Mann på 34 år sit i hagen og furtar fordi kjerringa sa at no fekk han ta kveld og kome seg inn. Og så seier han at EG må bli vaksen?! *facepalm*
Men over på noko anna. ancient_girlkom over eit deppe-innlegg på ein av privatbloggane mine, og kom med ei genial oppfordring til meg om å lage ei liste over ting eg kan gle meg til framover! Leggje litt planar og belønne meg sjølv etterkvart som eg skrir framover på min supperiske veg. Er det eigentleg eit ord? Supperisk? Bygones. Eg har tenkt å gjere det til mi vesle greie; kvar dag skal eg prøve å få gjennomført EIN av desse tinga, og forhåpentlegvis vil dei komande 30 dagane gå SWISJ avgarde. Supper og mosamat til sides. Nokre av tinga vil av praktiske orsaker ikkje vere mogleg å gjennomføre før det har gått litt tid, som til dømes punkt 8 og 17, men då tek me det mot slutten av månaden. Som kanskje blir nærmare to månadar, sidan nokre av tinga tek litt meir tid enn ein ettermiddag å få gjennomført. Men i alle fulle fall; her er lista mi:
1) Plante roser i hagen 2) Kjøpe ny dongerishorts, som får rompa mi til å sjå heilt SMASHING ut!! 3) Ha jentekveld!! 4) Reise på picknic ved sjøen. 5) Besøke pusebeibisen min; Skumring <3 6) Male hagemøblane 7) Kjøpe ei solseng og liggje i den i berre bikini ein heil ettermiddag og løyse kryssord og høyre på musikk. 8) Ta ein ny piercing. 9) Gå til frisøren. 10) Bade!! 11) Gå på kinarestaurant. 12) Ta meg ein skikkeleg heimespa-kveld. 13) Farge håret mitt. 14) Bruke gåvekorta mine!! 15) Gå på kino med gubbelusken og sjå Men in Black III 16) Ha full clean-out garasjesal i hagen. Vekk med ALT eg ikkje treng meir! 17) Gå på by’n. 18) Syngje karaoke! 19) Ha grillkveld i hagen. 20) Organisere og planleggje ein ferietur til utlandet. 21) Besøke Gunvor-mi <3 22) Ete knekkebrød med brunost. 23) Reise på hytta og gå på UE i Luster. 24) Ete Deli deLuca-is. 25) Gå på konsert eller stand-up show eller anna show. 26) Plante blomar i blomekassar i hagen. 27) Fiske. 28) Skrive ferdig ei av novellene mine!! 29) Skrekkfilmkveld ein sur og guffen kveld… 30) Ta ein joggetur i regnet!
Nokre av tinga er som ein kanskje ser, både enkle og trivielle. Men det er ting som kan gjere desse komande vekene hakket lettare å kome gjennom + at dei gir meg noko å sjå fram til etter at eg har kome gjennom desse helvetesvekene… Og om du ser noko på lista som du kunne tenkje deg å ta del i, så er det berre å hyle ut! ^^ Eg er glad for alt det selskapet eg kan få, eg! :oD
I natt var andre natta eg stod opp for å snoke i kjøleskapet. Sjølv om eg hadde ete ein kopp med rett-i-koppen ei stund før eg la meg, og drukke ein del vatn, så tok det ikkje lang tid før magen min byrja å protestere då eg hadde kome meg oppi loppekassen. Eg har fått tips om å prøve å døyve svoltkjensla med vatn, men det hjelp berre i nokre augneblink. Svoltkjensla er som eit enormt tomrom inni magen, som…tja, roterar! Det føles som eg har eit miniatyr “svart hòl” inni der, som sluker alt kring seg og humrar stille for seg sjølv fordi eg må klynke litt av smerte. Så eg stod opp og heiv i meg ein liten porsjon kyllingsuppe, og sov som ein nyfødd då eg kom tilbake til senga mi.
Vel, i går var faktisk den fyrste dagen der eg følte meg som meg sjølv. Heilt 100% meg sjølv. Eg slo på mobilen, og fekk skravla med både Wenche og Gunvor, sat ute i sola og løyste kryssord, børsta Maggie, laga supper som eg stabla i kjøleskapet til oppvarming etter behov, og var i det heile ganske oppegåande, og mentalt på plass. Eg var i godt humør, positiv, eg lo og fjasa….Og fekk merke det når ettermiddagen snegla seg innpå meg! xD Herregud, så mørbanka eg var i magen!! Heldigvis er det betre no, men eg er framleis ganske….mør. Og i går såg eg for fyrste gong på arra mine. Gubben måtte rive av plastera for meg, men eg beit meg i leppa og håpa halebeinet mitt ville overleve smertene. Det gjekk greit. Men det KLØØØR!! Herregud som det KLØR! Eg har lyst å røske ut desse forbaska metallstiftene og KLØØØØ! Eg har i tillegg kutta ut smertestillande. Eg taklar ikkje meir stikkpillar!! Eg vil heller ha det litt vondt enn å føle at eg konstant må på do. Så både au’ar og kløe er vel i stor grad min eigen feil. Uhm, utan at eg skal sei sikkert at kløe og smertestillande har nokon samanheng?
