det er eit evig og utømmeleg kammer av fantastisk aroma. Så, litt trøbbel der. Og akkurat i det eg var ferdig med innlegget, så sovna røvaren på føtene mine! Pixie har funne roen ved sidan av meg, Dùnedain er komen i seng, og Khavi ligg lett slengd over sofaryggen. Så då kan kanskje freden senke seg i….tja, ti minutt?

Tilbake til normalen. Sort of.

Måndag landa flyet mitt på Flesland klokka 10.26, og totalt hadde eg fått litt over 4 timar søvn natta før. Det tok meg to RedBull nesten på rappen for å halde gluggane opne, og eg drog på ein koffert som kunne ha romma ein liten familie på campingtur. Ein sekk tung som bly, ein plastpose full i taxfree-varer og ei veske med naudsynte fly-artiklar over skuldera. Det bles nordavind frå alle kantar, og iskalde regndråpar var det fyrste som ynskja meg velkomen heim. 
Heim til Dùnedain, Pixiebelle, Khavelusk og pippegutta mine <3 Så får det heller vere at det blei mange timar på flyplassen, gørr-ekkel frukost (det var ikkje måte på kor mykje majones dei skulle putte i baguetten min som eg kjøpte i hurten og styrten, for ikkje å snakke om at eg ba om cola zero og fekk cola….Kunne ikkje forstå kvifor eg drakk og drakk, og var like tørst?! xD ) og eit aldri så lite overforbruk i taxfree’en. Men eg var flink; eg kjøpte INGEN kosmetikk, for eg har for nemleg bestemd meg for å bruke opp det eg har! :p 

Då Dùnedain omsider svinga inn framfor flyplassen, var verda heilt perfekt igjen. Me konkluderte begge to med at det er FÆLT å vere vekke frå kvarandre, og at me elskar kvarandre så masse at me blir litt svimle begge to, og at neste gong me reiser på ferie, skal me reise i lag. Me er så søte at ein kan få hòl i tenna av mindre….
Så reiste me avgarde og henta Elessär Eärendil, verdas nydelegaste vetle schäfer-gut. Dùnedain var, og er framleis, stolt som ein hane over nurket, og beibisen vår følgjer oss hakk i hæl kvar me enn går. Namnet hans er henta frå Ringenes Herre, sånn i tilfelle nokon lurte. Elessär var allereie bestemd (namnet til Aragorn då han blei konge), men den kvite stjerna i panna til voffen, gjorde at han i tillegg måtte få namnet Eärendil, etter Eärendil Sjøfareren, som bar Morgonstjerna i panna. Så der, sånn i tilfelle nokon lurte. 

Han er rett og slett perfekt. Han er audmjuk, utan å bli skremmande underdanig. Han lærer på 1-2-3, han er kosete, roleg, nyfiken, venleg mot alle….Kort sagt; ein herleg kosebamse med eit hjarte av gull. Han er til og med LANGT på veg stoverein, og dei små uhella som har vore må klandrast på oss som ikkje har reagert for nok når han har gitt beskjed. Han kan allereie sit og kom, har forstått namnet sitt, og eg kan rett og slett ikkje skryte meir av denne nye ungen min!! <3 

Resten av flokken er vel så som så når det kjem til synet på dette nye flokkmedlemet. Pixie furtar, for ho vil jo helst vere minstejenta og prinsessa i huset. Så ho furtar, og Elessär blir stort sett møtt med snerring og sure grynt. Me freistar å gje ho så masse merksemd som overhovud mogleg, sånn at ho ikkje skal føle at alt fokuset ligg på veslebroren, og eg tenkjer eg prøver å ta ho med til Krisse-papsen når moglegheita byr seg. 

Det er snakk om baby steps foreløpig, men det går betre og betre med forholdet mellom dei. Så me jobbar oss mot det målet at dei blir gode vener på sikt. Ingen har til no mista nokre lemmer, og Pixie bjeffar så absolutt meir enn ho bit! Det er ikkje akkurat den heilt store tanngarden å snakke om i kjeften på den jenta…

Khavi derimot, er noko ambivalent. 

Ho kavar seg ikkje opp på nokon måte, men er ein smule skeptisk om broren kjem for nær. Litt sutrete fordi ho ikkje får ut, men eg kjenner ho så godt at eg VEIT kva som skjer om eg slepp ho ut no. Det blir ei veke på hurra-tur, det! Ho nektar å kome heim før balansen er gjennoppretta….Og sidan Elessär no er her på permanent basis, så skjer ikkje det akkurat. Dermed er ho inne-bunden fram til ho har akseptert han. Heldigvis er ikkje Elessär på nokon måte overdrive innpåsliten eller aggressiv, så det går nok fortare enn eg i utgongspunktet frykta. Khavi er i tillegg ikkje ein pus som har vanskeleg for å akseptere andre dyr. 

Og dei to minste broremannane, Frost og Fimbul? Dei drit i heile den nye bikkja, bokstaveleg talt. I går var dei til og med på golvet og hoppa, og på det tidspunktet var det nok mamsen som var mest nervøs her! xD 

Alt i alt er eg pr. no verdas stoltaste 5-borns mor. Og innser at det så absolutt blir naudsynt å leite etter større kåk når det går mot vinter….

<3 Elessär <3

Timbaland – The Way I Are

Det er framleis ein månad igjen (nesten) til me blir foreldre igjen. Derfor brukar me masse tid på å gjere oss klare til den store dagen, og passar på at alt er i stand til me kjem heim, stolte som to hanar, med ein liten bamse i armane. Og ikkje minst må eg bruke tid på å lære opp Dùnedain til å bli ein streng pappa, noko som er lettare sagt enn gjort. Den herremannen er ein blauthjarta go’klump av dimensjonar, men han MÅ lære seg å vere bestemd når me skal oppdra ein schäfergut! Eg orkar ikkje tanken på å ha ein hund med null kontroll, som tek over huset og leikar høvding. 

Okay, så Pixie er allereie ei bortskjemd lita prinsesse, men ho høyrer i det minste etter når mamma gir beskjed om at nok er nok. Derimot har ho Dùnedain kring lillefingeren/lillekloa, og set opp dei tristaste hundeaugene i verda for å få det som ho vil. 
Derfor har eg gitt karen heimelekser, og han må øve på å vere streng med vetlejentao vår. Stakkars. Ho gjekk til det steget at ho blei så fornærma at ho beit han i ræva her om dagen! xD Sååå….This is gonna be a challenge! xD 

Men over til bileta: 

 

Herregud, eg er heilt FORELSKA! 😀 Makan til nydeleg liten bamsemuffs! <3 Så no må me av og skaffe hundehalsband snart. Dei har jo ikkje hovudskalle-hundeband på Biltema lengjer! :'( 

And now over to something completely different: Husvask. (fridagar MÅ utnyttast!! Og så skal eg freiste å få laga finn-annonser for alt dillet mitt som eg har liggjande rundt i huset!!)