Let’s talk about sex, baby!

Eg er heime idag. Av to grunnar: Lille voff var dårleg i magen, og sat i gongen og grein mesteparten av formiddagen. No er det to timar sidan sist ho måtte ut, så eg trur det har roa seg no. Neste grunn: Mensen kom for alvor. Vanlegvis er det to au-dagar når eg har mensen; den dagen eg får eggløysning og den dagen mensen faktisk startar. No er visst begge over, så eg håpar det blir med det. 
Men medan eg låg der og tykte synd på meg sjølv (og Maggie), og glodde på ei oppgåve som tydelegvis ikkje vil skrive seg sjølv, la eg ein skrivepause til ein episode av Trekant. De veit; det programmet på NRK som mange er så sinte på. Eg diggar det, vel å merke. Eg fattar eigentleg ikkje kvifor slike program ikkje har vore på skjermen i fleire tiår allereie. Men meg om det.

Så byrja eg å tenkje. Som i seg sjølv kan vere ein farleg ting. Eg har alltid leika med tanken på ein sex-blogg. Ikkje av typen med pornografiske bilete og detaljerte beskrivingar av sexlivet til meg og gubben, men om tankar og erfaringar og sex generelt. Ein gong i tida var eg veldig inne på tanken å bli sexolog, fordi det er eit sentralt tema i livet mitt. Sex altso. Og kven tenkjer ikkje på sex? Anten ein er aktiv eller ikkje?

Mitt forhold til sex har alltid vore ope, og eg har ingen problem med å snakke om det. Eg kan gjerne diskutere onani med folk, eg kan gjerne prate om kva eg likar og kva eg har prøvd. Ikkje alle er komfortable med å prate om det med andre, men alle har tankar om det. Og det er lov å føle at det er ein privat ting, men du kjøper gjerne den avisa med hovudoppslaget SEX av ti nordmenn likar pannekaker på fredagar uansett! Og sjølv om du ikkje vil innrømme det, så har du sett på porno. Eg likar ikkje porno spesielt godt, særleg ikkje med mannfolk i. Eg syns homosex eller lesbesex er greit, og erotiske filmar er ein fin-fin ting. Men porno-porno er ikkje mi greie. Sånn er eg skrudd saman. Men eg kan gjerne prate om det! 

Og så har me seksualiseringa av samfunnet, som eg syns har gått heilt av skaftet. Eg kan debatere det til det keisamelege. Eg syns ikkje det er greit å gjere småjenter til sex-objekt. Eg syns ikkje det er greit at det er viktigare å vere sexy enn å vere intelligent. Derimot syns eg det er heilt greit om ei jente vel å vere strippar eller selgje sex, dersom det er hennar eige val. Og det same gjeld menn. 
Så kva stoppar meg frå å opprette ein blogg med sex som eigen kategori? Det er det store spørsmålet. Eg har ingen problem med det. Det er ein ærleg og naturleg sak. Eg har alltid vore open kring det temaet, og gubben min er fult klar over det. Han har ingen problem med det heller; han er van med at eg kan slengje med kjeften kring det meste, inkludert ting som skjer på soverommet.
Folk som kjenner meg veit at eg er slik, og ville ikkje blitt overraska. Og om nokon på eit tidspunkt skulle finn på å bruke bloggen min mot meg på grunnlag av eit sånt tema, så seier det meir om dei enn om meg og bloggen min.
Med andre ord ser eg ikkje heilt problemet. I wanna sex up my blog! Så dermed er det duka for ein ny kategori i bloggen min: Bedroom secrets.
Så får me sjå kva eg skulle finne på å pryde det kapittelet med.