Høg på seg sjølv? Det må vere lov! ^^

Eg og Nett’n snudde nasa mot by’n i går, for å gjere den både raud og utrygg. Og av god gamal tradisjon, enda me på Scotchman. Her rista me rompa, kvelva i oss nokre pils og kvar sin strawberry daiquiri, og hadde det eigentleg veldig fint. 

Så blei ting endå finare. Har eg nemnd at eg aldri blir sjekka opp på by’n? Vel, det er tilfellet. Ikkje sjekka opp på andre måtar enn drita fulle mannfolk som trur at det å gni snoppen sin oppetter ryggen din på dansegolvet er ein form for velfungerande kurtise. Og dei får som regel ein platåsko godt plassert akkurat der deira framtidige arvingar held til. 
Men eg gjorde ein liten deal med meg sjølv denne dagen. Kva om eg faktisk freistar å vere smilande, blid og hyggeleg mot alle som snublar innanfor mi komforsone?
La meg leggje til at eg på denne kvelden ikkje var mindre skummel enn eg brukar å vere: Håret i hanekam, piercingane tydeleg plassert i øyre og nase, kjettingar på kryss og tvers, skotskrutete miniskjørt, svart sliten nettingtopp og platåstøvlettar på beina. Andlete var iført krigsmåling i tonane grått og grålilla, og dei tre kvisene som så absolutt ville vise seg fram i mitt allereie bleike fjes, var gøymd bak eit lett lag bleik foundation. Som eg mange gongar har fått høyre at får meg til å sjå endå bleikare ut enn eg har for vane å gjere. But I luv it; det står i stil til resten av skrotten.

Men tilbake til dei sjarmerande herremannane som faktisk presterte å gjere kvelden min til noko heilt spesielt.
Eg forlot Nett’n si side for å snike meg ut og ta ein blås. Medan eg stod der og tasta litt på mobilen, kjem det to karar bort til meg. Eg keik opp.
-Du er berre utruleg fin, seier den eine. -Heilt seriøst, du står skikkeleg ut i mengda; du er dritfin!
Hadde det ikkje vore for foundationen, hadde eg raudna frå hårrøtene og heilt ned i platåskotuppane. Eg klistra på meg eit smil.
-Tusen takk; det er ikkje så ofte eg høyrer, sa eg.
-Seriøst? Du er jo berre utruleg fin!
Kompisen hans smilte sjenert. Dei overausa meg med kompliment, og eg følte meg som ein supermodell der eg stod. Samtalen dreia seg inn på piercingar og tatoveringar, og gutane var veldig opphengde i korleis tattisar var ting ein gjerne kom til å angre på når dei nærma seg 40. Eg held klokeleg kjeft om kor mykje nærmare eg var den alderen enn dei; eg vil tippe dei begge var i starten av 20-åra.
Røykepausen min gjekk mot slutten, og nokon ropa på han eine fyren. Han snudde seg og svara, og vende seg tilbake til kompisen.
-Eg må inn igjen. Kjem du, eller vil du heller stå her med pene damen?
Kompisen hans såg i bakken litt sjenert.
-Bli her, sa han.
-Pene damen er ferdig å røyke, så eg må inn igjen eg med, svara eg. Så ga eg dei eit hyggeleg smil, og rusla tilbake til Nett’n.

Nett’n fann seg kort etter ein dansepartnar frå India, som hadde supersøte krøllar og som eg hadde utpeikt som ein av dei få snæxxi individa i forsamlinga den kvelden. Han kom bort og prata med oss litt etterpå, og introduserte kompisen sin for oss. Så forsvann han tilbake på dansegolvet, og eg og Nett’n kasta oss tilbake i rytmane. Brått er det ein fyr som kjem frå det store intet og står heilt opp i andlete mitt. Nett’n forsvann, og der stod eg med ein fyr som eg ikkje ante kvar hadde kome frå. Han lurte på kva eg dreiv med; om eg var student?
Samtalen var ein smule vanskeleg å halde i gong, i og med at musikken var høg og han tydelegvis høyrde like dårleg som meg. Ungfole i starten av 20-åra han med. Han strauk meg over håret og stira på meg med eit særs intenst blikk. Ei lita stund var eg nærmast redd for at fyren skulle gå ned på kne og fri til meg eller noko tilsvarande, så eg orsaka meg med at venninna mi såg så einsam ut og at eg måtte tilbake til ho.

Då eg nokre timar seinare sat på bussen heim, måtte eg smile litt for meg sjølv. At eg skulle oppleve denne typen merksemd hadde eg faktisk aldri trudd. Eg har aldri sett på meg sjølv som pen, men trivst veldig godt som skummel og mystisk. Men er det rett og slett det at eg har gått kraftig ned i vekt som gjer at folk faktisk vågar å kome innpå meg? Er menneska på denne planeta verkeleg så shallow??
Når eg berre har pengar til det, går turen til frisøren. Eg skal bli blondine, og freistar verkeleg å ta ein tur på by’n med blonde lokkar, kort skjørt og ekte babe-wrapping i outfit’n. Berre for å sjå korleis dei har det på DEN sida av menneskeheita! ^^ 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg