Ville Villekulla – Eit prosjekt under oppføring.

Eg greidde å gløyme att fotoapparatet mitt heime før eg sette nasa mot fjordar og fjell i heimlege strøk. Så eg er redd det blir endå eit bilete-laust innlegg. Ikkje rart ingen gidd å lese her hjå meg! xD I staden pyntar eg opp med litt diverse frå nettet. Innlegga mine har ein tendens til å bli ganske så keisame og lite fengjande når dei berre er samansett av tekst…? 

Rydde-ferie hjå gamlingane. Yippee! Mamma har gitt meg i oppdrag å få unna rotet på gamle gjesterommet, fordi ho har oppussingsplanar. I tillegg har ho byrja å ralle om at ho syns eg skal flytte heim og overta huset, slik at ho kan overlate rotet til meg. I call it an act of desperation; like greit å få dottera di til å overta huset framfor å rydde opp i rotet. Nuvel. Eg kan ikkje hjelpe for at eg dermed småfantaserar litt om kva eg ville gjort dersom eg faktisk slapp til og skulle omgjere casa del Loco til mitt eige krypinn. 
 
(Døme på draumehusa mine!)

Som lita dreia desse fantasiane mot å lage symjebasseng i kjellaren, byggje tårn på hushjørnet og plante ferskentre i hagen.

Eg kan med handa på hjarta sei at idèane slett ikkje var dumme! Om ein då vel og merke flyttar bassenget ut i hagen og byggjer bilijard-rom i kjellaren i staden. Eg kunne hatt atilje…attillije…atilè…sånt malerom på loftet, hobbyrom og eit par rom til hundar og kattar og kaniner og….Og eg kunne ha starta ein eller annan form for pensjonsheim for gamle dyr, som salrygga hestar med behov for kvile, og kattar som har levd harde liv på gata i altfor lang tid. 

Bibliotek skulle eg sjølvsagt hatt. Med ei skjult dør som førte…hm. Inn i ein mørk vinkjellar! Der eg gøymde vekk vin. Og tequilaen min.

Inntrykket mitt er at gamle tre er ganske vanskelege å skaffe. Me har to gamle pæretre rett utanfor døra her, men dei er ikkje utfordrande nok. Eg ville hatt eit eiketre. Nei, forresten! TO eiketre! Av den typen som byrjar å sprekke litt, sånn at det blir hemmelege gongar og hòlerom i dei!

Dei skulle eg fått plassert oppi bakken her, sånn at eg kunne ha slengdisse i dei, av typen som får deg til å føle at du flyg! Og eg kunne hatt ein hengekøye spent opp mellom dei. Kanskje ikkje eit sjakktrekk dersom eg set trea i motbakke, men det er lettare å flytte hengekøyar enn å flytte eiketre, så ein ting av gongen.

Froskedam må alle tøffe hagar med respekt for seg sjølv ha. Så kunne jo kanskje Sandra stikke innom og finne draumeprinsen sin her, og slå seg ned som rockedronning i BaleBy….? Me treng så absolutt det her!!

Karpe kan òg få bu i dammen min, om dei klarar å overleve kalde sognevintrar? Det må ein jo då setje seg inn i på forhånd, som ein ikkje risikerar at våren kjem, og det berre er beinfrosne fiskepinnar å spore i dammen….Her vekslar jo vintrane mellom istid og sørpelandskap…

For folk tilbake til BaleBy måtte blitt ein kampsak når eg fyrst var i gong her i bygda. Berre det at eg eigehendig hadde bygd opp Villa Villekulla i hood’n, trur eg ikkje er nok til å trekkje folk. Uansett kor fantastisk det måtte vere å vere venen min med eit sånt praktpalass til disposisjon. Me har allereie vore innom froskar til Sandy. Men det er så absolutt eit behov for skjenkemoglegheiter, jobbmoglegheitar og shoppingmoglegheitar. Sistnemnde kaaaan eventuelt erstattast med netthandel, sjølv om det ikkje blir heilt det same. Ein pub er med andre ord essensielt. Og sidan det allereie no er planar for eit bilijard-rom i kjellaren her, så køyrer me på med bardrift i same slengjen. Med ein reell innsats frå mi side, kan eg kanskje prestere å få alle innbyggjarane over på trygd, og ein har dermed eit samfunn tufta på uendeleg med fritid og jamnleg grøftefylla. Noregstoppen i lever-donor-trengjande. Not good. Stryk det siste der. 

