Bissi-bissi. Frykteleg bissi.

Uæææh! Kvifor skal eg på død og liv gjere det til ein livsstil å utsetje ting til siste stund?! I tillegg til å skulle ro iland to oppgåver neste veke (1. utkast vel og merke, men det gjer ikkje jobben mindre fordi om!!) og ei framføring på tysdag, har eg greidd å skippe fleire av mine “flink-student”-dagar, der eg sit med alarm på mobilen for å passe på at eg er flink å lese i 45 minutt, og ikkje tek meir enn 15 minutt pause. La meg sei det slik: Det har blitt opptil 14 timar med pause i slengjen….Midt oppi dette, sit eg med verdas dårlegaste samvit, fordi eg føler at eg ikkje har hatt tid til alle folka mine i det siste! 

Så idag tok eg meg skikkeleg i øyro. Drog meg sjølv ut av senga. Sette meg ned i sofaen med bøker og notatar, og sette i gong. Heilt til eg innsåg at eigentleg var eg forferdeleg svolten! Eg hadde jo berre kasta meg i gong med skulearbeidet, utan å få i meg mat! Sånt går då ikkje an. 
Bøker og notatar til sides, og marsj ut på kjøkenet. I frysaren finn eg ein enkel poserett med kylling og grønsaker; swoosj opp i steikepanna, ferdig på 1-2-3. Men oppvaskmaskina skulle vore teken ut av. Det lar seg eigentleg gjere medan maten blir varm.
Oppvaskmaskina er tom, og maten er klar. Men det er håplaust å lese samstundes som ein et! Så derfor kjem South Park på skjermen. Den varar -litt- lengjer enn middagen min, og så må jo maten få sige? Dermed blir mailen sjekka og nettavisene lesne, før eg atter finn fram bøkene.

Men vent litt! Eg burde vel sett på ei maskin med klede? Skitenkleskorga er jo overfull, og gubben kjem heim frå Sogn i kveld. Han burde sleppe å kome heim til slike klespyramidar.
Så dermed blir alle skitenkleda tømd utover badegolvet, og sortert. Det blei fem enorme haugar. Tørketrommelen er full frå før, så den må òg tømmast.
Maggie kjem ut på badet. Ho skakkar på hovudet og ser på meg med kulerunde brune auge.
Stakkars vesle jenta mi, ho treng så absolutt ut å lufte seg ein tur!

Tilbake i huset, og klesvask nummer ein er ferdig. Den skal forflyttast til tørketrommelen, og vask nummer to skal i elden.  Så kan eg setje meg ned og lese. Eller vent? Eg er jo faktisk blitt utruleg svolten igjen etterkvart? Kanskje det er på tide med litt mat igjen? 
Eit kjapt måltid. Frukt og yoghurt og det som ellers er å raske med seg i kjøleskapet. Og tilbake til bøkene.

I det rompa treff sofaen, virvlar det opp ei sky av hundehår. Eg burde støvsuge. Det hadde eg tross alt lova gubben. Og bosset er fult, så eg kan like gjerne tømme det og hente litt ved når eg fyrst er i gong. Men lommelykta er som sunken i jorda, så det blir ikkje ved på meg.

Ny maskin er ferdig. Men vaskemaskina er byrja å bli tett. Så då må eg ned på alle fire og pirke ut den slange-tingen som eg kan tømme det vatnet eg ikkje anar kvar kjem ifrå over i ei lita plastskål, og setje på endå ei maskin. Tilbake i sofaen. Faen. Det er sundag i dag! Eg fekk jo ikkje med meg Spesialenheten på onsdag! Reprise idag; lurer på kor tid?
Sjekke tv-guiden. Klokka halv elleve går reprisen. Samstundes med The Walking Dead. Crap. Og når me fyrst er så godt i gong, så går jo reprisen av Åndenes Makt òg i kveld, som eg ikkje såg på torsdag.

Sjekke klokka. Eg har no to timar igjen å lese det eg skulle ha brukt dagen på. Applaus. 

Homo sapiens-observasjon og energitap

Phew! Så var i alle fall to av oppgåvene mine levert og framført, og eg sit att med ei. Jiiz, når neste veke er over, er eg eit særs lukkeleg individ!! Eg snubla meg heimover i dag etter skulen, med ei altfor tung skuleveske, og seig saman som ein sekk poteter på senga. Og der har eg stort sett opphelde meg i ettertid, med unntak av ein tur bort på MIX’n med gubbelusken for å leige film. Det blei Pirates of the Carribean – On Strange Tides, eller kva det var den heitte. Eg ville vel aller helst sett It’s Alive, men eg skal heller skåne den stakkars fyren min for fleire traumatiske filmopplevjingar. 

Men over til min vesle facinerande homo sapiens-observasjon idag. Då eg sat på bussen på veg til skulen, grytidleg i dag, kom det ei jente og sette seg attmed meg. Eg skal ikkje sei ho var emo, men noko i den gata var i alle fall tilfellet. 
– Kan eg sitje her, spurde ho. 
– Klart det, nikka eg.
– Likte håret ditt, smilte ho og sette seg ned og tok på seg headset’et. I neste augneblink høyrde eg noko eg aldri trudde eg skulle få høyre. Jenta hadde Nyan-cat på mp3!!
Eg reknar med folk flest har fått med seg kva Nyan-cat er? Det er då denne karen: 


Som blir følgd opp av sånn cirka den mest irriterande melodien ever. Søk på youtube, og prøv å halde ut meir enn 30 sekund. Denne dama hadde den i alle fall loopa, etter alt eg kunne forstå. Okay, DET blei for sært. Til og med for meg! ;op At dama må ha nerver av stål, er det i alle fall ingen tvil om!! 
I mi jakt på illustrasjonar til Nyan-cat-innlegget her, så fann eg faktisk pusen sjølv i IRL-versjon! Haha!

Vel, filmen ventar, og jentungen skal i seng. Eg trekk meg roleg tilbake, og nyt jordbær-isen eg endeleg har fått i hus!
Men heilt sist: Litt nostalgi. My Little Pony. Herreguuud, så masse finare dei var då eg var ung! ^^

 http://www.youtube.com/watch?v=JtciyRRmo8g&feature=related

Skal kome tilbake til den pasionen min kring My Little Pony some other time! ;o)

One down, two to go! Og anna tomprat.

Whohooo! Då var eg nesten ferdig med ei av oppgåvene mine. I morgon har eg berre to stk som skal gjerast ferdig. Vurderar litt å starte på den eine no i kveld, så er jaffal halve jobben gjort! Bah, eg skal vere SÅÅÅÅ happy når helga kjem, og det meste er sånn nokon lunde under kontroll!!

Låg i natt og funderte på å skifte blogdesign. Det er har no er berre jall (og skulle vere midlertidig!) og det er jo mykje kjekkare å skrive når ein fyrst har ein layout som gjer sida triveleg og *kremt* lettlest! Snille CeJo (kossen i svartaste granskauen linkar ein eigentleg til andre på dette systemet her?!) er nesten hyra inn av underteikna, fordi ho er eit GENI på å lage fancy design på sånne bloggeside-ting! ^^ Cred darling!
Tenkte sånn i neste omgong å starte rosablogg. Mwahahaha! Roooosabloooog! Med dagens outfit, bilete av mine gourmèt-baserte middagsrettar/frukostrettar (som garantert kjem til å kunne ta matlysta frå einkvar, I kid you not!) og ikkje minst politiske, sosialbaserte og generelt aktuelle tema-innlegg. Det blei vel litt mange tunge ord for den gjennomsnittelege rosabloggar.

Når eg fyrst er inne på temaet “dagens ungdom”, så må eg få lov å påpeike ein liten ting. DE SUG!! Neidå. Ikkje sånn heilt bokstaveleg. Men eg blir til stadigheit sjokkert over kor dårleg SPRÅK folk har?! Eg omgir meg jo med ein del folk som er noko yngre enn meg *kremt*, og dei fleste av dei virkar som oppegåande, intelligente individ. Så kvifor i alle dagar kan dei ikkje skrive?! Teiknsetjing; kva er det? Særleg yngre bloggarar får meg til å sitje gapande og lure på korleis dei fekk lov å sleppe ut av barneskulen! Basic skrivekunnskapar er visst fjerna fullstendig frå pensum etter at eg var ferdig med folkeskulen! W00t-w00t?

Alt var vel så mykje betre før i tida. Sånn cirka då eg var ung. *mwooaah* 

Bakdelen med bondelandet….

Bussen. Eg ser ikkje så mange bakdelar med det å bu i utkanten, med unntak av bussen. Forbanna drittbuss. Dei går jo relativt ofte, men når ein i tillegg er velsigna med hukommelse som ein delvis dement gullfisk, har det lett for å skjære seg! 