Det er ei veke sidan eg vakna frå narkosen og var nyoperert idag. Vekta mi stod då på 85 kilo. Idag var eg på vekta igjen. Og overraskinga var positiv. Den stoppa på 83,1 kilo!!
Og sidan eg er blitt slik ein gartnar-spire på mine gamle dagar, så tenkte eg å presentere ein liten bilete-serie av kva me driv å puslar med ute i hagen for tida^^
Blomebedet mitt! Der det er “ope” skal det etter planen kome nokre fine roser snart!
Stemorsblomane mine <3
Gubbelusken har eit prosjekt gåande borti skuret sitt. Det byrjar å ta form omsider!
Denne vesle plattningen har me no fått heilt fri for mose og gras, og skal fylle med jord og plante plen på! Maggie er særs lite nøygd med løysninga foreløpig, og legg seg gjerne og rullar i grusen som er der no. I protest.
Fine blomane eg fekk av svigers, besta og besten og foreldra mine då eg låg på sjukehuset <3
Etter å ha stått opp og fått i meg litt mat til eit noko lunde allment akseptert klokkeslett idag, gjekk det ikkje lengje før eg var tilbake under dyna. Ikkje fordi eg var noko vidare trøytt, men fordi eg fraus heilt ut i hårspissane. Så medan eg låg der under dyna mi og hutra, med klede på og 40 varmegrader på soverommet, byrja eg å fundere over kor pussig eg EIGENTLEG er skrudd saman. Eg meinar; tidlegare har eg hevda at Freud hadde gått ut av side gode skinn om han hadde fått rota kring oppi topploket mitt, men eg trur faktisk Emil Adolf von Behring (som for ordens skuld var den fyrste som mottok Nobels Medisinpris. Så veit du det!) ville meint eg var eit historisk fantastisk og særs facinerande objekt han med.
Ta dette med korleis eg blir liggjande i fosterstilling under to dyner og fryse. Det er det som skjer når eg får vondt. Det hjelp ikkje kor varm verda er; eg kunne lagt på ei solseng. I ein steikeovn. I termodress. Med øyrevarmarar. Og likevel frose ræva av meg. Det går jo fort over, men eg frys intenst. Det som er au går veldig ofte over, og blir erstatta av at eg frys inni meg. Og det er for så vidt heilt greit, for det er tross alt betre å fryse enn å ha vondt! Det er ikkje som at eg får fryseanfall om eg dunkar hovudet i ei skapdør som eg gløymde å lukke før eg retta meg opp igjen! Det må vere ting som verkeleg gjer vondt! Menssmerter eller sånn som no; operasjonsau.
Men eg har ein mystisk medisinsk tendens til, eg! Og denne sit i halebeinet. Det fungerar slik, at når eg ser eller høyrer noko som høyres vondt ut, så får eg vondt i halebeinet. La oss sei at nokon visar meg eit sår som ser skikkeleg vondt ut, så må eg ofte reise litt på meg. Halebeinet mitt skrik ut i smerte. Dette fører då i tillegg til ein annan fin-fin mekanisme. Så lengje eg ikkje ser mine eigne sår, så har eg overhovud ikkje vondt, eg! xD Men ser eg på dei, får eg vondt BÅDE der som såret er, OG i halebeinet!
Det er meir òg. Men eg føler meg foreløpig ikkje heilt kvalifisert til eigen utstillingshjørne hjå Ripley’s Believe it or Not endå! xD Så me får ta det seinare. Sometime. Signing off, og forflyttar skrotten ut i sola.
Det høyres kanskje pussig ut, men det er eit faktum. Eg -hatar- å føle meg…som nokon annan. Berre det å vere nøydd å ta ut ringen min i nasa medan eg låg på sjukehuset føltes….Overhovud ikkje bra. Eg er mest meg når eg har kledd meg slik eg føler meg den dagen, har ringar og smykker og anna luvlee-bling der det trengst, platåsko på beina og gjerne litt krigsmåling i trynet. Ein freshare hårfarge enn kommunemusegrå er heller ikkje å forrakte. Og når eg er i eit slikt modus der eg har lyst å sosialisere meg, momse is og skravle, gjerne med nokre iskalde pils innan rekkjevidde. Kort sagt; eg elskar å vere i sentrum og at folk legg merke til meg. Det høyres utruleg egosentrinsk og sjølvdiggande ut når eg ser det sånn svart på kvitt her framfor meg no, men det er sånn eg er. Det vil ikkje sei at eg ELSKAR meg sjølv, eller at alle bør elske meg eller noko sånt. Men om eg skal vere ærleg, så er det sånn eg er sett saman. Utan at eg på nokon måte ynskjer å setje meg sjølv framfor andre! Eg elskar alle dei fine menneska mine. Eg elskar at dei er så ulike, så fulle i fantastiske kvalitetar og så perfekte akkurat som dei er.
Men no er den delen av meg nærmast viska ut. Den delen som gjerne vil vere i rampeljoset. Sjølvsagt vil det sannsynlegvis gå over når kroppen berre får justert seg (*bank i bordet*) men akkurat no er det ikkje noko gøy. Eg saknar å ha energien til å skravle i telefonen. Eg saknar å ha energien til å bli med på noko. Eg saknar….å ha energi! Og eg saknar is og grilling og hagearbeid og det å kunne ta ein DIGER slurk iskald pepsi max. THIS STATE IS KILLING ME!! Eg er allereie så lei av supper at eg trur eg SPYR! Eg er lei av å ha sår på magen. Eg er lei av stikkpillar og au og det å føle at eg er tredd innpå ei vatnflaske utan at det minkar på vatnmengda. Eg er lei av å passe på at eg får i meg nok av ditt og datt. Eg er lei av minislurkar og å ete med t-skei.
Ei veke og to dagar att på flytande. Så to veker på mosamat. Eg hadde aldri trudd eg skulle gle meg så mykje til å ete most babymat.
Omsider har eg samla saman krefter til å sitje meg i go’stolen min og faktisk skrive eit skikkeleg innlegg. Det tok si tid! ;op Heilt utruleg kor tappa for energi eg har vore siste dagane?! Til og med som det sovedyret eg er, er eg overraska! Men idag har eg fått i meg litt mat; tomatsuppe og supermosa kjøtsuppe. Litt energidrikke (som smakar hestepiss, sjølv om dei reklamerar for at det smakar jordbær…?) som berre gjer meg kvalm, og ein del eplejuice og biola med bringebærsmak. Hurra! Det er no tre dagar sidan operasjonen, og eg er i det minste heime i mi eiga seng. På eit rom der lufta faktisk sirkulerar. Under ei dyne som har ein annan funksjon enn å berre liggje som ein våt ullsokk oppå meg og få meg til å føle meg nasty. Og med ein dusj, og ein fantastisk assisterande gubbelusk som passar på, kjem med supper, pakkar meg inn når eg frys, byter bandasjar (eg tørr ikkje sjå på såra mine!!) og det som ellers er. Eg er fantastisk heldig som har han. <3
Gubbelusken leika fotograf dagen før operasjonen min; eg ser seriøst ut som ein dass, men eg føler meg smashing på dette bilete samanlikna med kva eg føler no!!
Men ja. Eg føler meg seriøst crap. Eg orkar ikkje ein gong å prate me folk! Telefonen min er av. Dei gongane den har vore på og fått ringje, har eg berre lyst å grine. Eg orkar ikkje prate, både fordi eg har sjukt vondt i halsen mesteparten av tida, og fordi eg er så jæææævlig moody. Eg kan byrje å grine av ingenting, blir sliten av endå mindre, og føler eg har nada å prate med folk om. Og dette igjen gir meg ein helsikes angst, fordi om operasjonen på sikt skal føkke med meg som sosial person, kjem eg til å angre livet av meg!! Hovudgrunnen til at eg opererte meg, var for å bli kvitt diabetesen. Om eg går ned 70 kilo og blir den nye Kate Moss, så drit eg loddrett i heile greia om ikkje diabetesen min forsvinn!! Men neeeidå. Eg gjekk frå å ha eit blodsukker på 5 komma-eit-eller-anna på sjukehuset til å ha over 12 no når eg kom heim. Hurra. Då blei eg glad. Heilt seriøst; tek det ikkje knekken på blodsukker-komplikasjonane, er eg freista til å gje ein god bæng i heile greia, og ta opp igjen alle uvanane eg elskar og saknar, og så får livet gå sin gong. Eg vil heller nyte eit kort liv enn å ha det pyton eit langt liv!! Men det gjennstår å sjå.
Men eg skulle skrive om operasjonen min, eg! Det var jo derfor eg sette meg her. Ikkje for å -berre- sutre! xD Og heilt seriøst; om nokon der ute vurderar ein slik operasjon BERRE for å bli slanke, dersom ein berre ligg litt over det samfunnet fortel deg at du skal vege: IKKJE GJER DET!! Det er betre å bli glad i seg sjølv for den du er, og heller vere lukkeleg. Dette er IKKJE noko gøy og dans på roser, er mi meining!
Eg fekk til slutt sett inn veneflon, og dei tok til å dope meg. Eg prøvde å dokumentere ting undervegs, men det var begrensa kva som lot seg gjere. Så la meg illustrere med det eg har:
Sååå sinna! Og sååå nervøs!!
Eg blei trilla ned ein etasje, trur eg, og ført bort i ein gong der ein kjekk pleiar i grønt møtte meg. Han prata og hjelpte meg ut av senga. Eg fekk på meg badehette og CSI-fotposar. Og så var det å tøfle avgarde til operasjonsrommet. Dei som var der var kjempekoselege. Dei fekk meg oppå bordet medan dei presenterte seg, og skravla iveg om laust og fast. Så kjem det brått frå anestesi-sjukepleiaren, at han ville setje inn ein veneflon på den andre handa mi òg! Og DER kom panikken, merka eg. Det gjekk lissom opp for meg kva som var i ferd med å skje. Fyrst prøvde eg å sei at dei veldig gjerne kunne vente til dei hadde lagt meg i koma, men han insisterte. Eg snudde meg mot den einaste kvinnelege pleiaren eg hadde (faktisk!) og sa: -Okay, men då MÅ eg få halde deg i handa!! Ho smilte og sa det gjekk fint. Så prata ho med roleg, snill stemme, eg kjende det stakk til i handa, og i neste augneblink var eg i draumeland. (og berre sånn for å illustrere korleis kjenslene mine er heilt på viddene for tida, så byrja eg faktisk å tute no når eg tenkte på kor koseleg ho pleiaren var!)
Eg hugsa fint lite av dagen då eg vakna. Eg veit gubben var der. Han hadde kjøpt kryssord, EON-hefte og eit nydeleg delfin-smykke til meg. Ei dansk pleierske som var veldig koseleg, vimsa kring og ordna med alt mogleg. Eg orka ikkje snakke, og hadde veldig tørr munn med ekkel smak. Og tørre lepper med kvitt belegg. Hendene mine var tapetisert med plaster og ledningar. Eg var full i ledningar. Eg kunne knapt røre meg. Eg hugsar eg blei snudd nokre gongar, og at eg så vidt registrerte at det hang eit dren ut av magen min som det rann blod og gørr ut av. Men eg hadde ikkje vondt. Det var ømt i magen og vondt i halsen, men eg hadde eigentleg lite vondt! Innimellom all sovinga mi, syns eg at eg høyrde nokon sei til meg at eg klarte meg veldig fint til å ha vore operert for så kort tid sidan, og at dette kom til å gå kjempebra. Så eg sov. Og sov. Og sov. Det blei natt, og eg veit gubbelusken reiste utpå kvelden. Det kom ei ny pleierske på jobb. Ho var dansk ho med. Ho sa ho skulle vere der i natt. Eg fekk det eg skulle av medisinar, og så sovna eg igjen.
Eg vakna kvar halve time, sånn cirka. Eg hadde tissa ein gong i løpet av dagen, og merka at eg måtte på do igjen. Eg ringde på pleierska, som hjelpte meg på ein dostol. Det var fyrste gong eg var på beina etter operasjonen, og det gjekk eigentleg veldig fint! Litt komplisert når eg hadde så masse lesningar stikkande ut i alle rettningar, og eg følte meg som ei brennmanet på avveie. Men så byrja ting å bli mindre koseleg på oppvakningsposten. Eg hadde visstnok for høgt blodtrykk, og det virka som om dei som virra kring meg til tider var litt bekymra. I alle fall kom denne danske kjerringa som hadde nattevakt med nokre tablettar og eit lite medisinglas med vatn. Eg hadde jo fått beskjed om å ta bittebitte små slurkar, men ho skulle ha meg til å styrte heile medisinglaset på ein gong. Tidlegare hadde eg òg fått saft med sugerøyr, og ingen av desse tinga var visst vidare bra midt oppi alt. Så vidt eg skjøna. Legen blei for så vidt ganske sjokkert då ho høyrde om begge tinga dagen etter. Ho pleiardama mumla eit eller anna, og sa ho skulle kome tilbake. Ho måtte berre hente noko. Medan eg låg der, med berre eit tynt laken over meg, byrja eg å fryse. Eg hakka tenner og skolv. Det føltes som om ho hadde vore vekke ei eve, så eg byrja å lure på om eg hadde misforstått noko; at ho ikkje kom igjen. Kanskje det var nokon andre der ute som kunne hjelpe meg? Eg trakk i snora. Ho kom springande tilbake etter ei stund, gjekk heilt opp i fjeset på meg, og sa skikkeleg surt: -Høyrde du ikkje at eg sa eg skulle kome tilbake? -Nei…Eg berre…frys så fælt! -Ja, det er ikkje som om det er nokon andre som kunne hjelpe deg her. Og det kunne då vente i to minutt? Hadde eg vore i fin form og meg sjølv heilt 100%, så hadde den fitta fått seg ein på trynet så det song. Det er mogleg dei måtte leitt etter nasebeinet hennar i bakhovudet i etterkant. Frekke folk burde ha forbod mot å jobbe med, tja både folk og dyr. Dei burde blitt henvist til å vaske bekken i ein eller annan kald steinkjellar!! Men der låg eg då, og følte meg liten, iskald og eigentleg livredd. Så eg gjorde noko eg aldri brukar å gjere; eg byrja å tute. Eg prøvde å skjule det, men eg veit ho la merke til det. Ho gjorde seg berre ferdig med det ho skulle, og trampa ut. Og der låg eg igjen aleine, og hadde lyst å sende ein varmesøkjande rakett opp i ræva på kvinnfolket.
Heldigvis måtte eg ha minimalt med det mennesket å gjere etterpå. Då sola keik opp framfor vindauga mitt (eg hadde ein fantastisk utsikt, og månen den natta medan eg låg der var rett og slett spektakulær!! Eg skulle ynskje eg kunne teke bilete, men sånt er fy-fy på den avdelinga der dei hadde parkert meg) kom det ein hyggeleg fyr som heitte Alan inn. Han fjerna alle ledningane mine, og eg merka ikkje ein gong at han tok ut pulskrana mi! Som for så vidt var heilt genialt; eg slapp såååå mange blodprøvar fordi dei berre kunne hente blod frå den! <3 Eg fekk gå på badet og vaske meg, og følte meg nesten som eit nytt menneske. Ikkje lengje etter sende dei meg tilbake til avdelinga mi, der eg skulle vere til eg blei utskriven. Min kompanjong i nauden var allereie komen tilbake, og dei to eldre damene eg hadde på rommet var i full vigør. Ho eine viste seg å vere 90 år gamal, og hadde både iPad og iPod! Haha, eg var faktisk rimeleg imponert! ^^
Slik var då begge hendene mine tape’a på plass og fulle i røyr då eg omsider hadde lov å bruke kamera igjen! Eit røyr mindre, vel og merke, for puls-tappe-kranen blei fjerna.
I utgongspunktet hadde eg vore småleg skuffa fordi me måtte bu fire stykk på eit rom! Men då eg blei trilla opp igjen, var det faktisk to personar som måtte bu på gongen utanfor rommet vårt! Eg blei eigentleg forferdeleg provosert under heile opphaldet mitt på sjukehuset, eg. Dette er Noreg; verdas rikaste land. Og folk som er sjuke og treng hjelp blir plassert på fellesrom eller på gongen?! Det er heilt på TRYNET!! Gjett om eg så absolutt skal engasjere meg litt meir i helse-Noreg sin politikk om eg klarar å karre meg tilbake til politikken!?
Heilt avsluttningsvis inkluderar eg eit lite snap-shot av korleis magen min ser ut no. Eg har lyst å ta nokre bilete av meg sjølv i meir full-scale, men eg føler meg seriøst så nasty at det ikkje fristar litt ein gong. Syns DETTE bilete er nasty òg, eg. Eg har jo ikkje fått vaska meg skikkeleg eller noko medan eg var på sjukehuset! Men no er eg dusja og har fått lagt på litt hudkrem i trynet, parfyme og vaska håret. Eg føler meg i det minste betre, sjølv om eg framleis føler ei trong til å krype under dyna og gøyme meg for verda.
Herregud, det føles som om eg har sove vekk ei veke. Og på sett og vis har eg vel nesten det. Men no er eg komen heim, og har akkurat send gubben på butikken for å kjøpe rett-i-koppen, så eg får noko næring i skrotten. Sånn reint fysisk har eg ikkje ete noko sidan måndags ettermiddag, og eg saknar verkeleg smaken av maaaat!! Så idag har eg berre sove. Alle sjukepleiarar og fysioterapeutar har masa non stop på at me må opp og gå og ut og springe og gudane veit. Men når eg ikkje har ein tøddel av energi i skrotten, så skal det jaggu godt gjerast!
Så idag har eg sove. Eg har vore oppe og gått litt kvar gong eg har vakna, men det er som sagt begrensa kva eg orkar. Det å blogge har i alle fall vore heilt utelukka. Eg har stort sett sett på tv-seriar når eg har vore vaken, og prøvd å røre meg litt. Eg var utruleg heldig vel og merke; eg delte rom med ei som blei operert rett før meg, og ho blei skikkeleg kvalm og uvel stakkars. Eg er berre øm og mørbanka i mageområdet, litt småkvalm, og SJUKT svolten!! Og så har eg så hinsides vondt i halsen! I tillegg går eg på så masse blodfortynnande at eg ikkje kan pusse nasa ein gong! Men om ein ser vekk ifrå alt eg har å sutre over, så har eg det eigentleg ikkje så ille! ^^ Skal heller lage eit meir utfyllande samandrag av veka når kreftene berre er på plass. Utan mat og drikke, og alt det der. Det stemmer i alle fall.
Det blei ei lang og varm natt. Sovetabletten virka ikkje noko særleg, og i det lange løp var ikkje senga mi så veldig behageleg. Den blei rett og slett for smal for ei som er van med stor dobbelseng, Ingen frukost, og min allierte gjennom operasjonar og annan tortur her på huset, er trilla ned til operasjon for ein time sidan. Herregud, det er berre ein og ein halv time til det er min tur!!
Eg blei vekt av at det var rimeleg masse action her på hotellet. Ikkje på eit “kritisk” nivå, men det var mange som var i sving med morgonstell, og eg glippa med augo og prøvde å kravle meg opp i sitjande stilling. Eg blei møtt av nåler og temperaturmålar. Eit stikk i fingen, eit stikk i armen, og så sit eg då her og ventar på veneflonen. Tenkte eg skulle køyre i gong ein episode av the Walking Dead medan eg psyka meg opp.
Føler meg svært snerten her eg ligg i ei nattrøye størrelse XXXL; usminka og hot. Har fått ein beroligande som òg skal vere smertelindrande, så det kan bli spennande kva hallelujasjonar eg gir meg i kast med no straks! Gubbelusken skulle kome om ein halv time òg. Håpar dei lar han møte meg før eg skal opererast!!
Eg er faktisk skremmande roleg. Eg har dusja og kravla opp i senga, kobla meg på nettet, og fått utlevert ei snerten underbukse som går heilt opp under armane mine, og sannsynlegvis er laga av gassbind. Gassbin? Gasbin? Nuvel. Senga mi har fjernkontroll, og eg har allereie eksperimentert med så godt som alle funksjonane, i alle tenkelege kombinasjonar. Eg delar rom med to eldre damer, og ei som skal ta same operasjon som meg i morgon. Skikkeleg tøff dame! Og så er det litt trøyst i at me er to som skal rusle kring her med broderi og slangar i magen! ^^ Dei eldre fruene me delar rom med, er allereie på god veg til draumeland, og dei har utstyrt meg med sovedrops sånn i tilfelle. Slett ikkje dumt, for eg trur ikkje eg hadde fått blund på auga utan!
Eg sjekka inn klokka 18.00 idag, og skal under kniven i morgon klokka 10.30. Fyrst måtte eg opp på vekta igjen, så fekk eg litt info om kva som kom til å skje det neste døgnet, og eg fekk utlevert noko som minna mest om eit byggjesett/leiketøy som me skal lære oss å blåse i, for at lungene skal klare å brette seg på plass igjen etter operasjonen. Så stakk dei meg i magen med noko som klødde noko inn i gamperæva, før dei ga meg brusetablettar mot sure oppstøyt og sånt noko. Og medan eg låg her og skreiv, kom det ein sjukepleiar innom og titta på handa mi, og sa me fekk sjå om dei kanskje sette i veneflon på meg allereie i kveld! No kan det i tillegg nemnast at eg omtalte den innrettninga som at dei skulle “setje inn teflon” før i kveld, til gubbelusken. Han tykte det var ein fin vri på saka. Akkurat som at eg aldri klarar å hugse at det heiter EPI-DU-RAL, den tingen du får i ryggen når du skal kalve. Eg presterar å kalle det spiral. Og Gunvor syns det kunne blitt særs underhaldande om dei kom trillande med meg inn på fødestova, med nesten full opning og rier herifrå til evigheita, medan eg hylte av full hals at eg ville ha spiral, og det på augneblinken! xD Digresjon. Tilbake til veneflonen min, som så langt kanskje er det eg gruar meg ALLER mest til. Eg har ikkje blitt operert sidan eg var 6-7 år gamal og fjerna mandlane og polyppane, og då hugsar eg at det var vondt. Og skummelt. Og at eg måtte grine ein skvett når dei både sette den på meg og tok den ut igjen.
Tøffe dama i nabosenga får veneflonen sin no. Eg gøymer meg seriøst i klesskapet om dei kjem i mi rettning etterpå og vil setje på ein slik!! If you need me, I’ll be in the closet. Men det skal ikkje pleiarane vite, så eg gøymer meg offisielt under senga.
Eg tek så absolutt til å merke på kroppen at morgondagen bringer med seg fint lite godt. Det skulle då strengt tatt vere umogleg å vere SÅ pysete som det eg er?! “Normale” mennesker tenkjer med angst og uro på ting som: “Kjem alt til å gå bra?” eller “Vil eg vakne frå narkosen?” eller eventuelt: “Så godt når alt er overstått!” Ikkje denne dama. Neidå. I min hjerne utspelar følgjande scenario seg: “Iiiiik! Dei skal stikke meg! Med nåler! Og brodere på magen min! Og så kjem eg til å vakne opp i ei seng og ha kjempevondt! Og det kjem sikkert til å vere kjempevondt kjempelengje!” Når sånne (eigentleg) filleting er dei største problema ein har her i verda, så er det nesten fristande å håpe ein ikkje vaknar att i det heile. Det er berre flaut å vere så pinglete. Men eg har teke meg sjølv i handa på at dersom eg faktisk taklar dette, og overlever og returnerar til hus og heim, så skal eg jaggu pierce brystvortene. Jah. Det har eg bestemd, og gubbelusken er særs villeg til å både slå følgje under sjølve stikkinga, og for den saks skuld betale for morroa.
Ein annan ting som er veldig fint når ein har sånn ein fri fantasi som eg er utstyrt med, er alle dei absurde tinga ein gjerne finn på å filosofere over når ein står framfor sånne større revolusjonerande omveltningar i livet sitt. Dagens tema er zombiar. For kva zombiefilm startar ikkje med at nokon vaknar frå koma eller frå narkose, og verda har gått under? Nemleg. Det er jo sjølve grunnsteinen i zombiefilm-universet!! Og eg veit ikkje om andre enn meg har lagt merke til det, men borti Ju Naiten (les USA) skjer det ganske mange pussige ting for tida! På kort tid har det vore TO kannibal-situasjonar, og det dukkar opp avkappa lemmar og andre lugubre hendingar både her og der! Det tek jo heilt av! Det vil i dette tilfellet vere lov å tenkje sitt. Eg tenkjer i alle fall mitt. Men heldigvis er eg godt forberedt på ei zombie-apokalypse.
Fyrst vil eg anbefale alle overlevande å på ein eller annan måte kome seg til Sogn. Hald stand anten på Vangsnes, Balestrand, Dragsvik eller Hella, til eg får i gong ei ferje og kan plukke dykk opp. Ikkje stress med å ta med dykk pengar eller andre verdigjenstandar; dette vil seinke flukta for dykk, og vil i framtida bli fullstendig verdilaust.
Sognefjorden er både djup og relativt roleg, så om me ankrar opp midfjords, vil ingen av zombiane ha moglegheit til å kome seg ombord. Sjølvsagt må me halde strengt vakthald døgnet rundt, og ved den minste mistanke om smitte må individ isolerast. På sikt er planen å leggje ruta mot ein oljeplattform i Nordsjøen, der det vil vere naudsynt å nedkjempe dei zombiane som eventuelt måtte opphalde seg, men i praksis vil dette vere blant dei tryggaste plassane å søkje tilflukt.
Eit tilbakevendande tema i ein kvar zombieapokalyptisk setting, er kva ein bør ta med seg når ein rømmer hus og heim på flukt frå kjøtetande slekt og naboar. Så i min overlevelsesguide her, vil eg kome med ein kortare presentasjon over ting ein bør prioritere å ta med seg: Mat Boksemat er ein fin ting. Alt av tørrvarer som held seg lengje, hermetisert mat og spekemat er fin-fint. Hugs at når folk døyr som fluger, er det lov å rane butikkar! Og sjokolade held seg i tillegg som kjend ganske lengje. Våpen Sjølv om skytevåpen er smarte å ha, vil dei tiltrekkje seg andre levande daude når ein fyrer av. Derfor bør desse berre brukast når ein er på trygg avstand, som til dømes ombord i ferja vår om ein invasjon skulle inntreffe. Dei siste åra har heldigvis Hollywood-regisørane byrja å ta til vit, og undervise sjåarane sine betre i kva våpen som er å anbefale, og pil – og boge ruvar høgt på lista over gode alternativ. Alle former for klubber og slagvåpen er òg praktiske. Kniv er heller upraktisk, men du kan klare å skaffe deg nokre kjærkomne ekstra augneblink på denne sida av livet om du har ein kraftig og god kniv. Motorsag anbefalast ikkje, men kan nyttast om dette er einaste alternativ. Medisin og vatn Grunnleggjande og viktig! Røsk med deg alt du har av medisin. Gjerne alkohol òg, sidan dette blant anna kan brukast til å sterilisere utstyr! Fyll flasker med vatn, men brus er faktisk å anbefale, sidan det held seg! Men dropp pilsen. Me kan heller rane ein nærbutikk for sånt seinare.
Dropp for all del ting med affeksjonsverdi!! Legg heller fotoalbum og andre ting du gjerne vil sjå igjen i plastkassar/boksar og gøym dei ein lur plass ute i hagen. Når ting roar seg, går det an å gå tilbake og hente dei! Men dette tenkjer jo aldri folk på i filmane. *facepalm* Styr unna traffikerte vegområder, noko som ikkje burde bli eit problem om du legg ruta mot Sogn, og hugs at zombiar kun døyr av hovudskader. Kapp av dei toppen eller skyt dei i hovudet. Eventuelt dask dei med alle dei kreftene du har i skallen. Ikkje kast vekk krutt og kuler på å skyte dei i bein og brystkasse. Og om nokon ser daude ut, så er dei som regel det. Problemet er berre at dei då vanlegvis ikkje ligg i ro i denne settingen, og bør derfor ikkje:
1) Sperrast inne i låvar og fjøs 2) Bli med i følgjet ditt. 3) Få ein klem av deg. Eller andre. 4) Motta fyrstehjelp. Eller munn-til-munn metoden.
Ikkje la deg lure av hotte zombiebabes; they’ll still eat ya!!
Så om eg vaknar i eit forlatt operasjonsrom på tysdagen, satsar eg på at me sjåast ved trekant-sambandet ved Sognefjorden innan svært kort tid.
Og om du møter denne karen etter vegen, så ta han gjerne med på lasset!! Me skal jo tross alt reprodusere oss på eit eller anna tidspunkt…!!
Idag bråka det rett og slett for mykje å opna augo.
Eg vakna ein fredags morgon, etter ei torsdags natt. Det gjekk ein spurv på tunet og trampa som besatt!!
Det burde dekkje korleis eg følte meg. Eg vakna attmed ein nydeleg raudtopp, med lange, slanke bein og eit fantastisk sjarmerande smil, endå ho var minst like fyllesjuk som meg. -Kva er klokka, mumla eg med ei mindre sensuell whiskey-stemme. -Tolv. -Mjau. (sa Hera, og meinte me burde kome oss ut av senga) Denne gongen hadde i det minste gubben min blitt informert om at eg ikkje kom heim, og eg hadde eigentleg bestemd meg for å invitere meg sjølv til å kapre ein overnattingsplass hjå Cecilie. Eg kravla meg på beina, medan eg prøvde å finne ut kva eg hadde vore med på, som eg hadde gått glipp av.
Etterkvart som det tok til å demre og klarne i toppen, kunne eg konstantere at eg i alle fall hadde hatt det FANTASTISK gøy! Me starta med grilling i hagen her hjå meg, for å feire at me var ferdige med eksamenane våre, og at sumarferien stod for døra. Sjølv om det blas friskt, så tulla me oss inn i varme tepper og gode gensarar, og trassa vêrgudane etter beste evne. Det blei kyllingvengjer og BBQ-kyllingbryst og salat og mandelpoteter og noko fancy greier med tofu. Me kosa oss stort, med andre ord. Cecilie spretta champisen sin, Kriss kom i fnisemodus, Sandra kosemosa marsvinjentene mine, og eg shotta tequila. For å nemne nokre av kveldens aktivitetar. Etterkvart som promillen steig, blei det avgjort at me skulle leggje ruta til by’n ein tur. DownStairs? Der var det 18-års aldersgrense, det kosta 60 kroner å kome inn, og mest sannsynleg hadde eg vore for nær pensjonsalderen til å sleppe inn. Så me snudde i døra og held stø kurs opp på Fotballpuben. Og der var det karaokekveld, til min og Sandra sin store glede!! Me var på plass på scena med kvar sin mic i handa før nokon rakk å seie “rock on”!
I love rock ‘n’ roll So put another dime in the jukebox, baby! I love rock ‘n’ roll So come and take your time and dance with me!
Og jammen byrja folk å stimle saman framfor scenen, og danse og syngje med! Då me hadde sunge ferdig, kom det til og med ei bort og stoppa meg: -De MÅ berre syngje ein song til! Hehe, og eg er ikkje akkurat kjend for å sky merksemd, så eg smilte og lova at me skulle nok opp igjen og ta ein song til. Ikkje lengje etter stod me der igjen og song Paradise City av full hals! ^^ Trur på eit punkt at Sandra mekka eit namn til denne fantastiske rockeduoen me utgjorde? xD Tilbake til bordet vårt og meir pils i glaset, og kveldens desiderte ljospunkt stod for døra. Ein fyr, som sikkert var kring 21 eller så, snur seg frå nabobordet, ser på meg og seier: -Du? Har du lisens for den flotte rompa? Eg blei sett ut, det skal han ha! Haha, mrs. Cougar for you, young man! xD Men eg henta meg fort inn igjen. -Jepp, har søkt og fått innvilga sertifikat! Alt under kontroll! Eg måtte rett og slett søkje litt tilflukt ute på dassen og fnise litt. Og paranoid som eg er, byrja eg å fundere på om kanskje nokon hadde betalt han for å sei det, sidan eg….såg ut til å ha nada sjølvtillit…? Etter den opptredenen på scenen, med lilla hår på toppen og gode greier, så var kanskje det ein høgst usannsynleg teori når alt kom til alt.
Me sjangla oss heimover gjennom by’n. Planen var nachspiel, men eg er høgst usikker på kva som hindra oss i å kome så langt? Eg og Cecilie kubba i alle fall ikkje før klokka var kring halv seks i dag tidleg!
Eg kan med handa på hjarta sei at eg ELSKAR å vere meg. Kvifor kunne eg ikkje syns det same for 10 år sidan!? Ein går faktisk glipp av JÆVLIG masse gøy når ein skal sitje i ein mørk krok og vere sjølvkritisk og usikker!!