Nei, trass i fri tilgong til frukt og bær, fjordar, fjell og isbrear, ro og fred, og (for augneblinken) fantastiske late sumardagar, er det vel lite sannsynleg at eg flyttar heim med det fyrste. At eg til tider lengtar heim til den nydelege bygda mi, kan eg godt skrive under på. Men på mine gamle dagar har eg i stor grad blitt bortskjemd med langopne butikkar, relativt fungerande busstilbod og ein stor omgongskrets samansett av fantastiske individ, som dessverre ikkje lar seg flytte til ein stille liten plass bortgøymd inne i ein krok ved Sognefjorden. Men ein gong, når alderen -verkeleg- byrjar å ta på, vil eg tru at eg lengtar heimatt til roseblømande hagar og merkelege opningstider på alle offentlege tenester. 

PS! Gidd nokon fortelje meg kva SVARTEN som er greia med alt bosset folk har stilt opp i vegkanten her i bygda?? Hæ? Er det KUNST?! Jiiz.

 

 

 

Bileta i dette innlegget er lånt frå:

http://adventuresinlalalandblog.com/tag/cute/
www.dirnat.no

http://dosfamily.com/2009/08/my-dream-house/
http://s278.photobucket.com/user/Liisa75/media/Gotlanti108VillaVillekulla.jpg.html
http://www.finn.no/r/feriehus-hytteutleie/object?finnkode=34216068

Skattejakt i Ytre Arna og ei lilla oppfriskning

I går kveld beit eg i det sure eplet, og sette i gong prosessen med å forvandle det noko gufne håret mitt til ein fresh lillatone igjen. Så det er med andre ord duka for x antal dagar med lilla negler. Eg ELSKAR når håret mitt er finfint lilla, men neglene mine suuuug til seg farge, og det ser ikkje så det har ein tendens til å sjå ein smule *isj* ut:

Men dette er siste gongen for no; eg har ikkje lyst å bleike røtene mine igjen på ei stund. Så…frisørtime neste. 


Blei det ikkje fancy? Men…kva i alle dagar?! Kva ER det som ligg i halsgropa til denne arachnofobiske dama no!? Det var skremmande likt ein arachnid? Som i arachnofobia? Som igjen går på å vere hysterisk livredd og på krype-hulkande-i-fosterstilling-stadiet så snart ein edderkopp er observert?! 
Vel, stemmer det! ^^ La oss ta ein nærmare kik:

Jammen santen! Det ER ein edderkopp!! Ikkje så veldig levande, vel og merke, men realistisk? Jah. Eg fann den på gatemarknaden i Ytre Arna idag, og falt pladask. Kjøpte den av ein gjenbruk – og redesign-kunstar som heitte Tone Hansen. Den er berre AWSOME!! (og i tillegg såg halsen min overraskande slank og fin ut på dette bilete, og eg lar cred’n gå til Arakel. Edderkoppen altso. Check out her stuff here: www.i-did-this.info
Sjølv om det var vannvittig masse herlege skattar der, set økonomien (og ikkje minst plassmangelen i minihuset vårt!) sine begrensningar. Men -litt- skattar må ein ha med seg heim. Og mine små kupp denne laurdagen, var to skjønne glaskrukker, den eine fylt med pikekyss:

 

Eg ELSKAR sånne søte nostalgiske glasting! ^^ 
Og desse smykkene + sjallet kjøpte eg av Lill Henriksen (www.epla.no/shops/bymaligima) som solgte duppedittar med 70% rabatt! 

 


Det var utruleg artig kva folk hadde kome på å lage smykker av! Eg har jo allereie binders-øyredobbar, og det var det fleire som hadde mekka sjølv der. Og så var det smykker med playmo, lego, skruer og mutrar, knappar og…ja, det var kreativt for å sei det mildt! ^^

Eg hadde med meg to schnupper på lasset, som virka som om dei kosa seg veldig! Særleg når dei oppdaga sukkerspinnmaskina og fekk lov å innvistere tungt i godteri-industrien!

Og slush. Ein viktig del av eit variert kosthald. 

