Ein FANTASTISK handkrem!!

Eg MÅ berre anbefale eit produkt. Eg har ikkje for vane å gjere det, kanskje mest fordi eg så sjeldan snublar over produkt som berre er heilt utrulege, men denne MÅ eg dele. Det er mi plikt som medmenneske og samfunnsorientert medborgar!

Eg var innom Boots Apotek for å hente nokre medisinar her om dagen, og dei hadde eit tilbod med at om du handla for over 50 kroner, fekk du eit gåvekort på 200 kroner som du kunne bruke i januar. Pengar spart er pengar tent, eller kva det no heiter? 
Så eg røska med meg eit produkt frå Soap & Glory-hylla deira. Eg har ein facescrub i det merket frå før, og elskar for så vidt designet på produkta deira, så why not?

Eg kom heim med denne i posen: 

 

Eg har prøvd mange handkremar i mi tid. Som regel er dei klissete, og etterlet seg ei ekkel hinne på huda leeeeengje etter at eg har tatt det på, andre funkar sånn halvpasse, og nokre funkar ikkje i det heile. Men DENNE! Åååh, eg har funne -min- handkrem! <3

Den trekk fort inni, og den gjer faktisk huda mi mjuk som berre fy! Og så luktar den så godt at eg har lyst å eeeeteeee den! xD
Haha, det er ei sånn greie eg har med handkremar; nokre luktar rett og slett for godt.

Og gubben min, som er plaga med skikkeleg tørr og sår hud på hendene, syns den funkar fantastisk! No er ikkje han fult så flink å smørje hendene sine som det eg er, men det er tydeleg skilnad!

Noko seier meg at det gåvekortet frå Boots skal brukast på fleire Soap & Glory-produkt! ^^  

Klippe-klippe, sa kjerringa!

Eg skal til frisøren. Snart. Eg ventar berre på at økonomien min skal vere med på idèen. Så melder det vanlege spørsmålet seg; what to do? Kva skal eg NO gjere med håret mitt? 
Det er eit år sidan sist eg makka meg opp i klippestolen, og då ordna eg meg med kort hår, med to lange…uhm, “rottehalar” på sidene. Dette blei så bleika og farga lilla, og stort lengjer kom eg vel aldri? Det har vore lilla og frittveksande sidan. Før det igjen hadde eg nesten same frisyra, berre med ein “rottehale” på sida. Og før det var det vel ganske langt før eg klipte meg….? Eg hugsar ikkje. Men eg er av typen som ikkje går så ofte og klipper meg, og derfor skal verda revolusjonerast kvar gong det faktisk skjer. Fargen blir uansett plommelilla. Eg må farge det med noko som ikkje skadar håret og som faktisk heng utan at eg bleikar det. Bleike-pause FTW. Og eg har tilfeldigvis ein boks med plommelilla hårfarge som stort sett heng veldig greit på ubleika hår.

Og så var det dei alternativa eg vurderar då: 


1) Tja, håret mitt er nok overhovud ikkje i nærleiken av å klare å halde seg såpass krølle-bølgjete som dette meir enn toppen eit par timar vel og merke. The curse of straight hair. Men la oss ta det utan krølleting i. Berre kort bak, litt lengjer framme og rufse-rufse. Eg likar eigentleg den frisyra, men no har eg lissom hatt den så mange gongar….?


2) Eg trur dette er den frisyra eg har vurdert sterkast. Igjen; drit i bølgjene/fallet. Det kan eg sjå langt etter. Men barbert sånn på eine sida, kanskje til og med på beggje, og så langt på toppen? Sånn at eg kan lage -både- mohawk og eventuelt berre feste det i ein hestehale baki nakken….? Har sansen for desse barberings-frisyrene, men samstunes så har “alle” det no. Dermed måtte eg eventuelt tatt skrittet litt lengjer, og tatt begge sidene. Sjølvsagt.


3) Dette er vel meir eller mindre slik eg har hatt det. Litt mindre bob, og litt meir rufs, vel og merke. Men kanskje eg skulle prøvd bob….? Syns eigentleg ikkje det er så veldig meg då; eg trivst best med frisyrer som er litt unike. Ikkje at eg ser Kvarmannsen vandre kring med ei sånn frisyre, men det blir likevel veldig….”vanleg” når ein slengjer på den bob’en!!


4) Endå ein variant av mohawk’en. Denne diggar eg. Akkurat passe langt, og eg hadde kanskje greidd å halde rufsen på toppen ved like? Hm. 


5) Likar desse òg, eg! Dei er litt Yolandi, sjølv om luggen hennar er masse kortare. Men lugg….? Eg elskar lugg, ikkje misforstå. Men det tek maxx to veker før eg har den nedi augo igjen. Blæh. Og eg er ikkje flink nok til å klippe beint, så eg får ikkje fixa det sjølv! Det er bakdelen her.