 

Visste du forresten at gullfisk ikkje hugsar berre tre sekund om gongen? Dei kan faktisk lærast opp til å reagere på eit signal om at no er det mat, og hugse dette over lengjer tid! Noko eg alltid har påstått sånn eigentleg, i kjølvatnet av at eg hadde ein gullfisk som krevde kos kring foringstid! ^^ 

Men gullfisk-away. Det var bussen eg irriterte meg over idag. Eg står opp om morgonen, eller det vil sei: Eg slepa meg sjølv ut av senga om morgonen. Snubla meg mot badet, skvetta litt vatn i trynet, og kom på at eg hadde gløymd å ta ut pengar i til bussen. Crap. Sparegris og diverse lommebøker blei vrengd, men mynteinheitane mine var stor sett samansett av euro og pund. Hadde valuttaen vår vore euro idag, kunne eg tatt bussen til sola gjekk ned og kyrne kom heim! For fyrste gong i mitt liv tenkte eg at EU hadde vore ein fin-fin ting. Heldigvis gjekk det fort over. Eg sat der med 5 kroner i cash, og det hovudsakeleg i form av 50 øringar. Bussen min kom og gjekk i det fjerne, og eg sat att her i sjokk og vantru. 

La oss fyrst konstantere at dette ikkje er fyrste gongen. Bussen har passert meg mange gongar, medan eg tel myntar i ekte onkel Skrue-stil. Busskort? Jaudå, det skulle ein hatt. Men heller ikkje der strekk hjernekapasiteten min til slik at eg har somla meg bort på Bystasjonen og ordna det. Men på fredag. På fredag SKAL eg få orden i sysakene! 
Det hadde vore fint med ein sånn boks som står i by’n, der eg kan kjøpe meg billett på busstoppet med kort. Men på bondelandet har me ikkje slikt noko.   


 

 

Når alt kjem til alt, så er det vel    knappast bussen sin feil at eg er sløv  heller. Men noko må eg då ha å skulde  på, når eg gong på gong bæsjar på  leggen

Hoppar på brua.

Etter å ha lagt sjuk i altfor mange dagar (etter mi meining) var det på høg tid å tvinge seg sjølv ut dørane idag. Ruta gjekk inn til by’n, for å halde Donnie i handa medan han spelte Amnesia: The Dark Descent. Fantastisk bra spel, men ikkje akkurat det eg hadde tenkt å skrive om her og no.

No har det seg slik, at eg bur på ei øy, og for å kome til denne øya køyrer ein over ei bru. Denne brua har frå tid til anna blitt nytta av folk som er lei av livet og det meste anna, til å ta ein einvegsbillett til dei Evige Jaktmarker.
Då bussen min køyrde heimover i kveld, var det akkurat ein slik kar som stod på feil side av rekkverket og stira ned i avgrunnen.
Fleire bilar hadde stoppa, og ein eldre mann såg ut som han freista å prate med fyren på den andre sida. Ein av dei andre passasjerane greip telefonen og ringde naudnummeret, i det same som hopparen snudde seg mot bussen og vinka med eit halv-sleezy glis. Han var på min alder, kanskje yngre, og det såg ut som han hadde promillen nærmare prosenten.
Det fyrste eg tenkte var: -Det der er berre ein fyr som vil ha merksemd. Han virka berre full og dum, ikkje trist og desperat.

Det er overhovud verken etisk eller politisk korrekt å tenkje slike ting når nokon faktisk står der på kanten og truar med å ende alt. Dask på lanken for det. Men i mitt syn er det meir eit skrik om hjelp enn eit faktisk sjølvmordsforsøk, dersom du står og heng over gjerdet på eit høgtraffikert bru. Hjelpa kom i alle fall; få minutt seinare var det blålys og tivoli der oppe.

Men så slo det meg. Kva om det var eg og gubben min som kom køyrande ein kveld, og det står ein kar med lite tru på livet der oppe? Kva i alle dagar gjer ein eigentleg då?
Ein skal stoppe. Det seier seg sjølv. Og så må ein prøve å halde vedkomande på tørr grunn til profesjonelle kan overta. Så. Kva seier ein eigentleg?
I dei fleste medisinske situasjonar, vil dei aller fleste opne med: -Går det bra?
Her vil eg tru at det fungerar særs dårleg. Det er vel klart som krystall at ting ikkje er heilt på stell, i og med at personen står der han/ho står!
Det fyrste som slo meg, og som sannsynlegvis kunne ha plumpa ut, var: -Heng du her, du då?
Ikkje den beste opningsreplikken det heller, nei.

Så kva pokker seier ein då? Då han fyren gliste til passasjerane i bussen i kveld, hadde eg eigentleg mest lyst å gå fram til bussjåføren og be han stoppe, så eg kunne trampe ut, gripe fyren i nakkeskinnet og hale han tilbake på jorda. Den litt eldre mannen som allereie var til stades, og som sprang bortover etter han, såg heilt fortvila ut! Dersom han hadde hoppa, og denne mannen hadde stått igjen der som sistemann som prata med sjølvmordsmannen, hadde det rett og slett vore grusamt! For ei enorm skuldkjensle ein må få?
Ikkje at det sannsynlegvis er så mykje ein kan gjere når alt kjem til alt, men eg ville i alle fall blitt knust innvendig!