Og i tillegg var det ein gorilla av ein mann som løfta småungar der! Etter masse fram og tilbake, våga Michelle seg frampå og fekk seg ein tur nærmare stjernene.

Men då regnet byrja så smått å ramle frå oven, pakka dei fleste bodfolka saman og sette kursen heim. Me følgde deira eksempel, og stakk til Åsane. Eg lot meg lokke innom Indiska, og kom ut igjen derifrå med endå meir duppedittar.


Eg falt fullstendig for denne Buddha’en her. Når det kjem til religion/trusrettning, vil eg påstå at buddhistane scorar høgast på val av sjarmerande maskot! xD

 

Og ein søt te-boks har eg vore på jakt etter lengje. Men Indiska skuffar aldri! ^^

Og det var dagens shopping! Så no kan helgefreden leggja seg for min del. 

 
 

Patricia Piccinini & hennar absurde skapnader

Eg har alltid elska absurd kunst. Ikkje abstrakt, men absurd. Som lita falt eg for Th. Kittelsen sine troll og alvar, og ikkje minst favoritten min: Nøkken. Litt før eg snubla inn i tenåra, tok eg skrittet litt lengjer og forelska meg i kunsten til Salvadòr Dalì. Fantasykunsten fann vegen inn i livet mitt, og på sikt oppdaga eg Who Killed Bambi? (http://www.whokilledbambi.co.uk/) som var ei side FULL av sprø kunst av typen eg elska. Og no tenkte eg at eg skulle presentere ei dame som skaper slike ting som eg blir hovudstups forelska i. Patricia Piccinini.

For nokre år sidan, sirkulerte det ein e-post som framstod som ei omplasserings-/hundekvelpar gis vekk-annonse. På slutten av annonsa, fann ein dette bilete:

Mange grøssa nok, eller følte seg ein smule småkvalme. Eg syns bilete var heilt genialt. Lengje trudde eg at bilete berre var eit heilt “normalt” photoshoppa verk, som ein eller annan random fotonerd hadde pusla med. Men så oppdaga eg at det faktisk var ein del av ei kunstutstilling, som gjekk under namnet “We Are Family”! Det høyrer vel med til historia at eg blei intenst facinert av bileta eg klarte å spore opp på nettet frå denne. Eg har alltid elska tanken på mennesket som dyr. At me, tross våre iPhones og moteklede, elektriske duppedittar og filosofiske tankgong, likevel berre er dyr. Eit produkt av naturen, som ein gong var ville skapnader som levde fritt i naturen side om side med løver og hjort. At om me blei strippa for alt som gjer kvardagen vår komfortabel, står igjen som forsvarslause enkle vesen. 
Dei menneska me er i dag, er nok ofte både brutale og usympatiske, og som den dyreelskaren er eg, skjær det i meg å sjå korleis enkelte behandlar dyra sine. Eg er verken vegetarianar eller fanatikar; eg berre elskar dyra og verda me lever i. Så sjølv om skapnadane til Piccinini for mange framstår nærmast som monster, er det noko varmt og vakkert over dei.  

No vel. Det siste bilete her kan kanskje diskuterast. Men bilete av den vesle guten som søv over skuldera på det som mest av alt minnar om ei pensjonert sjøku, er i mine auge nydeleg. Ein kan vel ikkje kalle den kolosale skapnaden direkte nydeleg, men den ser så snill og god og trygg ut! Og trist. For min del får det meg til å fundere over korleis me menneska ville reagert om me blei nøydd å dele verda vår med andre skapnader, som både var tenkjande og reflekterande. Tenk Avatar. Tenk vesten sitt inntog i landa til indianarar og afrikanske stammar. Tenk eventyr med troll og alvar. Tenk Frankensteins Monster. I film – og skjønnlitteraturen si verd går det sjeldan vidare knirkefritt. Eg kunne sparka i gong ein lang avhandling om rasesyn, skjønnheit som kjem innanfrå og vår intense trong til å kontrollere alt, frykta for det ukjende, og kor tullete eg eigentleg syns heile menneskearten er. Eg skal la vere. Men utstillinga er uansett ein tankevekkar. Og blei du like facinert som meg, så kan du finne fleire av bileta til Piccinini her: http://www.patriciapiccinini.net/