6) Hm….Kanskje litt emo? Likar rufsen og lengda, men det der hadde sett fint ut på meg i cirka ti minutt etter at eg kom ut av frisørstolen, og så hadde eg ikkje gidda meir. Det hadde blitt hengande utan verken voks eller anna form for styling til det var for langt. Som vanleg. 


7) Ein annan frisyre eg diggar!! Den er eigentleg veldig meg. Men eg har eigentleg veldig lyst på kort hår no etterkvart! Det er tross alt sumar, og på høg tid å klippe av vinterpelsen?


8) Det var den luggen då….Eller elska eg denne òg. 


9) Så slo tanken meg om å prøve noko HEILT nytt! Og då syns eg denne var skamtøff. Men eg har kort og rund hals, ikkje slank og elegant som denne dama, så spørsmålet er kor bra det hadde sett ut på meg…?

Nokon som har nokre hjelpande kommentarar? Støttande innspel? Knusande kritikk? (som om eg bryr meg!! xD) Det blir ein av desse, men eg klarar ikkje å bestemme meg for kva for ein!!

Funny thing; då eg hadde googla etter frisyrer ei stund, la eg merke til at av ein eller annan grunn kom fleirtalet av modellane i resultata mine opp med LILLA hår…! Er DET blitt mote òg no? Eller er det berre søkjemotorane som er blitt endå meir virituelt intelektuelle??

Sko og hårmascara!

Eg skjemde meg sjølv vekk med ein ekstra halvtime søvn i dag tidleg, og måtte av den grunn småspringe dobbelt så langt som vanleg til bussen. Men det var verdt det.
Sidan eg i utgongspunktet var seint ute, hoppa eg like greit oppi Ed Hardy-uggsane mine (som til mitt forsvar er sånn cirka nesten den einaste design-duppeditten eg eig!) og trava avgarde. 
Etterkvart tok eg til å merke at det gjorde litt småvondt i hælane mine, og det sette hjernekapasiteten min i sving. For ei tid tilbake las eg ein artikkel som omhandla kor farlege enkelte sko var for beina; blant anna crocs, converse og uggs. Eg hadde tenkt å linke til denne artikkelen, men eg fann den ikkje igjen i farten. So be it. Poenget mitt er uansett at eg alltid har hatt full forståing for kor fæle og livsfarlege høge hælar  *høhø* kan vere. 
Eg har to par høghæla sko, og dei blir sjeldan brukt sidan eg ser ut som Bambi på isen når eg tek dei på. Legg til eit par shots tequila og nokre pils, og du har underhaldning for kvelden. Når ein i tillegg har ein tendens til å gå og sitje som ein mann, burde noko stå klar med komiprisen. Det seier seg sjølv at dette fort kan gå på helsa laus.

Dei pratar om at føtene skal ha støtte i alle rettningar, og demping på hælane, og denslags. Men me blir då ikkje fødd med sko på beina? Så vidt eg veit har det aldri i evolusjonens namn vore tilfelle? Ein gong sprang me då kring, både nakne og berrføte. Og til lengjer nord desse intelligente apekattane emigrerte, til kaldare blei dei på føtene. Så på eit tidspunkt innsåg dei at dei måtte pakke nokre reinsdyrsskinn kring labbane, før dei held fram. Dei kom til Noreg, dei såg at her pøsa regnet ned mesteparten av året, og resten av året forsvinn verda i eit kvitt inferno av snø og is. Merkeleg nok, trass i dette, putta dei reinsdyrsfillene full i mose og halm, og bestemde seg for at “HER vil me bu!”


Og strengt tatt er vel ikkje mine uggs så veldig ulike desse eksemplara her?

Etter litt flittig bruk med google, kom eg fram til at verda vår faktisk er blitt for flat. Vegane våre er flate (jah, prøv å ta dykk ein tur til Sogn! ^^) golva våre er flate, og det er høgst sjeldan at me spring kring ute i skogen og klatrar i trea. Og harde flater krev støtte og demping til føtene. Javel. Så lærte eg noko idag òg. Men sånn for ordens skuld, så vil eg halde fram med å sverge til platåsko. 

