Mobile tankar.

Så sat eg her på Studentsenteret, og hadde seriøse planar om å skrive på den eine av dei to oppgåvene mine. Sånn gjekk det ikkje. I staden har eg surfa på FaceBook, leika meg på NeoPets og lest nettaviser. Men så er vel neppe dette plassen for å få gjort noko fornuftig heller. Lufta er nærmast tjukk av mumling og skravling og folk som trampar på tunge hæla i trappene. Leamus i auga har eg òg, noko som ikkje gjer konsentrasjonen noko betre. 

To kollisjonar i området kring Puddefjordsbrua i dag tidleg, om nokon lurte på kvifor dei stod ei eve i kø der i morgonrushet! Eg må innrømme at det facinerar meg korleis folk ryddar opp i liva sine når slike uventa hendingar inntreff! Med ein gong køen synleggjorde seg framfor bussen, fiska alle passasjerane fram mobilane sine. “Eg blir sein…traffikken står i stampe….Har du sett noko på nettet om kva det er? ….Aha. Kjedekollisjon. Ja, men eg ville berre gje beskjed.”
Korleis i alle dagar overlevde me i gamledagar? Sånn før alle hadde internett og kommunikasjonsmoglegheitar tilgjengelege ved fingerspissane til ei kvar tid?? Fram til eg entra tenåra var det berre dei piffaste av dei snobbaste som hadde slike vidundermaskiner tilgjengeleg. Og dei var i tillegg så store at ein gjerne trengde ein ekstra ryggsekk for å få dei med seg! I kid you not!! Besteforeldra mine kjøpte seg ein sånn murklosse for å ha på hytta, og den blei frakta rundt i ei svær veske!

På den tida måtte ein ringje heimanfrå og avtale kor tid ein skulle møtast, hive seg på sykkelen og prøve å unngå at den andre personen blei nøydd å vente på deg. Blei du for sein, stressa du hardt og lengje for å innhente deg. Du kunne ikkje sende ein SMS og sei ifrå av bussen blei ti minutt for sein. Og dersom noko revolusjonerande hende i landet, visste du som regel ikkje om det før det kom på radioen eller TV’en, eller eventuelt i avisa. Ein kunne sjølvsagt halde seg inne med ei av sladrekjerringane i bygda, som meir enn gjerne informerte om kva ho Sigrid-Olina hadde drive med borte hjå han Knut-Ola-Peder i Svingen, for det hadde ho nemleg høyrd frå syster til mor til tanta til bestemora til naboen til ho Mari-på-Toppen, som gjekk forbi stoveglaset til han Knut-Ola-Peder i gårkveld!

Eg skal ikkje nekte for at eg var ein sucker for gossip på den tida. Eg og Lindekaka var stort sett oppdatert på det meste av det som skjedde i bygda, og all viktig informasjon blei ubønhøyrleg spreidd vidare, sidan det var av allmenn interesse å vite kven ho Kåre-Gygrid Slemmetruten strikka sokkar til. Eller kvifor Kvisten blei køyrd ned i Lærargata. Eller kven som sneik seg kring møne på kva gard. Kors på halsen; det var ikkje uvanlege samtaleemne i dei dagar! 

Men no som til og med dei eldste på gamleheimen kan vere stolte eigarar av mobiltelefonar, så må jo slarvet spreiast med rekordfart i små og store bygder? Det er no ein ting, men kvar blir det då av sjarmen med å sitje bak kjøkengardina og observere kven som er ute og går, for så å ringje opp Gunvor og informere ho om at ambulansen nok ein gong stod parkert utanfor han Trygvetassen si stovedør? 
Things will never be the same again. Og derfor skal eg om ikkje så altfor lengje, boikotte heile mobiliteten.  

Vel, då var det tre kvarter til neste etappe tek til her i min studentkvardag, og eg får hive meg kring og finne seminarrommet eg skal møte opp på. Og på vegen får eg vel prøve å raske med meg litt lunsj. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg