Det å gjere noko med livet

Eg har akkurat posta innlegga mine frå turen min og Kriss til Latvia. Og eg har feira jul i BaleBy; av ein heller stusseleg variant. Sjølve julafta var det berre meg, pappa og bestao. Og voffane sjølvsagt. God mat, tradisjonen tru, men me mangla juletre, og mesteparten av kvelden berre sat me og såg TV. 

Det blir ein del dautid når ein er heime i jula. Og mi dautid har eg brukt på å fundere på vegen min vidare her i livet. Eg er jo så absolutt ein “ta-livet-som-det-kjem”-person (til Kriss si store fortviling? xD) men eg er òg ein type person som drøymer seg vekk, og gjerne med STOOOORE draumar! Som igjen ikkje alltid er like enkle å realisere. 
Men etter planen skal året 2014 vere året der eg faktisk sit med ei ferdig utdanning. Ei vaskeekte bachelorgrad! Og så då? Kva skjer etterpå? Ein kan sei at det er på tide å få seg ein jobb då. Så ja. Det er sannsynlegvis ein plan. Eg -skal- søkje på jobbar no over nyttår, med håp om i det minste å få meg ein skikkeleg sumarjobb. 
Men så då? Når eg ikkje skal studere, og før eg faktisk får meg ein jobb som er relatert til det eg enda opp med som stor?
Det er der tanken på å melde seg på frivilleg arbeid av ein eller annan sort melder seg. Eg ga meg i kast med å leite litt kring på nettet for å finne litt info om akkurat det, og blei faktisk litt overraska over at det KOSTAR å reise ut for å hjelpe folk/dyr/miljø/osb? “Få en opplevelse for livet”! Joda. Men å betale kr 15.000 ++ (stort sett minimumsbeløpet) for å reise ut og hjelpe folk syns eg høyres litt ut som å booke seg ein luksusferie…? Eller det ein kanskje kallar “opplevjingsferie”? Tiltaket i seg sjølv er jo tipp topp det, men brått føler eg heile greia blir meir som ein ferie-ting for rike, “bortskjemde” ungdomar frå vesten som vil reise på safari for å sjå korleis fattige har det!
Så nei. Då ville eg heller reist gjennom ein organisasjon som “anset” deg. Ikkje at eg treng betaling, men for min del vil eg HJELPE, ikkje oppleve?

Så det er ein ting eg skal fundere meir på i 2014. Neste mål på agendaen er å få ferdig bøkene mine. Haha, kor mange år har eg ikkje masa om det no? *fnys* Men eg er eigentleg byrja å bli nøydd til å få gjort noko med det, sånn at eg kan få ting til å gå framover!!
For eg vil bli gründer! Wohoo, right? Men eg har ørten geniale idèar til ting eg vil starte opp. Gjerne saman med andre, men det viktigaste er strengt tatt å satse, hoppe og freiste å lande sånn nokon lunde på beina.

Stakkars Kriss er sånn passe imponert over planane mine, trur eg! xD Han syns ikkje det er nokon vidare god idè å planleggje ei reise til land der folk er sinte på kvarandre og ting generelt ikkje står så veldig bra til. Men av ein eller annan grunn føler eg meg vannvittig FRI no! Eg kan ikkje forklare det så nøye og bra her og no, men ein kveld var det berre som om brått verda var så open og låg framfor meg, klar til å bli erobra, satsa på, taken in og så vidare!
Eg veit eigentleg ikkje kva det tyder. Og eg veit eg kanskje er litt mystifistisk her. Men det er på høg tid å gjere ein del ting eg har utsett litt for lengje. Og eg må innrømme: Eg gler meg! ^^ 

Webdesign – Fyrste oppgåve

Me fekk i oppgåve å poste den fyrste oppgåva vår på bloggane våre, så her er mitt bidrag:

http://www.dragenshule.no/

 

 

Då denne sida hadde sin fyrste reklame bakpå eit Nemi-blad, tok det ikkje lang tid før eg var online og hadde oppretta konto der. Sidan har eg vitja denne nettbutikken ofte. Eg er ofte innom berre for å kike og sjå kva nye produkt dei har på lager. Sida har ikkje gjort større endringar i design sidan fyrste gong eg var innom, og har køyrd same stil heile vegen.

 

Sida er veldig «meg». Både i layout og innhald; her har dei litt av det meste eg elskar. Den får meg rett og slett til å føle meg heime. Eg likar spesielt godt den gothisk-inspirerte drage-banneren heilt øverst. Raudt og svart dominerar fargane i layouten, to fargar som gjerne blir forbunde med goth-kulturen, og andre som gjerne er kundar på denne sida. Dei to vindaugo som rammar inn kvar sin drage på toppen av sida, er tilpassa kolonnene på sidene, og dannar fine kuplar/søyler på sjølve sida.

Ei side som denne, som rettar seg mot folk som gjerne er litt utanfor A4-samfunnet, ville gjerne ikkje vore like attraktiv for kundegruppa dersom dei hadde satsar på ei veldig rein og enkel side. Men samstundes som den har ein del utsmykkingar, er sida fri for flashande grafikk som virkar forstyrrande på lesaren, og det er enkelt å navigere og finne fram til dei produkta ein er på jakt etter. Tabsane til viktig informasjon, som til dømes korleis kontakte butikken og innloggingsinformasjon, ligg tydeleg heilt øverst på sida.

Den overlappande raudt-til-svart bakgrunnen går igjen i annonsene og bileta av produkta deira.

 

Annonsene som dominerar sida visar til produkt og konkurransar butikken sjølv fører, og i menyen til venstre viser tydeleg til kva type produkt dei har for sal.    

Epic Evening : Med rompelisens på by’n!

Idag bråka det rett og slett for mykje å opna augo. 

Eg vakna ein fredags morgon, 
etter ei torsdags natt.
Det gjekk ein spurv på tunet
og trampa som besatt!!

Det burde dekkje korleis eg følte meg. Eg vakna attmed ein nydeleg raudtopp, med lange, slanke bein og eit fantastisk sjarmerande smil, endå ho var minst like fyllesjuk som meg.
-Kva er klokka, mumla eg med ei mindre sensuell whiskey-stemme.
-Tolv.
-Mjau. (sa Hera, og meinte me burde kome oss ut av senga)
Denne gongen hadde i det minste gubben min  blitt informert om at eg ikkje kom heim, og eg hadde eigentleg bestemd meg for å invitere meg sjølv til å kapre ein overnattingsplass hjå Cecilie. Eg kravla meg på beina, medan eg prøvde å finne ut kva eg hadde vore med på, som eg hadde gått glipp av.

Etterkvart som det tok til å demre og klarne i toppen, kunne eg konstantere at eg i alle fall hadde hatt det FANTASTISK gøy!
Me starta med grilling i hagen her hjå meg, for å feire at me var ferdige med eksamenane våre, og at sumarferien stod for døra. Sjølv om det blas friskt, så tulla me oss inn i varme tepper og gode gensarar, og trassa vêrgudane etter beste evne. Det blei kyllingvengjer og BBQ-kyllingbryst og salat og mandelpoteter og noko fancy greier med tofu. Me kosa oss stort, med andre ord. Cecilie spretta champisen sin, Kriss kom i fnisemodus, Sandra kosemosa marsvinjentene mine, og eg shotta tequila. For å nemne nokre av kveldens aktivitetar.
Etterkvart som promillen steig, blei det avgjort at me skulle leggje ruta til by’n ein tur. DownStairs? Der var det 18-års aldersgrense, det kosta 60 kroner å kome inn, og mest sannsynleg hadde eg vore for nær pensjonsalderen til å sleppe inn. Så me snudde i døra og held stø kurs opp på Fotballpuben. Og der var det karaokekveld, til min og Sandra sin store glede!! Me var på plass på scena med kvar sin mic i handa før nokon rakk å seie “rock on”! 

I love rock ‘n’ roll
So put another dime in the jukebox, baby!
I love rock ‘n’ roll
So come and take your time and dance with me! 

 
 

Og jammen byrja folk å stimle saman framfor scenen, og danse og syngje med! Då me hadde sunge ferdig, kom det til og med ei bort og stoppa meg:
-De MÅ berre syngje ein song til!
Hehe, og eg er ikkje akkurat kjend for å sky merksemd, så eg smilte og lova at me skulle nok opp igjen og ta ein song til. Ikkje lengje etter stod me der igjen og song Paradise City av full hals! ^^ Trur på eit punkt at Sandra mekka eit namn til denne fantastiske rockeduoen me utgjorde? xD
Tilbake til bordet vårt og meir pils i glaset, og kveldens desiderte ljospunkt stod for døra. Ein fyr, som sikkert var kring 21 eller så, snur seg frå nabobordet, ser på meg og seier: -Du? Har du lisens for den flotte rompa?
Eg blei sett ut, det skal han ha! Haha, mrs. Cougar for you, young man! xD Men eg henta meg fort inn igjen.
-Jepp, har søkt og fått innvilga sertifikat! Alt under kontroll!
Eg måtte rett og slett søkje litt tilflukt ute på dassen og fnise litt. Og paranoid som eg er, byrja eg å fundere på om kanskje nokon hadde betalt han for å sei det, sidan eg….såg ut til å ha nada sjølvtillit…? Etter den opptredenen på scenen, med lilla hår på toppen og gode greier, så var kanskje det ein høgst usannsynleg teori når alt kom til alt.

 

Me sjangla oss heimover gjennom by’n. Planen var nachspiel, men eg er høgst usikker på kva som hindra oss i å kome så langt? Eg og Cecilie kubba i alle fall ikkje før klokka var kring halv seks i dag tidleg!

 Eg kan med handa på hjarta sei at eg ELSKAR å vere meg. Kvifor kunne eg ikkje syns det same for 10 år sidan!? Ein går faktisk glipp av JÆVLIG masse gøy når ein skal sitje i ein mørk krok og vere sjølvkritisk og usikker!!  

 

 

EKSAMEN! – føkk it!

Det er faktisk irriterande at me har fått utlevert eksamenen vår allereie. Den ligg der og murrar og lurer meg til å tru at eg har ALT under kontroll. BAD EXAM! DOWN! 
Eg har allereie overlevd TO eksamenar, med glans (i alle fall litt glitter?) og den siste er berre teit, fordi eg anar ikkje kva dei eigentleg vil ha meg til å skrive i besvarelsen på torsdag. Eg kan jo kjempemasse, og eg kan skrive kjempemasse, men eg må plukke ut det aller aller aller viktigaste for ikkje å DØY av skrivekrampe etter fyrste halvtimen!

Så, sidan eg heller går ut i hagen min og prøver å bruke tida på noko fornuftig, så kan alle som ikkje les her kose seg med eit bilete av to søte alpakka’er:

 Eg skal nemleg ha meg slike i dyrehagen min òg, eg. Når eg berre får plass! ^^

Åh JOOOOOL med din glede!!

Så stod eg jaggu på begge breiddetestane! Ikkje verst, med tanke på kor i høgspenn nervene mine var! xD 
Hadde det endå vore snø her ute, så hadde eg i skrivande stund brukt tida mi på å rulle kring i den, og nekta å kome inn igjen før dei braut meg laus frå bakken med brekkjern. Men den gong ei. Her haglar og blès og regnar det. Og innimellom, kan me få eit og anna tordenskrall. Men kva gjer vel det, når eg kan sitje her inne i varmen, med fyr i ovnen og julemusikk på full guffe, og berre nyte julefreden senke seg? Det som berre kunne ha toppa 

Bilete lånt frå seanraj.hubpages.com
gleda, hadde vore å ha sitt eige hus! Og kanskje ein steikeovn som virka skikkeleg, så eg kunne bake peparkaker? Eller kakemenn? *sukk* 

Vel, eg har framleis to oppgåver som skal leverast innan fredag, men eg er i det minste ti kilo lettare no enn då eg stod opp i dag tidleg! Og kanskje eg skal belønne meg sjølv med litt WoW utover kvelden? Det er jaggu ikkje for tidleg; eg har vore WoW-fri sidan i sumar! :O 

Bilete er lånt frå wallcoo.net 

God førjulstid, alle som ein! :oD

 

Studenten og bloggen.

 

Det er merkeleg det her. Eg har eigentleg blogga fint lite dei siste åra, rett og slett fordi det ikkje har vore dei heilt store greiene som har foregått i livet mitt. 
Men brått er eg tilbake på skulebenken, og i same renna får eg ein intens trong til å faktisk dele kvardagen min med resten av verda igjen.  

Ikkje at det skjer så veldig mykje meir no enn det gjorde heilt i starten av august; faktisk er ikkje kvardagen min på nokon måte actionfylt og eksotisk. Her sit eg med nasa ned i ei bok mesteparten av fritida mi, og prøver å forstå meg på Hume og Kant og ein del andre støvete gamle tenkjarar, som eg ikkje ein gong vågar å freiste å skrive namnet på. Samstundes presterte skjermkortet på pc’en min å ta kvelden i går, så no har eg konvertert til laptop. Brrr….Det er så overhovud ikkje mi greie!! Eg syns laptop’ar sug rompesaft!! 
Nei, gje meg ein diger skjerm, og ei kraft-maskin som durar og bråkar (mest sannsynleg fordi eg ikkje har fått ut støvet frå førre århundre som ligg og koooosar seg innimellom vifter og ledningar….) så er eg nøygd! Og ikkje minst eit tastatur som er adskild frå musa, slik at eg ikkje konstant presterar å slette halvparten av alt eg skriv med eit ufrivilleg tastetrykk.

Vel, eg har kapitulert for kvelden. Fire puter i ryggen og laptop på fanget. Akkurat DEN situasjonen kan eg kanskje klare å bli van med! ^^ Tidleg i seng kjem eg meg òg, når eg ikkje blir sitjande oppe heile natta for å vente på lønsauke hjå simmane mine, eller skal erobre nytt territorium i Azeroth. Sjølv om eg saknar det. I alle fall Azeroth.

Så dei komande dagane blir det sannsynlegvis hovudsakeleg 1) lese seg opp på alt eg ligg etter på av ex.phil-støff, 2) klargjere den munntlege framføringa til meg og Cecilie på fredag (om bloggbabez og kvifor nokon i det heile gidd å følgje med på dei!), 3) bli ferdig med oppgåva som skal framførast på tysdag og 4) få ferdig den akademisk skriving-oppgåva mi som ligg som ein vond kløe baki tankane mine. 

 

Ein ting er derimot sikkert; eg saknar nerdetilværelsen allereie……