Korleis det til slutt gjekk med denne karen, veit eg ikkje. Eg håpar dei greidde å få han inn i sjukebilen til sist, og at han får hjelp.  
Skulle eg vel å merke havne i den kinky situasjonen der eg må prate med ein hoppar, så trur eg at eg opnar med eit enkelt “hei”. Godt mogleg eg lar samtalen gli inn på vèret. Det brukar å vere ein icebreak’er.  

 

 


Orienterar seg i kaoset

When Pussy is gone, my mouse will dance.

Ikkje prøv å leggje så mykje i den settningen. Det kan fort bli øgli.
Men det ligg noko i det; eg har vore vekke i to veker, og kjem heim til full forvirring. Stova er blitt innreia med eit digert tv-skap oppå den gamle tv-benken, noko som resulterte i at me no har ein svart vegg i den allereie knøttlille stova vår. Det var nok særs lite gjennomtenkt? PS2 har eg òg fått meg, men den er verken tilkobla eller utprøvd.
Sjølve tv-skapet var i seg sjølv kjempefint, og eg er imponert over at gubben min har kjøpt det heilt på eigahand, men kva med å forhøyre seg litt med frua si før han går til sånne store, og ikkje minst interiør-messige, innkjøp? *furte*

Michelangelo-bilete mitt har kome i trappa, og det er for så vidt greit. Sjølv om eg gjerne skulle hatt eit ord med i laget når det kom til plasseringa. Men her snakkar me centimeter, så eg bit det i meg.
Verre er det med data’n min. Vår kjære nevø Sondre har fått boltra seg, og søte Ida-mi har passa huset før det igjen. Pc-skjermen min står i alle fall midt på pulten min, og der likar eg den ikkje. Eg har berre ikkje kome så langt som til å flytte den heilt endå. Det var sikkert ein god tanke bak det, men eg er verdas mest ekstreme vanedyr! xD
Og alt av ting eg prøver å logge inn på, er i andre folk sine namn. Eg må seriøst få meg ei bok der eg kan notere passord og greier i, for det stakkars hovudet mitt er endå ikkje heilt ute av jetlag-modus, og eg slit dermed litt med å få kontroll på alt som skal skrivast inn i dei einskilde felta!

Men huset står. Og eg er komen heim. Det i seg sjølv er herleg. Derimot er det særs tydeleg at det blir LENGJE til eg lar herremannen min få styre heime aleine igjen!

 

Godt nyttår!

Eg er sjølvsagt nokre dagar på etterskot. Noko anna ville vel vore særs ulikt meg. 
No sit eg her og nyt stilla. Me har hatt jentungen til gubben her i romjula, og idag reiste ho.  Og han sjølv stakk på jobb. Så idag føles det eigentleg berre heilt rett og riktig å berre sitje på ræva og gjere minst mogleg. Huset virkar stå stille og ryddig og….tja, reint? Ingen ungeskokk som brasar ut og inn dørane med våte uteklede og ingen som okkuperar badet for å sminke seg til små barneprostituerte, ingen som grisar med falske negler og neglelakk, og ingen som hyler av sine lungers fulle kraft fordi nokon seier nei. Ah, la nyårsfreden senke seg.

Det var så mykje eg skulle gjere her no. Eg skulle få orden på blogg(ane) mine, laste opp bilete frå jula, svare på mail og jobbe med bøkene mine. Men det må vente. Aller helst vil eg berre sitje her og la tankane fare langt og vilt. Surfe litt på Facebook og lese nettaviser. 
Eg hadde eigentleg store planar om å leike interiørblogg her no før eg fjernar julepynten, men eg innser at julebuska mi (eg har ikkje plass til juletre; ergo blei det julebusk i kroken i staden) tek til å visne vekk, og julepynten heng skeivt i kring i stova mi, etter at åsgardsreia har fare forbi. So be it. Det kjem vel atter ei jul, der eg kan vere endå meir kreativ på dekorasjonane. Og forhåpentlegvis har eg då i tillegg ei større stove å boltre meg i enn det eg har pr. idag.

Rammstein på anlegget, og pepsi max i glaset. Tida er snart inne for å snurre ein skrekkfilm på TV’en, utan at jentungen mistar nattesøvnen dei nærmaste 5 åra. Av og til er livet berre fint.