Eg og gubbelusken var for så vidt ein kjapp liten shoppingrunde borte på naboøya idag. Planen var å kjøpe skriveblokk (check), saltvatnløysning til Saga som har fått ein eller annan betennelse på auga sitt (check) og badevekt. I staden for badevekt, kom eg heller heim med nye øyredobbar, hårklyper, mobilklistermerker, og litt hobbystæsj. Jaja, det kunne vore verre. Badevekt får eg ordne meg med seinare. 
Så det blei litt kiking i butikkar, og sjølvsagt blei ruta lagt innom SparKjøp (favorittbutikken til gubbelusken, sånn cirka?) der eg rusla kring og keik på sminke, parfyme og hårkurar. Så ser eg det brått:

 

Haha! Er det andre enn meg som hugsar desse frå det glade 90-talet? Trudde det var fullstendig over og ut, eg? Men neidå, her stod dei utstilt, i alle regnbogens fargar. Eg hugsar eg hadde både blå- og bronzefarga hårmascara på den tida, og om det var nostalgien som greit tak i meg, eller eit faktisk behov for å eige slike igjen som greip meg, veit eg ikkje. Men noko seier meg at eg ganske snart kjem til å ha herlege crazy-striper i håret igjen!

 

Eit heilhjarta mote-HURRA!!

Det er ikkje ofte eg sperrar opp augo i fryd over noko eg ser i moteverda. Stort sett blir det små-flau fnising over at folk faktisk klarar å la seg styre og villede så til dei grader av noko ein gjeng homofile tøysegutar syns at kvinner skal iføre seg. 
Men i dag var det litt anleis. I dag snubla eg over ei annonse, som førte meg til ein artikkel, som ga meg ei nyhende dei aller fleste moteinteresserte allereie har visst sidan i fjor: Platåsko er på veg tilbake!!

Eg hugsar 90-talet. Åja, eg hugsar 90-talet. Den EINASTE perioden i livet mitt der eg faktisk hadde eit snev av tøysegut-klede i klesskapet mitt. Det var knæsj oransje bukser og spygrøne magetoppar. Og platåsko! Masse platåsko. Favoritten min var eit par svarte lolita-inspirerte sko eg kjøpte på klasseturen til England i 10. klasse. Og SpiceGirls. Eg var småforelska i Mel C og Geri, og både håret og kleda gjenspeigla dette. På klassefestane opptrådde me som SpiseGirls, og eg var Emma. BabySpice. Gjerne iført ein kort-kort oransj silkenattkjole. 

SpiceGirls kom og gjekk. Men skoa blei verande i skapet mitt til denne dag.
No skal det seiast at eg ikkje er den som ifører meg dei mest fargerike platåskoa, men tyr heller til den litt meir mørke typen. Gjerne med naglar og hovudskallar.

I og med at desse sjeldan er å spore i den vanlege skobutikken i gata, så må dei kjøpast frå utlandet, og blir fort rimeleg dyre. Men pyttsann.
Det var dermed med tungt hjarte at eg innsåg at tida var overmoden for å kvitte seg med det siste gode paret eg hadde. Dei var kjøpt på eit opphøyrssal i Bergen, for 250 kroner eller så, og blei ved mi side heilt til fòret i hælen ramla av som ein klump losliten skumgummi. Salte tårer og tenners gnissel, og ein kortare seremoni seinare, var dei historie.
Eg ana håpet i det fjerne då eg oppdaga at 70-tals looken var på veg tilbake i butikken. Platåskoa kom, men i ein variant eg overhovud ikkje greidde å omfamne på same måte som før. Her var det platåsko med høg hæl og timeglasforma såle. Petite og feminint, og overhovud ingenting i nærleiken av dei to-etasjers murblokkene eg tidlegare hadde gått til innkjøp av. 

Eg hugsar då eg kjøpte mitt fyrste par, sa mor mi at ho hadde hatt noko tilsvarande på 70-talet. For all del; skoa på den tida var så absolutt både tøffe og überkule, men dei slår ikkje dei frå 90-talet. Eller skoa som eg ser gotharar og metal-chics rusle kring i, og som eg sender lange og lengtande blikk etter. 

Ikkje såg dei like behagelege ut heller; dei minnar meir om dei enorme klogge-boots’ane eg kjøpte meg på IcePlanet, men som eg aldri greidde å gå lengjer i enn til bilen og vidare inn på festen. 

Men glea ville ikkje vare ved så lengje. Då eg etter nokre sekund i intens gledesrus gjekk gjennom bileta av skoa som visstnok er på veg inn i motebilete, fall motet som ein våte ullsokkar i Sognefjorden ein ruskete septemberkveld. 

Kven er det som har sydd finskoa til bestemor på eit traktordekk?! Kva i alle dagar har vedkomande sniffa!? Dette var jo berre trist! :O

Men er det ein ting eg har lært, som peeping tom i moteverda; når noko blir populært, kjem det alltid tusenvis av billege kopiar i kjølvatnet. Og desse er som regel både billegare og mykje finare enn det som bærtene i Hollywood ifører seg!
Så inntil vidare lenar eg meg tålmodig tilbake og ventar på betre tider. Men velkomen så mykje tilbake; eg ser fram til å kome opp i høgda igjen! <3